Torpo, søre gnr. 7 bnr. 13
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Torpo, søre gnr. 7 bnr. 13-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Eller 'Torpe søndre'.
    Søre Torpo vart delt i Søre Torpo, TorpeHagen og Nordre Torpo fyrst på 1600-talet.
    Søre Torpo vart skattlagt som øygard i 1670, landskyld 6 laupsbol, truleg tillagt 2 1/2 lb. i 1820. (Sjå 1810-hushaldet).
    Areal 1865: 23 mål åker; 29 mål naturleg eng; 44 mål utslått. Avling: 26 tunner bygg og 23 tunner potet.
    Areal 1995: Dyrka jord 66 mål, anna areal 60 mål, produtiv skog 506 mål, anna utmark 150 mål. Leigd jord 18 mål. Våningshus bygt 1888, påbygt og restaurert 1984, kårhus 1979, loft 1829, låve 1949, fjøs 1969, reidskapshus med garasje 1982.
    Stølar: Volestølen i Volelia, heimstøl i Vermelia. Buskap: 9 mjølkekyr, 12 ungdyr.
    Tilkjøpt og samanføyd med garden: Bratterud (gnr. 18, bnr. 46), dvs. innmarka på Valdresplassen (18/2). Denne eigedomen er no tilgrodd og utan hus.
   

{574} År: 1769

Ola Torsteinson Svarteberg Torpo 1729-1816f
Foreldre: Torstein Olson myljo Svarteberg og Sigrid Jonsdtr. Gunhildgard.
Gm Guri Olsdtr. Berg Torpeslåtta 24.10. 1745-1816
Foreldre: Ola Sevatson Thon Berg og Guri Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Sigrid Olsdtr. Torpeslåtta Tretterud 1762c-1842
G 1811 m Johannes Torkjellson Sire Tretterud, gnr. 7/7.
2. Torstein Olson Torpeslåtta 10.07. 1768-
Truleg død før 1801.
3. Guri Olsdtr. Torpeslåtta 1770-1848
Umyndig arving i 1842. Busett i Tretterud.
4. Ola Olson Torpeslåtta Helling 08.09. 1771-1838
G 1804 m enkje Dordei Knutsdtr. søre Helling, gnr. 20/1.
5. Birgit Olsdtr. Torpeslåtta Siretræet 12.12. 1773-1847
Ugift. Barn m/Lars Syverson Helling: Turid 1801-1892, sjå barnebarn.
    Birgit budde i ei stugu til Knut Halvorson på Helling, og ho var rundt på gardane på ymse dagarbeid.
    Om kvelden 3. mars 1822 sløkte folka på Torpo ein brann i låven hjå Hallgrim Eirikson. (Dvs. svigerson til lensmann Hallgrim Ruud som var eigar av Torpo 7/13). Neste morgon tok det til å brenne i fjøset av nokre glør i ei tørka "koeskorn" (= møkjaræpe) som var stukke inn under veggen. Det kom fram at Birgit hadde truga med å setja fyr på garden om ho ikkje fekk ein del av garden. Bror hennar hadde måtta gå frå garden. Birgit sa det slik:
    "hun ikke kunde sove i Roe, forind hun fik noget af Gaarden, og skulde hun døe af Sorg, saa skulde de som boede paa Gaarden ikke spise glad mange Bid Mad."
    Om Birgit var sagt at ho kunne vera hissig, at ho ikkje var "frarøvet forstanden, men forfalden til brennevinsdrikking". Birgit fortalte at mor hennar ein gong var spådd at ho og barna skulle leva i "Kummer og Armod". Ein har ikkje fylgd denne saka vidare. Truleg slapp ho med ei åtvaring.
6. Kari Olsdtr. Torpeslåtta Tretterud 23.07. 1775-1869
Ug. Umyndig arving i 1842. Kari og systera Gunvor vart kalla 'Torpe-jentene' .
    Dei budde i ei stugu synst på Tretterud-jordet, også kalla Treskjiplassen, og levde delvis på støtte.
7. Margit Olsdtr. Torpeslåtta 31.08. 1777-
8. Guri Olsdtr. Torpeslåtta 17.10. 1779-1848
Umyndig arving i 1842. Død som ugift fruentimmer i 1848.
9. Gunvor Olsdtr. Torpeslåtta Tretterudbråten 27.01. 1782-1871
Umyndig arving i 1842. Død i Tretterudbråten.
10. Turid Olsdtr. Torpeslåtta 04.11. 1787-
*Barnebarn
1. Turid Larsdtr. Torpeslåtta Sire 01.05. 1801-1892
G 1838 m enkjemann Sander Olson Sire.
    Foreldre: Lars Syverson søre Helling med Birgit Olsdtr. Torpeslåtta.

Ola og Guri gifte seg i 1766. Ola vart skattlagt som handelskar 1761. Han kjøpte søre Torpo på auksjon i 1769 for 500 rd. Ola vart lagrettesmann 1769. På Håheim i 1771.
    Det var tungt å sitja med garden. I 1788 lånte han 699 rd mot pant i Torpo 6 lb. I 1795 selde Ola og Guri gardparten Tretterud frå garden søre Torpo for 590 rd. Med Tretterud fylgde heimstølen Pålset, halve Haugslettane og halve Volelie, halve skogen unnateke litt skog sunna Oleivhuset norda Lya.
    I 1799 vart garden selt på auksjon for 892 rd til Bjørn Sata etter krav frå kreditor Svein Rikansrud. Garden vart seld utan kår sidan Svein ikkje godtok dei fyrste boda som tok omsyn til kår for Ola. (1259) s 412
    Ola og Guri budde deretter i Torpeslåtta, der Ola var husmann. To-tre av dei ugifte døtrene vart buande i ei stugu synst på Tretterudjordet. På skiftet etter Guri var det 123 spd å dele.
    Det var tvist mellom arvingane og lensmann Halgrim Ruud som var eigar av garden Torpo. Dei gjorde slik semje: lensmannen betaler 100 spd til buet, halvparten til hausttinget og resten til Christiania-marken. Jentene Kari og Gunvor som budde på plassen, skulle nytte plassen inntil pengane var betalt. Jentene meinte dei var einearvingar til buet, men då dei andre sa i mot, vart det gjort semje om deling slik desse to jentene fekk 3 gonger mannslut og dei andre fekk vanlege lutar.

{575} År: 1799

Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard 02.07. 1763-1828s
Gm Margit Sevatsdtr. Thon. Foreldre: Tolleiv Nilsson Skjervheim Håkonsgard Opsata og Rangdi Larsdtr. Sata.

I 1799 kjøpte Bjørn Tolleivson garden på auksjon til for 892 rd. Han selde vidare til Tolleiv Nilsson i 1800 for 1800 rd.

{576} År: 1800

Tolleiv Nilsson Brunsvoll Torpo 1753-1819s
Foreldre: Nils Tolleivson Hilde Brunsvoll og Guri Eiriksdtr. Brunsvoll, Nes.
Gm Margit Halvorsdtr. OpheimsBråten Sundre 20.12. 1767-1817
Foreldre: Halvor Oleivson Opheim Bråten og Birgit Olsdtr. Blakkestad frå Gol.

Tolleiv held gardsyn i 1801. Søre Torpo kunne føde 2 hestar, 12 kyr og 24 småfe. Jordvegen vart taksert til 900 rd, husa til 100 rd og skogen til 200 rd. Tolleiv selde unna heimstølen Vermelie og ein skogrem i 1806.
    Tolleiv var fyrst gift med Birgit Steingrimsdtr. Hoftun Rust. Tolleiv og andre kona Margit Halvorsdtr. OpheimsBråten kjøpte Åsegarden Sundre i 1806, sjå meir om familien på Åsegarden Sundre gnr. 110/16.

{577} År: 1806

Torstein Olson Skjervheim 12.01. 1766-1836
Gm Hallbjørg Aslesdtr. Ruud. Foreldre: Ola Nilsson søre Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. Medgarden.

Torstein og Hallbjørg gifte seg i 1798 og hadde dåpsbarn på Torpo i 1807 og 1809. Dei var innom fleire husmannsplassar fram til 1806. Ungane står på Hallbjørghagen, gnr. 35/1a.
    Ved forlik av 1806 fekk dei kjøpe søre Torpo (3 1/2 lb.) for 1250 rd. Det var noko av eit lyft. Dei greidde å sitja med garden til 1810, etter å ha lånt 500 rd i 1807 og 400 rd i 1808. I 1803 selde Torstein odelsretten for sonen sin Asle for 10 rd, og han selde Tretterud for 350 rd. Torstein bygsla plassen Skjervheimshagen i 1825, og var der livet ut. Hallbjørg døydde i Juven i 1851.
   

{578} År: 1810

Svein Holgeson Leikvoll Torpo 03.06. 1792-1867
Foreldre: Holge Syverson Leikvollo og Anne Sveinsdtr. Juvsjord (Hol).
Gm Guri Olsdtr. Barskrind Nubgarden 23.07. 1775-1862
Foreldre: Ola Rasmusson Barskrind og Sissel Embriksdtr. Ellingsgard Lien.

Lensmann Hallgrim Eirikson Ruud frå Nes kjøpte opp skog og eigedom. Han fekk auksjonsskøyte på 3 1/2 lb. i Torpo i 1828. Pris: 320 rd og kår til enkja Margit Håkonsdtr. Han kjøpte også 2 1/2 lb. i Nordre Søre Torpo. Under matrikuleringa vart båe eigedomane slegne saman. I 1832 selde han til Svein Holgeson.
    Guri var tidlegare gift med Nils Hansson Nubgarden. Sjå Nubgarden. Svein og Guri gifte seg i 1833. Dei hadde ingen barn. Kårfe: 2 kyr, 4 sauer. Lausøyre 89 spd, ingen gjeld.

{579} År: 1845

Eilev Nilsson Nubgarden 04.03. 1812-1896
Foreldre: Nils Hansson Nubgarden og Guri Olsdtr. Barskrind.

G 1833 m Ragnhild Halvorsdtr. Medhus. Sjå Nubgarden, gnr. 11/1.

{580} År: 1860c

Nils Eilevson Nubgarden 30.09. 1839-1892
G 1861 m Guri Oleivsdtr. Settungsgard. Foreldre: Eilev Nilsson Torpo Nubgarden og Ragnhild Halvorsdtr. Medhus.

Nils brukte Torpo frå 1865 og utover. Sjå Nubgarden, gnr. 11/1. På Torpo dreiv han noko byte med skogteigar.
    Nils gjekk konkurs 1892 og døydde same året. Guri selde garden til bror til Nils i 1897, og reiste til Amerika med 8 av 9 barn.

{581} År: 1897

Svein Eilevson Nubgarden Torpo 02.12. 1850-1920
Foreldre: Eilev Nilsson Nubgarden og Ragnhild Halvorsdtr. Medhus.
Gm Ragnhild Helgesdtr. Gåsterud Torpo 04.01. 1850-1931
Foreldre: Holge Holgeson Gåsterud og Turid Hermannsdtr. Sire.
*Barn
1. Ragnhild Sveinsdtr. Torpo 17.04. 1877-1961
G 1910 Bragernes m Ola Kitilson Hjallen. Neste hushald.
2. Turid Sveinsdtr. Torpo 27.09. 1878-1891

Svein og Ragnhild gifte seg i 1876. Ragnhild selde garden i 1921.
    Då svigersonen Ola Kitilson overtok garden, fekk Ragnhild slikt kår: 2 kyr og 2 sauer framfødd. Varer: 250 kg bygg og 450 (!) kg potet. Ho skulle bu i søre delen av stugu, kammers og kjellar. Turr ved skulle hoggast opp og berast inn, vidare skulle kår-ytaren nøre opp i komfyren kvar morgon om vinteren, og bera inn vatn. Dessutan skulle ho bruke eit inngjerda epletre og 2 mål åker .... osv.