Hagen gnr. 8 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hagen gnr. 8 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hagen eller Torpehagen.
    Fyrst på 1600-talet vart garden kalla 'Lille Torpe'. Frå 1629 finn me 'Ola Haugen' og i 1664-manntalet står det Torpehagen. No vert garden kalla Hagen. Gardsnamn av denne typen vert rekna for å vera ein del av ein eldre gard. Frå gamalt har nok garden søre Torpo hatt sin hamnehage her. Truleg skriv garden seg frå tida før øydetida. (K. O. Solhjell:1987)
    Hagen var gjestgjevargard fyrst på 1700-talet.
    Plassar og underbruk: i 1762 var ingen husmann nemnd under denne Torpo-garden. Sidan finn me plassane Hagaplassen (to plassar), Slåtta, Piperplassen, Herbrandplassen, Harabråten, Askebråten (selt til Tretterud) og Olaplassen. Vestafor (to plassar) og Arnfinnset.
    Areal 1865: 31 mål dyrka, 68 mål naturleg eng, 38 mål utslått. Avling: 35 tunner bygg, 25 tunner potet. 2 plassar.
    Areal 1995: dyrka jord 90 mål, anna areal 60 mål, produktiv skog 3000 mål, anna utmark 1000 mål. Buskap 40 foringsdyr.
    Våningshus bygt 1905 og påbygt 1982, loft frå om lag 1750, driftsbygning 1947-48, ombygd 1972, reidskapshus m/garasje 1983.
    Stølar: langstøl på Hagastølen, heimstøl på Hagaheimstølen.
   

{593} År: 1765

Syver Torkjellson Hagen Torpo 01.10. 1752-1827
G 1776 m Anne Hermannsdtr. Krosshaug. G 1805 m Margit Håkonsdtr. Storlien. Foreldre: Torkjell Syverson Hagen og Ingrid Olsdtr. Nubgarden.

Syver brukte halve garden medan mora og stefaren hadde resten. I 1784 makeskifta Syver sin part i garden med svoger Ola Olson og fekk att nordre Torpo, gnr. 9/1.

{594} År: 1765.

Ingrid Olsdtr. Nubgarden Torpehagen 1735c-1800
Foreldre: Ola ... Gunhildgard og Margit Knutsdtr. Nubgarden.
Gm Halvor Olson TorpeSlåtta Torpehagen 1739-1819
Foreldre: Ola Olson Torpeslåtta og Anne Olsdtr. Storlien.

Ingrid gifte seg opp att med Halvor Olson i kring 1765 og brukte sin halvpart i garden. I 1779 bygsla Halvor bort plassen Bråten saman med stesonen Syver Torkjellson.
    I 1782 selde Halvor 1/3 part i Torpokyrkja til Ivar P. Lisla for 80 rd. Halvor kjøpte Nyhus hjå broren Ola i 1783 for 690 rd.
    Dei var innom gardane Nyhus, Storedal og kom til Torpehagen pånytt. I 1784 selde han halve Hagen (4 lb.) for 400 rd til Ola Olson og kjøpte Storedal. (Som oppattgift kom Halvor inn att på garden. Sjå 1786-hushaldet.)

{595} År: 1784

Ola Olson Torpehagen Storedal 01.06. 1759-1819
Foreldre: Ola Syverson Hagen og Margit Olsdtr. Nøreim (Gol).
Gm Ingebjørg Hermannsdtr. Krosshaug Storedal 19.02. 1758-1829
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Astrid Larsdtr. Sata.

Ola og svogeren Syver Torkjellson bytte gardar. Ungane er førte under søre Storedal.

{596} År: 1786

Halvor Olson TorpeSlåtta Torpehagen 1739-1819
Foreldre: Ola Olson Torpeslåtta og Anne Olsdtr. Storlien.
Gm Anne Olsdtr. Gullhagen Torpehagen 21.03. 1784-1870
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Halvor Halvorson Torpehagen 13.02. 1803-1857
G 1825 m Guri Håkonsdtr. Sire eller Opheimsjorde. Sjå 1828-hushaldet.
2. Ola Halvorson Torpehagen 1804-1868
Ola var vanfør og hadde kår av garden etter at faren døydde. Inderst i Moldbakken i 1865.
3. Ola Halvorson Torpehagen 30.11. 1806-1876
G 1839 m Birgit Olsdtr. Røyseplassen. Sjå 1839-hushaldet.
4. Ingrid Halvorsdtr. Torpehagen Kultom 1809-
G 1833 m Torstein Olson Kvednamoen Kultom, Gol 1812-1861. Barn: Kari 1833-1861 g 1859 m Paul Jakopsen Kjer, Sem; Ola 1836-1837; Ola 1838-1839; Anne 1840-1845; Kari 1842-1845; Anne 1845- døvstum til Am.; Kari 1848-1915 til Am. 1869: farma i Trail Co. ND, gm Arne Knutson Ludderud; Ingebjørg 1851-1854; Ola 1854- ; Ingebjørg 1857- .
    Dei bygsla Kvednamoen frå 1834, men flytta etterkvart over elva til Kultom.
    Truleg var Torstein sjukleg av seg. Ingrid reiste til Amerika 1879 med barna Anne; Ola og Ingebjørg.
5. Torkjell Halvorson Torpehagen 28.03. 1812-1834
Torkjell var ugift. Han var sjuk i mange år og døydde 22 år gamal på sjukehus i Kr.ania.
6. Gjermund Halvorson Torpehagen Bråten 1814-
Gm Haldis Halvorsdtr. Bakke. Sjå Borkhusbråten, gnr. 4/28a.
7. Sissel Halvorsdtr. Torpehagen 25.03. 1819-
G 1842 m Asle Knutson Smedsgards-eie, Nes på søre Rensla i Gol. Barn: Knut 1843-1910 gm Margit Larsdtr. Døleplass, Nes, farmar i Erdal, Grant Co MN; Sunnev 1845-1845; Sunnev 1846-1892 ug. ; Anne 1849.- 1941 gm Johannes Olsen Aulie, busett på Lokeberg mellom; Birgit 1852- gm Jon Jakopson Molberget, Stokke; Sissel 1855- ug.; Margit 1858- gm Ole Gulliksen, Rom østre i Sem; Borghild 1858- gm Karl Emil Pettersen, Gøteborg, busett i Lier - Nøtterøy - Grimstad; Halvor 1862-1927.

Sjå også 1765-hushaldet. Halvor vart attgift med Anne Olsdtr. Gullhagen og kom inn att på garden i 1786. Då makeskifta Halvor Storedal og 300 rd, og fekk att Torpehagen hjå Ola Olson Hagen.
    Halvor bygsla bort Harabråten og Sireøyne m.m.

{597} År: 1820

Anne Olsdtr. Gullhagen Torpehagen 21.03. 1784-1870
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Sissel Gjermundsdtr. Bøygard.
Gm Holge Nilsson Nyhus Sire Hagen 24.03. 1769-1830s
Foreldre: Nils Bjørnson Nyhus Sire-Sveinsgarden og Guri Helgesdtr. Lien.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Holgesdtr. TorpeHagen 1821.-
Ho var arving i 1830.
2. Haldis Holgesdtr. Torpehagen Renslo 20.12. 1822-1897
G 1844 m Jens Anderson Renslo, Nes. Barn: Ingeborg 1845-45 eller g 1870 m Peder Johansen, Asker busett på Nesodden. (Nes II s 179)
3. Borghild Holgesdtr. Torpehagen Vestenfor 26.08. 1825-1882
G 1850 Knut Torjusson Vestenfor. Sjå Hagaplassane, gnr. 8/1c. Reiste til Amerika i 1861.

Anne vart attgift 1820 med Holge Nilsson.
    Dei selde garden og fekk slikt kår i Torpehagen i 1828: framfødd 1 ku og 4 småfe, 2 tunner bygg, 2 settung rug; bruk av halve plassen Bråten der ei kårstugu skulle oppførast. Plassen skulle falle attende til garden, dvs. Sander sin halvpart utan vederlag. Like eins skulle dei få bruke kålhagen og dei "4 ruter" ved badstugu. (1537)22b
   

{598} År: 1828

Halvor Halvorson Torpehagen 13.02. 1803-1857
Foreldre: Halvor Olson Slåtten Torpehagen og Anne Olsdtr. Gullhagen.
Gm Guri Håkonsdtr. Opheimsjorde Torpehagen 07.03. 1802-1885
Foreldre: Håkon Olson Opheim Opheimsjorde Sire og Turid Olsdtr. Medhus.
*Barn
1. Halvor Halvorson Torpehagen Torpeslåtta 14.03. 1826-1892
G 1855 m Birgit Nilsdtr. Vestenforplassen. Sjå Torpeslåtta, gnr. 7/3.
2. Anne Halvorsdtr. Torpehagen 20.10. 1827-
Ukjent lagnad.
3. Turid Halvorsdtr. Torpehagen 27.06. 1829-
G 1852 m Syver Solveson Kolsrud TorpeHagen. Sjå 1852-hushaldet.
4. Birgit Halvorsdtr. Torpehagen 18.02. 1831-
Ukjent lagnad.
5. Margit Halvorsdtr. Torpehagen 01.07. 1836-
Margit hadde dattera Guri 1863-1867 med Jon Johanneson Tangen, Rygge.
    Margit og barnet kom til sjukehus i Drammen med nervefeber. Barnet døydde, og Margit vart heilt døv og blind på eit auga.
6. Håkon Halvorson Torpehagen Billehuset 03.10. 1838-1918
G 1864 m Torand Olsdtr. Holeplass. G 1874 m Astrid Nilsdtr. Nedreskorr. Sjå Piperplassen, gnr. 8/3a og Billehuset, gnr. 23/1a.

Halvor fekk skøyte på halve Hagen for 425 spd i 1828. Den andre halvparten vart seld til Sander Holgeson Leikvoll. (1537)22
    Dei skøytte garden 1842 til Botolv Nilsson Hagen for 500 spd og tok slikt kår: fri bruk av Grøvsåkeren, Flekken og 2 mål udyrka mark, Hagaøyne i Storelva; 3 mål eng på langstølen samt nokre storrsletter; rett til å lauve 500 lauvkjerv m.m. Kåret omfatta også Anne Olsdtr. Hagen i tillegg til Halvor og Guri. (1544)1375 Halvor hadde kvern.

{599} År: 1828.

Kristi Sveinsdtr. Rikansrud TorpeHagen 21.12. 1806-1890
Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Anne Arnesdtr. Roen frå Gol.
Gm Sander Holgeson Leikvollane TorpeHagen 1794-1834
Foreldre: Holge Syverson Leikvollo og Anne Sveinsdtr. Juvsjord.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Svein Sanderson TorpeHagen Ramsviken 16.07. 1829-1895
G 1854 m Gunhild Olsdtr. Lien. Sjå 1852-hushaldet.
2. Anne Sandersdtr. TorpeHagen Bæra 18.07. 1832-1915
G 1857 m Herbrand Olson Sirerudningen. Sjå søre Bæra, gnr. 32/10.

Hagen var delt nokre år mellom 1828 og 1849. Sander og Kristi hadde løpe nr. 29 b, og Halvor og Guri hadde 29 a.
    Kristi og Sander gifte seg i 1828. Han døydde i nervefeber i 1834. Kristi gifte seg oppatt 1836 med Botolv Nilsson Ruud i 1836. Sjå 1842-hushaldet.

{600} År: 1842

Kristi Sveinsdtr. Rikansrud TorpeHagen 21.12. 1806-1890
Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Anne Arnesdtr. Roen (Gol).
Gm Botolv Nilsson Ruud Vestenfor 09.07. 1810-1884
Foreldre: Nils Knutson søre Opheim- Ruud og Birgit Larsdtr. Ruud (Løyte)
*Barn
1. Sander Botolvson Hagen Vestenfor 02.02. 1837-1923
G 1877 m Kari Syversdtr. GurigutMoen. Sjå Vestafor/Hagen, gnr. 8/5.

Kristi vart attgift med Botolv i 1836. Dei kjøpte halve Torpehagen i 1842. Pris: 500 spd.
    Botolv selde Torpehagen til Svein Sveinson Hagen i 1845. Pris 500 spd og gjelda på garden (obligasjonar frå 1835-åra) og kår til Halvor Halvorson og Guri Håkonsdtr, 1/2 kår til Anne Olsdtr. og dessutan kår til drengen Ola Halvorson Hagen.

{601} År: 1845

Svein Sveinson Rikansrud Granlien 14.06. 1818-1900
Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Anne Arnesdtr. Roen frå Gol.

Ola var i Torpehagen 1845-52 og sidan i Granlien, gnr. 11/1a. G 1855 m Birgit Olsdtr. Grov 1815-1881.

{602} År: 1852

Svein Sanderson TorpeHagen Ramsviken 16.07. 1829-1895
Foreldre: Sander Helgeson Leikvoll TorpeHagen og Kristi Sveinsdtr. Rikansrud.
Gm Gunhild Olsdtr. Lien TorpeHagen 17.06. 1834-1897
Foreldre: Ola Olson Garnås Lien og Astrid Torsdtr. Hoftun Lien.
*Barn
1. Kristi Sveinsdtr. Torpehagen Breibrenna 24.02. 1857-1941
G 1885 m Nils Hermannson Breibrenna.
2. Sander Sveinson TorpeHagen Leikvollane 18.05. 1861-1941
G 1887 m Ragnhild Nilsdtr. Nubgarden.
3. Ola Sveinson TorpeHagen RamsViken 19.08. 1863-1945
Ugift.
4. Astrid Sveinsdtr. TorpeHagen RamsViken 24.01. 1868-1936
Ugift. Barn med Helge Holgeson Gåsterud: Svein 1906-1977 g 1938 m Rangdi L. Helling .

Gunhild og Svein gifte seg i 1854. Ho døydde som enkje i Ramsviken i 1897.
    Svein hadde kjøpt halve Torpehagen i 1849. Han kjøpte attende også den andre halvparten av Torpehagen i 1852. Seljar var Svein Sveinson og prisen var 200 daler pluss gjelda på garden (200 daler) og 2 kår.
    Under dei harde 1880-90-åra var det ei rekke eksekusjonar hjå Svein, men han greidde å halde garden samla fram til salget i 1891. Gamle kunamn i Torpehagen: Brandkoll, Fagersi, Hagakoll og Venekoll.

{603} År: 1891

Eirik Olson Rikansrud Torpo 06.01. 1842-1930
Foreldre: Ola Sveinson Rikansrud og Gunhild Knutsdtr. Medhus.

Ugift. Eirik reiste til Am. i 1866. Han tok seg fritt land som var utan skog. Så planta han til jorda, og tok seg nytt land etter lova. Til sist hadde han 200 acres land.
    Etter 29 år i Am. reiste han heim att for å leve sin alderdom i ro og fred. Etter fire år i Torpehagen selde han garden i 1895.

{604} År: 1895

Ola Sevatson Opheim Hagen 29.10. 1862-1921
Foreldre: Sevat Bjørnson Reiersgard Sataroen og Rangdi Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Ragnhild Rasmusdtr. Opheim Hagen 20.12. 1859-1888
Foreldre: Rasmus Syverson nordre Rasmusgarden Opheim og Guri Eilevsdtr. Nubgarden.
Gm Margit Eivindsdtr. Torpo Hagen 31.08. 1871-1912
Foreldre: Eivind Knutson Torpo og Guri Olsdtr. Rikansrud.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Rangdi Olsdtr. Hagen 27.02. 1885-1963
Ug. Rangdi var heime i unge år og stelte for faren og syskena sine då mora gjekk bort. Då broren Tolleiv gifte seg, held omsorgsarbeidet fram. Ho tok seg arbeid på barneheim i Oslo. Rangdi kom heim att og kjøpte hus på Torpo saman med systera Ragnild.
2. Sevat Olson Hagen 19.06. 1886-1966
Ug. Var mange år i Everett i Wash.i Am., men kom heim att då faren var død.
    Sevat gjorde krav på Hagen, men halvbroren Tolleiv vart tilkjendt odelen. Sevat kjøpte då Nordheim i Torpo sentrum. Han dreiv med revefarm og hadde lastebil med leige-sjåfør. Sevat var kasserar for kommunen, arbeidde på trygdekontor og i forsyningsnemnd. (1345)
3. Rasmus Olson Hagen 19.06. 1888-1888
*Barn i andre ekteskap
1. Tolleiv Olson Hagen 22.12. 1895-1971
G 1925 m Kristi Eiriksdtr. Sire. Neste hushald.
2. Eivind Olson Hagen 18.08. 1901-1902
3. Øyvind Olson Hagen 05.03. 1904-1950
G 1930 m Ingrid B. Berntsen. Sjå eige hushald.
4. Ragnhild Olsdtr. Hagen 04.05. 1909-2003
Ug. Ragnhild arbeidde på folkeregisteret i Oslo kommune.

Ola og Ragnhild gifte seg i 1885. Ho skreiv seg 'Ragnil'. Ho døydde i 1888. Han gifte seg opp att med Margit i 1895. Dei bygde nytt tohøgda våningshus i 1905. Og dei bygde nytt fjøs på langstølen.
    Ola var gardbrukar, reknskapsførar og postopnar. Han bygde postkontor i eldhuset.
    Den gamle hallingstugu i Hagen vart selt til rittmester Rye og flytt til Ustaoset som jakthytte.