Hagaplassane gnr. 8 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hagaplassane gnr. 8 bnr. 1c

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassane under Hagen har hatt skiftande namn opp gjennom åra. Det ser ut som det var to plassar Hagaplassen ei tid. Vestre Hagaplassen er nemnd i 1788. (NB. I kjeldene finn ein namnet 'Hageplass' brukt om plassar også under Sundrehagen.)
    Då Ola Torsteinson bygsla 'Ola-plassen' i 1757, var plassen inngjerd og bebygd. Men me veit ikkje kven som var der før han. Sidan namnet Olaplassen ikkje er funne seinare, kan ein tru at det var knytt til Ola Torsteinson. Noko liknande kan det vera med Torand-træet. Truleg budde Torand Torsteinsdtr. (1789-1872) på ein av Hagaplassane ei tid.
    Skiftande namnebruk og mykje flytting gjer det vanskeleg å setja opp brukar-rekker på to Hagaplassar. Difor er alle samla under namnet Hagaplassane. Andre plassenamn: Hageplass og Piperplassen hadde same løpenr. i 1865.
    Under Storofsen (storflaumen) i 1789 vart Hagaplassen råka av sju skrider. Også i flaumåret 1860 gjekk det store skrider i Hagaplassen. Då reiste brukarane til Amerika.
   

{609} År: 1763

Johannes Klemetson Sire Hagaplassen 1727-1767s
Foreldre: Klemet Eivindson Svarvargarden Sire og ... ... ... .
Gm Kari Olsdtr. Leikvoll Hagaplassen 1720c-1787
Foreldre: Ola Olson Leikvollo og Margit Olsdtr. ... . Sjå også førre hushald.
*Barn elles
1. Kari Johannesdtr. Nubgarden 27.05. 1760-1760
Foreldre: Johannes Klemetson Nubgarden og
    Fadrar: Ola Syverson Sire, Aslak Skjerping og kona, Håkon Eirikson Opheim, Margit Hermannsdtr. Medhus.
2. Klemet Johannesson Tuftehaugen 11.10. 1761-
Foreldre: Johannes Klemetson Tuftehaugen og ... ... .
    Fadrar: Knut Holgeson Ruud, Tolleiv Olson Sire, Syver Arnfinnson Torpo, 'Sander Tufte's qv.', Margit Hermannsdtr Medhus.

Johannes vart attgift med enkja Kari Olsdtr. i 1763. Han hadde tidlegare vore gift med Guri Syversdtr.
    Johannes vart bøtelagd for legemål i 1755. Soldat 1767.

{610} År: 1769

Ola Olson Hagaplassen 1750c-
Foreldre: Ola ... ... .
*Barn
1. Ingrid Olsdtr. Hagaplassen 27.12. 1769-
Fadderar: Tolleiv Olson Sire, Halvor Hagen, Ola Torjusson Leikvoll, Ola Bjørøyens kvinne, Guri Torkjellsdtr. Hagen.

Ola Hagaplassen fekk dattera Ingrid i 1769. Kona er ukjent.

{611} År: 1788

Hermann Hermannson Storlien Nyhus 15.12. 1765-1854
G 1789 m Ingeborg Embriksdtr. Rotneim. Sjå Nyhus gnr. 10/1. Foreldre: Hermann Olson Slåtten Storlien og Jørand Solvesdtr. Nubgarden.

I 1788 fekk Hermann skøyte på Nedre Nyhus og Vestre Hagaplassen for 800 rd og 1 ort årleg avgift til Torpehagen. Sjå på Nyhus.

{612} År: 1820c

Herbrand Olson Skuleslåtta Hagaplassen 02.10. 1791-1833
Foreldre: Ola Olson Rotneim Skuleslåtta og Kari Herbrandsdtr. Jegleim.
Gm Ragnhild Tomasdtr. Tretterudhaugen Hagaplassen 09.03. 1794-1828
Foreldre: Tomas Olson Skjerping Tretterudhaugen og Ingeborg Olsdtr. Rotneim.
*Barn
1. Ola Herbrandson Hagaplassen 05.02. 1821-1821
2. Ola Herbrandson Hagaplassen 05.02. 1822-1902
G 1853 m Ingeborg Jørgensdtr. BrekkeBakko, Gol 1823-1879. Barn: Herbrand Olaf 1854-1939 ug.; Jørgen 1855-1889c ug.; Knut 1856-1902 ug.; Ragnhild 1857-1936 gm Helge Ottersen Otterdokken; Karine 1859-1862 ug.; Ola 1862-1918 gm Ingeborg Jellum; Charles 1865-1938 gm Anna Marie Knutson Fyrand; Ingeborg 1866-1935 g 1882 m Ole Lars Haug, Solør, han omkom i præriebrann, gm Andrew William Nelson, gm Matt Frost.
    I bibelen hans står det at han reiste til Am. i 1849. Pionerfarmar ved Nerstrand, MN. Ungane tok seg land i Dakota etter at Ingeborg gjekk bort. Nokre av dei kalla seg "Bronson" (1250)
3. Kari Herbrandsdtr. Hagaplassen 22.08. 1824-1839
4. Tomas Herbrandson Hagaplassen 17.12. 1826-1826

Herbrand og Ragnhild gifte seg i 1820. Dottera Kari fekk utbetalt 28 spd i arv etter foreldra i 1836. Arven skulle gå til "fornøden oppdragelse". Både ho og foreldra vart skrivne "Jøterne" i 1836. (1544)112
    Herbrand held skifte med dottera i 1833 då han ville gifte seg på nytt. Men så døydde han 3. juli same året. Han hadde då vore sjukleg i fleire år.

{613} År: 1825

Torjus Knutson Sire Vestaforslåtta 22.08. 1779-1867
Foreldre: Knut Solveson Helling Byggjargarden Sire og Randi Torjusdtr. Svarvargarden.
Gm Guri Olsdtr. Hagaslåtta Vestafor 1784-1847
Foreldre: Ola ... ... og ...
*Barn
1. Randi Torjusdtr. Vestafor 30.09. 1822-
Randi budde i Moss i 1867.
2. Knut Torjusson Vestenfor Hagaslåtta 19.09. 1827-1907
G 1850 m Borghild Helgesdtr. Torpebråten. Sjå neste hushald.

Guri og Torjus gifte seg i 1821. I 1825 bygsla dei Slåtta under Torpehagen på livstid, eller så lenge dei kunne arbeide. Med plassen fylgde ei slåtte ved heimstølen, risling ved Trinildberget (?) og skogsvirke m.m. Årleg avgift: slått på langstølen kvar 6. veke etter jonsok for 1 spd pr. år. (1537)20b
    Torjus kjøpte Sire Byggjargarden for 900 rd i 1806. Han selde vidare same dag dette og noko arv for til saman 1800 rd. (1536)275b
    Torjus døydde i legd i Sveinsgarden. Guri er død som 'Guro' i 1847.
   
   

{614} År: 1838c

Torand Torsteinsdtr. Torpeslåtta Lauvsletten 11.10. 1789-1872
Foreldre: Torstein Olson Hagaplassen Moldbakken Torpeslåtta og Guri Ivarsdtr. Finnesgarden (Gol).
Gm Guttorm Hallsteinson Lauvsletten Hagaplassen 03.07. 1811-1839
Foreldre: Hallstein Bjørnson Stavedalen (Reinli) Lauvsletten og Eli Olsdtr. Lauvsletten.
Gm Eirik Olson Hovdegard Kolsrud 27.09. 1772-1853
Foreldre: Ola Olson Berg Hovdegard og Guri Eiriksdtr. Hovdegard.

Torand gifte seg i 1838 med Guttorm Hallsteinson Lauvsletten, men han levde ikkje lenge.
    Torand vart attgift med Eirik Olson i 1844. Tidlegare hadde han vore gift med Birgit Oleivsdtr. Settungsgard og deretter med Anne Syversdtr. Kyrkjedeld. Sjå Kolsrud og Tuftedokken, gnr. 76/1.
    Plassen vart kalla Torandtræet etter Torand. Ho døydde som husmannsenkje i Vestenfor 1872.
   
   

{615} År: 1842


I 1842 kjøpte Tore Person Bjørøybråten jordstykket 'Hageplassen' hjå Halvor H. Hagen, han budde i Bjørøybråten, gnr. 8/4.

{616} År: 1850

Knut Torjusson Vestenfor Hagaslåtta 19.09. 1827-1907
Foreldre: Torjus Knutson Sire Vestafor og Guri Olsdtr. Hageslåtta.
Gm Borghild Holgesdtr. Torpehagen Vestenfor 26.08. 1825-1882
Foreldre: Holge Nilsson Sveinsgarden Torpehagen og Anne Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Torjus Knutson Hagaslåtta Vestenfor 07.09. 1850-1918
G 1873 m Rønnaug Kaupang 1857-1929. Barn: Thomas 1891- gm ... ; Eliza gm Gust Kaline; Carolina ... . Fosterson: Wardie ....-1921. (1. verdskrigen).
    Torjus kom midt opp i indianar-opprøret i 1862, hardt skadd vart han liggande att då sioux-indianarane trudde han var død. Farmar i Becker Co. Han tok del i ymse offentleg arbeid, var politikar, assessor og fredsdomar m.m.
    Dei skreiv seg Torgerson og setla i Cuba township, flytte sidan til Detroit og arb. på ein kyrkjegard. NB. Han døydde i 1910 eller 1918.
   
    Barn i USA: Anton "Torgerson" 1866-1940 treskeverk-operatør/auksjonarius, gm Anne Larsdtr. Thune (6 søner voks opp).

Knut og Borghild gifte seg i 1850. Det meste av garden vart øydelagt i skriu i 1860. Dei reiste til Amerika 1861 og skreiv seg "Torgerson". (1496)
    Dei tok seg land ved St. Peter, Nic. Co. I 1862 gjorde sioux-indianarane under Little Crow opprør i dette området. Medan Knut var med i kampane ved New Ulm, vart husa på farmen svidde av og Borghild måtte flykta med ungen. Under desse tumultane vart sonen Torjus vart overkøyrt av ei vogn og hardt skadd. Sidan tok dei land i ved Cuba i Becker Co.
    Knut og Borghild vart gravlagde på Lake Park Lutheran Cemetery. (J. Marler)

{617} År: 1873

Sander Botolvson Hagen Vestenfor 02.02. 1837-1923
G 1877 m Kari Syversdtr. GurigutMoen. Foreldre: Botolv Nilsson Ruud Vestenfor og Kristi Olsdtr. Rikansrud Hagen Vestenfor.

I FT 1875 står Sander Botolvson Vestenfor som eigar av 'Hageplads', men då under løpenr '29 d'. Dvs. nummeret til Vestenfor 8/5. Sjå Vestenfor.