Torebråten gnr. 8 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Torebråten gnr. 8 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Torebråten var husmannsplass under søre Torpo. Plassen vart også kalla Bjørøybråten og Torpebråten. Tre av brukarane heitte Tore, så namnet på bruket vart Tore-Bråten etterkvart.
    I 1865 var her 1 hest, 6 storfe og 14 småfe.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål som vert leigd bort, produktiv skog 400 mål, anna utmark 10 mål. Våningshus bygt 1960, restaurert frå 1990, påbygt i 1994, låve med fjøs og stall 1943, ombygd 1970, garasjar 1976, gardsverkstad 1977, 3 campinghytter. Nybygd loft ca år 2000.

{620} År: 1770c

Guttorm Ivarson Torpebråten 1748-1797c
Foreldre: Ivar Guttormson Torpebråten og Margit Ørjansdtr. UnderÅsen.
Gm Turid Sandersdtr. Tufte Grov 28.09. 1760-1819
Foreldre: Sander Holgeson Ruud Tufte og Gunvor Eivindsdtr. Hovde ... Hemsedal.
*Barn
1. Margit Guttormsdtr. Torpebråten Hallbjørhus 1794-1855
Gm Svein Jonson Halbjørhus, Hemsedal. Barn: Jon 1818-1885 bonde på Halbjørhus, gm Barbro Embriksdtr. Torset ; Guttorm 1818- gift til gard i Valdres; Sebjørg 1823-1915; Per 1825- gift til Valdres - til Am.; Turid 1828-ung; Tuyrid 1829-1911 gm Asle Grøto; Magnus 1833- Gunvor 1837-; Birgit 1840-- ; Magnus 1843- til Am. (Hemsedal s 147)
2. Gunvor Guttormsdtr. Torpebråten 1797-1815

Guttorm og Turid gifte seg i 1788.
    Guttorm vart utsagd or Torpebråten av bonden Tor Eilevson Torpo før jul 1773, han vart pålagt å fara der frå før neste faredag. Neste haust var Guttorm framleis på plassen, og det vart rettssak mot både han og broren Ørjans.
    Guttorm og Turid vart dømde til å rydde plassen og reise der frå før fyrste faredag 1775. Dertil måtte dei bøte 4 rd i landnåm for 2 år, og betale 4 rd i sakskostnader. (1374) s 48 , (1374) s 18
    Guttorm var busett i Lien/Storlien i 1794. Ein veit ikkje kvar dei budde den siste tida han levde.
    Turid vart attgift 1799 med Magnus Olson Heslaeige-Smedsgarden-Grov. Barn: Ingebjørg 1800-1882 g 1818 m Fingar Person Lisla, g 1845 m Ola Olson Nøreim, Gol; Kari 1802-1875.

{621} År: 1796

Tore Arneson Bøygard Torpebråten 16.03. 1757-1798s
Foreldre: Arne Person nordre Bøygard og Guri Olsdtr. nordre Lå.
Gm Anne Ellingsdtr. Løken Torebråten 21.03. 1759-1797s
Foreldre: Elling Olson Løken og Kari Nilsdtr. Sehl Løken.
*Barn
1. Guri Toresdtr. Torebråten Guroplass 1790-
G 1809 m Ola Larsson Svarteberg Pergutplassen Guroplassen. Sjå Guroplassen, gnr. 123/31.

Tore og Anne kjøpte 1796 Torpebråten (som seinare vart kalla Tore-bråten ) for 143 rd. Til plassen høyrde Kreklinglu-sletta ved Sireåne, og ei slette heima Vermelie der dei kunne rydde seg heimstøl. Ellers vanlege rettar i skog og beite. (1259) s 167
    I 1797 vart Tore oppsagt frå plassen Bråten. Syver T. Torpo ville løyse plassen på odel til fordel for sonen Torkjell. (1407) s 2
    Torebråten vart seld på auksjon for 122 rd i 1798 til eigaren av øvre Bjørøyen. Eige i 1798: 195 rd netto.

{622} År: 1811

Hermann Syverson Torpehagen Sire 30.12. 1782-1870
G 1807 m Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde Sire. Sjå på nedre Sire. Foreldre: Syver Torkjellson Torpo og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.

Hermann kjøpte Bjørøybråten for 218 rd i 1811.

{623} År: 1820c

Lars Hermannson Bjørøybråten Vestenfor 19.07. 1807-1888
G 1843 m Barbro Persdtr. Mykleset. Sjå Vestaforslåtta, gnr. 5/3. Foreldre: Hermann Syverson Sørbøen Bjørøybråten Sire og Barbro Olsdtr. Haugen.

Lars overtok Bjørøybråten etter faren om lag 1820. I 1828 selde han garden for 245 spd.

{624} År: 1828

Tore Person Sire Bjørøybråten 07.10. 1798-1891
Foreldre: Per Arneson Bøygard i Øygarden (nedre Sire) og Barbro Olsdtr. Opheim.
Gm Birgit Larsdtr. Vesledal Bjørøybråten 16.10. 1803-1835
Foreldre: Lars Aslakson Vesledal og Guri Toresdtr.Træet.
Gm Ragnhild Aslesdtr. Hellingbrenna Bjørøybråten 29.06. 1806-1891
Foreldre: Asle Knutson Helling Hellingbrenna og Anne Olsdtr. Medhus.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Per Toreson Bjørøybråten 17.07. 1830-1867
G 1860 m Ragne Ivarsdtr. Flategrov. Sjå neste hushald.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Toresdtr. Bjørøybråten 02.04. 1838-1914
G 1876 m Ivar Sveinson Underberget, Gol 1847-1931. Barn: Barbro 1876-1956 ug.
2. Asle Toreson Bjørøybråten Vestenfor 29.12. 1840-1913
G 1863 m Guri Halvorsdtr Opheim. Sjå Vestenfor.
3. Anne Toresdtr. Bjørøybråten Grandokken 28.06. 1846-1939
G 1867 m Lars Sanderson Sire Grandokken, gnr. 3/6.

Tore og Birgit gifte seg i 1828. Han gifte seg opp att i 1835 med Ragnhild.
    Tore fekk skøyte på Bjørøybråten i 1828 for 245 rd og kår til mora, ho var blind. Seljar: halvbror Lars Hermannson.
    I 1842 kjøpte han jordstykket Hageplassen hjå Halvor H. Hagen. Tore var gamal og blind i 1868.
   
   

{625} År: 1858

Per Toreson Bjørøybråten 17.07. 1830-1867
Foreldre: Tore Pederson Bjørøybråten og Birgit Larsdtr. Vesledal.
Gm Ragne Ivarsdtr. #Flategrov Torebråten 02.07. 1832-1867
Foreldre: Ivar Sveinson Flategrov og Anne Olsdtr. (Sjå Gol V s 483)
*Barn
1. Tore Person Torebråten Bjørøybråten 16.09. 1860-1935
G 1883 m Anne Herbrandsdtr. Bakko. G 1904 m Birgit Torsteinsdtr. Bakken.
2. Ivar Person Torebråten 19.12. 1862-
Ug. Lærar. Underviste i Mørk krins i Spydeberg ei tid. I 1900 var han lærar i Skjåk. Så baud Mørk krins han skulejord og lærarheim om han ville koma attende dit. Og slik vart det til han gjekk av i 1923.
    Han gav i 1946 eit legat på kr 100 000 til ungdom under utdanning. ("Ivar Braatens fond til Hjelp til selvhjelp"). (1241)
3. Lars Person Torebråten 25.10. 1865-1867

Ragne og Per gifte seg i 1860. I 1865 var Per Toreson sjølveigar og åtte både Bjørøybråten og Hagaplassen.

{626} År: 1880

Tore Person Torebråten Bjørøybråten 16.09. 1860-1935
Foreldre: Per Toreson BjørøyBråten og Ragne Ivarsdtr. Flategrov.
Gm Anne Herbrandsdtr. #Bakko BjørøyBråten 17.12. 1845-1903
Foreldre: Herbrand Jørgenson JyrundBakko og Birgit Toresdtr ... , Gol.
Gm Birgit Torsteinsdtr. SataBakken Torebråten 20.01. 1861-1937
Foreldre: Torstein Olson Bakken og Turid Ellingsdtr. Juven.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ragne Toresdtr. BjørøyBråten 06.02. 1884-
Ragne var i tenest hjå Karoline Lunde på Ø. Aker i 1907. Til Skoger i 1918.
2. Birgit Toresdtr. BjørøyBråten Råen 13.01. 1886-
Gm Anders Anderson Råen 1897-1970. Barn: Andres ....- ; Trygve 1919- ; Anne-Kathleen ....- .
    I 1917 budde dei på Hønefoss, han var køyrekar. Sidan til Canada.
3. Anne Toresdtr. BjørøyBråten 02.07. 1888-1903
Døydde av tæring.

Tore og Anne gifte seg i 1883. Tore kjøpte Hagaplassane bnr. 2 og 3 og slo dei saman med Torebråten.
    Tore gifte seg opp att med Birgit i 1904. I unge år hadde dei vore trulova, men meir vart det ikkje. Birgit var tålmodig: i 22 år venta ho på Tore. Ho var tenestjente kring i bygda i mange år. Så kjøpte Birgit bruket Fåbrunn-gjøta. Ho kjøpte timmer og far hennar sette opp ei stugu, og der budde ho åleine. Ekteskap vart det då Tore var enkjemann i 1904.
    Tore var plaga av ein granne som let hesten sin gå laus. Hesten trødde ned både korn og gras, og Tore jaga han bort gong på gong. Grannen vart då sinna. Ei laurdagsnatt kom grannen på vitjing til Tore. I fykande sinne og temmeleg drukken dundra han på døra, endå det var heller seint. Tore stiltra seg opp, opna kjellarlemmen, tok frå dørslåa og smatt opp i senga att. Så rasa den morske grannen inn i stugu for å gje Tore ei høveleg lekse. Med eit brak havna han i kjellaren. Så vart det stilt. Grannen kravla seg opp att, skamslegen og slukøyra hinka han seg heimatt utan eit ord. (1553)1907/40
    Tore var kyrkjetenar og kommunekasserar. Han skipa det fyrste biblioteket i Torpo.