Sireøyen gnr. 8 bnr. 6
   Gardsregister €   Garden €  Bruksregister €   Forklaring
 Sireøyen gnr. 8 bnr. 6-
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
 1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.  
  For english readers.  
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
 
Sireøyen eller Hagabråten var husmannsplass under Torpehagen. Namnet Sire-øyen skriv seg frå brukaren frå 1782 og utover.
     	 Frå 1820 er det uvisst kven som brukte Sireøyen. Sireøyen vart delt frå Hagen i 1851 og lagd under Skjerping.
     
{637} År: 1779
 
Torstein Olson ... Hagabråten     1733-1815
Foreldre: Ola ... ... og ...
Gm Ingeborg Herbrandsdtr. Bråtalien Hagabråten     1721-1817
Foreldre: Herbrand Tomasson Sire Bråtalien og Liv Halvorsdtr. Svenkerud.
Ålmogen vitna på vintertinget 1769: Torstein Bråtalien var så fattig at han ikkje kunne betale pålagt lausgjengar- eller handels-skatt.
     	Dei selde "plassen u/Hagen eller Vestenfor elven" til Halvor Olson Hagen. I 1790 fekk Torstein og Ingeborg bygsle Hagabråten, Sireøyne, slåttene Vatlung-slåtta og heimstølen hjå Halvor O. Hagen. Årleg leige 2 ort. Plassen skulle falle attende til garden utan vederlag etter deira tid.
     	I 1780 var båe gamle og dei venta ikkje å "bli velsigna" med arvingar. Dei avtala seg i mellom at den lengstlevande skulle få sitja i uskifte.
{638} År: 1782
 
Ola Olson Sire Torpebråten   06.01.  1748-
Foreldre: Ola Sveinson Sire og Sigrid Syversdtr. Hagen.
Gm Gro Syversdtr. Sire Torpebråten   15.12.  1748-
Foreldre: Syver Tomasson Sire og Guri Bjørnsdtr. Nyhus.
*Barn
1. Ola Olson Torpebråten    26.05.  1782-
Sjå neste hushald.
2. Sigrid Olsdtr. Torpebråten    08.11.  1789-
Utflytt til tenest.
Ola og Gro gifte seg i 1781. Gro vart ilagt legemålsmålsbot 6 rd eller tukthus-arbeid i 1778. (632)  
     	Ola og Gro bygsla for livstid plassen Bråten under søre Torpo i 1782. Ei slåtte under stølen Vermelien fylgde med. Årleg leige: 1 rd 2 ort, - plassen skulle gå attende til garden utan vederlag for påkostnader.
     	Gro Hagaplassen fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774.
{639} År: 1799
 
Ola Olson Torpebråten    26.05.  1782-
Foreldre: Ola Olson Sire Torpebråten og Gro Syversdtr.
Ugift. Han fekk seg korn som støtte i 1814 og framover. (777) 
     	Ola Olson Hagabråten var einearving etter foreldra i fylgje kongebrev i 1799. Ola var ugift 1802, skulle han ved giftarmål få ei kone som forarga Torstein og Ingeborg, så skulle kåravtalen gjerast opp att. Like eins dersom Ola tok til med "last-ferdig" framferd mot dei gamle. (1259) s 588 
{640} År: 1851
 
Sireøyen vart selt og lagt under Skjerping i 1851. Ein kjenner ikkje detaljane her. Eigarar i dag er døtrene til Olav E. Skjerping f. 1914: Gerd Toppen og Else Berg.