Arnfinnset gnr. 8 bnr. 12
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Arnfinnset gnr. 8 bnr. 12-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Arnfinnset er eit småbruk ved Torpo stasjon. Namnet skriv seg frå bureisaren Arnfinn Halvorson Urden Ramsviken. (1768-1823) Han fekk ikkje mykje glede av arbeidet sitt, men namnet hans vart att. Sjå 1797-hushaldet.
    Areal 1995: dyrka jord 7 mål og 5 mål beite, produktiv skog 59 mål, annan utmark 7 mål.
    Våningshus bygt 1920, restaurert 1959, uthusbygning 1916, restert 1955, eldhus 1920, garasje 1956.
   
{641} År: 1797
Arnfinn Urden Ramsviken 1768-1823
Gm Kari Torjusdtr. Svarvargarden. Sjå Ramsviken, gnr. 4/26.
Foreldre: Halvor Syverson Storlien Urden og Gro Arnfinnsdtr. Finnesgard (Gol).
I 1797 vart Ola Skjerping innkalla til forliks-kommisjonen av Halvor Hagen. Ola hadde late Arnfinn byrje å rydde seg ein plass i Sundlien ved Hagabråten vestafor Storelva.
    Ola var skogeigar, men sidan Halvor åtte beitet, vart det til at hus og gjerde måtte fjernast frå bureisarplassen. (1389)
{642} År: 1816
Jørand Ivarsdtr. Noss Arnfinnset 18.09. 1774-1854
Foreldre: Ivar Olson Ivarsgarden Noss og Birgit Johannesdtr. Noss.
Gm Knut Torjusson Sundreplassen Arnfinnset 02.06. 1791-1848
Foreldre: Torjus Knutson Sundreplassen og Liv Aslesdtr. Ruud.
Gm Pål Knutson Gullhagamoen Branden 14.03. 1790-1880
Foreldre: Knut Pålson Kyrkjedelen Gullhagamoen og Ågot Ellingsdtr. Løken.
Jørand gjekk arbeidsledig i unge år. Difor vart ho idømt tukthusarbeid i 1809.
    Knut og Jørand gifte seg i 1816. Ingen barn. Han vart skriven 'Hage-eiet' og 'Vestenfor'.
    Jørand gifte seg oppatt i 1849 med Pål Knutson. Han var enkjemann etter Ingeborg Knutsdtr. Branden. Jørand døydde 1854 som 'Anfinnset'. Dei hadde ingen barn.
    På sine gamle dagar vandra Pål omkring i alle bygder som "betler". I 1860 gav han samtykke til sal av plassen Arnfinnset som dei hadde brukt i 43 år omtrent. Husa på Arnfinnset i 1861 var to små stugor, låve, fjøs og lu. Husdyr: tre geiter. Pål Knutson døydde på legd 90 år gamal.
   
{643} År: 1856
Halvor Halvorson Torpehagen 1826-1892 var inderst i Arnfinnset i 1856-1859.
{644} År: 1879
Ola Olson Dokk Arnfinnset 01.04. 1842-1904
Foreldre: Ola Anderson Nordbye (Ringerike) og Kari Olsdtr. Dokk.
Gm Sissel Halvorsdtr. Tullegard Arnfinnset 29.06. 1834-
Foreldre: Halvor Olson Tullegard og Anne Olsdtr. søre Berg.
Ola Olson kjøpte Arnfinnset i 1879. Sissel var enkje i 1905 då ho selde bruket til Knut E. Dusegard på Nedre Nyhus. (Ho er truleg flytt or bygda.) Dusegard selde vidare i 1906.