Vestenfor gnr. 8 bnr. 13
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vestenfor gnr. 8 bnr. 13-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Vestafor var husmannplass under Torpehagen. Plassen vart også kalla Hagastranden og Hagabråten.
    Areal 1865: 8 mål dyrka, 17 mål naturleg eng og 16 mål utslått. Avling: 7 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål, produktiv skog 150 mål, anna utmark 80 mål. Våningshus bygt 1930, påbygt 1975, kårhus 1988-89, gamalt loft, rest., låve med fjøs og stall 1920, fjøset bygt om til fortørke 1983, snikkarverkstad 1965, bilverkstad 1985, gardssagbruk 1942.
    Stølar: heimstølen Bjørøyvollen, Aslegjerda på Hagastølane vart fråseld til hytte i 1915.

{649} År: 1791

Knut Herbrandson Bjørøyen Vestenfor 26.08. 1764-1829
Foreldre: Herbrand Olson ... Bjørøyen og Anne Olsdtr. Opheim.
Gm Margit Persdtr. Sehl Vestenfor 30.01. 1763-1834
Foreldre: Per Halvorson Opheim Sehl og Margit Embriksdtr. Sehl.
*Barn
1. Anne Knutsdtr. Vestenfor Moslåtta 06.02. 1791-1862
G 1817 m Arne Person Bøygard Sire Moslåtta, gnr. 23/25.
2. Per Knutson Hagen Vestenfor 1793-1870
G 1818 m Kari Olsdtr. Gudbrandsgard. Sjå neste hushald.
3. Herbrand Knutson Vestenfor Satalien 12.07. 1795-1873
G 1828 m Lukris Sevatsdtr. Holo. Sjå Nordre Lie, gnr. 32/7.
4. Margit Knutsdtr. Vestenfor Torset 29.10. 1797-1886
G 1823 m Asle Embrikson Torsetjorde i Hemsedal. (Hems. s 211-12)
5. Ola Knutson Vestenfor 20.04. 1800-1802
6. Guri Knutsdtr. Vestenfor Teigen 03.10. 1802-1894
G 1827 m Embrik Olson Steinteigen eller Purkestad, Hemsedal. Barn: Margit 1827- ; Knut 1830-1905 g 1860 m enkje Ragnhild E. Hovda (2 barn); Margit 1832-1893 g 1864 m Hans Hulbaklien, Gol (4 barn); Ola 1834-1906 g 1882 m Birgit E. Skar Torsethagen; Marte 1836-1903 jordmor, g 1867 m Embrik Toregarden Hagen (ingen barn); Anne 1839-1889 g 1873 m Torstein K. Haugo, Gol (3 barn); Embrik 1842-1882 g 1877 m Margit E. Skar d.y. (2 barn); Anne 1845- g 1880 m Halvor H. Slåttestølen, Gol (4 barn); Olav ca 1849-1870. (1345)
7. Ola Knutson Vestenfor 23.06. 1805-1862
Ukonfirmert flytta han til Torset i Hemsedal. Ugift. Han låg lenge sjuk, var til Nes på kur og vart lagt i fast legd i 1853.

Knut og Marte gifte seg i 1790. Dei fekk skøyte 1791 på Hagabråten for 210 rd og 12 skilling årleg til Hagen. Med plassen fylgde: slåtta Hagastranden, stølen Bjørøystølen, del i langstølen til Halvor O. Hagen, 3 rispingar, skogslåttene som Torstein Olson har på livstid, bygningstømmer, ved til pottask-koking og dessutan bar og brenneved. (1221) s 328b
    Buet etter Knut var 66 spd. Enkja ville skifte alt mot å få sitja på plassen.

{650} År: 1819c

Per Knutson Hagen Vestafor 02.12. 1792-1870
Foreldre: Knut Herbrandson Vestenfor og Marte Persdtr. Sehl.
Gm Kari Olsdtr. Gudbrandsgard Vestafor 05.07. 1778-1858
Foreldre: Ola Olson Sehl Gudbrandsgard og Rønnaug Olsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Knut Person Vestenfor 03.10. 1819-
G 1845 m Andrine Andersdtr. Vestenfor. Sjå Vestenfor gnr. 1/6.
2. Marte Persdtr. Vestenfor 02.06. 1823-1877
Ugift. Barn med Svein Torson HesteHagen: Kari 1854- gm Syver Olson Perplass, sjå barnebarn.
*Barnebarn
1. Kari Sveinsdtr. Vestenfor Haugo 07.04. 1854-1937
G 1880 m Syver Olson Perplass Haugo, gnr. 22/3.
    Foreldre: Svein Torson Hesthagen (ungkar) og Marte Persdtr. Vestenfor.

Per og Kari gifte seg i 1818. Per fekk skøyte på plassen hjå medarvingane i 1834.

{651} År: 1841

Tore Person Sire Bjørøybråten 07.10. 1798-1891
G 1828 m Birgit Larsdtr.Vesledal. G 1837 m Ragnhild Aslesdtr. Helling. Sjå Torebråten, gnr. 8/4. Foreldre: Per Arneson Bøygard i Øygarden (nedre Sire) og Barbro Olsdtr. Opheim.

I 1842 kjøpte Tore jordstykket Hageplassen hjå Halvor H. Hagen. Han var gamal og blind i 1868. Sjå meir under Torebråten.

{652} År: 1863

Asle Toreson Bjørøybråten Vestenfor 29.12. 1840-1913
Foreldre: Tore Person Bjørøybråten og Ragnhild Aslesdtr. Helling.
Gm Guri Halvorsdtr. Opheim Vestenfor 19.11. 1839-1921
Foreldre: Halvor Knutson Opheim Garden og Gro Håkonsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Gro Aslesdtr. Vestenfor Underåsen 08.09. 1862-
Gm Ola Anderson Underåsen. Barn: Halvor 1881- .... .
    Dei reiste til Am. våren 1881. Busett i Montana.
2. Ragnhild Aslesdtr. Vestenfor Trillhus 24.12. 1864-1956
Gm Hermann Helgeson Tufteslåtta. Sjå Trillhus, gnr. 4/12. Sjå barnebarn.
3. Tore Asleson Vestenfor 10.07. 1867-1941
G 1894 m Ottilia Nordal, Lillehammer 1875-1946. Barn: Georg Athur 1895-1910; Joseph George 1896-; Helmer Melvin 1898-1970; Thilman Aronid 1900-1967; Herman Lloyd 1902- ; William Elvin 1904- ; Roy Norman 1905- ; Carl Marvin 1907- ; Olive Bernanda 1912- ; Alford Louis 1912- ; Gladys Evangeline 1916-1923. (1769)
    Som barn vart Tore hardt skadd av ein timrestokk. Det tok 3 år før han kom på fote att.
    Utvandra til Am. 1886: Park River, ND. Tore tok seg land ved Fertile, MN. Tore var ein ulykkesfugl av dei sjeldne. Han vart ute for ei endelaus rekke uhell: nær drukning, mange beinbrot, ein syklon som sopte bort farmen osv. (1405)
4. Hermann Asleson Vestenfor 18.04. 1880-1951
G 1904 m Sissel Sevatsdtr. Helling. Sjå neste hushald.
5. Anne Aslesdtr. Vestenfor Kolsrud 28.02. 1885-1971
G 1910 m Eirik Torson søre Kolsrud, gnr. 14/1.
*Barnebarn
1. Asle Knutson Vestenfor Trilhus 04.03. 1884-1969
G 1923 m Ingebjørg Nilsdtr. Bakken (Gol) Sjå Sanderhaugen, gnr. 4/25.
    Foreldre: Knut Torsteinson Skjerping (ungkar) og Ragnhild Aslesdtr. Vestenfor.

Asle og Guri gifte seg i 1863. Han overtok garden kring 1863, og fekk skøyte hjå faren i 1889.