Hagabruplassen gnr. 8 bnr. 15
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hagabruplassen gnr. 8 bnr. 15-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hagabruplassen var husmannsplass under Torpehagen. Plassen låg ved brua, såleis fekk den namnet stitt.
    Hagabruplassen ligg på sørsida av elva. (Økonomisk kartverk har plassert Hagabruplassen feil på nordsida.) I nyare tid har namnet Hagabruplassen vorte endra til Myrvoll.
    Areal 1995: 25 mål dyrka og 1750 mål skog. Nytt våningshus bygd i 1968 og uthus frå 1931. Stølar. Hagabruplassen har støl på Torkjellstølen i Gol.
    I 1974 vart skogremmen Skjerpingremmen II (12/27) tilkjøpt. Den er på 1630 mål.
   

{657} År: 1892


Enkja Sigrid Olsdtr. Tretterud 1843-1920 kjøpte Hagabruplassen hjå Eirik Olson Hagen i 1892. Ho selde til sonen Ola Herbrandson i 1913.