Torpo, nordre gnr. 9 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Torpo, nordre gnr. 9 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nordre Torpo er eigentleg nordre delen av Søre Torpo. (Opphavlege nordre Torpo vart til Nubgarden.)
    Nordre Torpo vart ramma av både jordskred og spekulasjons-iver på 1800-talet. Det meste av skogen vart fråseld, og garden vart oppdelt og selt i smått. Under skriene i 1860 rasa det ut av Rikansrud-dalane og mykje av innmarka på NordreTorpo vart fylt med stein og leire. Folka på garden hadde reist til Nyhus kvelden før skriene kom. Men skriene ramma ikkje husa på garden. Det vart mykje arbeid med oppattdyrking. Dei køyrde stein og bygde opp store røysar både Knut Eivindson og sonen Eivind. (Desse røysane kom sidan til nytte under bygginga av stasjonsbrua.)
    Utover i 1860-åra vart noko av garden samla att, og i 1920-åra gjorde Ola Eivindson fleire attendekjøp. Mellom anna kjøpte han Rikansrudskogen. Noverande eigar har slege saman dei mange bruks-nummera under bnr. 1. NB. Ein har ikkje lagt arbeid i å rekonstruere og fylgje oppdelinga på eigne bruksnummer. Men ei paralell brukar-rekke er beskrive i 1838-hushaldet.
    Areal 1865: enno er garden mykje oppdelt.
    Areal 1995: dyrka jord 95 mål, kulturbeite 120 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 1138 mål, anna utmark 298 mål.
    Stølar: heimstøl Vermelie. Langstøl er Fjelldokken i Volelien.
    Husa på garden: våningshus 1973; gamal stugu bygd 1902; uthus bygd 1915 med tilbygg i 1962 og rest. i 1976; stolphus; badstugu.
   
{668} År: 1768
Sander Olson Torpo 01.02. 1748-1773
Foreldre: Ola Syverson Torpo søre og Margit Olsdtr. Nøreim (Gol).
Gm Haldis Bjørnsdtr. Nyhus Leikvoll 1720-1813
Foreldre: Bjørn Halvorson Nyhus og Jørand Nilsdtr. Eiklid (Gol).
Sander og Haldis hadde ingen barn. Haldis var enkje etter Nils Olson Leikvoll.
    På skiftet etter faren i 1768 var Sander raus mot syskena sine. Som eldste son skulle han overta garden halve søre Torpo 4 1/2 lb. for ein takst på 175 rd, men "av kjærlighed til sine søskende" la han på til 270 rd.
    Han makeskifta 1768 slåtta/stølen Vestafor og 14 rd med Halvor Olson Hagen og fekk att stølen Pålset. På skiftet etter Sander i 1773 var buet 872 rd.
    Neste eigar vart broren til Sander, Ola, som hadde kjøpt opp skyldgods i garden.
{669} År: 1774c
Haldis Bjørnsdtr. Nyhus Leikvoll 1720-1813
Foreldre: Bjørn Halvorson Nyhus og Jørand Nilsdtr. Eiklid (Gol).
Gm Tor Eilevson Bakke Torpo 1730c-
Foreldre: Eilev ... Bakke og Anne Eilevsdtr. ... (?).
Tor Eilevson brukte garden nokre år som sikkerheit for eit lån. Haldis hadde tidlegare vore gift med Nils Olson Leikvoll og deretter med Sander Olson Torpehagen.
    I 1780 held Tor gardsyn over dei utbetringar han hadde gjort på garden Torpo. Husa var: ei ny stugu 36 rd; lu 8 rd; ei bu 3 rd; tak på vedaskåle 1 rd; nye/vølte tak på badstugu, låve, eldhus, smiu. Arbeid: åkerbrot 12 rd; vegarbeid 1 rd; rydda nokre bråtar 1 rd. Sum påkostnad: 74 rd. Men odelsmannen Ola tok atterhald om takstane. (1396) s 11
    Tor og Haldis selde hennar halvpart i søre Torpo til Ola Olson og Ingeborg Herbrandsdtr. for 400 rd i 1780. Tor hadde forbetra garden med 60 rd.
{670} År: 1775
Ola Olson Torpehagen Storedal 01.06. 1759-1819
Foreldre: Ola Syverson Hagen og Margit Olsdtr. Nøreim (Gol).
Gm Ingebjørg Hermannsdtr. Krosshaug Storedal 19.02. 1758-1829
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Astrid Larsdtr. Sata.
Ola Olson kjøpte opp skyldpartar i garden frå 1775. Brorkone Haldis og den nye mannen hennar, Tor Eilevson brukte garden jamsides med Ola fram til 1780, då han kjøpte ut Haldis og Tor.
    Så fylgde ei rekke handlar og makeskifte og annulleringar. I 1784 makeskifta Ola garden med svoger Syver Torkjellson og fekk att Hagen. Etter to år kom dei til Storedal. Sjå meir om familien der.
{671} År: 1784
Syver Torkjellson Hagen Torpo 01.10. 1752-1827
Foreldre: Torkjell Syverson Hagen og Ingrid Olsdtr. Gunhildgard.
Gm Anne Hermannsdtr. Krosshaug Torpo 06.09. 1750-1803
Foreldre: Hermann Nilsson Krosshaug og Astrid Larsdtr. Sata.
Gm Margit Håkonsdtr. Storlien Torpo 28.10. 1781-1867
Foreldre: Håkon Embrikson Ellingsgard Lien og Barbro Arnesdtr. Golberg.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Margit Syversdtr. Torpehagen 17.11. 1776-
2. Astrid Syversdtr. Torpehagen 06.09. 1778-
1807: " Ikke begavet med den fulde fornuftens brug. Med andres medvirkning er hun villig til å samarbeide efter evne". Ho fekk kår på søre Torpo i 1807.
3. Torkjell Syverson Torpehagen 17.12. 1780-1860
Ugift. Barn m/Margit Olsdtr. Sire: Guri 1812- truleg g 1846 i Borre m Kristoffer Olson ... (VNotat s 4)
    Far hans selde odelsretten hans til Torpebråten for 99 rd i 1797. Torkjell fekk fattigstøtte.
4. Hermann Syverson Torpehagen Sire 30.12. 1782-1870
G 1807 m Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde Sire. Sjå nedre Sire, gnr. 4/28, Bjørøyen, gnr. 1/1 og Torebråten, gnr. 8/4.
5. Sander Syverson Torpehagen Tyribakken 13.02. 1785-1857
Gm Margrete Halvorsdtr. .... Sjå 1838-hushaldet.
6. Ingrid Syversdtr. Torpehagen 13.01. 1788-
7. Knut Syverson Torpehagen Kamberud 24.03. 1790-1876
G 1822 m Guri Ottarsdtr. Rotneim. Sjå Kamberud, gnr. 15/1a.
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Syversdtr. TorpeHagen Nyhusmoen 23.11. 1806-1875
G 1844 m Ola Syverson Nyhusmoen, gnr. 10/17.
2. Anne Syversdtr. TorpeHagen Sletto 25.09. 1808-1884
G 1848 m Hermann Olson Storedal øvre Sletto, gnr. 15/6.
3. Barbo Syversdtr. TorpeHagen Urden 09.02. 1811-1907
Ugift. Ho fylgde systera Dordei til Skaga. Død som fatiglem i Urden.
4. Håkon Syverson TorpeHagen Trøhaugen 24.09. 1813-1862
G 1846 m Guri Aslesdtr. Gudbrandsgard. Sjå Trøhaugen, gnr. 2/4a.
5. Arne Syverson TorpeHagen Tretterud 07.07. 1816-1850
G 1847 m enkje Guri Torsteinsdtr. Stranden, gnr. 36/4.
6. Margit Syversdtr. Torpehagen Sletto 01.10. 1819-1900
Barn m/Svein Olson Rikansrud: Ragnhild 1850- ; barn m/Knut Henrikson Helling: Dordei 1857- gm Torkjell Torkjellson Vesleset. Or kyrkjeboka for Kr.ania Tukthus : "fange nr 81 innsatt for å konfirmeres", ho var ugift med 2 barn. Margit budde hjå systera Anne på Sletto i Torpo. I folketeljinga 1865 var Margit dagarbeidar i RikansrudSletto i Torpo.
    Margit døydde 1900 som ugift fattiglem med barna: 'Dordei Olsdtr. gift og boende på Hadelands glasverk' og ei dotter med ukjent namn og opphaldsstad. (Dvs. Ragnhild.)
    I 1900 budde dottera Dordei Knutsdtr. født i Torpo på Baskerud på Hadeland. Ho var gift med glasverksarbeidar Torkjell Torkjellson Vesleset f. 1853 frå Ål. Sjå Vesleset.
7. Guri Syversdtr. TorpeHagen Djupedal 02.04. 1823-1914
G 1852 m Ola Torson Bråtalien Djupedal, gnr. 4/1a.
8. Dordei Syversdtr. TorpeHagen Feten 14.07. 1826-1907
G 1862 m Knut Torson Feten, gnr. 72/2. Ingen barn. Dei flytta til Skaga i Gol i 1868.
*Barnebarn
1. Ragnhild Sveinsdtr. Torpo 27.05. 1850-
Ragnhild reiste til Modum for å gifte seg i 1877. Ikkje funne i FT 1900 på Modum.
    Foreldre: Svein Olson Rikansrud m/Margit Syversdtr. Torpo.
2. Dordei Knutsdtr. Torpo Vesleset 24.01. 1857-
G 1882 m Torkjell Torkjellson Vesleset Skjerping. Barn: Torkjell 1883- på glasverket; Syver 1885- ; Gunhild Marie 1895- født i Haug på Ringerike; ...
    Foreldre: Knut Henrikson Helling m/Margit Syversdtr. Torpo Sletto.
    Dei kjøpte Kjøpte Eilevmoen i Gol på auksjon i 1894. Sidan til Bjørge i Sande og på glasverket på Jevnaker i 1900.
Syver kom inn på garden ved eit makeskifte i 1784. Han bytte Torpehagen 8 lb. med Ola Olson Torpo og fekk att Søre Torpo 9 lb.
    I 1790 makeskifta Syver humlegarden på Søre Torpo og all sameigeskogen (unntak: Moen sunna for Lien) med Ola Olson Rust, og fekk som motyting ein skogrem sør for Vermelie samt 6 merker humle kvart år.
    Syver kjøpte ein part i Torpo 4 1/2 lb. og 2 skogremmar hjå Ola Olson Rust i 1791. Pris: 550 rd.
    Syver selde 1804 Austremmen inne på Auståsen til lensmann Halgrim Ruud. Pris 450 rd. Syver held att retten til lauvskog, topp- og turrved. (1536)66
    I 1806 gjorde Syver slik avtale med Eilev Nyhus: tidlegare hadde dei hatt Torpe-kverna i felleskap. Den stod i Lya nedanfor brua og allfarvegen. Syver overtok kverna mot at Eilev eller bonden på Nyhus skulle ha fri maling. (1536)326
    I 1809 selde Syver 4 1/2 lb. i garden til Jakop Olson Torpo og vart deretter dømt til å utstede skøyte. Denne handelen gjekk om att og Syver fekk att garden i 1811. Så selde Syver Torpo no 11. 9 lb. i 1812 til lensmann H. Ruud, Nes. Pris 1900 rd.
   
{672} År: 1823c
Sander Syverson Torpehagen Tyribakken 13.02. 1785-1857
Gm Margrete Halvorsdtr. ....
Foreldre: Syver Torkjellson Torpo og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.
Knut Syverson Torpehagen Kamberud 24.03. 1790-1876
G 1822 m Guri Ottarsdtr. Rotneim. Sjå Kamberud, gnr. 15/1a.
Foreldre: Syver Torkjellson Torpo og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.
Knut hadde brukt halve garden jamsides faren frå omlag 1823. Sidan overtok Knut og broren Sander 1 1/2 lb. kvar i garden.
    I 1828 gjekk garden på auksjon. Pris: 320 rd og kår til Margit Håkonsdtr. Knut og Sander delte garden i to då dei kom inn att på garden i 1838. Om Knut, sjå bruksnr. 2 og Kamberud.
{673} År: 1828
Svein Holgeson Leikvoll Torpo 03.06. 1792-1867
G 1833 m enkje Guri Olsdtr. Barskrind Nubgard. Ingen barn.
Foreldre: Holge Syverson Leikvollo og Anne Sveinsdtr. Juvsjord (Hol).
Svein Holgeson kjøpte 3 lb. i garden på auksjon i 1828. Han skøytte halvparten til Hermann Syverson som selde att til Hallgrim E. Evjen.
{674} År: 1838
Sander Syverson Torpehagen 13.02. 1785-1857
Gm Margrete/Margit Halvorsdtr. ... .
Foreldre: Syver Torkjellson Torpo og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.
Etter ei rekke med handlar var det brørne Knut og Sander som stod med garden i 1838. Dei delte garden slik at Knut fekk bruksnr. 2. Knut hadde løpe nr 32a. Han delte frå og selte ein del i garden til Knut Eivindson Sogla (bnr. 5).
    Eigarane på Torpo bnr. 5 kjøpte etterkvart inn fleire delar i garden. No er alt samla under bnr.1. Før garden vart samla att har bnr 1. "Torpe mellom" ( FT1875) hatt denne brukarekka: Guri Olsdtr. Tretterud, Syver Knutson og Håvol Sveinson, Hermann L. Gullhagen og Gro Larsdtr. Bæra/Moen.
    Sander S. Torpo kjøpte 1/8 av Leikvollo i 1838. Like mykje hadde han kjøpt tidlegare, så no hadde han 1/4. Pris: 100 spd. Våren 1838 selde han del i Torpo for 25 spd. til Hermann H. Nyhus. (1544) 549
    Alle flutte til Tyribakken på Nes før 1839. Foreldra budde på Nes då Syver (1847) og Halvor (1849) flytta etter.
    Sander og Margit sine barn: Hermund 1823-1857 gm Mette Nilsdtr. Husemoen 1833c-1917; Syver 1828- gm Mattea Hansdtr. ... ; Anne 1830-1867 gm Kristen Syverson Valdresbråten; Halvor 1831- gm Anne Olsdtr. Rødningen.
{675} År: 1841
Knut Eivindson Sogla Torpo 04.05. 1809-1891
Foreldre: Eivind Sanderson Tufte Juvsjord Sogla og Gro Knutsdtr Juvsjord.
Gm Ågot Bjørnsdtr. Sataroen Torpo 20.06. 1802-1867
Foreldre: Bjørn Tolleivson Opsata Reiersgard og Margit Sevatsdtr. Sata.
*Barn
1. Eivind Knutson Torpo 30.06. 1843-1925
G 1867 m Guri Olsdtr. Rikansrud. Sjå neste hushald.
2. Margit Knutsdtr. Torpo 20.05. 1846-1866
Knut Eivindson Sogla kjøpte Torpo bnr. 5 i 1841.
{676} År: 1860
Svein Håvelson Håvelmoen 1805-1888
Foreldre: Håvel Halvorson Håvelmoen og Birgit Sveinsdtr. Sire, Gol.
Gm Birgit Solvesdtr. Liahagen Torpo 20.09. 1809-1875
Foreldre: Solve Halvorson Lien Barskrind Liahagen og Turid Olsdtr. Ruud. (Gol V s 243)
*Barn
1. Håvel Sveinson Torpo 23.08. 1835-1908
G 1873 m Eli Halvorsdtr. Leikvollane. Sjå 1869-hushaldet.
2. Birgit Sveinsdtr. Torpo Bo 19.02. 1837-
Gm Lars Bo, Sogndal.
3. Solve Sveinson Torpo 14.02. 1841-1850
Vesle Solve fekk hard medfart i 1848: ei geit hadde kome seg inn på eit engstykke til ei hissig grannekone. Solve vart banka med staur då han prøvde å få geita der i frå. Han døydde 8 år gamal. (1590)23
4. Turid Sveinsdtr. Torpo 17.07. 1843-
5. Ola Sveinson Torpo Thorpe 05.01. 1847-1915
G 1871 Minneapolis m Johanna ... ... (norsk) 1850-1929. Deretter flytta dei til Twin Valley, MN i 1872 eller 1873.
    Barn: Sven ....- 1950 g 1899 m Selma Oveland; Karen 1877-1969 gm Allen Barnes; Bertha 1879-1964 g 1900 m Edward C. Troast; Henry Joseph 1881-1951 gm Mabel Aletta Johnson; Oscar 1883-1970 gm Amanda ... ; John 1885-1955c gm Marcia .... . Ola og Johanna budde i Rockwell Township, Norman Co. MN i 1885. (J. Marler)
6. Solve Sveinson Torpo Thorpe 12.01. 1851-1922
G 1880 m Ingebjørg S. Skjerpingmoen. Barn: Bertha Caroline 1882-1933 gm Peder Hovde, gm John Eastwold; Sophia 1883-1957 gm Erick Wigesland; Sofia Berthina 1883-1883; Thilda Louise 1888-1895; Simon 1890-1951 gm Ida Lien (minst 3 barn); Selma Ingena 1893-1905. (1208)
    Farmar i Rockville, Norman, MN. Solve døydde 3 dagar etter Ingebjørg, det vart felles gravferd.
7. Halvor Sveinson Torpo Thorpe 17.10. 1853-1926
Gm Gunhild Torsdtr. Sørbøenston 1855-1939. Barn: Bertina 1881-1952 g 1903 m Anton Largis (Årdal) (2 barn); Gina 1886-1969 gm Paul Sletten (barn: Palmer Sletten + ); Tina Sophie 1894-1965.
    Til Am. som ungk. i 1879: Lake ... ,MN. Halvor og Gunhild er gravlagde på Zion Lutheran Cemetery, Norman County, MN. (J. Marler)
Svein og Birgit gifte seg i 1834. I 1865 var han sjølveigar på Torpo jamsides med Syver Knutson. Sonen Håvel kjøpte Syver sin part i 1869. Svein døydde i Norman Co. MN i 1888.
    Utdrag frå The Twin Valley Community Story: 'Dei fire Thorpe brørne kom alle samtidig, i 1879, frå Goodhue county. Dei var 'Ole, Halvor, Solve, Haaver' og dei budde ikkje så langt frå kvarandre.' (J. Marler)
{677} År: 1864
Syver Knutson Torpehagen Kamberud 24.09. 1829-1903c
Foreldre: Knut Syverson TorpeHagen Kamberud og Guri Ottarsdtr. Rotneim.
Gm Kristi Kitilsdtr. Barskrind Torpe 14.02. 1838-1928
Foreldre: Kitil Sanderson (Løyte frå Hol) Barskrind og Barbo Arnesdtr.Trageton.
*Barn
1. Knut Syverson Barskrind 21.09. 1864-
Til Am. 1869: Lansing, Ohio.
2. Kitil Syverson Barskrind 15.01. 1867-1931
Gm Gurine Nasby.
   
    Syver og Kristi sine barn i Amerika: Albert 1875c- ; Barbro Gurine 1869- ; Barbro 1870c-; Anna 1880c- .
Om denne brukarekka: sjå 1838-hushaldet.
    Dei utvandra til Am. i 1869: Lansing, Ohio. Systera Ingrid Knutsdtr. var i same fylgjet.
{678} År: 1869
Håvel Sveinson Torpo 23.08. 1835-1908
Foreldre: Svein Håvelson Håvelmoen Liahagen Torpo og Birgit Solvesdtr. Liahagen.
Gm Eli Halvorsdtr. Leikvollane Torpo 20.03. 1850-1923
Foreldre: Halvor Halvorson Bråten Leikvollo og Margit Syversdtr. Opheim.
*Barn
1. Svein Håvelson Torpo 18.01. 1874-
2. Birgit Håvelsdtr. Torpo 16.06. 1875-1894
3. Margit Håvelsdtr. Torpo Christianson 15.01. 1877-1953
= Margie Thorpe. G 1900 m Otto Christianson (av gol-slekt) 1868-1947. Barn: Alvin 1901-1977; Otto Meldor 1910-1978 veteran frå 2. verdskrigen Tech 4, US Army, Lloyd 1904- ; Norman 1905-1920. (epost J. Marler)
4. Halvor Håvelson Torpo 16.04. 1879-
5. Ola Håvelson Torpo 16.04. 1879-
6. Syver Håvelson Torpo 05.11. 1881-
....
   
    Barn i Amerika: Thealine 1884-1953. Håvel døde i Norman County, MN.
Om denne brukarekka: sjå 1838-hushaldet.
    Håvel kjøpte garden i 1869 for 2000 kr. Eli og Håvel gifte seg i 1873. Håvel selde garden i 1884 og reiste til Amerika.
{679} År: 1871c
Eivind Knutson Torpo 30.06. 1843-1925
Foreldre: Knut Eivindson Sogla Torpo og Ågot Bjørnsdtr. Sata Roen.
Gm Guri Olsdtr. Rikansrud Torpo 30.12. 1843-1924
Foreldre: Ola Sveinson Rikansrud og Ragnhild Halvorsdtr.Berg (Gol).
*Barn
1. Ågot Eivindsdtr. Torpo Opheim 22.01. 1868-1960
G 1886 m Ola O. Opheim (Smedjordet) 1860-1944. Barn: Maggi 1887- ; Even 1890- ; Gena 1893- ; Alma 1894- gm ... Bender; Oscar 1900- ; Clara 1902- ; Edward 1905- ; Olaf 1908- ; Hilda ....- gmT. W. Carter . (1244)
    Utvandra i 1886. Dei farma i Campbell, Co, SD. (Hall. 191 s 29)
2. Margit Eivindsdtr. Torpo Hagen 31.08. 1871-1912
G 1895 m Ola Sevatson Opheim Hagen, gnr. 8/1.
3. Gunhild Eivindsdtr. Torpo 05.10. 1873-1920
Ug.
4. Knut Eivindson Torpo 21.02. 1876-1960
Gm Julie Solbakken. Barn: Signe; Eivind; Gunvor . Han var kontormann i Oslo.
5. Ola Eivindson Torpo 16.01. 1879-1977
G 1916 m Margit Helgesdtr. Sletten. Sjå neste hushald.
6. Gro Eivindsdtr. Torpo 26.10. 1881-1891
7. Kristi Eivindsdtr. Torpo 02.04. 1884-1891
8. Guri Eivindsdtr. Torpo 23.09. 1886-1891
9. Kristi Eivindsdtr. Torpo 23.09. 1886-
Eivind og Guri gifte seg i 1867. Barna er døypte 'Torpe' frå 1871.
{680} År: 1890
Gro Larsdtr. Bæra Baren 22.05. 1874-1941
Gm Knut Hermannson Gullhagen 1878-1965. Barn: Helmer ....- farmar/ maskinfirma gm ... ... ; Louis ....- farmar, gm Borghild Hansdtr. Holto; Carl ....- farmar / arb. i vegvesenet; Melvin ....- ; Borghild ....- gm Clarence Thompson; Gyda ....- gm Ted Eri; Matilde ....- gm Elmer Olson; Gladys ....- gm Ed Spooner; Lavina ....- gm Sig. Jacopsen. (1153)
Gro reiste til Am. i 1898: Ho skreiv seg "Gerti Baren".
Foreldre: Lars Sveinson Sørbøensmoen Bæra og Guri Embriksdtr. Halvorsgardslåtta.
Om denne brukarekka: sjå 1838-hushaldet.
    Hermann Larsson Gullhagen kjøpte ein del av Torpo i 1884 for kr. 2000 og selde att i 1890 for 2600 kr til Gro Larsdtr. Ho vart kalla Gro Håvel-Torpo. Det fortel vel at ho hadde gardparten kom frå Håvel Sveinson.