Moldbakken gnr. 9 bnr. 13
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Moldbakken gnr. 9 bnr. 13-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Moldbakken var husmannsplass under Torpo.
    Areal 1865: 5 mål dyrka; 5 mål naturleg eng. Avling: 5 tunner bygg og 3 tunner potet.
    Torpeslåtta er samanslege med Moldbakken.
    På Drammen museum er oppbevara taket frå stugu i Moldbakken. Det er rosemåla av Embrik Bæra. (jfr. 'Rosemåling i Hallingdal' s 166.)
    I dag er tunet i Moldbakken restaurert. Og det er bygd idrettsanlegg på jordet. NB. På økonomisk kartverk står det berre 'Bakken'.
   

{684} År: 1790c

Torstein Olson Hagaplassen Moldbakken 08.04. 1757-1835
Foreldre: Ola Torsteinson Bjørøyen Hagaplassen og Kari Olsdtr. Leikvoll.
Gm Guri Ivarsdtr. Finnesgarden Moldbakken 1752c-1827
Foreldre: truleg Ivar Nilsson Tuv Finnesgarden og enkje Birgit Syversdtr. Torpehagen. (Gol V s 396.)
*Barn
1. Kari Torsteinsdtr. Torpeslåtta Grov 13.04. 1786-1875
G 1814 Gol m Ola Embrikson Grov. Barn: Birgit 1815-1881 g 1855 m Svein Sveinson Hagen Granlien Torpo; Embrik 1817-1817; Embrik 1818-1900; Torstein 1821-1895 g 1856 Am. m Kari O. Melum, Nes, farm i Silver Lake tp. Worth Co Iowa; Lars 1825-1907 til nedre Grandokken, g 1860 m Sigrid Torsdtr. Rudningsdokken.
2. Torand Torsteinsdtr. Torpeslåtta Lauvsletten 11.10. 1789-1872
G 1838 m Guttorm Halsteinson Lauvsletten. G 1844 m enkjemann Eirik Olson Hovdegard Tuftedokken. Sjå Hagaplassane, gnr. 8/1c.
3. Ola Torsteinson Torpeslåtta Sirerudningen 21.10. 1792-1887
G 1816 m Liv Olsdtr. Bjørøyen. Sjå nedre Sirerudningen, gnr. 4/54 og Slåtta, gnr. 2/2.
4. Ambjørg Torsteinsdtr. Torpeslåtta 14.02. 1796-1802
Ug.

Torstein og Guri gifte seg i 1786. Under Storofsen (storflaumen ) i 1789 vart Hagaplassen råka av 7 skrider. Skaden på hus og jordveg hjå Torstein vart taksert til 200 rd.
    På husmannsvis budde dei mange stader: Leikvoll 1786, Nyhus 1789, Torpebråten 1792 og Moldbakken 1800. I 1807 kjøpte han Moldbakken/Torpeslåtta og døydde der som legdslem i 1835. Torstein døydde av nervefeber. Ho døydde i Slåtta i 1827 som sjølveigar-husmannskone. (!)

{685} År: 1813

Ola Olson Løken Moldbakken 12.01. 1772-1847
Foreldre: Ola Olson Gurigard =Buseguten (Buste-guten står det i KB) m/ Sissel Løken.
Gm Kari Hermansdtr. Nyhus Moldbakken 11.10. 1789-1856
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Ingeborg Embriksdtr. Rotneim.

Ola kjøpte Moldbakken i 1813 for 500 rd. Med plassen fylgde eit jordstykke synst i Storedalslåtta, ei risping i Ridalen (vest for Raudkjennbakken), og skogsvirke etter behov.
    Ola og Kari gifte seg i 1820, men fekk ingen barn.
    Dei kjøpte jordstykket Slåttevollen (nedst på Syningstølen) hjå far hennar i 1823. Med i handelen var hamnerett til "så mange dyr som dei åtte", samt rett til skogsvirke. Pris 10 spd og skylda vart sett til 1/4 lb. (1537)30b
    Det var ein kar i Torpo som vart kalla Sisselguten. Ei tid budde Sisselguten oppe i Geiteryggskardet i Ridalen. Sumaren 1998 påviste T. Østro reistar av ein nedrotna hus i kanten av ei myr. Dette kan vera huset til Sisselguten.

{686} År: 1835c

Embrik Hermannson Nyhus Moldbakken 08.08. 1802-1835
Foreldre: Hermann Hermannson Torpo Nyhus og Ingeborg Embriksdtr. Rotneim (Gol).
Gm Ingrid Olsdtr. Mykleset Moldbakken 1805-1851
Foreldre: Ola Ivarson Kinneberg Mykleset og Birgit Olsdtr. Rotneim, Gol.

Ingrid og Ola gifte seg i 1835. Han døydde same året og Ingrid flytte heim att og døydde på Mykleset i 1851.

{687} År: 1838

Ola Håkonson Storlien 05.02. 1806-1878
Foreldre: Håkon Asleson Arnegard Storlien og Guri Håkonsdtr. Sørbøen.
Gm Jørand Hermannsdtr. Nyhus Moldbakken 15.03. 1812-1862
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Ingeborg Embriksdtr. Rotneim.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Moldbakken 23.06. 1841-1842
2. Håkon Olson Moldbakken 17.03. 1845-1897
G 1869 m Liv Olsdtr. Håkonsgard. G 1872 m Margit Olsdtr. Nedrejordet. Sjå neste hushald.

Jørand og Ola gifte seg i 1838. Ola fekk skøyte på desse eigedomane hjå svigerfaren i 1838: jordstykket Slåttovollen; Oddemyren; Moldbakken og Torpeslåtta. Pris 300 spd og kår til Ola Olson Moldbakken og Kari Hermannsdtr. (1544)550

{688} År: 1878

Håkon Olson Moldbakken 17.03. 1845-1897
Foreldre: Ola Håkonson Arnegard Moldbakken og Jørand Hermannsdtr. Nyhus.
Gm Liv Olsdtr. Håkonsgard Moldbakken 20.05. 1838-1870
Foreldre: Ola Arneson Håheim Håkonsgard og Borghild Botolvsdtr. Ødelien.
Gm Margit Olsdtr. Nedrejordet Moldbakken 11.11. 1845-1877
Foreldre: Ola Olson Nedrejordet og Sissel Olsdtr. Brattåker (Hol).
*Barn i fyrste ekteskap
1. Borghild Håkonsdtr. Moldbakken Bakken 04.08. 1870-
G 1896 m Tor Olson Bakken i Gol. (Skomakar). Dei hadde ikkje barn. Tor vart gift på nytt 1900.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Håkonson Moldbakken 20.10. 1872-1875
2. Jørand Håkonsdtr. Moldbakken 10.07. 1874-1875
3. Sissel Håkonsdtr. Moldbakken 30.04. 1876-1877

Håkon kjøpte Moldbakken i 1878, og sat med bruket inntil det gjekk på auksjon i 1887. Håkon og Liv gifte seg i 1869. Så gifte han seg opp att med Margit i 1872.
    Då andre kona Margit døydde i 1877, var også alle tre ungane med henne døde. Håkon pakta bort Moldbakken, men bruket gjekk til auksjon i 1887. Håkon var 1891 "Oppå Jordo" i Opheim. Han døydde som fattiglem hjå dottera Borghild på Bakken i Gol i 1897.

{689} År: 1887

Solve Oleivson Haugo Moldbakken 09.02. 1849-1937
Foreldre: Oleiv Solveson Haugo og Anne Olsdtr. Granhagen.
Gm Birgit Halvorsdtr. Opheim Moldbakken 18.11. 1852-1898
Foreldre: Halvor Knutson Garden Opheim og Gro Håkonsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Halvor Solveson Moldbakken 03.04. 1875-
G 1901 m Anne Hermannsdtr. Nyhus. Sjå 1910-hushaldet.
2. Oleiv Solveson Moldbakken 01.04. 1879-1949
G 1910 m Birgit Ivarsdtr. Hove. Barn: Margit ; Blenda ; Solveig. Til Am. 1901: Viking, Alta, Canada. Dei gifte seg i Canada. Oleiv hadde ein stor farm. Ein av dei fyrste gass-brunnane som vart opna ved Viking var på farmen hans.
3. Lars Solveson Moldbakken 20.03. 1885-
4. Gro Solvesdtr. Moldbakken 16.05. 1886-1943
Ug. Ho tente hjå skipsreder Hannevig i Borre i 1916.
5. Lars Solveson Moldbakken 05.12. 1888-1946
Ug. i 1928. Til Alberta i 1904. Busett i Viking, Alta, Canada.
6. Knut Solveson Moldbakken 03.04. 1892-
Busett i Britisk Colombia i Canada. Sagbruksarbeidar.
7. Knut Solveson Moldbakken 28.02. 1895-1916
Ugift, handelsbetjent hjå Dusegard på Torpo.
8. Ola Solveson Moldbakken 27.10. 1897-1976
Barn m/Anne Nilsdtr. Lien: Ågot 1918- . G 1922 Bragernes m Kari Ivarsdtr. Heier 1900-1968. (dotter til Anne Hovda). Barn: Brynhild 1922-1979; Ingerid 1926- ; Sigmund 1928- ; Ivar Arnstein 1930- ; Anne Randi 1935- . (1715)
    Som 18-år gamal dreiv Ola Solveson stort med fehandel. Han kjøpte fe på nordre og søndre Land og selde i Kr.ania. Kvar budde dei?

Solve og Birgit gifte seg i 1879. Oleiv var skreddar og husmann. Etter 7 år utan jord kjøpte dei Moldbakken. Der fødde dei 3 kyr og 1 kvige. Dei selde stølen sidan 3 kyr var for lite å sitja på stølen med.
    Solve selde Moldbakken til Herman Nyhus, men heldt att eit skogstykke vestafor. Der sette han opp ei stugu. Sonen tok att Moldbakken på odel.
    Solve tok del i ymse offentleg arbeid. Han var kjapp og snedig til å svara for seg. Som auksjonarius utførde han om lag 700 auksjonar. Av bygning var Solve stor og kraftig, "han såg ikkje ut som ein skraddar!"