Nyhus gnr. 10 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nyhus gnr. 10 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Torpo eller Nyhus vart skattlagd som halvgard, og hadde 12 laupsbol i landskyld. Garden fekk gradvis namnet Nyhus sist på 1600-talet, truleg i samband med ein flaumskade og oppbygging av eit nytt tun. I futen sine register stod det framleis Nordre Torpo ei tid, men i prestemanntalet 1664 er garden kalla Nyhus. Bjørøyen var brukt under Nyhus ei tid.
    Grunna flaumskade vart Nordre Torpo (både Nubgarden og Nyhus?) "allernådigst forundt årlig skattefrihed på 1 rd" i 1708. I årevis kom futen med spørsmål om garden Torpo var istandsett att, dvs. skattbar. Og ålmogen på tinget svara like visst : ".. gården er bedervet af Elvebrud og flom"og hverken er eller nogen tid bliver i den stand den var". (1102) s 68
    I 1720-åra vart Nyhus brukt under Rasmusgarden Opheim. I 1721 vart halve garden pantsett, noko som førte til frådeling av Nedre Nyhus. Sidan har garden vore kalla Øvre Nyhus, og båe gardane vart oppdyrka.
    Areal 1865: 17 mål dyrka, 20 mål naturleg eng, 50 mål utslått. Avling: 21 1/2 tunne bygg og 21 tunner potet.
    Areal 1995: Dyrka jord 64 mål, anna areal 118 mål, produktiv skog 800 mål, utmark 46 mål. Del i Syningstølen stølssameige. Våningshus bygt 1978, gamalt våningshus 1922, hytte, loft omkr. 1546, loft, driftsbygning 1954, garasje 1969.
    Stølar. Heimstøl på Mangset og langstøl på Syningstølen.
   

{702} År: 1767

Nils Bjørnson Nyhus Sveinsgard 1735-1823
Foreldre: Bjørn Halvorson Nyhus og Jørand Nilsdtr. Eiklid.
Gm Guri Helgesdtr. Lien Sire 1726-1787
Foreldre: Helge Syverson Lien og Storlien og Kari Helgesdtr. Finnesgarden.
*Barn
1. Bjørn Nilsson Nyhus Brenno 23.09. 1764-1830
Barn m/Margit Knutsdtr. ...: Sissel 1795- gm Peder Olson Svangseie i Lier.
    G 1803 m Sigrid Syversdtr. Brenno. Smed på Brenno, gnr. 4/45.
2. Kari Nilsdtr. Nyhus Sire Vestenfor 22.09. 1765-1837
G 1784 m Ola Tolleivson nedre Sire, gnr. 4/28. Sjå Vestenfor, gnr. 1/6, Skuleslåtta.
3. Nils Nilsson Sveinsgard 26.07. 1767-1848
G 1795 m Amalia Hansdtr. Qvam. Sjå Sveinsgarden, gnr. 4/32.
4. Holge Nilsson Nyhus Sire Hagen 24.03. 1769-1830s
G 1820 m enkje Anne Olsdtr. Torpehagen, gnr. 8/1.

Nils og Guri gifte seg i 1763. Brørne Nils og Halvor kravde auksjon på garden i 1770.
    Sidan den eldste broren Halvor budde på ein plass i Gol ei tid så vart det Nils som overtok Nyhus. Nils vart skulda for å ha skjenkt broren Halvor frå garden. I fylla hadde Halvor gjeve sitt samtykke til plassen Gullbrekkodden, ei slåtte, gjerda Nyegjerda på langstølen, halve Hovdestølen og den søre slåtteenga på stølen.
    I 1772 skøytte Nils plassen Øvre Storlien til Eggert Olson for 430 rd etter å ha fått ein høgsterettsdom på eigene til plassen under garden Lien. Det fylgde med skogsvirke til hus og gjerde, samt rett til å rydde støl ved sida av Øyestølen i Lien sin skog.
    Nils vart oppnemnd til lagrettemann i 1776. Han overførte garden 1793 og tok slikt kår: 2 kyr og 8 småfe framfødd, 5 tunner bygg, 1 kvartel salt, 2 settung rug og 5 alen strie. Til kåret høyrde også ei ny stugu m.m. På skiftet etter Guri 1787 var det 659 rd å dele.

{703} År: 1770

Svein Syverson Sire 1740-1787s
G 1764 m enkje Liv Larsdtr. Gjeldokk Sire. Sjå Øvre Tomasgarden, gnr. 4/6. Foreldre: Syver Tomasson Tomasgarden Sire og Guri Bjørnsdtr. Nyhus.

Svein kjøpte Nyhus på auksjon i 1770. Prisen vart 700 rd. Det hefta kår til Bjørn Halvorson i Nyhus.
    Svein selde att i 1777 for 690 rd til ein Ola Olson som selde vidare att i 1783.

{704} År: 1783

Halvor Olson TorpeSlåtta Torpehagen 1739-1819
Foreldre: Ola Olson Torpeslåtta og Anne Olsdtr. Storlien.

Halvor hadde Nyhus fram til 1788. Då selde han til brorsonen. Halvor var gift med enkja Ingrid Olsdtr. Sire i Torpehagen, gnr. 8/1.

{705} År: 1788

Hermann Hermannson Storlien Nyhus 15.12. 1765-1854
Foreldre: Hermann Olson Slåtten Storlien og Jørand Solvesdtr. Nubgarden.
Gm Ingeborg Embriksdtr. Rotneim Nyhus 1767-1848
Foreldre: Embrik Olson Rotneim og Liv Botolvsdtr. ... . (Gol V s 279)
*Barn
1. Kari Hermansdtr. Nyhus Moldbakken 11.10. 1789-1856
G 1820 m Ola Olson Moldbakken, gnr. 9/13.
2. Liv Hermannsdtr. Nyhus 13.05. 1792-1802
3. Hermann Hermannson Nyhus 09.08. 1795-1879
G 1821 m Margit Olsdtr. Skjerping. Sjå neste hushald.
4. Tor Hermannson Nyhus Brenna 03.06. 1798-1885
G 1822 m Margit Bjørnsdtr. Brenna. Sjå Rudningsdokken, gnr. 3/8, Rudningen, gnr. 4/33 og Brenno, gnr. 4/45.
5. Embrik Hermannson Nyhus Moldbakken 08.08. 1802-1835
G 1835 Gol m Ingrid Olsdtr. Mykleset frå Gol. Han døydde same året.
6. Ola Hermannson Nyhus Vesleslåtta 29.06. 1806-1865
G 1829 m Birgit Torsteinsdtr. Medgarden. Sjå Vesleslåtta, gnr. 10/3.
7. Jørand Hermannsdtr. Nyhus Moldbakken 15.03. 1812-1862
G 1838 m Ola Håkonson Arnegard Moldbakken, gnr. 9/13.

Ingeborg og Hermann gifte seg i 1789. Året før hadde Hermann fått skøyte på Nedre Nyhus (6 lb.) og Vestre Hagaplassen for 800 rd og 1 ort årleg avgift til Torpehagen.
    Dei selde skogremmen Vestremmen til lensmann H. Ruud i 1805. Lauvskogen var ikkje med i handelen, Hermann skulle også ha virke til gjerde og "husfornødenhed". Pris 880 rd. (1536)157.
    I 1821 selde dei garden til sonen Hermann og tok slikt kår: fritt, varmt hus i nedre stugu, framfødd og stellt 2 kyr og 8 småfe; 4 tunner bygg, litt rug, salt, humle og 1 bus hamp. Dessutan til bruk: Låveåkeren, Nertefor-slåtta, 1/4 mål av Oddeåkeren til linland og noko storrslått ved Syningstølen m.m. (1537)29b

{706} År: 1821

Hermann Hermannson Nyhus 09.08. 1795-1879
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Ingeborg Embriksdtr. Rotneim (Gol).
Gm Margit Olsdtr. Skjerping Nyhus 09.08. 1795-
Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard/Lien.
*Barn
1. Hermann Hermannson Nyhus 26.10. 1822-1902
G 1856 m Margit Olsdtr. Sveinsgarden. Neste hushald.
2. Ola Hermannson Nyhus 21.04. 1825-1853
Barn: Birgit 1852- m Guri Olsdtr. Torpeslåtta. Han vart ilagt 1 1/2 år tukthusarbeid i høgsterett pga. slagsmål.
    Kassa betalte dokter-rekning etter at Ola hadde fått knivstikk i magen i 1852.
3. Embrik Hermannson Nyhus 23.02. 1827-1861
Truleg ugift.
4. Embrik Hermannson Nyhus 10.04. 1831-1831
5. Ingeborg Hermannsdtr. Nyhus 15.01. 1833-1899
Ugift, budde på Nyhus.
6. Embrik Hermannson Nyhus Ruud 12.05. 1837-1875
Truleg g 1864 m Kari Olsdtr. Skard Rudsjordet. Sjå Valdresplassen, gnr. 18/2.

Margit og Hermann gifte seg i 1821. Hermann fekk skøyte på Nyhus same året for 400 spd og kår til foreldra.
    I 1838 lånte Margit 100 spd. Det vart då opplyst at Hermann var sjuk og sengeliggande.
    Hermann kjøpte Torpeslåtta hjå Sander S. Torpo og Knut S. og held skylddeling i 1838. (1347) s 9
    Margit og Hermann selde garden til sonen Hermann 1855 for 500 spd.
   
   

{707} År: 1855

Hermann Hermannson Nyhus 26.10. 1822-1902
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Margit Olsdtr. Skjerping.
Gm Margit Olsdtr. Sveinsgarden Nyhus 13.02. 1838-1916
Foreldre: Ola Olson Sveinsgarden nedre og Anne Hermannsdtr. Sire.
*Barn
1. Hermann Hermannson Nyhus 31.10. 1857-1925
Gm Margit Olsdtr. (nordre Rasmusgarden) Barskrind 1857- .... . Adoptivdotter: Sissel Tolleivsdtr. 1904-.
    Hermann og Margit reiste 1881 til Wendell, MN. Dei kom heim att og budde i Amtmann Breders g. 31 i Drammen i 1916. Dei siste åra budde han på Torpo.
2. Ola Hermannson Nyhus Nyhusmoen 01.07. 1860-1929
G 1884 m Kari Knutsdtr. Vestenfor. Sjå Nyhusmoen, gnr. 10/17.
3. Margit Hermannsdtr. Nyhus 24.01. 1863-1910
Ho var sjukleg frå fødselen av.
4. Anne Hermannsdtr. Nyhus Moldbakken 10.06. 1866-1930
G 1901 m Halvor Solveson Moldbakken, gnr. 9/13.
5. Birgit Hermannsdtr. Nyhus Kortgard 14.10. 1868-1947
G 1892 m Ola Embrikson Gjeldokk Kortgard, gnr. 103/4.
6. Margit Hermannsdtr. Nyhus 20.06. 1871-1913
G 1899 m Sander Sanderson Barskrind Nyhus. Sjå neste hushald.

Hermann selde frå Brendodden og makeskifta bort stølen Mangset til Tretterud og fekk att Pålset.
    Margit selde garden 1903 til svigersonen Sander Sanderson for kr. 2000 og kår.