Vesleslåtta gnr. 10 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Vesleslåtta gnr. 10 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Vesleslåtta vart delt frå Nyhus i 1851. Areal 1865: 2 1/2 mål dyrka, 8 mål naturleg eng. Avling: 2 tunner bygg.
    Vesleslåtta kom under Rangdi-plassen kring 1900. Det er ingen hus på bruket i dag.
   
{712} År: 1851
Ola Hermannson Nyhus Vesleslåtta 29.06. 1806-1865
Foreldre: Hermann Hermannson Torpo Nyhus og Ingeborg Embriksdtr. Rotneim.
Gm Birgit Torsteinsdtr. Medgard Skriudalen 31.01. 1802-1883
Foreldre: Torstein Olson Medgard og Kari Knutsdtr. Medgard.
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Vesleslåtta 28.09. 1829-1834
2. Hermann Olson Vesleslåtta 01.10. 1832-1872
G 1858 m Margit Holgesdtr. Hallfardokken, Hol. Sjå neste hushald.
3. Torstein Olson Vesleslåtta 10.10. 1835-1917
G 1867 m Birgit Torsdtr. Myrekvarvbakkane 1832-1925. Barn: Tor 1856-1939 til Am. som "Weam", g 1882 m Guri Mikkelsdatter Osterbo, Aurlandsvangen (5 barn); Svein 1860- budde i Aurland, gm Ragnhild Knutsdtr. Uren; Margit 1869-1891 til Am. sbm Torkjell Medhus (2 barn); Ola 1872-1874; Hermann 1873-1967 til Am. farma ved Goose River, Hatton ug.; Birgit 1875-1935 "Beate" til Am. gm Knut Holdahl, Valdres (7 barn). (J. Marler)
    Dei var i Myrekvarvbakkane i Hol frå 1868 til 1875. Til Am. 1885: Newburg, ND.
    Torstein fekk seg arbeid i Hatton. Og han bygde seg det fyrste huset, det var ein jordkjellar på farmen til Torkjell Medhus. Så sende han billettar til kone og 2 barn (9 og 11 år, dvs. Hermann og Birgit) for å få dei over etterpå. Men kona vart snau for reisepengar i Kr.ania og fekk difor hjelp til å koma seg i veg.
    Torstein og Birgit levde og stelte i Amerika på same måte som dei hadde gjort heime. Dei plukka kornaks av åkeren og treska korn for hånd. Dei hadde 1 hest og 1 ku, og dei gjorde ymse bytes-arbeid med grannane.
4. Ingeborg Olsdtr. Vesleslåtta Vesleslåtta 03.08. 1838-
5. Kari Olsdtr. Vesleslåtta 05.10. 1841-
Ola og Birgit gifte seg i 1829. Dei kjøpte Vesleslåtta i 1851. Sonen Hermann overtok i 1859.
{713} År: 1859
Hermann Olson Vesleslåtta 01.10. 1832-1872
Foreldre: Ola Hermannson Vesleslåtta og Birgit Torsteinsdtr. Medgard.
Gm Margit Holgesdtr. Hallfardokken Vesleslåtta 15.09. 1828-
Foreldre: Holge Halvorson Halfardokken og Anne Steingrimsdtr. Noss-Rudningen ( sjå Hol V s 455)
*Barn
1. Ola Hermannson Vesleslåtta 28.05. 1858-1925
Gm Anna Vebjørnsen, Hardanger 1868-1945. (1281)
    Barn med Guri Andersdtr. Sire: Hermann 1888- til Am. (Ola budde i øvre Tomasgarden 1891-1900.)
    Utflytt til Aker i 1889. Busett i Hardanger. Ola skreiv seg Hermannsen.
2. Anne Hermannsdtr. Vesleslåtta 16.12. 1859-
Utflutt til Hadeland i 1881.
3. Helge Hermannson Vesleslåtta 15.04. 1862-
Gm Anna Hansdatter 1859- , Holmsbu. Barn: Herman 1886- ; Margit 1889- ; Marie 1891- ; Peder 1892- ; Alfred 1894- ; Elma 1898- . Det var truleg Helge som var huseigar på Dyrdal i Sande i 1900. Han arbeidde på ullvarefabrikk.
4. Hermann Hermannson Vesleslåtta 04.11. 1865-
Hermann var sjukleg og måtte halde senga for det meste. Hermann, broren Ola (forsørgar!) og bestemora Birgit Torsteinsdtr. budde i ei stugu på Slåttevollen under Torpo i FT 1875. Hermann er ikkje nemnt sidan.
5. Embrik Hermannson Vesleslåtta 22.09. 1870-
Embrik var pleieson hjå kjøpmann Joh. Thuesen i Kristiania.
Margit og Hermann gifte seg i 1858. Hermann drukna under tømmerfløytinga i 1872.
    Margit flytte til Jevnaker i 1875 for å ta tenest der. Død i Glemmen 1900.
{714} År: 1900c
Knut Torsteinson Skjerping Rangdiplass 11.05. 1857-1941
G 1886 m Birgit Larsdtr. Skjerpinghaugen. Sjå Rangdiplassen.
Foreldre: Torstein Knutson Medhus Skjerping og Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet).
Knut Rangdiplassen kjøpte Vesleslåtta før 1904, og sidan har bruket vore under Rangdiplassen.