Nyhus, nedre gnr. 10 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Nyhus, nedre gnr. 10 bnr. 8-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Nyhus ligg på vestre kanten av øvre Nyhus. Bruket vart frådelt frå øvre Nyhus i fyrste halvdel av 1700-åra. Tunet ligg inntil vegkrysset der Opheimsvegen tek av.
    Av husa på garden var den kjende Nyhus-stugu. Den vart bygd av Torkjell Villand den tid han hadde garden. Torkjell var lensmann, sakførar og arkitekt. (Sjå meir om han under Sundre, gnr. 110/15) Nyhusstugu vart rosemåla av Truge Gunhildgard, landets eldste, kjende bygdemålar, og vert rekna for å vera eit av dei beste arbeida hans. I 1884 vart Nyhusstugu kjøpt av konsul T. Heftye og flytta til sletta framfor Frognersetra i Oslo.
    Der vart Nyhusstugu ståande med lite og tilfeldigt tilsyn opp gjennom åra. Ei tid vart ho brukt som pølsebu, og stundom har ho vore open når Oslo kommune har hatt representasjon.
    I 1999 hadde avisa Hallingdølen eit oppslag om at Nyhusstugu stod med taklekkasje. Ål bygdamuseum bad Oslo kommune om å få stugu attende til Ål. Museet fekk avslag, men då vart det fart på vedlikehaldsarbeidet.
    Areal 1865: 14 mål åker,16 mål naturleg eng, 48 mål utslått. Avling: 19 tunner bygg og 24 tunner potet.
    Innmarka var på ca. 15 mål. No er jordvegen frådelt og selt til grannar. Tunet og handelstaden ligg att.
    Støl: Hovda. Syningstølen er fråselt til eigaren av øvre Nyhus.
{723} År: 1778
Torgeir Knutson Reinton Nyhus 1716-1802
Gm Barbro Olsdtr. Mehus. G 1761 m Anne Gjermundsdtr.
Foreldre: Knut Jonson Reinton og Gudlaug Knutsdtr. nedre Reinton.
Torgeir fekk auksjonskøyte 1778 på Nyhus for 400 rd. NB. Plassane Nypebråten og Kringla var bortbygsla.
    Torgeir vart stevna for 1 kyrkje-ku i 1779. Som einaste son hadde han overteke 2 kyr etter far sin. Sakførar Hesselberg viste til 'Kyrkje-stolen' at Knut Slettemoen hadde 1 kyrkje-ku som tilhøyrde Torpo-kyrkja.
    I 1781 vart Torgeir dømt til å levere ei ku til kyrkje-eigarane i Torpo og betale sakskostnader på 3 rd.
    Torgeir kjøpte Sørbøensmoen hjå Ola Person Opheimsjordet 1789 for 400 rd. Sjå Moen 23/10.
{724} År: 1779
Eilev Olson Skjerping Nyhus 02.06. 1750-1810
Foreldre: Ola Olson Øyen Storedal Skjerping og Margit Eilevsdtr. Rotneim/Eilevmoen.
Gm Dordei Solvesdtr. Nubgarden Nyhus 27.10. 1748-1813
Foreldre: Solve Knutson Torpo Helling og Kari Halvorsdtr. Opheim.
Om Eilev og Dordei, sjå Nubgarden, gnr. 11/1.
    Eilev skøytte garden 1806 til stesonen Nils Hansson for 1000 rd og kår. ( M.a. 8 tunner stritt korn, 3 kyr og 12 småfe framfødd; fritt hus, anten i eit kammers i stugu med kakkelomn eller i eit av stuguhusa på garden, evt. bygge ny stugu. ) (1536)231
{725} År: 1806
Nils Hansson Nubgarden 31.03. 1773-1831
Foreldre: Hans Jørgen Qvam og Dordei Solvesdtr. Nubgarden.
Gm Guri Olsdtr. Barskrind Nubgarden 23.07. 1775-1862
Foreldre: Ola Rasmusson Barskrind og Sissel Embriksdtr. Ellingsgard Lien.
Om familien, sjå Nubgarden. Nils overtok bygsla av Nubgarden 1791 mot 3 rd årleg landskyld og kår til mora og stefar. Sonen Ola overtok garden i 1821. Pris 700 spd og eit kår av årleg verdi 20 rd.
{726} År: 1821
Ola Nilsson Nubgarden Nyhus 14.06. 1795-
Foreldre: Nils Hansson Nubgard og Guri Olsdtr. Barskrind.
Gm Lukris Tolleivsdtr. Tune Nyhus 24.07. 1796-
Foreldre: Tolleiv Eivindson søre Tune og Ågot Halvorsdtr. Strand.
*Barn
1. Ågot Olsdtr. Nyhus Sundrebråten 27.02. 1818-1872
G 1840 m Ola Ellingson Bekkestad Hakkerud Sundrebråten, gnr. 110/44, til Amerika.
2. Nils Olson Nyhus 18.12. 1820-1907
Gm Gro Olsdtr. Holterudningen 1831-1895. Til Am. 1858. Barn: Ola 1858- ; Nils 1858-1920 g 1885 m Birgit Olsdtr. Sire (minst 1 barn); Lovisa 1861-1895 g 1883 m Halvor Larsson Sando (6 barn); Sissel 1863- g 1879 m Asle Haagenson; Christine 1866-1939 g 1883 m Ola Larsson Sando (7 barn); Gurina 1870- gm ... P. Anderson; Olaus 1872-1891; Tolleiv 1874-1874.
    Nils og Gro reiste til Amerika i 1858: Newburg, Fillmore Co, MN. Sidan til Otter Tail County, MN. Nils budde i Canada dei site åra. (J. Marler, Connie Olson).
3. Tolleiv Olson Nyhus Newhouse 11.04. 1825-1899
G 1850 m Kari Ellingsdtr. Tune. Sjå Bekkestad. Dei selde Bekkestad i 1857 og reiste til Am i 1858. Dei kalla farmen for 'Newhouse' ('Nyhus').
4. Guri Olsdtr. Nyhus Garnes 26.02. 1827-
G 1850 m Ola Kitilson Garnås-eie, Nes. Barn: Kitil 1850-, Gunnbjørg 1854-, Ola 1857-, Nils 1859-1920, Lukris 1862-, Anders 1867- .
    Ola Kitilson døydde i 1867, og Guri reiste med 6 barn til Amerika våren 1869. Barna brukte anten 'Garnes' eller 'Olson' som slektsnamn. (778)(873)
5. Kari Olsdtr. Nyhus 20.04. 1831-
Barn: Ola 1856- med Anders Pedersen Holgerud, Bærum. Kari reiste til Amerika 1857.
6. Ola Olson Nyhus Newhouse 17.11. 1835-1916
Gm Rachel Olsker, 1844-1934. Barn: Olif 1869- ; Louisa 1872- gm ... King (2 barn); Belmaria 1874- ; Theodore 1876-1963 gm Alice White (3 barn); Gwena 1880- ; Agnes 1883- gm ... Struthers (2 barn); Nelson 1887- farmar i Saskatchewan, gm Violet ... (7 barn); Henry 1889- g 1911 m Gina Christina Kittleson (8 barn).
    Til Am. 1858: farmar Spring Grove, MN. (Der var også fleire av hans sysken. ) Kring 1880 flytta familien til Greenwood, Kossuth Co, Iowa. Etter eit par år i Edmunds Co i SD flytta Ola, Rachel og dei 3 yngste sønene 1890 til Red Deer, Saskatchewan i Canada. (Epost frå Sarah Newhouse)
Ola og Lukris gifte seg i 1817. NB. Lukris er stundom skriven som 'Larsdtr.' Far hennar heitte nok Tolleiv.
    Ola fekk auksjonskøyte på Kringla i 1829. Ola selde Nyhus i 1838 til Gjermund Halvorson. Dei bygsla Granlien frå 1843 fram til 1858, då familien reiste til Amerika: Spring Grove.
{727} År: 1838
Gjermund Halvorson Opheim Garden Nyhus 1802-1868
Foreldre: Halvor Knutson Opheim Garden og Birgit Torkjellsdtr. søre Rime.
Gjermund var ugift. Han kjøpte nordre Torpo for 1000 spd i 1838. (1544)357
    Han selde garden att i 1839 for 900 spd til Ola Knutson Skjerping.
{728} År: 1838.
Ola Knutson Medhus Skjerping 04.10. 1795-1863
Foreldre: Knut Olson Medhus og Guri Olsdtr. Opheim.
Gm Anne Eiriksdtr. Opheimsjorde Nyhus 25.10. 1815-1896
Foreldre: Eirik Embrikson Torset Opheimsjorde og Helge Olsdtr. Opheimsjordet.
Ola og Anne gifte seg i 1835. Dei hadde ingen barn. Anne vart attgift med Tolleiv Olson Medhushaugen. Sjå 1864-hushaldet.
{729} År: 1862
Guri Torsteinsdtr. Skjerping Nyhus 07.01. 1848-1933
Foreldre: Torstein Knutson Medhus Skjerping og Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet).
Gm Halvor Eilevson Nubgarden Nyhus 18.06. 1842-1916
Foreldre: Eilev Nilsson Nubgarden og Ragnhild Halvorsdtr. Medhus.
*Barn
1. Ragnhild Halvorsdtr. Nyhus 01.03. 1866-1866
2. Ola Halvorson Nyhus 20.02. 1867-
3. Anne Halvorsdtr. Nyhus Torpeslåtta 08.08. 1869-1891
G 1889 m Ola Håkonson Torpeslåtta.
4. Ola Halvorson Nyhus 06.04. 1872-1945
G 1919 m Anne Syversdtr. SørbøensMoen 1868-1934. Ingen barn. (1244)
    Til Am. 1895. Tilsett ved gasskompaniet i Grand Forks, budde seinare i Williams Co, ND. (1345)
5. Ragnhild Halvorsdtr. Nyhus 04.07. 1874-
G 1895 m em Ola Olson Rikansrud. (amerikansk borgar). Barn: Erik ; Helmer ; Oscar ; Alvin ; Gina - stenograf ; Alma ; Mabel - lærar ; Esther.
    Til Am. 1895. Ola gjorde ein tur og henta henne. Busett i Canton, SD. (jf. Hallingen 1925)
6. Margit Halvorsdtr. Nyhus 16.08. 1878-
Gm ... ... . Budde i Drammen. Til Kr.ania i 1901.
7. Eilev Halvorson Nyhus 29.01. 1881-
Til New York i 1904. Eilev budde i Vancouver, BC, Canada i 1945.
8. Torstein Halvorson Nyhus 01.11. 1883-
Til Am. ein tur i 1907. Sjå 1933-hushaldet.
9. Guri Halvorsdtr. Nyhus 30.03. 1886-1966
Sjå 1933-hushaldet.
Guri fekk skøyte 1862 på nedre Nyhus frå farbroren og morsystera. Men alt i 1864 kom enkja på Nyhus inn att på garden.
    Halvor og Guri gifte seg i 1865 og var forpaktarar på Tretterud dette året. Dei budde på Nyhus, alle ungane er døypte som 'Nyhus'.
   
{730} År: 1864
Anne Eiriksdtr. Opheimsjorde Nyhus 25.10. 1815-1896
Foreldre: Eirik Embrikson Torset Opheimsjorde og Helge Olsdtr. Opheimsjordet.
Gm Tolleiv Olson Martehaugen Nyhus 15.06. 1847-1940
Foreldre: Ola Hermundson Kaslegard Brattegardslåtta (ungkar) og Dordei Tolleivsdtr. Martehaugen.
Sidan mor til Tolleiv var ugift og mykje borte på tenest, så vaks han opp hjå bestemor si, ho Marte. Tolleiv vart tidleg gjætargut og han kom i tenest på Nyhus.
    Då husbonden gjekk bort i 1863, vart det nye utfordringar for gjætarguten. Det laga seg til giftarmål. Dagen føre bryllaupet sa presten: "I morgen kommer Anne Nyhus med gjætergutten sin."
    Det vart 32 år alders-skilnad! Mange rådde henne ifrå giftarmålet, men Anne sa at no ville ho ha ein mann ho kunne rå med. Dei sette opp testament i 1865 der den lengstlevande skulle arve den andre!
    I 1865 var Tolleiv brukar på Nyhus og forpaktar på Koddemoen.
    Då Anne gjekk bort vart det Tolleiv sin tur å få ein ung make. Han gifte seg 1897 med tenestjenta si, Ragnhild som var 21 år yngre enn han. Sjå Skjervheimhagen, gnr. 35/15.
    Tolleiv vart attgift 1909 med enkja Birgit Nilsdtr. Skomakarjordet Gjerden. Sjå Tollefsrud, gnr. 11/15.
{731} År: 1899
Ambjørg Olsdtr. Ro Tufte 25.07. 1865-1929
Foreldre: Ola Olson Ro og Guri Ivarsdtr. Haugstad, Gol.
Gm Sander Sanderson Tufto Skjerping 19.09. 1853-1900
Foreldre: Sander Holgeson Tufto og Birgit Torjusdtr. Finnesgarden (Gol).
Gm Knut Embrikson Dusegard 03.07. 1874-1954
Foreldre: Embrik Olson Dusegard og Liv Olsdtr. Espegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Sandersdtr. Tufte Ødelien 14.10. 1887-
G 1912 m Ola Botolvson Ødelien. Sjå eige hushald.
2. Guri Sandersdtr. Tufte 15.08. 1892-1974
Ug. Guri budde heime og stelte foreldra.
*Barn i andre ekteskap
1. Liv Knutsdtr. Dusegard Hansen 01.04. 1901-1981
G 1923 Norderhov m Nils Sandum 1901-.... . Barn: Elise 1924-.... gm Arne Dalen, Neslandsvatn (2 barn som ikkje vaks opp); Ambjørg 1928- helsesyster i Etne, gm Nils Bakke (3 barn).
    Gm Henry Hansen, Ø. Eiker 1906-1983. Barn: Tove Kari 1942- bondekone, stortingsrepresentant i 2 periodar, sidan rådgjevar for sosialministeren i regjeringa Bondevik 1, gm Finn Viken, Oppdal (2 barn).
    Liv og Henry budde i Oppdal. Henry var stasjonsmester på Kongsvoll.
Sander og Ambjørg dreiv landhandel, både på Heimdal i Votndalen og på Torpo. Fyrste tida hadde Sander butikk på Tufto. Ambjørg gifte seg opp att i 1901 med Knut Embrikson Dusegard.
    Knut tok til som handelsbetjent hjå Sander Tufte som dreiv hotell og butikk på nedre Nyhus. Då Sander gjekk bort, vart Knut gift med Ambjørg. Dei dreiv skysstasjon og skifta namn på hotellet til "Dusegård Hotel". Hotelldrifta vart nedlagt då Ambjørg gjekk bort. Bilane overtok etter skyss-hestane. Knut ofra seg heilt for butikken etterkvart.
    Ambjørg og Knut budde på skyss-stasjonen, men sat med skøyte på Nyhus så panthavarane ikkje skulle ta garden frå Halvor Eilevson som var brukar. I 1933 skøytte Knut garden til ungane etter Halvor Eilevson for 3000 kr.