Kringla gnr. 10 bnr. 14
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Kringla gnr. 10 bnr. 14-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Kringla er eit småbruk innved riksvegen ved Tingvollfjorden. Namnet kjem truleg av forma på innmarka.
    Kringla var husmannsplass under Nyhus fram til 1827. Plassen vart bygsla bort i 1762 saman med Nypebråten.
    Kringla i dag har om lag 15 mål dyrka jord og ca. 90 mål barskog. Stugu er bygd kring 1903, uthus ombygde 1923, loft 1906 og garasje 1938.
   
{744} År: 1762
Eilev Eilevson ... Kringla 1717c-1798
Foreldre: Eilev og ... .
Gm Fribjørg Olsdtr. Storlien Kringla 1717-1798
Foreldre: Ola Syverson Bøygard Storlien og Guri Olsdtr. Eikre (Hemsedal).
*Barn
1. Guri Eilevsdtr. Kringla Opheimsjordet 1747-1811
Gm Rasmus Olson Opheim Opheimsjorde.
2. Eilev Eilevson Nyhus Kringla 19.04. 1750-
3. Margit Eilevsdtr. Kringla 16.07. 1752-
4. Anne Eilevsdtr. Kringla 08.12. 1754-
Fribjørg og Eilev budde fyrst i Finnesgarden i Gol. I 1762 bygsla dei slåttene Kringla og Nypebråten på livstid. Årleg leige var 3 rd. Til plassen høyrde vanlege rettar samt dei to stølane Skomakerstølane. Eilev fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
{745} År: 1788c
Svein Knutson Tune Kvamen 07.08. 1757-1789
Foreldre: Knut Tolleivson øvre Breie Kvamen og Margit Tolleivsdtr. Øvremyro (Hol).
Gm Bodil Embriksdtr. Ulshagen Kringla 08.09. 1748-1825
Foreldre: Embrik Olson Svarteberg Ulshagen og Rønnaug Sandersdtr. Larsgard (Hol).
*Barn
1. Bodil Sveinsdtr. Kringla 1789-
Svein og Bodil gifte seg i 1788. Dei budde på Kringla. Svein var soldat, han døydde i Sverige i 1789. Buet var 22 rd. Bodil fødde dottera Bodil seinare same året. (Det er uvisst om ho vaks opp.)
    Bodil vart attgift 1793 med Embrik Asleson Mykinghaugen-Sletto, gnr. 94/1.
{746} År: 1799c
Ola Olson Opheim Kringla 05.02. 1764-1826
Foreldre: Ola Torsteinson Vesledal Opheim og Guri Olsdtr. nordre Opheim.
Gm Sunnev Torkjellsdtr. Sire Kringla 1770-1841
Foreldre: Torkjell Olson Svarteberg Storlien Sire og Margit Syversdtr. Sire.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Kringla 17.07. 1796-
Gm Per Knutson Lien (eller Per Person husmann u/Våle prestgard) i Våle i Vestfold.
2. Ola Olson Kringla 17.06. 1798-
Han var busett i 'Waller' sokn i 1841. Truleg Våle i Vestfold, dvs. som systera.
3. Torkjell Olson Kringla 11.10. 1801-1815
Han gjekk på legd i Torpo og døydde i 1815, berre 14 år gamal.
4. Ola Olson Kringla 03.02. 1805-
Ola reiste ut ukonfirmert hausten 1820 til tenest på garden Gjelleboe. I 1863 var han busett i Våle nær Holmestrand.
5. Margit Olsdtr. Kringla Espegardjordet 20.12. 1808-1896
G 1837 m Sevat Eirikson Espegardjordet Underberget gnr. 70/7. Til Am ca. 1861.
Sunnev og Ola gifte seg i 1794. Sunnev gifte seg opp att 1828 med Henrik Asleson Ruud Sando Skjerpingmoen. Kringla vart seld, og ho fekk kår i 1829.
{747} År: 1827
Ola Nilsson Nubgarden Nyhus 14.06. 1795-
G 1817 m Lukris Tolleivsdtr. Tune. Sjå meir om familien på nedre Nyhus, gnr. 10/8.
Foreldre: Nils Hansson Nubgard og Guri Olsdtr. Barskrind.
Ola Nilsson fekk auksjonskøyte på Kringla i 1829. (Originalskøytet frå 1827 brann opp saman med sorenskrivargarden.) Pris: 147 spd og dessutan kår til Sunnev Torkjellsdtr. Kringla på levetid. (1538)56b
    Ola og Lukris reiste til Spring Grove i Am. i 1858.
{748} År: 1830
Ola Person Sire Kringla 19.02. 1797-1867
Foreldre: Per Arneson Bøygard i Øygarden (Sire) og Barbro Olsdtr. Opheim.
Gm Ingeborg Solvesdtr. Helling Kringla 01.10. 1797-1861
Foreldre: Solve Knutson Helling og Guri Olsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Per Olson Kringla 01.12. 1828-1864
G 1862 m Anne Persdtr. Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
2. Guri Olsdtr. Kringla 15.02. 1830-1830
3. Guri Olsdtr. Kringla 13.10. 1837-1861
4. Barbro Olsdtr. Kringla 19.08. 1841-1846
Ola Nilsson Nyhus kjøpte Kringla på auksjon i 1829. Han selde att neste år til Ola Person Opheim. Ingeborg og Ola Person gifte seg i 1828.
{749} År: 1862
Per Olson Kringla 01.12. 1828-1864
Foreldre: Ola Person Øygard Kringla og Ingeborg Solvesdtr. Helling.
Gm Anne Persdtr. Huserjorde Kringla 28.02. 1824-1901
Foreldre: Per Olson Huserjordet og Ingrid Aslesdtr. Hellingbrenna.
*Barn
1. Ingeborg Persdtr. Kringla 25.04. 1863-1940
Ugift.
2. Guri Persdtr. Kringla 01.09. 1864-1923
Ugift.
Anne og Per gifte seg i 1862. I 1868 vart Kringla skøytt til enkja Anne Persdtr. og dei to døtrene.