Nyhusmoen gnr. 10 bnr. 17
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Nyhusmoen gnr. 10 bnr. 17-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nyhusmoen var husmannsplass under Nyhus. I det fyrste bygselbrevet frå 1823 står det "Nyhusbråten beliggende ved Stampegjelen."
    Truleg vart Nyhusmoen kalla Gjertrudmoen i 1867.
    Kommunen kjøpte Nyhusmoen i 1972 og slo saman eigedomen med 10/46 i 1983. No er det bygd idrettsbane og klubbhus på eigedomen, og alle gardshus er borte.
{755} År: 1813
Ola Syverson Bjørnemoen Nyhusmoen 13.08. 1780-1850
Foreldre: Syver Ottarson Ottargarden Rotneim Turkarstad Bjørnemoen og Gjertrud Oleivsdtr. ... .
Gm Kari Endresdtr. Spelemannsmoen frå Nes Nyhusmoen 28.06. 1778-1834
Foreldre: Endre Eivindson Spelemannsmoen og Ingeborg Olsdtr. .. frå Nes.
Gm Anne Syversdtr. TorpeHagen Nyhusmoen 23.11. 1806-1875
Foreldre: Syver Torkjellson TorpeHagen og Margit Håkonsdtr. Storlien.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Gjertrud Olsdtr. Nyhusmoen 23.03. 1806-1823
Ho låg sjuk nokre år og døydde som 17-åring. Ho vart overfallen og valdteken av kyrkjesnikkar Ola Kristofferson Raneimseige frå N-Aurdal i 1820. Gjertrud hadde vore i Lien og henta mjølk då ugjerninga fann stad. Ho greidde å slepe seg inn på SireRudningen og vart deretter dregen heim på kjelke. Gjertrud døydde tre år etter.
2. Ingeborg Olsdtr. Nyhusmoen Torpehaugen 24.06. 1810-1889
G 1857 m enkjemann Syver Torson Haugo. Sjå Torpehaugen, gnr. 7/9.
3. Kari Olsdtr. Nyhusmoen Hjelmen 08.02. 1813-1900
G 1844 m Knut Oleivson Ransejordet Velta Hjelmen, Hemsedal. Barn: Ola 1842-1845; Margit 1844-1926 g 1874 m Ola Håkonson Gjesthaugen; Ola 1846-1932 g 1882 m Birgit Sveinsdtr. Underberget; Oleiv 1849-1934 til Opheimshaugen g 1881 m Ingrid Halvorsdtr. Opheimsjorde; Asle 1852-1852; Asle 1854-1928 gm Gunhild Sevatson Botten, g 1886 m Guri Ivarsdtr. Skjellingstugu; Asle 1856-1931 g 1884 m Ambjørg Håkonsdtr. Øygarden.
    Knut kom til Hjelmen kring 1845 og bygde opp bruket. Han var timremann og laggar. Sjå Ransejordet under Opheim.
4. Endre Olson Nyhusmoen Storedalsplassen 12.10. 1815-1905
G 1842 m Jørand Holgesdtr. Storedals-eie. G 1878 m enkje Birgit Håkonsdtr. Smedsplassen Sørbøensmoen.
5. Sissel Olsdtr. Nyhusmoen Haugo 17.03. 1821-1879
G 1853 m Nils Embrikson Medgard Haugo, gnr. 12/9.
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Olsdtr. Nyhusmoen 03.03. 1834-1834
2. Halvor Olson Nyhusmoen 04.12. 1836-
Til Am. i 1857: Redwing, MN.
3. Halvor Olson Nyhusmoen 15.03. 1838-?
Død ung, ikkje konfirmert.
4. Syver Olson Nyhusmoen 07.04. 1843-1892
G 1876 m Gunhild Olsdtr. Sønstegard, Tunhovd 1855-1940. Barn: Ola 1876-1964 gm Anne Karine Olsen, Asker, lærar og farmar i Cheyenne i Dakota; Olav 1878-1959 gm Tora Pålsdtr. Enderud, Dagali, lærar, til Amerika; Syver 1880-1964 g 1914 m Kjersti Nilsdtr. Skarpmoen (7 barn), i Am. nokre år, kjøpte så Hvammen i Dagali; Nils 1881-1976 gm Petra Olsen, Asker (dvs. systra til Anne Karine) til Am.; Anne 1885-1916 gm Hellik Gisleson Myklestue, Uvdal; Erling 1888-1976 gm Ragnhild Halvorsdtr. Kjønås; Jøran 1890-1963 lærar, g 1914 m Knut K. Haugan, Rollag, busett på Gurisbråten i Svene; Kari 1892-1924 gm Nils Borge, Nore. (965)
    Syver var lærar og klokkar i Dagali i 1875-1892.
5. Kari Olsdtr. Nyhusmoen 25.04. 1846-1846
6. Ola Olson Nyhusmoen 13.06. 1850-
Til Am, truleg i fylgje med broren Halvor.
Kari og Ola gifte seg i 1806. Før han gifte seg hadde Ola desse barna: Kari 1801- m/Margit Kristensdtr. Heslaeie (Gol); Ola 1803- m/Kari Olsdtr. Klokkarstuen (Nes?).
    I 1823 bygsla Ola og Kari plassen "Nyhusbråten beliggende ved Stampegjelen". Til plassen høyrde ei slåtte ved Lusebekken og noko grasing under Svarteberga. Leiga var 13 settung god bygg kvart år. (1544)
    Ola vart attgift med Anne i 1844. I 1865 budde Anne Syversdatter som husmannsenkje på Nyhusmoen med sønene Ola, Halvor og Syver.
{756} År: 1884
Ola Hermannson Nyhus Nyhusmoen 01.07. 1860-1929
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Margit Olsdtr. Sveinsgarden.
Gm Kari Knutsdtr. Vestenfor Nyhusmoen 09.04. 1854-1943
Foreldre: Knut Person Vestenfor og Andrine Andersdtr. Vestenforslåtta.
*Barn
1. Hermann Olson Nyhusmoen 10.09. 1884-1958
G 1921 m Birgit Arnesdtr. SireRudningen. Sjå eige hushald.
2. Margit Olsdtr. Nyhusmoen 06.04. 1887-1891
3. Anne Olsdtr. Nyhusmoen 15.04. 1890-1968
Ug. Sjå neste hushald.
4. Margit Olsdtr. Nyhusmoen Hansen 05.12. 1891-1972
Gm Hans Hansen, Nord-Odal 1896- . Barn: Marie 1924- ugift; Gerda Karin ....- gm Fredrik Leonsen (2 barn). (1267)
    Margit flytta til Nes på Romerike i 1920. Hans arbeidde ved NSB.
5. Kari Olson Nyhusmoen Evjen 18.04. 1895-1963
G 1916 m Jens Sigurd Henrikson Evjen, gnr. 1/13.
6. Birgit Olsdtr. Nyhusmoen Johannesen 14.07. 1897-
Gm ... Johannesen på Alnabru. Barn: Ole ....- gm ..... (1 barn); Olga ....-.... påkøyrt av toget.
    Til Nes på Romerike i 1916.
7. Ola Olson Nyhusmoen 15.09. 1899-1953
Banevaktar. Ei tid var han baneformann på Toten.
Ola og Kari gifte seg i 1884. Ola var 'husmann med jord' og dagarbeidar fyrste tida.
    I 1892 kjøpte dei Nyhusmoen hjå far til Ola for 400 kr.