Nubgarden gnr. 11 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nubgarden gnr. 11 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nubgarden var hovudbølet i Nordre Torpo. Denne garden har kyrkjestaden i bygda og kan vera den opphavlege Torpo-garden.
    Nordre Torpo er nemnt i skattelistene på 1500-talet (frå 1577 og oppover) med årleg skatt på 4 skinn og 1 album i frelse. I 1528 er nemnt 'Prestgarden i Torpo'.
    I fylgje 'Grågås', den gamle jordeboka for Stavanger bispedøme frå 1626, skulle Nordre Torpo skulle yte 1 1/2 dalar kvart 3. år til Ål prestebol. Dei mellomliggande 2 år skulle det ytast eit ku-verde til Ål prestebol. Gardane Nyhus og Skjerping er frådelt denne garden, og eigna strekte seg like opp til Sata-fjerdingen.
    Gardsnamnet kjem av sigdølingen Nub Torsteinson som overtok bygsla av Nordre Torpo i 1669.
    Nubgarden var prestegods og bonden bonden måtte svara 12 mælar korn i årleg leige. I 1713 vart Nubgarden kalla 'Torpo anneksgard '. Bonden vart sjølveigar så seint som i 1823. Eit resultat av dette er at denne garden unngjekk spekulasjonar med skogen, noko som ramma mange andre gardar.
    Jordfunn: økseblad av jern. (på Maihaugen.) Futen Wiel skreiv om eit gravfunn i 1739 litt nord for Torpo kyrkje. Under kjellargraving vart funne piler, kniv, øks og eit forvitra sverd som gjekk i tre delar.
    Plassar: Nubgardsvangen; Kræmarslåtta; Øvre og Nedre Granlien. Merk: 1762-manntalet har ingen husmenn under Nubgarden.
    Stølar: Langstøl i Volelia, heimstøl på Melset. 1/4 i Torsteinslåtta fellesbeite.
    I seinare tid har Nubgarden vore deleigar i Torsteinslåtta fellesbeite.
    Areal 1865: dyrka jord 40 1/2 mål, 168 mål naturleg eng, 68 mål utslått. Avling: 47 1/2 tunne bygg og 41 tunner potet. Garden hadde 2 vannfall og 5 plassar.
    Areal 1995: dyrka jord 125 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 1600 mål, anna utmark 900 mål. Halvpart av 400 mål skog (gnr. 32/ 2).
    Våningshus bygt omkr. 1800, påbygt 1927, rest. 1958 og 1994, stabbur 1670, driftsbygning 1940. Låve på Ringvoll.
   
   

{774} År: 1772

Dordei Solvesdtr. Nubgarden Nyhus 27.10. 1748-1813
Foreldre: Solve Knutson Torpo Helling og Kari Halvorsdtr. Opheim.
Gm Hans Jørgen Nilsson Qvam 1740.-1780s
Foreldre: prest Nils Nilsson Qvam og Amalia Knutsdtr. Solberg, Ramnes.
*Barn
1. Nils Hansson Nubgarden 31.03. 1773-1831
Gm Guri Olsdtr. Barskrind. Sjå 1791-hushaldet.
2. Amalia Hansdtr. Nubgarden 04.09. 1774-1776
3. Kari Hansdtr. Nubgarden 05.05. 1776-1792s
På skiftet etter Kari i 1792 var det 107 rd å dele på mora og tre sysken.
4. Amalia Hansdtr. Nubgarden Sire 17.05. 1778-1852
G 1795 m Nils Nilsson Sveinsgarden Sire, gnr. 4/32.
5. Marte Hansdtr. Nubgarden Opheim 13.08. 1780-1826
G 1801 m Knut Halvorson Opheim Søre Garden, gnr. 22/8.

Hans Jørgen var presteson, men han var levande interessert i det jordiske. Han bygsla Sire i 1768 hjå far sin. Presten skreiv: "Siden hand ikke har løst til andet end bondestanden." Deretter fann han seg ei dugande bondejente i Torpo som kone.
    Hans Jørgen overtok bygsla av Nubgarden (24 lb. / 12 mælar korn) etter svigermora Kari Halvorsdtr. i 1772. Ho skulle ha slikt kår: 3 tunner godt korn, 1 kvartel rug, 1/2 bismpd. humle, 2 kyr framfødd og 4 småfe.
    I 1776 kom Torpo stavkyrkje på auksjon. Hans Jørgen Qvam slo til og kjøpte kyrkja for 244 rd totalt. Altarkalken og disken i kyrkja var nyleg stole, så kjøparen måtte skaffe nytt utstyr. Men økonomien bar ikkje, same år selde Hans Jørgen kyrkja for 252 rd, men heldt att garden Sire (4 laupsbol). Han ville skaffe ny kalk og disk, men den bortkomne koparkjelen måtte kjøparane sjølve ordne med eller hente att.
    Hans Jørgen reiste til 'Branes' våren 1780 etter eit korn-lass. I kveldinga kom han til Bromma og høyrde då rop frå ein som hadde køyrt gjennom isen. Hans sprang til for å hjelpe, men det gjekk ikkje betre enn at han drukna sjølv.
    På skiftet etter Hans Jørgen var det 793 rd å dele på enkje og 4 barn. Det minste barnet vart født etter at skiftet hadde begynt.

{775} År: 1781

Dordei Solvesdtr. Nubgarden Nyhus 27.10. 1748-1813
Foreldre: Solve Knutson Torpo Helling og Kari Halvorsdtr. Opheim.
Gm Eilev Olson Skjerping Nyhus 02.06. 1750-1810
Foreldre: Ola Olson Øyen Storedal Skjerping og Margit Eilevsdtr. Rotneim/Eilevmoen (Gol).

På skiftet etter Hans i 1780 var det 793 rd å dele på enkja Dordei og 4 barn. Det minste barnet vart født etter at skiftet hadde begynt. Dordei gifte seg opp att i 1781 med Eilev Olson som også hadde nedre Nyhus. Dei hadde ingen barn.
    I 1779 fekk Eilev skøyte på garden for 598 rd hjå Torgeir Reinton. (Som sat med auksjonskøyte frå 1778.)
    Eilev kjøpte Nordre Helling hjå svigermora for 430 rd i 1777. Svogeren Knut Solveson protesterte mot dette kjøpet, og tok atterhald om å løyse inn halve garden etter takst. Knut hevda å ha muntleg avtale med mora om kjøp til 350 rd, og at den nye kjøpesummen berre var proforma. Knut kom til Rotneim.
    Eilev selde ein skogrem for 700 rd i 1805. Men han held att lauvskogen og rett til fritt brennefang. Kjøpar: Ola Olson Skjerping. (1536)156
    Eilev skøytte garden 1806 til stesonen Nils Hansson for 1000 rd og kår. ( M.a. 8 tunner stritt korn, 3 kyr og 12 småfe framfødd; fritt hus - anten i kammers i stugu med kakkelomn eller i ei av stugune på garden evt. bygge ny stugu. ) (1536)231

{776} År: 1791

Nils Hansson Nubgarden 31.03. 1773-1831
Foreldre: Hans Jørgen Qvam og Dordei Solvesdtr. Nubgarden.
Gm Guri Olsdtr. Barskrind Nubgarden 23.07. 1775-1862
Foreldre: Ola Rasmusson Barskrind og Sissel Embriksdtr. Ellingsgard Lien.
*Barn
1. Hans Nilsson Nubgarden Medhus 01.12. 1793-1867
G 1820 m enkje Ragnhild Olsdtr. Gutigarden Rotneim (Gol). Sjå Medhus, gnr. 21/6.
2. Ola Nilsson Nubgarden Nyhus 14.06. 1795-
G 1817 m Lukris Tolleivsdtr. Tune. Sjå Nedre Nyhus, gnr. 10/8 og Kringla, gnr. 10/14.
3. Johan Nilsson Nubgarden Opheim Garden 06.08. 1797-1870
G 1820 m enkje Guri Olsdtr. Helling. Sjå Garden Opheim, gnr. 22/1 og Nordre Helling, gnr. 20/5.
4. Dordei Nilsdtr. Nubgarden Holto 08.06. 1800-1874
G 1817 m Svein Nilsson Holto, gnr. 94/5.
5. Sissel Nilsdtr. Nubgarden Garnås 05.06. 1803-1883
G 1825 m Bjørn Olson Sato til Garnås i Nes. Barn; Ola 1826-1903 gm Birgit Nilsdtr. Ruud; Nils 1828-1921 g 1860 m Gunhild K. Opheim; Hans 1834-1901 gm Liv O. Gudvangen; Embrik 1839-1915 g 1861 m Gunhild Syversdtr. Krosshaug; Mari 1837-1869 g 1858 m Torkel Nilsson Ruud; Guri 1842-1920 gm Iver Ellestad; Kari 1848-1922 g 1870 m Sven Asleson. (1789)
6. Kari Nilsdtr. Nubgarden ...... 1807-1807
7. Eilev Nilsson Nubgarden 04.03. 1812-1896
G 1833 m Ragnhild Halvorsdtr. Medhus. Sjå neste hushald.

Nils overtok bygsla av Nubgarden 1791 mot 3 rd årleg landskyld og kår til mora og stefaren.
    I 1823 vart Nubgarden selt på offentleg auksjon for 800 spd. Brukaren Nils Hansson fekk tilslaget, og han fekk kongeskøyte same året. Dei årlege avgifter til soknepresten skulle halde fram som før: 12 mælar bygg; kornrente til Oplysningsvesenet 2 rd.
    I 1808 fekk Nils sagbruks-løyve frå kong Fredrik. Bord skulle skjerast med vannkant, og han vart pålagt å ikkje skade odelsskogar i grannelaget. Årleg skatt: 48 skilling. (1537)33b
    I 1827 selde dei plassen Odden til Solve S. Odden for 250 spd. Med plassen fylgde skogsvirke etter behov i både lauv- og barskog.
    På skiftet etter Nils i 1832 vart garden utlagt til sonen Hans for 1550 spd. Ei flaumsag høyrde til buet, den og redskapen skulle fylgje garden med unntak av trossa. Den ville dei auksjonere bort. Ungane arva 73 spd kvar til festarøl når den tida kom.

{777} År: 1833

Hans Nilsson Nubgarden Medhus 01.12. 1793-1867
Foreldre: Nils Hansson Nubgarden og Guri Olsdtr. Barskrind.
Gm Ragnhild Olsdtr. Rotneim Nubgarden 03.05. 1789-1867
Foreldre: Ola Ivarson Gutigarden Rotneim og Barbo Botolvsdtr. Nyhus, Gol.
*Barn
1. Nils Hansson Nubgard Bråten 14.12. 1821-1892
G 1845 m Birgit Torkjellsdtr. Opheim. Sjå Bråten, gnr. 11/3. Til Am. i 1857.
2. Halvor Hansson Nubgarden Sanderhaugen 11.01. 1824-1897
G 1853 m Guri Herbrandsdtr. Jegleim. Sjå Sanderhaugen, gnr. 4/25.
3. Ola Hansson Nubgarden Mehus 17.12. 1827-1893
Gm Margaret Thostenson 1828-1871. Barn: 8: Hans 1856- ; Torstein 1860-1877; Ragnhild 1864- ; Anne 1867- ; ... .
    G 1873 m Anne Marie Pedersdtr. Saxrud. Barn: Peter Marcus 1873-1892; Maren Chrestine 1876-1976; Thea 1877- ; Klara 1880- .
    Han reiste til Am. i 1848. Farma i Silver Lake township, Worth Co, Iowa. Skreiv seg Mehus i Am.
4. Knut Hansson Nubgarden 28.05. 1830-1833

Ragnhild var enkje etter Halvor Olson Medhus. I 1820 vart ho gift med Hans Nilsson Nubgarden. Hans Nilsson kjøpte garden for 1550 spd i 1833.
    I 1836 selde han garden Medhus til stesonen Ola Halvorson for 677 spd og slikt kår: 2 kyr framfødt og røkta; 3 tunner bygg.
    I 1838 selde dei garden til broren Eilev Nubgarden for 800 spd. Sonen kunne løyse garden innan 5 år. Hans og Ragnhild tok seg slikt kår:
    framfødt og røkta 1 ku og 6 småfe; 2 tunner bygg; 1 skjeppe rug, 6 merker lin eller hamp; 8 merker humle; 1 skippund sæterhøy, levert til kyndelsmess 2. febr. I tillegg skulle dei ha varmt hus og fjøsrom til kår-dyra; fri hest innan prestegjeldet m.m. Dessutan skulle dei ha fyrsterett til bruk av buskapskjelen på garden, - uansett om eigaren ville bruke kjelen sjølv på same tid. ... (1544)455
    Då Hans døydde i 1867, sat Ragnhild i fattige omstende men ho hadde ei leigeku.

{778} År: 1834

Eilev Nilsson Nubgarden 04.03. 1812-1896
Foreldre: Nils Hansson Nubgarden og Guri Olsdtr. Barskrind.
Gm Ragnhild Halvorsdtr. Medhus Nubgarden 08.02. 1813-1902
Foreldre: Halvor Olson Medhus og Ragnhild Olsdtr. Gutigard Rotneim.
*Barn
1. Guri Eilevsdtr. Nubgarden Opheim 14.06. 1835-1906
G 1853 m Rasmus Syverson Rasmusgarden Opheim, gnr. 22/5.
2. Ragnhild Eilevsdtr. Nubgarden 25.08. 1837-1838
3. Nils Eilevson Nubgarden 30.09. 1839-1892
G 1861 m Guri Oleivsdtr. Settungsgard. Sjå neste hushald.
4. Halvor Eilevson Nubgarden Nyhus Nedre 18.06. 1842-1916
G 1865 m Guri Torsteinsdtr. Skjerping.
5. Ragnhild Eilevsdtr. Nubgarden Storlien 18.07. 1844-1917.
G 1864 m Embrik Håkonson Storlien, gnr. 2/4.
6. Sissel Eilevsdtr. Nubgarden Sørbøen 27.01. 1847-1925
G 1871 m Ola Eirikson Sørbøen, gnr. 23/1.
7. Svein Eilevson Nubgarden 27.01. 1849-1850
8. Svein Eilevson Nubgarden Torpo søre 02.12. 1850-1920
G 1876 m Ragnhild Holgesdtr. Gåsterud.
9. Dordei Eilevsdtr. Nubgarden Sveinsgarden Nedre 30.09. 1853-1927
G 1872 m Ola Olson Sveinsgarden.
10. Ola Eilevson Nubgarden 25.03. 1858-
Ola reiste til Am. i 1881. Busett Ferndale, Washington. Så kom Ola heimatt etter nokre år for å hente jenta si, men det gjekk ikkje som planlagt. Jenta gjekk barntung og det var ikkje Ola sitt verk. Ola reiste attende til Amerika.

Eilev og Ragnhild gifte seg i 1833. Eilev fekk skøyte på halve Nubgarden i 1834 og den andre halvparten i 1838.
    Det var noko renn i Nubgarden av folk som ville sjå stavkyrkja. Ein gong kom biskop Bang og Søren Latiner til Nubgarden. Eilev kjende dei ikkje, og spurde noko avvisande: "Ko slags folk era De då?" Søren fortalde at dei var klokkestøyparar frå Kr.ania. Så fekk Søren kviskra til Eilev at det var biskopen, og då vart det fart på Eilev. (1553)1902
    Eilev tok seg slikt kår: til bruk ein del av skogen i Vestlia frå søre delet og ned til Nyelue, derfrå oppetter skogsvegen opp Sleppebakken og like opp på Mønen. Samt eit skogstykke ved Granlien. På langstølen skulle han bruke halve Svine-træet til grisane. Utover dette var det eit vanleg kår.
    I 1865 brukte Eilev Nyhus, Askebråten og Bråten.

{779} År: 1873

Nils Eilevson Nubgarden 30.09. 1839-1892
Foreldre: Eilev Nilsson Nubgarden og Ragnhild Halvorsdtr. Medhus.
Gm Guri Oleivsdtr. Settungsgard Nugaard 27.07. 1843-1945
Foreldre: Oleiv Embrikson Settungsgard Havarsgard og Sissel Embriksdtr. Langegard.
*Barn
1. Eilev Nilsson Nubgarden 24.02. 1862-1929
G 1904 m Ragnhild Olsdtr. Sørbøen 1873-1959. (syskenbarn)
    Barn: Oscar 1909-1993 farmar ved Northwood, ND; Melvin busett i Northwood; Edin busett i Northwood; Ruth gm Ed Carrol; Leonora 1906-1946; Selma 1905-1993 ug. budde i Northwood. (1490)325
    Til Am. 1883: hadde farm i Logan, Northwood ND. (916)
2. Ragnhild Nilsdtr. Nubgarden Leikvoll 30.12. 1863-1950
G 1887 m Sander Sveinson Torpehagen Leikvoll, gnr. 13/1.
3. Sissel Nilsdtr. Nubgarden Pearson 07.03. 1866-
Gm Knut Pearson. Barn: 9. Busett i Am. : Hallock, ND.
4. Guri Nilsdtr. Nubgarden Garnes 28.05. 1868-
Gm Olaus Olson Garnås. Barn: Obert; Melvin.
5. Dordei Nilsdtr. Nubgarden Garnes 24.03. 1870-1954
G 1892 m Bernt Garnes, Mabel MN 1861-1939. Barn: Oscar 1893-1948 gm Nancy Allen; Nelius 1895-1968 gm Clarissa Storelee, Spring Grove MN; Bernhard 1902-1981 ug; Mabel.
    Fosterdotter: ... gm Arthur Brooks. Til Am. 1892: ... .
6. Oleiv Nilsson Nubgarden 05.01. 1873-1960
G 1900 m Edel Berg 1882-1969, Hatton. (av holing-slekt.) Barn: Gertie 1901-1989 gm Henry Pfeifer; Esther 1903-1995 g 1926 m Haagen Andersen (3 barn); Newman 1905-1994 farmar/sagbruksarbeidar, g 1936 m Viola Olson ( .. barn) ; Oliver 1907- gm Margareth Bratteli; Eddie 1913-1973 gm Georgene Abbott; Alice Christel 1917-1993 gm John Orville Larson. (995)
    Dei farma fyrst ved Grygla, MN. og seinare i Mt. View i Washington.
7. Ragnhild Nilsdtr. Nubgarden 21.12. 1874-1955
Ugift. Utvandra til Am. i 1894. Ho stelte for mora, som vart 102 år.
8. Liv Nilsdtr. Nubgarden Rud 24.12. 1876-1900
Gm Anton Rud, .. busett i Indiana. (1345)? G 1894 m Olaus Garness 1868-1953. Barn: Obert 1895-1966 g 1922 m Leona Thompson; Nelvin 1897-1982 g 1923 m Ida Ladsten. (1431) Utvandra til Am. i 1894: Mabel.
9. Nils Nilsson Nubgarden 11.07. 1879-
Til Am.: Prosper, MN.

Guri og Nils gifte seg i 1861. Nils overtok Nubgarden i 1873. Han dreiv skyss-stasjon på garden. Dei kom i djup gjeld og måtte selja garden på auksjon i 1892. Eiga var: krøter, Nubgarden, kvernhus og sag ved Lya.
    Nils hadde meint å selja garden og gjera opp gjelda før dei reiste til Amerika. Men så vart han sjuk. Auksjon vart halde, Nils låg sjuk i senga si medan laust og fast vart selt. Han hadde ikkje helse til nokon Amerika-tur, og døydde kort tid etter. Guri og 8 av 9 barn reiste til Amerika då Nils var død.
    100-år gamal kunne Guri både lesa og tre i sy-nål utan briller.

{780} År: 1892

Ola Håkonson Sata Nubgarden 04.03. 1854-1943
Foreldre: Håkon Olson Sata og Barbro Olsdtr. Kvammen.
Gm Ambjørg Torkjellsdtr. Kvelprud Sata 12.09. 1853-1947
Foreldre: Torkjell Pederson Kvelprud og Guri Knutsdtr. Noss.
*Barn
1. Barbro Olsdtr. Sata 01.10. 1882-1884
2. Håkon Olson Sata 01.12. 1884-1960
Gm Dortea Johannesdtr. Sandvik. Sjå neste hushald.
3. Barbro Olsdtr. Sata Sata 16.05. 1887-1959
Gm Arne Sanderson Lilleslett Sata.
4. Guri Olsdtr. Sata 18.08. 1890-1985
Ugift. Guri budde på Øygarden saman med brorsonen Håkon. Ho stellte huset og hjelpte til.
5. Torkjell Olson Sata 20.03. 1893-1901
"Kolerine" (kolera).
6. Olaf Olson Sata 17.06. 1896-1901
"Kolerine", han døydde same veka som broren Torkjell.

Ola dreiv fehandel i unge år. 20 år gamal tok han til å handle med kram-varer heime på garden. Som nygift i 1882 kjøpte Ola bruket Sandehuset nedanfor Sando, og sette opp hus og krambu.
    Ola kjøpte Nubgarden på auksjon i 1892 for 17138 kr. Då selde han Sandehuset og landhandelen til Ambjørg sin farbror. Ola fekk heimel på garden i 1929.
    Snart var Ola i gang med landhandel i Nubgarden. Og han dreiv sagbruk og trelasthandel. Ola bygde ein liten kraftstasjon ved stasjonsbrua. Det vart straum til privat bruk. (1287)