Granlien, øvre gnr. 11 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Granlien, øvre gnr. 11 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Øvre Granlien ligg oppe i lia om lag 500 moh. rett opp for nedre Granlien. Øvre Granlien var husmannsplass under Nubgarden.
    I 1865 hadde dei 3 kyr og 4 geiter i øvre Granlien. Dei dyrka både korn og potet.
    Kring 1900 vart det slutt med fast busetnad på plassen. No er bruket tilvakse med skog, men det syner tydeleg tufter etter stugu og uthus. Der er mange rydningsrøysar.
{784} År: 1827
Solve Solveson Helling Odden 1793.-1841
G 1826 m Margit Oleivsdtr. Bråten.
Foreldre: Solve Knutson Helling/Nubgarden og Kari Halvorsdtr. Opheim.
I 1827 bygsla Solve og Margit Øvre Granlien med vanlege rettar i skog og utmark.
    Grensene var: mot Bæra i syd, på vestsida ein bekk ved Guttorms-lue, på nordsida ei bergrygg, og på austsida etter Rensle-vegen som går frå elva og opp lia. Bygselpengar: 50 spd 24 sk. årleg. Plassen skulle falle attende utan vederlag. (1537)35
    Sjå meir under Odden, gnr. 10/10.
{785} År: 1860c
Svein Sveinson Rikansrud Granlien 14.06. 1818-1900
Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Anne Arnesdtr. Roen frå Gol.
Gm Birgit Olsdtr. Grov Granlien 1818.-1881
Foreldre: Ola Embrikson Grov og Kari Torsteinsdtr. ... . (Gol V s 445)
Svein og Birgit gifte seg i 1855. Dei budde i Torpehagen 1845-52 og kom sidan til Granlien. Dei hadde ingen barn.
    Som enkjemann hadde Svein ei tenestjente i 1891 ved namn Guri Knutsdtr.