Bråten gnr. 11 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bråten gnr. 11 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bråten eller Nubgardsbråten var ein plass under Nubgarden, oppe i skogen i Vestlia. I sume kjelder vert både Bråten og Granlien kalla 'Nubgards-eie'. Saman med Bråten var Nedre Bråten og Slåtterone.
    Bråten vart frådelt garden i 1847.
    Areal 1865: 1 1/2 mål dyrka, 16 mål naturleg eng. Ikkje korn eller potet-dyrking.
    I dag er ingen hus att i Bråten. Den gamle stugu vart rive, og no tetnar skogen til over åker og eng.
   
{792} År: 1852
Nils Hansson Nubgard Bråten 14.12. 1821-1892
Foreldre: Hans Nilsson Nubgarden og Ragnhild Olsdtr. Gutigarden (Gol) Medhus.
Gm Birgit Torkjellsdtr. Opheim Bråten 23.05. 1817-
Foreldre: Torkjell Halvorson Garden Opheim og Guri Olsdtr. Helling.
*Barn
1. Anne Nilsdtr. Bråten Scotland 31.05. 1844-1926
G 1867 m Peter Thorsen Skotland, Sokndal 1844-1924. Barn: Theodore 1868-1926 gm Clara Christianson;
    Ingeborg 1870-1950 gm Charles Thomas Lanman ( barn); Bergetta 1871-1898 gm Torstein Berg; Nils Petrus 1873-1876; Eleanore 1875-1952 gm Edward Seel; Tinnia 1879-1885; Pernilla 1881-1883; Anette 1883-1958 gm John Reginald Smith; George Arthur 1885-1957 g 1908 m Lillian Tagley (3 barn).
    Til Am. 1857: Decorah, Iowa. (1563) Dei skreiv seg Scotland og budde i Albert Lea, Freeborn Co., Iowa.
2. Hans Nilsson Bråten 02.02. 1847-1919
G 1871 m Gunvor Andersdtr. Trøim frå Hemsedal i St. Ansgar kyrkje, Silver Lake, Iowa. (1565) Til Am. i 1857.
3. Torkjell Nilsson Bråten Mehus 17.02. 1850-1911
G 1876 m Thea Nilsdtr. Korsmo. Barn: Nils 1877-1877; Nils Jørgen 1879-1933 gm Claudine ... ; Berthe Oline 1881- ; Theodor 1883- ; Martin 1886- .
    Til Am. 1857. Død i Hatton i 1911.
4. Ragnhild Nilsdtr. Bråten Nistad 14.01. 1854-
G 1879 m Karl Olson Nistad. Barn: Birgitte 1888- ;
    Til Am. i 1857.
   
    Barn i USA: Guri 1859-1887 g 1878 m Bendik Knudsen Pladson frå Nes (6 barn); Nils 1863-1919 gm Inger Engen (9 barn vaks opp).
Birgit og Nils gifte seg i 1845. I 1847 kjøpte han slåtta Bråten (32 mål) hjå Eilev Nubgarden. Oppgjeret skjedde ved at Nils skreiv frå seg odelsløysingsretten til Nubgarden.
    Birgit og Nils reiste til Am. i 1857: Rock Prairie, Rock Co., Wisconsin, sidan Worth Co., IA.
    Nils vart attgift 1883 med Anna Erickson Bruen eller Engen frå Sør Aurdal 1862-1901. Barn: Gunhild/Julia 1883- ; Anna Berine 1885- ; Ragnhild Josephine 1886-1947; Nicoline 1888- ; Nils Jørgen/George 1891-1967.
    Nils er gravlagt på Goose River Lutheran Cemetery, Newburgh Twp, Steele Co., ND. (Amerika-slekt ved J. Marler)
{793} År: 1857
Bråten fylgde Bråten frå 1857 då Eilev Nubgarden kjøpte bruket av Nils Hansson. Eilev selde til Ola Bruteigen i 1896.
{794} År: 1896
Ola Olson Bruteigen Slåtteroen 29.06. 1869-1949
Foreldre: Ola Herbrandson Bruteigen og Kari Tolleivsdtr. Haugo.
Gm Ingeborg Helgesdtr. Tufteslåtta Bråten 17.02. 1869-1957
Foreldre: Helge Hermannson Sveinsrud Tufteslåtta og Ingeborg Torsdtr. Rudningsdokken.
*Barn
1. Ola Olson Bråten Sletto 17.12. 1896-1978
G 1923 m Ragnhild Persdtr. Ruud. Sjå nedre Sletto, gnr. 15/2.
2. Helge Olson Bråten 14.03. 1899-1984
G 1923 m Anne Hermannsdtr. Brenna. Sjå nedre Brenna, gnr. 20/12.
3. Tolleiv Olson Bråten Sletto 08.07. 1901-1949
Gm ... ... . Barn: 3 (1345) BB 1874: reiste til Raymond, Iowa med familien i 1915.
4. Ingeborg Olsdtr. Bråten Sletto 21.01. 1904-1925
Ug. Til Am. 1915 med familien: Raymond, Iowa. Kom heim att i 1917.
5. Tor Olson Bråten Sletto 27.03. 1906-
G 1934 m Elsie Ulvild ... . Barn: Marian 1935- gm Rod Wickstrom (2 barn); Norma 1937-1987 ;Thordis 1943- lærar gm Gerald Agrey; Linda 1947- gm Bob Jarock (4 barn). (1640)
    Jarnbane-bygging, farming i Sask., Canada. (1345) Til Am. 1912: Raymond, Iowa. Heimatt i 1917- til Canada i 1927.
6. Kari Olsdtr. Bråten Sørbøen 08.01. 1909-2000
G 1936 m Eilev Håkonson Sørbøen, sjå Nordre Skjervheim, gnr. 35/12.
Ola og Ingeborg gifte seg i 1896. Ola selde til sonen Ola Olson i 1900. (Sjå Slåtterone.) I 1900 var det ingen fastbuande i Bråten. Frå 1915 har Bråten ligge under Nymoen.
    Ola reiste med kone og 6 barn til Raymond i Iowa i 1912 (eller 1915). Så selde dei alt grunna 1. verdskrigen og soldat-utskriving, og reiste heim att til Torpo.
    Ola og Ingeborg kjøpte nedre Sletto i 1918. Tor reiste attende til Am. i 1927.