Øygarden gnr. 11 bnr. 27
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Øygarden gnr. 11 bnr. 27-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øygarden er eit bureisarbruk på sørsida av Storelva, om lag tvers over for Torpemoen.
    Eit gardsnamn som Øygarden vil vanlegvis peike attende til øydetida. Ved ein grenseoppgang mellom Sato og Torpo i 1689 vart Øygarden nemnt. Det budde ikkje folk her då.
    Halvor Sato vart stevna 1689 av Torpebøndene for Øygarden eller ein "rødningpladz som hand sig allene tileigner, og grendser Nest til torpeeiger..." Øygarden låg sør for det gamle delet mellom Sato og Torpo, og gamle vitne hadde ikkje sett at Sato brukte noko eigedom sør for delet før dei siste to åra. Ut frå vitnene var det berre torpingar hadde brukt dette området frå gamalt.
    Retten sette delet mellom Nub og Halvor ut frå ein stor stein i elva ved enden av Sandvika og sør opp i høgaste berget. Dvs. Truleg slik som delet hadde vore frå gamalt. (TB 38 fol. 38a)
    Tilgjengelege kjelder frå eldre eller nyare tid nemner korkje Øygarden eller folk som kan ha vore her.
    Truleg har Øygarden vore brukt som slåtte under Nubgarden fram til fyrst på 1900-talet. Det stod nokre hus her før bureisinga i 1940-åra. Men det er ikkje kjent nokon plass eller underbruk til Nubgarden her.
    Øygarden vart frådelt Nubgarden i 1946. Innmarka er om lag 50 mål med 42 mål dyrka. Til eigedomen høyrer ein skogrem på 280 mål i Nubgardslia, rett opp for eigedomen. Ingen støl. Våningshus og driftsbygning er frå 1955.