Guttormsplassen gnr. 12 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Guttormsplassen gnr. 12 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Guttormsplassen ligg litt nord for Bergunn (Rangdiplassen). Då halve Skjerping vart selt i 1808, held Ola Olson Skjerping attende Guttormsplassen og eit skogstykke.
    Namnet Guttormsplass skriv seg frå Guttorm Torkjellson (1772-1826), han vart skrive G.T. Guttormsplass i 1839. Tradisjonen fortel at han budde i øvre Guttormsplassen.
    Øvre Guttormsplassen ligg noko avsides til oppunder berga mot Sørbøenseigna øvst i Skjerpingskogen. Plassen er ikkje lett å finne, men her ligg ei liten stugutuft med kjellar gøymt i ein grankrull. Der er tufter etter uthus, små åkerflekkar og rydningsrøysar. Ein stig fører bort til ei vassolde innved berget. (Frå 'Husmannsplassar i Torpo' av O. Ellingsgard.)
    Etter at Nedre Guttormsplass vart frådelt som eige bruk i 1836, synest den vidare busetjinga å vera i nedre Guttormsplassen. Dette bruket ligg på sletta ovanfor Bergunn (Rangdiplassen). I nyare tid er Guttormsplassen ofte kalla Plassen. Lars Torkjellson har dyrka det meste av jorda. Grasbakken vart tilkjøpt i 1857.
    Areal 1865: 5 mål dyrka, 6 mål naturleg eng. Avling 5 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: 20 mål dyrka jord, anna areal 15 mål, produktiv skog 53 mål. 2 våningshus, bygde 1922 og 1988, driftsbygning 1920, garasje 1975. Garden har langstøl på Nystølen.
   
   
{822} År: 1792
Guttorm Torkjellson Juven Guttormsplassen 1772-1826
Foreldre: truleg Torkjell Guttormson Sørbøen-eie og Ragnhild Persdtr. Skrindo.
Gm Guri Halvorsdtr. Sando Rangdiplassen 26.10. 1755-1836
Foreldre: Halvor Torsteinson Sando og Margit Mikkelsdtr. Medhus(?).
Tradisjon fortel at Guttorm og Guri budde i øvre Guttormsplassen. Guttorm må vera den som gav namnet til Guttormsplassen. Men me finn han også som bygselmann på Rangdiplassen i 1796. Når han i tillegg skal ha vore på Koddemoen i 1797 og på Haugo i 1820, kan ein undrast om han flytta så ofte, eller om øvrigheita har gått litt i surr med namna på Skjerping-plassane.
    Guttorm og Guri bygsla 'Rangdiplassen' på livstid i 1796 og skulle betala årleg grunnleige 1 rd 2 ort i 5 år, og sidan 2 rd. Med plassen fylgde 2 slåtter, "Svarvestølsdokkene" og vanlege rettar i skog og beite. Bonden sette eit ekstra vilkår i bygselbrevet: "brændevin er de forbuden at selge". (1259) s 199
{823} År: 1836
Solve Solveson Helling Odden 1793.-1841
G 1826 m Margit Oleivsdtr. Bråten.
Foreldre: Solve Knutson Helling/Nubgarden og Kari Halvorsdtr. Opheim.
I 1836 kjøpte Solve Nedre Guttormsplassen for 100 spd. Med i handelen var: bygningane på Nedre Guttormsplassen, skogsvirke til 'fornøden byggning og innredning av bygningene', gjerding og ved i Skjerpingskogen. Plassen utgjorde 1/13 av Skjerping. (1544)105
    Sjå Odden, gnr. 10/10 og Øvre Granlien.
{824} År: 1840
Henrik Torson Kastet Guttormsplass 1802-1888
Foreldre: Tor Henrikson Lien Kastet og Barbro Toresdtr. Raubakka (Gol).
Gm Kristi Olsdtr. Billehuset Guttormsplass 06.07. 1794-1876
Foreldre: Ola Ellingson Billehuset og Ragnhild Halvorsdtr. Gurigard.
Kristi og Henrik gifte seg i 1830. Henrik bygsla Geiteryggskardet i Ridalen i 1851. Der var det slåtter og ein plass der Sissel-guten budde ei tid. Slåtta ligg øvst oppe i skardet nord for Tvinisla. Dei fekk ingen barn, men dottera til Kristi overtok etter dei.
{825} År: 1846
Herbrand Larsson Bakken Guttormsplassen 12.09. 1816-1883
Foreldre: Lars Tomasson SataBakken og Anne Olsdtr. Bjørøyen.
Gm Ragnhild Halvorsdtr. Billehuset Guttormsplassen 19.06. 1828-1908
Foreldre: Halvor Knutson Holde, Hemsedal med Kristi Olsdtr. Billehuset.
*Barn
1. Kristi Herbrandsdtr. Guttormsplassen Grasstauren 12.08. 1847-1914
G 1868 m Knut Knutson Dekko Grasstauren, gnr. 32/8a.
2. Henrik Herbrandson Guttormsplassen 11.08. 1858-1888
3. Anne Herbrandsdtr. Guttormsplassen 17.03. 1862-1881
Barn: Lars 1881-1973. Sjå under barnebarn.
4. Ragnhild Herbrandsdtr. Guttormsplassen 28.05. 1864-1928
Gm Ola Syverson Haugo Guttormsplassen. Sjå neste hushald.
5. Lars Herbrandson Guttormsplassen 12.03. 1867-
Ukjent lagnad.
*Barnebarn
1. Lars Torkjellson Kolsrud Plassen 17.03. 1881-1973
G 1907 Strømsø m Margit Syversdtr. Moen. Sjå 1909-hushaldet.
    Foreldre: Torkjell Olson Kolsrud med Anne Herbrandsdtr. Guttormsplassen.
Ragnhild og Herbrand gifte seg i 1846. Herbrand dreiv med smiing.
    I 1865 var han sjølveigar og brukte både Guttormsplassen og Prestbakkane.
   
{826} År: 1892
Ragnhild Herbrandsdtr. Guttormsplass 28.05. 1864-1928
Foreldre: Herbrand Larsson Bakken Guttormsplassen og Ragnhild Halvorsdtr. Skjerping.
Gm Ola Syverson Haugo Guttormsplass 06.08. 1843-
Foreldre: Syver Torson Haugo og Gjertrud Olsdtr. Sataslåtten.
*Barn
1. Syver Olson Guttormsplass Olås 13.10. 1892-1979
G 1916 m Birgit Sevatsdtr. Svarteberg. Barn: Otto Sigmund 1917- g 1949 m Kari Ihle Hansen, maskinentreprenør, busett i Oslo; Bjarne Ragnar 1920- g 1943 m Harriet Alm, salssjef, busett i Oslo; Borgny Solveig 1927- g 1960 m Leif Nielsen, bibliotekar i Skedsmo.
    Syver var gartnar i Oslo frå 1912, dreiv så garden Jallo 1926-27. Busette i Oslo. Syver skreiv seg fyrst for Olsen, men tok namnet Olås i 1943. (958)
2. Ragnhild Olsdtr. Guttormsplass Bøhn 18.10. 1894-1955
G 1912 m Karl Peter Jonson Bøhn frå Idd pr.gj. Sjå eige hushald.
3. Herbrand Olson Guttormsplass 24.04. 1898-
Han gjekk på Treiders handelsskule i 1921. Ukjent lagnad.
4. Margit Olsdtr. Guttormsplass 08.05. 1901-
Ukjent lagnad.
Ola og Ragnhild gifte seg i 1892. Ola var plasseigar og skomakar. Sidan var han sagmeister på Tingvoll-saga.