Langejøta gnr. 12 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Langejøta gnr. 12 bnr. 8-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Langejøta var husmannsplass under Skjerping. Plassen ligg vest for Haugo i ei kvelv bortanfor berget. Fyrste bygslar kom hit i 1837, men truleg var plassen rudt før den tid.
   
{836} År: 1837
Ola Solveson Medgarden Langejøta 19.09. 1784-1858
Foreldre: Solve Olson nedre Medgarden og Gunhild Knutsdtr. søre Opheim.
Gm Anne Knutsdtr. Gullhagamoen Langejøta 10.07. 1785-1875
Foreldre: Pål Knutson Kyrkjedeld Gullhagen og Ågot Ellingsdtr. Løken.
*Barn
1. Ågot Olsdtr. Opheimsjorde Kræmarslåtta 24.03. 1828-1897
G 1859 m enkjemann Tolleiv Torson Kræmarslåtta, gnr. 11/7.
Ola Solveson Medgarden var soldat i 1814, og budde i Opheimsjordet frå 1816.
    Ola hadde desse barna frå før: Margit 1814- med Birgit Olsdtr. Opheimsjorde; Solve 1816- død liten med Guri Rasmusdtr. Opheimsjorde; Rasmus 1820- med Guri Rasmusdtr. Opheimsjorde; Gunhild 1824- med Guri Rasmusdtr. Opheimsjorde. Ho Guri Rasmusdotter døydde 1825. Sjå Rasmusjordet.
    Ola og Anne gifte seg i 1827. Dei bygsla plassen Lange-jøta hjå Ola K. Medhus Skjerping i 1837. Med plassen fylgde: slåttelendet Svarvarstøl-dokken; fri lauvskog av halve Skjerping og rett til gjerde- og brenne-fang ova Langejøta. Årleg avgift: 5 spd kvar 25. mars og skurd av 3 mål åker. Plassen skulle falle attende til garden etter deira levetid utan vederlag. (1544)175.
{837} År: 1846
Torkjell Syverson Skjerping Haugen 1790-1866
Foreldre: Syver Olson Skjerping Sundbrei og Torand Torkjellsdtr. Hagen.
Gm Sissel Eiriksdtr. Brattegard Haugo 1791-1876
Foreldre: Eirik Olson Løkensgard Brattegard og Birgit Sevatsdtr. Settungsgard.
Torkjell og Sissel gifte seg i 1826. Dei flytta mykje: på Trintrud i 1827, Berget i 1830, inderst på Tveito i 1833.
    Dei budde i Langejøta i 1850 og var på Haugo under Skjerping i 1865. Då budde inderst og dagarbeidar Ola Larsson hjå dei. Sjå meir om familien på SkjerpingHaugen, gnr. 12/4.
    Torkjell var på full legd i Torpo 1848-51. På sine gamle dagar var han krøpling.
{838} År: 1877
Knut Torsteinson Skjerping Rangdiplass 11.05. 1857-1941
Foreldre: Torstein Knutson Medhus Skjerping og Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet).
Då Knut Torsteinson kjøpte Langegjøta i 1877, vart plassen nedlagd som bustad og lagd under Rangdiplassen.