Haugo gnr. 12 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Haugo gnr. 12 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Haugo var husmannsplass under Skjerping. Haugo vart kalla Kolbotnen i 1865-folketeljinga. I 1875 heitte det Haugo.
    Haugo ligg litt aust opp for Guttormsplassen. Lognt og fint, inne i furuskogen oppunder berget, ligg tunet i Haugo mellom kampesteinar, knausar og turrknabbar. Her er skrinn jord, av grasmark onna dei nokre glenner og småmyrar.
    I 1865 fødde dei 1 ku og 5 småfe i Haugo. Og dei sådde 1/4 tunne bygg.
   

{839} År: 1837

Embrik Olson Skjerping Medgarden 17.05. 1778-1849
G 1805 m Guri Nilsdtr. Skjervheim. Sjå Medgarden, gnr. 24/3. Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard/Lien.

Embrik vart kalla Apal-Embrik. Sjå under Bæra, Medgarden (der barna står) og Skjerping.
    Embrik og familien var tre år i Bæra og to år i Juvsjord og tilslutt på Medgarden der Guri hadde odelsrett.
    I 1837 vart Medgarden selt på tvangsauksjon for gjelda, og Embrik vart husmann i SkjerpingHaugo.
    Bakgrunnen var eit lån hjå Kongelige Norske Regjering finansdepartement av 1820. Embrik var insolvent. (997)
    Embrik og Guri døydde i Kolbotnen. Sonen Nils overtok Haugo kring 1850.

{840} År: 1850c

Nils Embrikson Medgarden Haugo 22.05. 1810-1887
Foreldre: Embrik Olson Skjerping nedre Medgarden og Guri Nilsdtr. Skjervheim.
Gm Sissel Olsdtr. Nyhusmoen Haugo 17.03. 1821-1879
Foreldre: Ola Syverson Ottarplassen Nyhusmoen og Kari Endresdtr. Spelemannsmoen.
*Barn
1. Guri Nilsdtr. Haugo 19.08. 1849-
Barn: Sissel 1876- med enkjemann Per Syverson Bjørøyen.
    Til Am. i 1885. Ho sende billett til systera Kari i 1888.
2. Embrik Nilsson Haugo 28.07. 1853-1946
Sjå neste hushald.
3. Kari Nilsdtr. Haugo 16.01. 1856-
Barn: Sissel 1885- m Asle Knutson Hjalmen; Guri 1893- m Olbjørn Olson Settungsgard-eie. Truleg til Amerika.

Nils kom litt skakt ut i oppveksten. Det var knapt med mat i bygda den tida. Saman med to andre hadde han stole mat på Krosshaug i 1831.
    I 1835 vart Nils tiltala for mishandling av Ola Knutson Skjerping. Nils fekk slik omtale: "en farlig person, har ofte anfaldt folk og krænket Husfreden". Han hadde herja på tre gardar i bygda. Nils vart idømd 50 spd i bot og 1/2 år på festningen, men anka. Faren møtte på tinget og ville gå "i borgen for han" inntil saka var avgjort ved høgsterett. (1318) s 28
    Men Nils hamna likevel på 'straff' på Akershus festning. Der vart han konfirmert 1838 av garnisonsprest Hald.
    I 1853 gifte Nils seg med ho Sissel, og levde eit roleg liv sidan.
   

{841} År: 1887c

Embrik Nilsson Haugo 28.07. 1853-1946
Foreldre: Nils Embrikson Medgarden Kolbotnen Haugo og Sissel Olsdtr. Nyhusmoen.
Gm Birgit Syversdtr. Sørbøenston Haugo 26.08. 1852-1882
Foreldre: Syver Aslakson Sørbøenton og Kari Olsdtr. Haugeplassen.
Gm Margit Tolleivsdtr. Kræmarslåtta Haugo 03.09. 1865-1946
Foreldre: Tolleiv Torson Haugo Kræmarslåtta og 2.g Ågot Olsdtr. Opheimsjordet.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sissel Embriksdtr. Haugo Haugen 31.07. 1875-
Gm Ole Haugen (Kvam i Gudbrandsdalen). Barn: Reuben ....- gm Jean ... (2 barn). Adoptivdotter Helen ....- gm ... Lanchester (.. barn). Dei farma i Canada.
2. Kari Embriksdtr. Haugo Arneberg 26.03. 1880-1958
G 1902 m Carl Arneberg, Vestfossen ....-1933. Barn: Olava 1905- gm William Schiele, Edberg Canada ( ); Clara 1915- gm Earl Beyerstein, Camrose Canada (2 barn).
    Busett i Canada. (997) Til Am. i 1902. Dei farma i Camrose, Alberta Canada.
    Ho har skildra nybyggarlivet i Hallingen nr 169 (1954).
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Embriksdtr. Haugo Torset 20.11. 1889-1973
G 1919 m enkjemann Ola Andresson Torset, Hemsedal. Handelsmann, busett på Vikersund. Barn: Margit Randine 1920- lærar, ug. busett på Vikersund. Adoptivbarn: Liv gm Rolf Vik (4 barn).
2. Ågot Embriksdtr. Haugo 09.02. 1896-1990
Ug. Sjukepleiar. Sjå neste hushald.
3. Sissel Embriksdtr. Haugo 07.11. 1904-1982
Ugift. Sjå 1950-hushaldet.
4. Nils Embrikson Haugo 20.07. 1907-1983
Var gm Ragna Halvorsdtr. (Timan-)Hagen. Barn: Reidun 1946- . Sjå 1985-hushaldet.
    Nils var murar. Han flytte etterkvart til Drammen. Ragna var styrar for telefonsentralen på Torpo. Ho flytta til Oslo på sine gamle dagar.

Embrik gifte seg med Birgit Syversdtr. i 1875, men ho vart ikkje gamal. Embrik var inderst og tjørebrennar i 1875.
    Haugo vart frådelt Skjerping bnr. 6 og skøytt til døtrene Sissel og Kari. Men Embrik dreiv bruket. Embrik gifte seg opp att i 1887 med Margit Tolleivsdtr.