Skjerpingmoen gnr. 12 bnr. 11
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skjerpingmoen gnr. 12 bnr. 11-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bruket Moen eller Skjerpingmoen var også kalla Koddemoen. Ein haug nedpå jordet låg som ein kodde eller ei stor pute når det var flaum. I daglegtale heiter bruket 'Moen'. Opphavleg omfatta denne eigedomen også Perplassen, Rangdiplassen, Skjerpinghaugen og Grasbakken. Ola Olson selde frå alle plassane i 1820-30-åra.
    Grenser: i sør mot nordre ende på gjerdet kring Guttormplassen, like opp i ei stor steinur ova myrane til Moslåtta, og derfrå til like nord til Sørbøensdelet.
    Etter ein avtale i 1825 omfatta bruket eigedomane Koddemoen, Fjøka, Rangdiplassen, Grasbakkane, stølen Baustedokken og Kråkhovdstølen. Etter ei rekke frådelingar var det berre Moen att. (1537)36b
    Kræmarslåtta (gnr. 11/7) og skogremmen gnr. 9/16 vart kjøpt og lagt til bruket kring 1900.
    Areal 1865: 5 mål dyrka, 36 mål naturleg eng. Avling: 3 1/2 tunne bygg.
    Buskap 1948: 1 hest, 6 kyr, 2 ungdyr og 4 sauer og høns.
    Areal 1995: 35 mål dyrka, anna areal 15 mål, produktiv skog 60 mål, anna utmark 10 mål. Buskap: 21 vinterfora sauer til 1990.
    Våningshus bygt 1950, påbygt 1980, gamal hallingstugu flytta 1920, loft, driftsbygning 1920, garasje 1954.
    Stølar. Baustedokken og Kråkhovdstølen er fråselde.
   

{845} År: 1751

Ola Olson SkjerpingMoen 1725c-
Foreldre: Ola ... .

Ola Knutson Skjerping fornya bygselsavtalen 1751 med husmannen Ola Olson Moen vedr. plassen Moen som Ola hadde dyrka og bygd. Leige 1 rd årleg, anten som pengar eller arbeid. Engstykket Moslåtta på 1 mål var rydda av dei førre husmennene på Moen. (1174) s 279

{846} År: 1796

Guttorm Torkjellson Juven Guttormsplassen 1772-1826
Foreldre: Torkjell Guttormson Juven og Ragnhild Persdtr. Skrindo.
Gm Guri Halvorsdtr. Sando Skjerping 26.10. 1755-1836
Foreldre: Halvor Torsteinson Sando og Margit Mikkelsdtr. Medhus(?).

Guri og Guttorm hadde ingen barn. Dei var fyrst i Guttormsplassen, truleg den øvre.
    Så bygsla dei Rangdiplassen på livstid i 1796 og skulle betala årleg grunnleige 1 rd 2 ort i 5 år, og sidan 2 rd. Med plassen fylgde 2 slåtter, "Svarvestølsdokkene" og vanlege rettar i skog og beite. Seljaren sette eit vilkår i bygselbrevet: "Men brændevin er de forbuden at selge". Plassen skulle falle attende til garden utan vederlag etter deira tid. (1259) s 199
    Frå 1820 om lag vart dei skrivne for 'Haugo'.

{847} År: 1826

Ola Olson Skjerping Skjerpingmoen 16.11. 1783-1861
Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard/Lien.
Gm Guri Andersdtr. #Rotneim Skjerpingmoen 15.02. 1795-1873
Foreldre: Anders og Ingeborg Rotneim.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Skjerpingmoen 01.11. 1817-
G 1843 m Kristian Knutson Plassen, Rukkedalen 1811c- . Barn: Knut 1842 (ukjent) ; ...
    Birgit vart sett i legd hjå bestemora på Skjerping i 1824. (783)
    Birgit reiste tidleg ut, kom til Kvitsøy i Rogaland. Faren henta ho heim att, sidan arbeidde ho i Aker og kom i kontakt med haugianarane. Ho bad om presteattest frå Ål for å gå til altars. Men i attesten stod det at ho "ikke var rigtig klok". Birgit vart då oppsagd og måtte finne seg nytt arbeid, denne gong på Ringerike. Der møtte ho Kristian, han reiste omkring og selde steintøy.
    Guri og Kristian gjekk dårleg i hop, og ho flytta frå han fleire gonger. M.a. av di dei hadde ingen stad å bu. Kristian hadde fortalt om ein plass, men så var det ikkje tilfelle.
    Stundom sette ho att ungane hjå folk medan ho hadde eit "lite ærend". Og så reiste ho til Vestlandet og tok seg fiskeri-tenest. Fattigvesenet tok seg av barnet til slutt ... . (1513)70
    Birgit var flink til å bøte garn. Og ho var lesefør og skuleflink og hadde gode evner.
2. Ingeborg Olsdtr. Skjerpingmoen 14.06. 1820-____
3. Margit Olsdtr. Skjerpingmoen 13.12. 1822-1899
G 1845 m Ola Hansson Hansegarden Rotneim Øynebråten 1814-1865. Barn: Ola 1865- til Am.
    G 1870 m Ola Knutson Nøreim Hakkestugu 1838-1889. Ingen barn.
    Dei hadde fyrst Hansegarden på Rotneim, i 1852 kjøpte Ola nedre Øynebråten og bygde nytt bruk der.
4. Anders Olson Skjerpingmoen 24.01. 1833-1833
5. Margit Olsdtr. Skjerpingmoen 02.05. 1834-1834
6. Anders Olson Skjerpingmoen 11.04. 1836-
Truleg gm Anne Torsteinsdtr. ... , Saaler. FT 1865: Barn: Edvard 9 år; Adolf 2 år; Konstanse 4 år. Arbeidsmann i Kra.nia.

I fylgje ei avtale med broren Embrik i 1825 skreiv Ola frå seg all rett i hovudbølet.
    Ola arva dette etter foreldra: Koddemoen, ei slåtte "Fjøcken", sletta Rangdiplassen og Grasbakkane, eit skogstykke frå Guttormsplassen nordre utgard og nord til Storurda; stølen Baustedokken; Kråkhovd-stølen. (1301) s 18
    Ola Skjerpingmoen fekk fattigstøtte i Nedre Torpo fjerding 1816-1836.
    I 1842 makeskifta Ola Olson Kråkhovd-stølen med Halvor Jakopson og fekk Baustedokken i byte. Ho Guri døydde som enkje på Rotneim.

{848} År: 1862

Ola Knutson Medhus Skjerping 04.10. 1795-1863
G 1835 m Anne Eiriksdtr. Opheimsjorde. Sjå Skjerping, gnr. 12/6 og Nedre Nyhus, gnr. 10/8. Foreldre: Knut Olson Medhus og Guri Olsdtr. Opheim.

Ola Knutson kjøpte og selde Moen same året.

{849} År: 1862.

Guri Torsteinsdtr. Skjerping Nyhus 07.01. 1848-1933
Foreldre: Torstein Knutson Medhus Skjerping og Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet).

Gm Halvor Eilevson Nubgarden Nyhus. (sjå nedre Nyhus) Dei selde Koddemoen i 1895.

{850} År: 1865*

Nils Torson Bergo 10.09. 1825-1909
G 1856 m Astrid Torgeirsdtr. Holo. Foreldre: Tor Anderson Bergo Trillhus og Håkine Nilsdtr. ... frå Trøgstad.

Nils Torson Bergo og familie brukte Koddemoen i 1865 og nokre år utover. Dei var i Bergo i 1871. Utvandra til Am. 1880.

{851} År: 1885c

Oleiv Olson Sisle Eikro 1846-1909
Foreldre: Ola Olson Ellingbråten (Nes) Sisle og Margit Oleivsdtr. Velta, Gol.
Gm Margit Larsdtr. Guroplass Skjerpingmoen 28.11. 1840-1925
Foreldre: Lars Asleson Holto Guroplass Hovda og Guri Håkonsdtr. Medgarden.
*Barn
1. Ola Olson Skjerpingmoen 01.10. 1876-1876
2. Lars Olson Skjerpingmoen 24.10. 1878-

Ola og Margit gifte seg i 1875. Han var husmann u/jord. Ho dreiv med klesvask og strikking.
    Ola var inderst og tjørebrennar i 1875. I 1898 var han i Kr.ania. I 1900 på Eikro på Torpo. Oleiv var mylnar og bonde, arbeidde på Bergensbanen i 1906.

{852} År: 1895

Nils Olson Satalien Moen 18.11. 1866-1941
Foreldre: Ola Olson Helling Satalien og Guri Embriksdtr. Halvorsgardslåtta.
Gm Sissel Knutsdtr. Granlien Moen 03.02. 1868-1952
Foreldre: Knut Hermannson Sveinsrud Granlien og Birgit Torkjellsdtr. Haugo.
*Barn
1. Olav Nilsson Moen 26.02. 1892-1963
G 1917 m Rangdi Olsdtr. Ellingsgard 1883-1946. G 1952 m Emeline Hanserud frå Jevnaker.
    Lærar i Vats. Sjå Fagerlund (gnr. 79, bnr. 5).
2. Knut Nilsson Moen 21.02. 1894-1919
3. Guri Nilsdtr. Moen Ellingsgard 05.01. 1897-1972
G 1919 m Lars Olson Ellingsgard, gnr. 78/2.
4. Birgit Nilsdtr. Moen Torkelsgard 26.08. 1901-1981
G 1932 m Hermann Olson Torkjellsgard, lærar og lensmann i Flå.

Nils Moen var kjend som rosemålar, og vart rekna for å vera av dei flinkaste i dalen i si tid.
    Som 18-åring reiste han til byen og gjekk i lære hjå målarmeister Fladager og kvartermeister Hefte. Sidan deltok han på rosemålar-kurs som telemarkingen Samuel Tveit på Sundre. Av større arbeid kan nemnast hallingstugune til Heje i Flå og Evjen i Drammen.
    Eit titals unge målarar gjekk i lære hjå Nils. (M.a. Aslak Sandestølen og Halvor Lindahl.)
    Nils hadde mange kommunale ombod.
    Sissel og Nils dyrka om lag 20 mål jord. Dei sette opp våninghus, driftsbygning og loft. Frå 1911 til 1921 hadde Nils også søre Bæra. Nils kjøpte ein skogrem frå Torpo og bruket Kræmarslåtta. Ei tid hadde dei pelsdyr på garden. (Oppl. v/Olav Moen)