Bergunn gnr. 12 bnr. 17
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bergunn gnr. 12 bnr. 17-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bruket Bergunn ligg nordafor riksvegen på austsida av Skjerpinghaugen. Det opphavlege namnet var 'Rangdiplassen og Fjøka' som det står i gamle dokument.
    Opphavet til namnet kan vera ei jente frå Skjerping som heitte Rangdi Olsdtr. og som var født kring 1690. Ho fekk legemåls-bot i 1710, men ville ikkje gje opp namnet på faren. Men så skrifta Syver Larsson Finnesgarden i Gol (1675-1754), og han tok på seg farskapen for dette barnet. Ein kjenner ikkje den vidare lagnaden for korkje Rangdi eller dottera Birgit. Men ei 'Rangdi Skjerpingmoen' døydde 1788, kring '80 år' gamal. Om Rangdi vart gåande ugift, kan det godt tenkjast at ho fekk ein plass under heimegarden, og at den vart kalla Rangdiplassen.
    Vesleslåtta frå Nyhus vart tilkjøpt. Då den nye riksvegen vart bygd på 1980-talet, vart jordet delt i to. Ein høg jordvoll vart bygd mot støy frå vegen.
    Areal 1865: 2 mål dyrka, 40 mål naturleg eng. Avling 2 tunner bygg.
    Areal 1995: 45 mål dyrka, anna areal 75 mål, produktiv skog 150 mål, anna utmark 10 mål.
    Våningshus bygt 1909, påbygt 1943, rest. 1974-79, kårhus 1936, låve med fjøs og stall 1935, loft omkr. 1880, flytta 1960, garasje 1969. Reidskapshus i 1998.
    Bruket har langstøl i Buhovd (gnr. 21, bnr. 8) med del i Medhus stølssameige. Heimstøl i Langedokken (gnr. 15, bnr. 10). Buskap: 60 sauer.
   

{872} År: 1832

Ola Danielson Hønefossen 18.06. 1797-1846
Foreldre: Daniel Eliasson Hønefossen (som i 1825 var inderst på Torset i Hemsedal) og ... ... . Ola var født i Norderhov.
Gm Margit Persdtr. Kvelprud Skjerpingmoen 1796-1874
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Anne Tolleivsdtr. Huus.

Margit og Ola gifte seg i 1825. Ola Danielson 'Sørbøens-eie' pådrog seg tiltale for ulovleg handel i 1837.
    I 1850 heitte det at bustaden deira var kalla 'Bråteplassen eller Skjerpingmoen'. Ein ser ikkje at dei har flytta frå Rangdiplassen. I 1865 var Margit enkje og busett i Rangdiplassen.
   

{873} År: 1877

Knut Torsteinson Skjerping Rangdiplass 11.05. 1857-1941
Foreldre: Torstein Knutson Medhus Skjerping og Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet).
Gm Birgit Larsdtr. Skjerpinghaugen Skjerping 03.04. 1869-1960
Foreldre: Lars Olson Bakken Skjerpinghaugen og Anne Olsdtr. Tormodsgardsjordet.
*Barn
1. Margit Knutsdtr. Skjerping Thoen 10.02. 1887-1975
G 1914 m Lars Olson søre Thoen, gnr. 74/2.
2. Torstein Knutson Skjerping 07.12. 1889-
Gm May ... . Barn: Ida ....-; Anne ....-; Lilly ....-. Torstein var farmar i Canada.
3. Lars Knutson Skjerping 05.07. 1892-1983
Gm Margit Kolbjørnsgard. Sjå neste hushald.
4. Eirik Knutson Skjerping 09.02. 1895-1972
Eirik fekk polio som 11-åring og vart lam i føtene. Han utdanna seg som skreddar og fekk seg hus på Sundre. (Ekholt, gnr. 110/167)
    Men Eirik kom aldri til å flytte dit. Huset vart leigd bort, m.a. til ein bror som var pinseven. I 1970 vart eigedomen kjøpt av Ål Pinsemenigheit og kalla Betania.
    Eirik arbeidde mykje for vanføre-saka i Hallingdal. Eirik flytta til Østerdalen.
5. Anne Knutsdtr. Skjerping Haug 02.01. 1898-1984
G 1927 m Knut Tolleivson Haug, gnr. 59/3.
6. Ola Knutson Skjerping 07.06. 1901-
Ugift. Ola dreiv handel med brukte møblar i Oslo.
7. Knut Knutson Skjerping 16.06. 1904-1970
G 1938 m Agnes Andreasdtr. Gundersen. Sjå eige hushald.
8. Olga Knutsdtr. Skjerping Repstad 05.11. 1907-
Gm Karl Repstad, Mjøndalen. Barn: Knut 1937- arbeidde på trygdekontor, gm Bjørg Solvang (2 barn); Leif 1939- sveisar, var gm Ellen Marie Halvorsen (1 barn).
    Olga og Karl dreiv blomeforretning i Mjøndalen.
9. Helga Knutsdtr. Skjerping Dokken 15.11. 1911-
Gm Johannes K. Dokken, Gol. Barn: Tora 1946- kontorarbeid, gm Einar Terje Eriksen, Drammen (3 barn); Knut Kåre 1948- bonde i Dokken i Åsgardane, gm Sonja Marie Andersen, Sandnessjøen (2 barn).
*Barnebarn
1. Halvard Knutson Skjerping Bergunn 05.11. 1910-
G 1940 m Birgit Knutsdtr. Dokken 1917- . Barn: Knut 1941- g 1965 m Grete Marie Neverlund, Oslo, busett på Gol; Margit 1941- g 1974 m Øyvind Haugli Halvorsen, busett på Hasle.
    Halvard driv Gol vaskeri. Han tok namnet Bergunn etter løyve i 1931.
    Foreldre: Knut Halvorson Leksvol med Margit Knutsdtr. Rangdiplass.

Knut kjøpte Rangdiplassen hjå far sin for 2000 kr i 1877. Knut og Birgit gifte seg i 1886.
    Birgit spann og vov klede til 9 ungar ved sida av gards- og hus-arbeidet. Birgit var leseglad, og ho var ihuga på garnfiske. Knut kjøpte Rangdiplassen og kvernbruket i Gamli Ylifossen kring 1884. Kverna selde han vidare.
    Då dottera Margit var om lag 9 år kom ho ut for torever ved stølen på Buhovd. Lynet slo ned så nært at Margit rulla i koll. Ho hovna opp og vart blå i andletet. Men ho kom seg att og slapp frå hendinga med skrekken.