Grandokken gnr. 14 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Grandokken gnr. 14 bnr. 0a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Grandokken (Grandokkji) var husmannsplass under Kolsrud. Her var det busetnad i 1790-åra og framover.
    I 1801 var det også to andre husmenn under Kolsrud: Ola Halvorson OpheimsBråten m/familie og Rasmus Olson Opheim m/familie. Båe to må ha vore i Kolsrud reint mellombels.
    Tuftene etter denne husmannsplassen Grandokken syner enno.
   

{909} År: 1790c

Herbrand Olson Storlislåtta Leikvollane 26.03. 1744-1826
Foreldre: Ola Olson Slåtten og Anne Olsdtr. Storlien.
Gm Margit Olsdtr. ... Kolsrud 1752-1832
Foreldre: Ola ... ... og ... .
*Barn
1. Ola Herbrandson Kolsrud Rundtom 1791-1888
Gm Anne Halvorsdtr. Rundtom ....-1872c. Barn: Marte Kristine 1813- gm Lars Kristofferson Nordvollen; ...
    Ola var utkommandert i krigen 1807-14 og havna til slutt i Våler i Østfold. Her møtte han ingen svenskar, derimot vart han kjend med ei smellvakker tenestjente som heitte Anne. Dei gifte seg og overtok bruket Rundtom på Eidsvoll etter foreldra hennar, Halvor Nilsson Rundtom og Berte Olsdtr. ... . Ola var vaktmann på Eidsvoll under grunnlovsarbeidet i 1814. (Han er nemnt i boka "Eidsvoll på nært hold 1814".)
    Ola var sterk, han kunne gå 12 km til mølla med ei korntunne på ryggen. (1076) (983)
    Ola dyrka opp det meste av jorda på bruket. Så selde han garden i 1872 til nest eldste dotterson og flytta til Hoberg på Råholt.
    Ola vart enkjemann, men kjende seg enno frisk og rask. Han fann seg ei villig ungmøy på 20-30 år, og gjekk til presten for å tinge vigsel. Men noko giftarmål vart det ikkje. Presten Friis syntest at 75 år alderskilnad var i meste laget. Han nekta å vigsle dei.
    På sine gamle dagar flytta han inn hjå eit barnebarn. Ola tok seg gjerne ein tår, men vertskapet tykte mindre om dette. Difor gøymde dei flaskene sine godt. Ein dag hadde Ola funne seg ei flaske i eit uthus. Det var det siste han gjorde. Det var saltsyre på den flaska. (1011)
2. Ola Herbrandson Kolsrud 1794-
Ola. d.y. Truleg død før 1800.
3. ... Herbrandsdtr. Kolsrud 1795c-
Ukjent førenamn. Ho var gift og utflutt til Ringerike.

Herbrand var fyrst gift med ei Kari Olsdtr. Sjå 1765-hushaldet på Leikvollo. Han gifte seg opp att i 1789 med Margit Olsdtr. og fekk tre barn. Berre dei to sønene er kjende.
    Han lånte 800 rd hjå broren Ola Øyen i 1770 og sette garden i brukeleg pant i Leikvoll i 19 år. Etter to år tok Herbrand garden attende. Herbrand selde Leikvoll for 798 rd i 1782 til Syver Helgeson.
    Herbrand og Margit budde på ein plass under Leikvollane i 1791, og i Grandokken i 1794. I 1801 var dei busette under Kolsrud, og Herbrand gjekk på dagarbeid.
    Margit døydde på legd i 1832, - då var det ingen som viste kvar sønene var, men ei dotter var gift til Ringerike.