Kolsrud, søre gnr. 14 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kolsrud, søre gnr. 14 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gardsnamnet Kolsrud skal koma av mannsnamnet Kollr. Namnet vert uttala "Køllsrud". Garden ligg midtlies i Opheim, og innmarka grensar til Lya i sør og til Helling i nord, mot vest mot nedre Medhus og aust til Leikvollo.
    I 1588 vart Kolsrud skattlagd som slåttelending. Dvs. Garden kom ut or øydetida som underbruk til Sørbøen. Fyrste tida er det litt ugreitt kven som dreiv Kolsrud og kven som var eigar. I 1670 vart Kolsrud rekna for halv øygard.
    Garden vart delt i nordre og søre Kolsrud i 1829.
    Areal 1864: 9 mål dyrka, 20 mål naturleg eng, 28 mål utslått. Avling: 10 tunner bygg og 7 tunner potet.
    Areal 1995: 60 mål dyrka, anna areal 20 mål, produktiv skog 150 mål, utmark 200 mål.
    Plassar: I Grandokki er det tufter som skal ha vore husmannsplass.
    Kolsrudbjørkji var ei stor bjørk, kjend frå eit dikt av Ola E. Opheim. Ho vart nedhogd kring 1900. Opheimingane brukte gjerne å rygge hestekjerrene sine inn mot Kolsrudbjørkji medan dei kvilde på heimvegen.
    2 våningshus, bygde 1950 og 1978, gamalt fjøs, tilbygd låve 1940, reidskapshus, loft, smie.
    Stølar: Kolsrudstølen og langstøl ved Buhovd. I dag vert jorda leigd bort.
   

{916} År: 1750c

Solve Gudbrandson Kolsrud 1720-1782
Foreldre: Gudbrand Knutson Kolsrud og Kari Solvesdtr. Helling.
Gm Anne Syversdtr. Rotneim Kolsrud 1720.-1791
Foreldre: Syver Olson Rotneim og Birgit Syversdtr. Lien, Gol.
*Barn
1. Kari Solvesdtr. Kolsrud Urden 15.09. 1748-1820
Gm Solve Olson Myljo Opheim Urden, gnr. 2/6.
2. Gudbrand Solveson Kolsrud 20.06. 1751-1756
3. Birgit Solvesdtr. Kolsrud Sire 11.04. 1754-1810.
Ugift tenestjente på Sire i 1801.
4. Knut Solveson Kolsrud 11.04. 1754-
Truleg død liten.
5. Gudbrand Solveson Kolsrud 20.03. 1757-
Gudbrand kvitterte for farsarv 1785.
6. Knut Solveson Kolsrud 07.09. 1760-1818
Gm Haldis Ivarsdtr. Narumshagen. Sjå neste hushald.
7. Syver Solveson Kolsrud 18.11. 1764-1810
Ug. Dagarbeidar i Rikansrud i 1801.
8. Knut Solveson Kolsrud 31.01. 1768-1797
Barn: Anne 1794- m/Margit Håkonsdtr. Bomberud.
    Knut var soldat og døydde tidleg. Kaptein Juel vitna ved skiftet etter Knut i 1798 at formua var såpass at han kunne betale oppfostring av barnet. Buet etter Knut vart ilagt ei fostergjeld på 48 skilling månadleg til barnet vart 10 år.

Solve og Anne gifte seg i 1748.
    Solve kom opp i ein strid om noko skog i 1756. Lars G. Helling kom drukken til Solve nattetids og slo han. Lars klaga over at Solve brukte for mykje av felles skog. (".. Mer enn det lidet brug du haver i gaarden.." )
    Solve hadde svara at sålenge skogen var udelt, så brukte han det han kunne og hadde "forefoden". Lars vart stevna av futen for dette opptrinnet.
    Han var lagrettemann frå 1748. Solve var i Gåsterud i 1773. På skiftet etter Solve 1782 var det 397 rd å dele på enkja og 6 barn. På skiftet etter Anne var buet 231 rd.

{917} År: 1781

Knut Solveson Kolsrud 07.09. 1760-1818
Foreldre: Solve Gudbrandson Kolsrud og Anne Syversdtr. Rotneim.
Gm Haldis Ivarsdtr. Narumshagen Kolsrud 26.01. 1766-1840
Foreldre: Ivar Person Narumshagen (Gol) Sørbøensmoen og Sissel Knutsdtr. Sørbøensmoen.
*Barn
1. Solve Knutson Kolsrud 26.11. 1786-1859
G 1817 m Ågot Sandersdtr. Løyte. Sjå neste hushald.
2. Sissel Knutsdtr. Kolsrud 1789-1818f
Ukjend lagnad.
3. Ivar Knutson Kolsrud Vesledal 09.10. 1791-1862
G 1835 m Gunhild Syversdtr. Storedal. Til Vesledal, gnr. 7/1 og nordre Kolsrud.
4. Anne Knutsdtr. Kolsrud Gudbrandsgard 13.07. 1794-1852
G 1819 m enkjemann Asle Sevatson Gudbrandsgard. Sjå nordre Gudbrandsgard, gnr. 68/2.
5. Knut Knutson Kolsrud 06.04. 1797-1833
G 1827 m Birgit Steinsdtr. Sindrol (Hol). Barn: Margit 1828- gm Embrik Knutson Myro til Sindrol; Knut 1830- gm Birgit Aslesdtr. ... til Slåtto (Holet); Stein 1832-1832.
    Knut og birgit flytte til Sindrol i 1827. Knut flytte tunet på Sindrol, og han lånte pengar. Etter at kjøpmann Tomsen hadde teke utlegg i garden, la Knut i veg til Vestlandet for å låne pengar. På ferda over drukna han i Strandavatnet i februar 1833 .
6. Sissel Knutsdtr. Kolsrud Skjerping 04.04. 1802-1875
G 1825 m Eirik Olson Skjerping, gnr. 12/1.
7. Knut Knutson Kolsrud Logsengard 16.01. 1805-1851
G 1832 m enkje Kari Knutsdtr. Logsengard, gnr. 82/1. G 1840 m Rønnaug Sandersdtr. Ovavoll.
8. Gudbrand Knutson Kolsrud 1807-1810

Knut hadde fyrst kjøpt garden for 500 rd hjå faren i 1781, men då han ikkje var myndig og ikkje hadde betalt noko av kjøpesummen, så vart dette omgjort på skiftet etter faren i 1782. Då vart garden taksert til 300 rd.
    I 1783 kjøpte Knut odelsretten til Kolsrud hjå broren Gudbrand mot 5 rd i årleg avgift på Gudbrand si levetid og utløysing av syskenpartar. Mora dreiv garden i 1782. Han løyste ut syskenpartar for 299 rd i 1792.
    Det var 716 spd å dele etter Knut i 1818.

{918} År: 1818

Solve Knutson Kolsrud 26.11. 1786-1859
Foreldre: Knut Solveson Helling Kolsrud og Haldis Ivarsdtr. Narumshagen.
Gm Ågot Sandersdtr. Løyte Kolsrud 1791-
Foreldre: Sander Kitilson Løyte og Ragnhild Knutsdtr. Hansehaugen, Hovet.
*Barn
1. Knut Solveson Kolsrud Brenna 26.02. 1818-
G 1843 m Guri Olsdtr. Søre Helling. Sjå Øvre Brenna, gnr. 20/6.
2. Sander Solveson Kolsrud Opheimsjorde 05.06. 1820-
G 1852 m Margit Olsdtr. Opheimsjorde. Sjå Rasmusjordet, gnr. 22/35. Til Am.
3. Gudbrand Solveson Kolsrud 24.12. 1821-
13. mars 1847 var det eit spesielt samvær på Leikvoll. Syver Leikvoll hadde gjeve løyve til Gudbrand Kolsrud som ville halde lotteri. Ei sølje skulle loddast ut og den som fekk den, skulle kjøpe 5 pottar brennevin og traktere dei 28 deltakarane.
    Utpå natta, då spelet og dansen var over og brennevinet oppdrukke, vart det slagsmål. Ingen av deltakarane omkom, men det vart skader og rettsleg etterspel. Gudbrand reiste til Am. i 1852.
4. Haldis Solvesdtr. Kolsrud 12.02. 1824-1834
5. Eirik Solveson Kolsrud 03.08. 1826-1860
G 1857 m Kari Halvorsdtr. Roppe, Flå. Barn: Ågot 1857-1917.
    Inderst på Buøen-eie i Flå. Død på Vik i Flå i 1860. Kari vart attgift med Knut Kolsrud Kleven i 1865.
6. Syver Solveson Kolsrud TorpeHagen 17.04. 1829-1909
G 1852 m Turid Halvorsdtr. TorpeHagen 1829-1903. Sjå inderstar. Til Am. 1857.
7. Kitil Solveson Kolsrud 19.03. 1832-1885
Gm Gunhild Larsdtr. Ruud 1832-1909. Barn: Kari 1859- ; Ågot 1861- død liten?; Mari 1863- ; Solve 1865- .
    I 1865 var Kitil husmann under Torstein K. Skjerping, truleg på Torpeslåtta. Kitil dreiv krøterhandel, og reiste til Am. med kone og tre barn i 1867. Gunhild vart gravlagt i Old West Paint Creek Cemetery in Center Twp, Allamakee County, Iowa.
8. Haldis Solvesdtr. Kolsrud 10.12. 1836-
Til Am. i 1861.

Ågot og Solve gifte seg i 1817. Solve overtok Kolsrud på skiftet etter faren i 1818. Neste år selde han halve garden (Nordre Kolsrud) til Eirik O. Hovdegard. Men så vart det rettssak og handelen vart omgjort. Ved underrettsdom av 1834 fekk Solve skøyte på nordre Kolsrud, som han selde vidare til bror sin Ivar Knutson for 504 spd i 1839. (1544)625
    Den andre halvparten, no kalla Søre Kolsrud, vart 1838 selt til Johan Helling. Solve held att noko av åkeren Dalåkeren, noko slåttelende på heim- og lang-stølen og noko skog. (1544)445
    I 1838 kjøpte han plassen Brenna eller Brenne-rudningen for 150 spd. Med plassen fylgde halve Slettebakkmyren og eit engeland. Heile summen vart lånt.
    I 1861 reiste Ågot til Am. som enkje med 5 barn.

{919} År: 1838

Johan Nilsson Helling Hagen 16.11. 1871-1951
G 1895 m Amalia Sveinsdtr. Hagen. G 1921 m Anne Syversdtr. Opheimsjorde. Foreldre: Nils Johanneson Opheim Garden Helling og Margit Olsdtr. Nistugu Sire.

Johan Nilsson Helling kjøpte Kolsrud i 1838 for 450 spd. Han var krøterhandlar. Meir om familien, sjå nordre Helling.

{920} År: 1846

Ola Olson Helling Kolsrud 18.08. 1811-1888
Foreldre: Ola Olson Torpeslåtta? Helling og Dordei Knutsdtr. søre Helling.
Gm Birgit Torkjellsdtr. Opheim Kolsrud 29.03. 1815-1854
Foreldre: Torkjell Halvorson Opheim Garden og Guri Olsdtr. Nordre Helling.
*Barn
1. Torkjell Olson Kolsrud 13.07. 1840-1850
2. Dordei Olsdtr. Kolsrud Brenna 04.01. 1845-1907
G 1869 m Håkon Henrikson Tretterud Brenna, gnr. 20/6.
3. Guri Olsdtr. Kolsrud 12.10. 1848-1888
Ugift legdslem.
4. Torkjell Olson Kolsrud Brenna 30.01. 1854-1935
Ugift. Barn: Lars 1881- m Anne Herbrandsdtr. Guttormsplass. Barn: Ola 1889-1942 m Margit Olsdtr. Sisle, Gol. Ola gjekk på dagarbeid i 1900. Han budde i Brenna hjå systera Dordei.

Ola og Birgit gifte seg i 1839. Ola kjøpte garden i 1846 og selde att i 1881 for 3600 kr.

{921} År: 1881

Ola Arneson Rotneimsøyen 24.02. 1843-
Foreldre: Arne Person Rotneimsøyen, Gol og Barbro Olsdtr. Tveito. (Gol V s 226)
Gm Mari Olsdtr. Kolbjørnsgard Kolsrud 12.12. 1847-
Foreldre: Ola Olson Sehl Kolbjørnsgard og Anne Olsdtr. Skjervheim Kolbjørnsgard.
*Barn
1. Ola Olson Kolsrud 12.10. 1867-
Til Am. 1884.
2. Arne Olson Kolsrud 15.08. 1870-
Til Am. 1884.
3. Tolleiv Olson Kolsrud 19.07. 1874-
Til Am. 1884.
4. Barbo Olsdtr. Kolsrud 08.08. 1876-
Til Amerika ?
5. Ola Olson Rotneim Kolsrud 06.09. 1879-1884f
Truleg død før 1884.
6. Torkjell Olson Kolsrud 18.08. 1882-
Til Am. 1884.

Ola og Mari gifte seg i 1867. Dei tok utflytting til Gol 1877 og skreiv seg då Gullhagen.
    Ola Arneson Rotneim kjøpte Kolsrud i 1881 for kr 3600. Garden gjekk på auksjon i 1884, og familien reiste til Amerika.

{922} År: 1884

Tor Eirikson Dølahaugen Kolsrud 23.09. 1848-1936
Foreldre: Eirik Eirikson Barskrind Opheim og Anne Torsdtr. Opheim.
Gm Birgit Persdtr. Kolsrud 23.03. 1853-1898
Foreldre: Per Hermannson Sveinsrud Nordre Kolsrud og Marte Halvorsdtr. Garden Opheim.
*Barn
1. Anne Torsdtr. Kolsrud 04.06. 1880-1897
2. Eirik Torson Kolsrud 11.03. 1884-1963
G 1910 m Anne Aslesdtr. Vestenfor. Sjå neste hushald.
3. Per Torson Kolsrud Opheim 24.06. 1886-1935
Ug. Tenestegut i Nubgarden.
4. Marte Torsdtr. Kolsrud 19.12. 1887-1917
Ug. Marte var heime.
5. Hermann Torson Kolsrud 17.03. 1891-1927
Ug. Var heime.
6. Tor Torson Kolsrud 07.06. 1894-1931
Gm Gudrun Wear, Røyken. Barn: Kristian ....- reiste til Canada; Tor ....- .
    Tor og Gudrun budde i Røyken.

Birgit og Tor gifte seg i 1880. Tor var bonde og hjulmakar.