Kolsrud, nordre gnr. 14 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kolsrud, nordre gnr. 14 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Kolsrud vart fyrst frådelt Kolsrud i 1829 og selt. Det kjøpet vart omgjort etter ei rettssak, så vart det skylddeling i 1838 og ny handel i 1839. Det gamle tunet stod inne ved gjerdesgarden til søre Kolsrud. I 1950-åra vart tunet flytt og nye hus oppsette på noverande stad.
    I 1801 var det tre hushald med husmenn under Kolsrud. Det eine var i Grandokken, dei andre to var truleg nær det som vart nordre Kolsrud. Manglande opplysningar gjer at ein fører alle tre under Grandokken.
    Areal 1865: dyrka jord 10,5 mål; 18 mål naturleg eng; 34 mål utslått. Avling: 11 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 65 mål som vert leigd bort til slått og hamn, anna areal 10 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark 600 mål.
    Stadnamn: Dalåkeren, Fareslettmyradn, Kolsrudkjelda, Søre og Nørdre Kjellaren (jordstykke), Romengardsbotnen,
    Våningshus bygt 1958, driftsbygning 1954, loft omkr. 1800, garasje 1970, utleigehytte 1988.
    Stølar: langstøl på Kolsrudstølen (Buhovd). Heimstøl Kolsrudstølen på åsen. Stølane vert leigde bort. Det vart slutt med mjølkekyr 1988.
   

{925} År: 1829

Eirik Olson Hovdegard Kolsrud 27.09. 1772-1853
Foreldre: Ola Olson Berg Hovdegard og Guri Eiriksdtr. Hovdegard.
Gm Anne Syversdtr. Kyrkjedelen Kolsrud 09.09. 1781-1839
Foreldre: Syver Embrikson Kyrkjedelen og Kari Botolvsdtr. Espegard.

Eirik Olson vart attgift 1826 med Anne. (Sjå Tuftedokken, gnr. 76/1.)
    I 1829 kjøpte Eirik Olson halve Kolsrud for 500 spd og kår, men handelen vart omgjord ved dom i 1834.
    Anne sin son Syver kjøpte Opheim i 1835 og gav slikt kår: 3 kyr og 9 småfe framfødd og røkta; 4 1/2 tunne bygg + 4 settung salt; jord til 5 settung potet + 1 settung hamp og 2 merker humle; varmt hus på garden m.m. (1544)691
    Sjå Opheim Embriksgarden gnr. 22/10, år 1835.
    Eirik vart attgift 1844 med enkje Torand Torsteinsdtr. Torpeslåtta, sjå Hagaplassen.

{926} År: 1834


Solve Knutson Søre Kolsrud fekk attende nordre delen av garden ved dom i 1834.

{927} År: 1839

Ivar Knutson Kolsrud Vesledal 09.10. 1791-1862
G 1835 m Gunhild Syversdtr. Storedal. Sjå Vesledal, gnr. 7/1. Foreldre: Knut Solveson Søre Kolsrud og Haldis Ivarsdtr. Sørbøensmoen.

I 1835 lånte Ivar ut 328 spd til broren Solve. Lånet var ikkje renteberande, men han fekk brukeleg pant i halve Kolsrud. (1544)9

{928} År: 1854

Per Hermannson Sveinsrud Kolsrud 29.06. 1816-1887
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud.
Gm Marte Halvorsdtr. Opheim Kolsrud 02.04. 1831-1901
Foreldre: Halvor Knutson Garden Opheim og Gro Håkonsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Birgit Persdtr. Kolsrud 23.03. 1853-1898
G 1880 m Tor Eirikson Dølahaugen søre Kolsrud, gnr. 14/1.
2. Halvor Person Kolsrud 15.07. 1855-1951
G 1892 m Ingrid Nilsdtr. Rud. Sjå neste hushald.
3. Hermann Person Kolsrud 22.04. 1859-1946
Barn: Betzy Maria 1882- m/Margit Torkjellsdtr. Kjellargard.
    G 1897 Ål m Turi Larsdtr. Grandokken. Barn: Peder 1897- overtok Åsum, gm Elida Gulli; Sander ....- gm Anne ... ; Anne ....- ug.; Birgit 1904- ug.
    I 1882 flytte Hermann til Kristiania. Før 1887 var han busett i Nord Dakota. Margit Torkjellsdtr. budde i Kr.ania i 1887 då ho kravde bidrag for dottera i buet etter Per Hermannson.
    Hermann budde på nordre Rotneim i Gol kring 1910. Så kjøpte dei Åsum ved Kongsvinger kring 1912 og flytta dit. Sjå Flesberg II s 142

Per og Marte gifte seg i 1853. Per kjøpte Kolsrud for 550 spd i 1854.

{929} År: 1889

Halvor Person Kolsrud 15.07. 1855-1951
Foreldre: Per Hermannson Sveinsrud Kolsrud og Marte Halvorsdtr. Garden Opheim.
Gm Ingrid Nilsdtr. Ruud Kolsrud 17.01. 1860-1895
Foreldre: Nils Larsson Ruud og Ragnhild Persdtr. Huserjordet.
*Barn
1. Marte Halvorsdtr. Kolsrud 11.03. 1893-1914
Ugift.
2. Per Halvorson Kolsrud 08.07. 1894-1984
G 1921 m Anne Olsdtr. Sveinsgard. Sjå neste hushald.

Halvor kjøpte garden i 1889 for 800 kr og kår til mora. Halvor og Ingrid gifte seg i 1892.