Kamberud gnr. 15 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kamberud gnr. 15 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kamberud var husmannsplass under Rikansrud. Plassen er stundom skrive "Rikansrudeie" i kjeldene.
    I 1865 fødde dei 2 kyr i Kamberud.
    I dag er bruket tilvakse med skog. Tuftene er truleg utsletta under uvøren skogsveg-bygging. Men åkrar og rudningsrøyser syner.
   
   

{933} År: 1811c

Amund Samuelson Ånstad 1746-1811s
Foreldre: Samuel Ånstad, Gausdal prgj.

Amund var ugift dagarbeidar i Ål frå før 1801. Amund var bror til Kristen, den kjende målaren. Amund lånte 300 rd hjå broren Kristen i 1810.
    Halvsysken: Anders Amundsen på Ånstad i Gudbrandsdalen, Ole Amundsen på ein plass under Rokvam.
    Det står 'Kannerud og Konrud' i skiftet etter Amund 1811. Truleg budde han i Kamberud dei siste åra.
   
   

{934} År: 1847

Knut Syverson Torpehagen Kamberud 24.03. 1790-1876
Foreldre: Syver Torkjellson Torpo og Anne Hermannsdtr. Krosshaug.
Gm Guri Ottarsdtr. Rotneim Kamberud 1801-1882
Foreldre: Ottar Olson Rotneim og Marte Knutsdtr. Rotneim. Sjå Gol V s 90.
*Barn
1. Syver Knutson Kamberud 21.05. 1823-1823
2. Anne Knutsdtr. Kamberud Musehaugen 24.06. 1824-1909
G 1864 m Ola Knutson Skaga Trampen Musehaugen i Gol. Ingen barn.
    Anne vart enkje før 1888. 'Det er altid trabelt for hende som er allene hun har Musehaugen, den anden Plas maatte hun forlade da Manden Døde.' (Brev skrive av Guri Olsdtr. Sørbøen Randen på Trillhus i 1888 (som var svigermor til systera Marte). (Oppl. Reidar Flatland.))
3. Marte Knutsdtr. Kamberud 19.07. 1827-1828
4. Syver Knutson Kamberud 24.09. 1829-1902
G 1864 m Kristi Kitilsdtr. Barskrind 1838-1928. Barn: Knut 1864- ; Kitil 1867-1931gm Gurine Nasby; Albert 1875c- ; Barbro Gurine 1869- ; Barbro 1870c-; Anna 1880c- ; .
    Syver og Kristi reiste til Am. i 1869: Lansing, Ohio saman med systera hans, Ingrid Knutsdtr. Dei skreiv seg Knudtson og budde i Petersburg, Jackson Co, MN. (J. Marler)
5. Knut Knutson Kamberud 13.12. 1831-
Gm Sigrid/Siri Nilsdtr. ... Han var utflytt i minst 8 år før 1862, og hadde dermed mista heimstavnsretten til Torpo. Budde i Drammen, Lier og mest i Skoger.
6. Ottar Knutson Kamberud 29.03. 1834-
G 1870 m Ragnhild Knutsdtr. Opheimshagen. Barn: Guri 1871- ; Randine 1873- g 1899 m Engebret Olson (minst 2 barn); Knut 1877- ; Knut 1879- ; Karl 1880- ; Albert 1891- .
    Ottar var skomakar i 1865. Han reiste til Amerika 1870. Ottar og familien var i Mound, Rock Co, MN i 1880. (J. Marler)
7. Marte Knutsdtr. Kamberud Nubgard 15.12. 1836-1920
G 1867 m Embrik Asleson Ellingsgard Nubgarden 1838-1936. Barn: Guri/Julia 1867-1942; Asle/Albert 1869-1945; Knut 1873-1918; Gina 1877- .
    Til Am. 1868: Lansing, Ohio. Dei skreiv seg Asleson.
8. Torkjell Knutson Kamberud 21.07. 1840-
Til Am. i 1879. Truleg arbeidar i Mound, Rock Co i 1880. Truleg skomakar i Petersburg, Jackson Co MN i 1895.
9. Ivar Knutson Kamberud 03.05. 1842-1912
G 1873 m Gunvor Halvorsdtr. Leikvollo. Barn: Guri/Julia 1873-1937 gm Henry Lafferty; Konrad Henry 1884-1884; Mollie Christina 1886-1969 gm Ben H. Herbrandson; Anna Sophia 1889-1953 gm Lewis Gilbert ....-1912, gm Ole Aasby. (J. Marler)
    Ivar var husmann og tenestgut på Opheimshaugen under Karigarden i 1875. Til Am. 1880.
10. Ingrid Knutsdtr. Kamberud 14.10. 1845-
Truleg gm Ola Knutson Åsegarden 1842- . Barn: Gurine 1872- ; Kristine 1873- ; Oskar 1874- ; Carl 1876- ; Juliana 1877- ; Lina 1878- .
    1869: utflyttingsattest til Amerika. Truleg busett i Blue Mound, MN. (J. Marler)

Knut og Guri gifte seg i 1822. Frå før hadde Knut dattera Konstanse Emilie. Ho var på legd i Skoger.
    Guri døydde som enkje på legd hjå dottera Anne på Musehaugen i Gol i 1882.