Sletto, nedre gnr. 15 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sletto, nedre gnr. 15 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Slettadn, i Sletto (dativ). Nedre Sletto er eit mindre gardbruk i ovanfor Rikansrud.
    Bruket vart frådelt Rikansrud i 1844, men var nok husmannsplass før det. Husa er låve og eldhus og ei kårstugu. Loft og stugu er nedrivi/selt. Nytt uthus/garasje vart sett opp i samband med pelsdyroppdrett i 1980-åra.
    Sletto var lenge utan køyreveg. Det er fortalt om ei strevsam gravferd ein gong det var holkeføre. Å køyre kista or garden på ei isut skogsveg, var uråd. Då hogde dei eit grantre, batt kista fast og drog den utover lia inntil dei kom på betre veg. Ein annan gong kom bonden frå kverna med eit lass med mjøl. Føret var dårleg, så han køyrde lasset opp i Opheim, og fekk lirka seg utover lia og ned i Sletto.
    Areal 1865: 4 mål dyrka jord; 18 mål naturleg eng. Avling: 3 1/2 tunne bygg og 3 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: 20 mål dyrka jord, 20 mål anna areal. 300 mål skog.
    Stølar: Tjukkekjørr (vest for Volelien) er langstøl, og Raudset (tilkjøpt frå Helling) er heimstøl. Båe stølane har slåttevollar.
    I 1954 vart Øvre Sletto tilkjøpt. Kor lenge budde her fastbuande folk ?
   

{935} År: 1845

Ola Larsson Bråtalien Sletto 06.06. 1811-1890
Foreldre: Lars Herbrandson Bråtalien og Guri Olsdtr. Bakke.
Gm Guri Holgesdtr. Gåsterud Sletto 21.10. 1818-1899
Foreldre: Holge Holgeson Gåsterud og Margit Toresdtr. Træet.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Sletto 30.06. 1841-
Gm Johan Jansen, Drøbak og busett i Drammen i 1899. (Men ikkje funne i FT1900)
    Eller gm tomtearbeider Bernt Johannesen ..., Sande 1841-.... .(Same mann?) Barn: Jørgine 1863- . Ho budde i Drammen i 1865 og 1899. Då Guri gifta seg, forlanga presten at namnet hennar skulle skrivast 'Gurine'. "Thi Guri ikke er noget kristelig navn."
2. Guri Olsdtr. Sletto 20.01. 1844-
1899 heitte det at ho var gift og busett i Drammen.
3. Margit Olsdtr. Sletto Jacopsen 17.04. 1846-
Gm Jan Jacopsen. Busett i Wisc, USA.
4. Lars Olson Sletto 14.10. 1848-
Gm Eli Salomonsdtr. ... . Barn: Julie Larsen; Ola Larsen. Busett Wisc. Am. i 1899.
5. Holge Olson Sletto 31.05. 1854-1854
6. Holge Olson Sletto 27.05. 1855-
G 1891 m Ingeborg Andersdtr. Underåsen. Sjå neste hushald.
7. Haldis Olsdtr. Sletto Bråten 09.03. 1858-1945
G 1888 m Oleiv Halvorson Bråten 1818-1900.
8. Ola Olson Sletto 15.02. 1865-1885
Ug.
*Barnebarn
1. Guri Larsdtr. Bråten Bakken 17.04. 1883-1961
G 1926 m Embrik Sveinson Hagen Slettebakken, gnr. 20/17.
    Foreldre: Lars Tomasson Jorde Bukkehaugen (ungkar) og Haldis Olsdtr. RikansrudSletto Bråten.

Ola og Guri gifte seg i 1843. Sletto vart frådelt og selt til Ola Larsson i 1845.
    Ola vart halde for å vera den beste snikkaren i Torpo. Han var nøye på maten. Ein gong han fekk sild til nons, kom det beint fram: 'Sild kan gå an ei sjelda gong om silda er god. Men e ho ikkji mætar enn denne, då e ho knapt nok etandes!" (Etter Oleiv Bråten).

{936} År: 1900

Helge Olson Sletto 27.05. 1855-
Foreldre: Ola Larsson Bråtalien Sletto og Guri Holgesdtr. Gåsterud.
Gm Ingeborg Andersdtr. Underåsen Sletto 10.02. 1864-1940
Foreldre: Anders Olson Billehuset Underåsen og Marte Olsdtr. Opheim.
*Barn
1. Guri Helgesdtr. Sletto 22.10. 1891-1950
Guri budde hjå systera Margit på Torpo.
2. Marte Helgesdtr. Sletto Helling 02.03. 1893-1959
G 1914 m Herbrand Ivarson Helling, gnr. 20/3 og Brennene.
3. Margit Helgesdtr. Sletto Torpo 28.03. 1894-1981
G 1916 m Ola Eivindson Torpo, gnr. 9/1.

Helge og Ingeborg gifte seg i 1891. Helge var ein tur i Am. i 1880: Lansing, Iowa.
    Helge overtok Sletto på skiftet etter foreldra i 1900. Ingeborg selde bruket i 1918 for 9000 kr til Ola Nubgardsbråten.