Sletto, øvre gnr. 15 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sletto, øvre gnr. 15 bnr. 6-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Øvre Sletto var husmannplass fram til 1881. I 1838 vart plassen også kalla Djupedalsslåtta. Bruket ligg lognt inne i skogen litt ovanfor Nedre Sletto.
    Areal: 8 mål dyrka jord og 30 mål barskog. Vanleg buskap var 2 kyr og 1 ungdyr.
    Stugu og fjøs frå 1880-åra. Tunet med dei gamle husa er fråselt som feriestad til ein bymann, som har restaurert dei.
   
   
{941} År: 1856
Hermann Olson Storedal Sletto 17.07. 1796-1873
Foreldre: Ola Olson Storedal og Ingebjørg Hermannsdtr. Krosshaug.
Gm Anne Syversdtr. TorpeHagen Sletto 25.09. 1808-1884
Foreldre: Syver Torkjellson TorpeHagen og Margit Håkonsdtr. Storlien.
Anne og Hermann gifte seg i 1848. Ingen barn. Dei bygsla Djupedalsslåtta eller Øvre Sletto i 1856.
{942} År: 1881
Ola Olson Rikansrud Sletto 08.06. 1838-1921
Foreldre: Ola Sveinson Rikansrud og Gunhild Knutsdtr. Medhus.
Gm Birgit Olsdtr. Underberg Sletto 27.02. 1855-1942
Foreldre: Ola Olson Underberget og Mari Sveinsdtr. Bekkestad.
Ola og Birgit gifte seg i 1880. Dei var barnlause, men hadde ei systerdotter hennar Birgit buande hjå seg.
    Ola og Birgit kjøpte plassen Øvre Sletto i 1881 for 1200 kr. I 1916 selde dei bruket til Birgit (1882-1965) for 2000 kr og kår.