Rikansrud gnr. 15 bnr. 13
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rikansrud gnr. 15 bnr. 13-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Rikansrud ligg midtlies ovanfor søre Torpo. Garden 'Rigansruud' var skattlagt som øygard med landskyld 3 laupsbol. (I 1723 ville futen høgde landskylda til 6 lb.)
    Det vart betalt landskatt av Rikansrud frå 1612, men utan namn på brukaren før 1641. Truleg var Rikansrud brukt under søre Torpo.
    Namnet Rikansrud kan koma av mannsnamnet Rikard eller Rikulfr. ('Garden som var rydda av Rikard'.)
    Kring 1850 vart Rikansrud delt i brn. 1 og 7, men garden vart samla att i 1889.
    Kring 1912 vart Rikansrud 'slakta' av handelskarar. Tilslutt vart Rikansrudskogen fråselt som bnr.1, medan sjølve garden vart bnr. 13. Her fylgjer me gardssoga til hovudbølet bakover under bnr. 13.
    Den gamle kårstugu på garden vart selt til familien Gottås på Lysaker.
    Areal 1865: 40 mål dyrka, 57 mål naturleg eng, 72 mål utslått. Avling: 44 tunner bygg og 42 tunner potet (samla).
    Areal 1995: 65 mål dyrka, anna areal 22 mål, prod. skog 120 mål, anna utmark 1107 mål. Våningshus bygt 1900, rest. 1992, nytt våningshus 1995, kårhus 1987, stabbur 1943, 2 garasjar.
    Underbruk: Øvre og Nedre Sletto, Rikansrudjordet og Rikansrudteigen.
    Husmannsplass: Kamberud. Det var tufter etter eit 'underhaldsbruk' på ein stad nede i jordet som heiter "Skatten".
    Stølar: langstølen Bjødnastølen ved Øknene vart selt i 1911 til Oslo-folk, men vart teken att med jordlova på 1950-talet. Heimstølar var Langedokk (fråselt 1864) og Brotet (nedlagt).
   

{959} År: 1781

Svein Olson Skottebøl Rikansrud 25.08. 1754-1825
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl og Anne Sveinsdtr. Ulshagen.
Gm Kristi Tolleivsdtr. Barskrind Rikansrud 24.03. 1765-1802
Foreldre: Tolleiv Eirikson Rikansrud Barskrind og Ambjørg Torsteinsdtr. Skrattegard.
Gm Anne Arnesdtr. Roen Rikansrud 1781-1845
Foreldre: Arne Arnfinnson Roen (under Rotneim) og Margit Eivindsdtr. Skølt, Gol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Sveinson Rikansrud 12.12. 1790-1876
G 1817 m Ragnhild Halvorsdtr. Berg. G 1835 m Gunhild Knutsdtr. Medhus. Sjå neste hushald.
2. Tolleiv Sveinson Rikansrud 13.07. 1794-1802
3. Anne Sveinsdtr. Rikansrud 19.03. 1797-1802
4. Ambjørg Sveinsdtr. Rikansrud 27.07. 1800-1802
*Barn i andre ekteskap
1. Kristi Sveinsdtr. Rikansrud TorpeHagen 21.12. 1806-1890
G 1828 m Sander Helgeson Leikvoll TorpeHagen, gnr. 8/1. G 1836 m Botolv Nilsson Ruud Vestenfor, gnr. 8/5.
2. Arne Sveinson Rikansrud Storedal 09.11. 1808-1884
G 1835 m Sissel Rasmusdtr. nordre Storedal, gnr. 6/5.
3. Tolleiv Sveinson Rikansrud OpheimsHagen 14.03. 1811-1863
G 1838 m Amalia Knutsdtr. Opheim. Sjå Hagen, gnr. 22/51.
4. Eirik Sveinson Rikansrud Storedal 10.10. 1813-1878
G 1841 m Margit Torkjellsdtr. søre Opheim. Sjå Storedal, gnr. 6/5.
5. Svein Sveinson Rikansrud 20.01. 1816-1816
6. Svein Sveinson Rikansrud Granlien 14.06. 1818-1900
G 1855 m Birgit Olsdtr. Grov. (Gol V s 445) Dei var i Torpehagen 1845-52 og sidan i Granlien.

Svein og Kristi gifte seg i 1781. Svein vart attgift 1806 med Anne Arnesdtr. Roen frå Gol.
    Svein fekk skøyte på Rikansrud for 667 rd i 1794. Av dette var 333 rd hans eigen arv. Svein Olson vart valt til forliks-kommisær (dvs. leiar i forliksrådet) i 1797.
    Svein selde ein skogrem i 1804 til Hallgrim Ruud. Pris 166 rd.
    Anne Arnesdtr. fekk slik kårkontrakt 1826: framfødt 2 kyr og 6 småfe; 3 tunner bygg; litt rug og litt hampe-sæd, 1 skjeppe spansk salt, 4 merker humle m.m.
    Anne døydde i 1845. Dei fann henne død og forbrent i peisen ein morgon.
   

{960} År: 1810c

Ola Sveinson Rikansrud 12.12. 1790-1876
Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Kristi Tolleivsdtr. Rikansrud.
Gm Ragnhild Halvorsdtr. Berg Rikansrud 1793-1833
Foreldre: Halvor Halvorson Berg og Kari Sevatsdtr. Sjå Gol IV s 82)
Gm Gunhild Knutsdtr. Medhus Rikansrud 11.05. 1812-1899
Foreldre: Knut Olson Medhus og Guri Olsdtr. Opheim.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Svein Olson Rikansrud 18.07. 1817-1884
G 1853 m Ingeborg Persdtr. Kvelprud. Sjå neste hushald.
2. Halvor Olson Rikansrud 24.01. 1819-1884
G 1846 m Guri Rasmusdtr. Storedal. Sjå 1851-hushaldet.
3. Kristi Olsdtr. Rikansrud 10.06. 1821-
Barn m/Knut Kristenson Syrakslåtta: Ragnhild Knutsdtr. 1842- . Sjå barnebarn.
    Kring 1850 flytta Kristi til Brandvol anneks Nes på Ringerike/Grue pg.
    Kristi hadde heimstavnsrett i Vinger/Brandvol /Kr.ania? Mor og dotter til Am. i 1851. (OB)
4. Tolleiv Olson Rikansrud 15.09. 1823-1897
Gm Ragnhild Olsdtr. Opheimsjorde. Barn: Ola 1861- lærar/prest i den norske synode i Bosque Co. Texas, gm Hilda Faraasen (7 barn); Svein 1862- kjøpmann i Fosston, gm Anna Anderson (2 barn); Olaus 1865- prest, g 1910 m Emma Schultz (1 son); Embrik 1866- gm Klara Anderson (2 barn).
    Tolleiv og Ragnhild reiste til Am. 1853: Allamakee, Iowa. (Hallingen 1925) (Ulvestad II s 883)
5. Arne Olson Rikansrud Rikansrudjordet 03.07. 1826-1910
Gm Liv Olsdtr. Storedalsjordet. Sjå Rikansrudjordet, gnr. 15/9.
6. Ola Olson Rikansrud 01.11. 1828-1829
7. Kari Olsdtr. Rikansrud 09.04. 1830-
G 1881 Torpo m enkjemann Kristian August Johanneson frå Kragerø 1833-.... . Han var handelsmann busett på Dignes-eie på Modum.
    Kari var på tenest i Skedsmo 1868. Brørne hennar ville då betale ei dokter-rekning for henne utan innblanding frå fattigkassa. Kari var i tenest på Griserud i 1876 og død før 1920.
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Olson Rikansrud 11.06. 1836-1909
Gm Lina Kristiansen, død før 1921, gift i Campbell, Am. Barn: Christian 1888- ; Lawrence 1895- gm ... , gm ... ; Carl ....- ; Sven ....- ; Ole ....- ; George ....- , ... ....- gm A. G. Anderson; og ... gm M. T. Bush.
    Knut budde i Kr.ania i 1876. Til Am. i 1881: homestead i Campbell Co. SD.
    Sonen Lawrence hadde ein god ven og granne i Mr. Knight. Dei lånte og bytta mykje innbyrdes.
    Så vart det til at båe familiane vart oppløyste. Det skjedde same dagen, og nabokona vitna i båe sakene. Deretter køyrde dei i ein bil over grensa til Canada og fekk ekteskaps-løyve på dagen. Lawrence og grannen bytta koner, og køyrde sidan heim att i same bilen med ny kone. Båe partar uttala etterpå at dei vart mykje lykkelegare. (1414) nr 68 s 52
2. Ola Olson Rikansrud Sletto 08.06. 1838-1921
G 1880 m Birgit Olsdtr. Underberget. Sjå øvre Sletto, gnr. 15/6.
3. Ragnhild Olsdtr. Rikansrud Hjallen 17.02. 1840-1927
G 1864 m Kitil Kitilson Hjallen, gnr. 19/2.
4. Eirik Olson Rikansrud Torpo 06.01. 1842-1930
Ugift. Budde i Torpo. Han reiste til Am. i 1866 og kom attende før 1900.
    Eirik tok seg fritt land som var utan skog. Så planta han til jorda, og tok seg nytt land etter lova. Til sist hadde han 200 acres land. Etter i 29 år i Am. ville han leve alderdomen i ro og fred i heimelandet.
5. Guri Olsdtr. Rikansrud Torpo 30.12. 1843-1924
G 1867 m Eivind Knutson nordre Torpo, gnr. 9/1.
6. Svein Olson Rikansrud 22.03. 1846-1874
Svein fekk utflyttingsattest 1866. Han vart ihelslegen av lynet.
7. Ola Olson Rikansrud 05.10. 1848-1850
8. Ola Olson Rikansrud 14.06. 1851-
G 1881 m Ambjørg Torkjellsdtr. Sire 1860-.... . Barn: Ola 1880- gm Margrete Dahl (ingen barn); Gunhild 1881- "Gunda" i Sioux Falls; Torkjell 1883- , farmar i Lincoln Co. SD, gm Ella Stubberud (6 barn); Svein 1885- farmar i Brookings Co. SD, gm Emma Sørenson (3 barn); Randi 1886- ; Erick 1888- .
    G 1895 m Ragnhild Halvorsdtr. Nyhus. Barn: Erik 1895- ; Helmer ....- ; Oscar ....- ; Alvin ....- ; Gina 1898- , stenograf; Alma 1900- ; Mabel ....- , lærar; Esther ....- .
    I 1877 fekk Ola utflyttings attest for å busette seg i Kristiania. Reiste 1895 vidare til Kanton i S-Dakota med "Rolla" 1881. (Billett: kr 434,82 mor, far og barn). Busett Lincoln Co SD.
9. Tolleiv Olson Rikansrud 24.02. 1854-1859
10. Knut Olson Rikansrud 20.01. 1858-1873
*Barnebarn
1. Ragnhild Knutsdtr. Rikansrud 19.02. 1842-
Gm ... ... ... og busett "utanfor" i 1893. Truleg gift i Grue i 1860 med Tosten Halvorsen f. 1834 Selberg, Grue. Barn: Tea 1879- . Ukjent opphaldstad i 1920.
    Foreldre: Knut Kristenson Syrakslåtta m/ Kristi Olsdtr. Rikansrud.
   
2. Ragnhild Sveinsdtr. Torpo 27.05. 1850-
Ukjend lagnad.
    Foreldre: Svein Olson Rikansrud m Margit Syversdtr. Torpo.

Ola fekk skøyte på halve Rikansrud i 1810 for 600 rd. Ola og Ragnhild Olsdtr. gifte seg i 1817. Ragnhild døydde av blodstyrtning. Ola vart attgift 1835 med Gunhild Knutsdtr.
    I 1823 kjøpte Ola garden Barskrind på auksjon for 560 spd. Frå før hadde Ola pant for 68 spd i garden. Ola delte Rikansrud mellom sønene Svein og Halvor.

{961} År: 1846c

Svein Olson Rikansrud 18.07. 1817-1884
Foreldre: Ola Sveinson Rikansrud og Ragnhild Halvorsdtr. Berg frå Gol.
Gm Ingeborg Persdtr. Kvelprud Rikansrud 24.09. 1828-1868
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Ambjørg Olsdtr. Reiersgard Tormodsgard.
*Barn
1. Per Sveinson Rikansrud 15.02. 1850-1855
2. Ola Sveinson Rikansrud 10.03. 1853-
Til Am. 1898.
3. Ragnhild Sveinsdtr. Rikansrud 08.02. 1855-
I tenest på Viul på Ringerike. Seinare budde ho og broren Tolleiv på Harnvoll på Konnerud i 1920.
4. Per Sveinson Rikansrud 03.07. 1857-1873
5. Tolleiv Sveinson Rikansrud 14.10. 1860-
Han og systera budde på Harnvoll på Konnerud i 1920.
6. Ola Sveinson Rikansrud 03.03. 1864-
Busett i Dakota.
7. Svein Sveinson Rikansrud 05.06. 1868-
Til Am. 1868.

Svein og Ingeborg gifte seg i 1853. Ingeborg døydde i barsel 1868.
    Svein selde frå plassen Rikansrudjordet i 1854 til broren Arne, og i 1864 selde han frå heimstølen Langedokken.

{962} År: 1851

Halvor Olson Rikansrud 24.01. 1819-1884
Foreldre: Ola Sveinson Rikansrud og Ragnhild Halvorsdtr. Berg.
Gm Guri Rasmusdtr. Storedal Rikansrud 08.01. 1811-1886
Foreldre: Rasmus Olson Barskrind Storedal og Margit Olsdtr. Ivarslien (Gol).
*Barn
1. Rasmus Halvorson Rikansrud Rikansrudjordet 00.07. 1846-1920f
G 1886 m Birgit Torsteinsdtr. Moen-eie frå Hol. Sjå inderstar.
2. Ragnhild Halvorsdtr. Rikansrud 02.06. 1850-1873
Ug.
3. Margit Halvorsdtr. Rikansrud Barskrindgjøta 19.07. 1851-1935
G 1885 m enkjemann Håkon Eivindson Rudsgjøta, gnr. 18/13.
4. Kristi Halvorsdtr. Rikansrud 11.04. 1853-1853
5. Kristi Halvorsdtr. Rikansrud 21.05. 1854-1854
6. Kristi Halvorsdtr. Rikansrud 01.04. 1860-1940
Kristi var lenge i tenest utanfor bygda. Ugift, budde seinare i Rudsjøta.

NB. Halvor hadde gardparten bnr. 1 som var frådelt garden frå 1851 til 1898. Halvor og Guri gifte seg i 1846.
    Halvor Olson kjøpte eigedomen hjå far sin i 1851. I 1888 vart garden selt på auksjon til Ola Sveinson Rikansrud (født 1853). Då var Rikansrud samla att, men det var tronge tider økonomisk. Det vart ny auksjon i 1894. Ola Sveinson reiste til Amerika i 1898.
   

{963} År: 1898

Vilhelm Halvorson Petterbråten Lagmannsgard 13.08. 1866-1955
Foreldre: Halvor Johanneson Petterbråten og Ingebjørg Olsdtr. Laggarbråten, Gol.
Gm Ingeborg Halvorsdtr. Lagmannsgard 03.12. 1881-1960
Foreldre: Halvor Syverson Vealhaugen Lagmannsgard og Birgit Olsdtr. Lagmannsgard, Gol.
*Barn
1. Halvor Lagmannsgard 20.08. 1912-1984
Gm Marit Jensdtr. Kveim, Nes. Barn: Bjørg 1940- var gm Jørgen Bogen (3 barn); Viel Ingunn 1943- var gm Jørgen Frantsen (3 barn); Reidar 1944-1996 gm Inger Eriksen (4 barn); Ingeborg 1946- gm Walter Nordahl (3 barn). Halvor var bonde på Lagmannsgard i Gol.

I 1898 kjøpte Vilhelm garden Rikansrud hjå Nes Sparebank for 9500 kr.
    Vilhelm og Ingebjørg gifte seg i 1911. Vilhelm var smed. Han bygde opp garden, og selde att i 1911 for kr 24000. Dei kjøpte Lagmannsgard i Gol.