Sveinsrud gnr. 17 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Sveinsrud gnr. 17 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Det gamle namnet på garden var Bakke, på Bakke. Garden fekk namnet Sveinsrud etter Svein Knutson som var bonde frå 1631.
    Frå gamalt låg Sveinsrud eller Bakke under Ruud, og det vara til etter 1693. Men garden kom i skattelistene kring 1650. Garden vart kalla rudningsplass i 1664. Sveinsrud hadde 1 laupsbol i landskyld.
    Sveinsrud vart øydelagd av skridene i 1860. Ei ny stugu vart sett opp.
    Areal 1865: 2 mål åker, 4 mål naturleg eng. Avling: 1 3/4 tunne bygg og 1 1/2 tunne potet.
    Garden har ingen stølar. Og det meste av skogen vart fråselt i 1855 og 1864.
    I 1936 vart Sveinsrud seld til eigaren av Ruud. Stugu vart kårstugu i Ruud.
   
{994} År: 1787
Mikkel Toreson Hove 22.02. 1745-1811
Gm Ragnhild Eiriksdtr. Rikansrud.
Foreldre: Tor Mikkelson Hove og Birgit Henriksdtr. Huus.
Mikkel Hove kjøpte Sveinsrud på auksjon i 1787 for 40 rd. Etter han var Tomas Olson Gåsterud eigar fram til 1792.
    I 1798 hogde eigaren Mikkel T. Hove noko skog, og vart stevna av grannene for hogst. Dei meinte han hadde hogd for meir enn 1 laupsbol i felles skog.
{995} År: 1792
Holge Knutson Ruud Hellingbrenna 1753-1828
Foreldre: Knut Holgeson Ruud og Birgit Knutsdtr. Helling.
Gm Haldis Halvorsdtr. OpheimsBråten Sveinsrud 21.02. 1762-1829
Foreldre: Halvor Olson Opheim OpheimsBråten og Birgit Olsdtr. Eikre (Gol).
*Barn
1. Birgit Holgesdtr. Sveinsrud 14.01. 1787-1851
G 1810 m Hermann Person Kvelprud Sveinsrud. Sjå neste hushald.
Holge og Haldis gifte seg i 1786. Holge kjøpte Sveinsrud i 1792, men står likevel som husmann i FT1801! I 1805 kjøpte Holge Brennene under Helling. Sveinsrud vart seld til svigersonen i 1811.
{996} År: 1811
Birgit Holgesdtr. Sveinsrud 14.01. 1787-1851
Foreldre: Holge Knutson Sveinsrud og Haldis Halvorsdtr. OpheimsBråten.
Gm Hermann Person Kvelprud Sveinsrud 25.05. 1783-1854
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Anne Tolleivsdtr. Bjella.
*Barn
1. Anne Hermannsdtr. Sveinsrud Tufteslåtta 02.02. 1812-1879
G 1839 m Bjørn Olson Storedal Tufteslåtta, sjå Tuftebråten, gnr. 4/41.
2. Holge Hermannson Sveinsrud Tufteslåtta 02.08. 1814-1900
G 1856 m Ingeborg Torsdtr. Rudningsdokken, sjå Tufteslåtta, gnr. 4/39b.
3. Per Hermannson Sveinsrud Kolsrud 29.06. 1816-1887
G 1853 m Marte Halvorsdtr. Garden Opheim. Sjå Kolsrud, gnr. 14/2.
4. Ola Hermannson Sveinsrud 01.02. 1819-
Død liten.
5. Knut Hermannson Sveinsrud Granlien 14.08. 1822-1907
G 1860 m Birgit Torkjellsdtr. Haugo. Sjå neste hushald.
6. Haldis Hermannsdtr. Sveinsrud 11.09. 1824-1900
Ug. (1345) Ho levde av spinning. I 1875 var ho inderst i Storedalsplassen.
7. Syver Hermannson Sveinsrud Opheimshaugen 02.01. 1827-1918
G 1875 m Guri Knutsdtr. Larse-hagen. Sjå Opheimshaugen, gnr. 22/63.
8. Birgit Hermannsdtr. Sveinsrud Slettene 23.05. 1833-1912
G 1866 m Håkon Olson Dølahaugen, gnr. 22/231. G 1872 m Tor Syverson Haugo Sletten, gnr. 22/47
Birgit og Hermann gifte seg i 1810. Hermann var ute i krigen 1807-14.
   
{997} År: 1855
Knut Hermannson Sveinsrud Granlien 14.08. 1822-1907
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud .
Gm Birgit Torkjellsdtr. Haugo Granlien 13.04. 1833-1898
Foreldre: Torkjell Syverson Glomsletten Tveito Haugo og Sissel Eiriksdtr. Brattegard.
Knut og Birgit gifte seg i 1860. Barna, sjå Vesledal.
    Under storflaumen i juni 1860 vart Sveinsrud øydelagd. Det hadde striregna i mange dagar, og vatn fløymde alle stader. Birgit, som var aleine heime, stod og såg at skridene losna oppe i lia, og at det bar rett mot husa. Ho sprang inn i stugu og sette seg på ein krakk med stakken over hovudet, og venta det verste. 3 skrider sopte med seg stugu, og det bar nedover lia med bulder og brak. Skrida stansa fyrst nede på Skjerping-jordet. Då hadde stugu brotna.
    Kona på Skjerping, som nett hadde løyst kyrne, høyrde eit sørgeleg "au" bortanfrå skrideløpet. Og der låg ho Birgit halvt nedgravt i jord, men i live. Åtte dagar seinare fødde Birgit eit barn, men det var dødt. Til alt hell hadde Knut og Birgit hatt dei fleste krøtera på stølen om morgonen same dagen. (1016) s 44. Dei flytte då til Granlien. Knut og Birgit levde som kårfolk hjå dottera Birgit i Vesledal.
   
{998} År: 1884
Haldis Ivarsdtr. Vesledal Sveinsrud 15.10. 1836-1925
Foreldre: Ivar Knutson Kolsrud Vesledal og Gunhild Syversdtr. Storedal.
Då Haldis vart enkje etter Tolleiv Sveinson Bekkestad Vesledal, selde ho Vesledal og kjøpte Sveinsrud i 1884. Sjå Vesledal.