Ruud, søre gnr. 18 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ruud, søre gnr. 18 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden Ruud ligg midtlies i Opheimsgrenda, 600 m rett opp for Torpo kyrkje. Truleg vart garden rydda i tidleg mellomalder.
    I skattelistene: 1588-1590: "Rudt som brug till Hellinng" - slåttelending 1/2 skill. 1598-1608: "Ruud" slåttelending 2 skinn. Ruud var altså underbruk til Helling. I 1670 vart Ruud skattlagt som øygard.
    Plassen 'Bakke under Ruud i Torpo' er nemnt i eit skifte frå 1714.
    Stadnamn: Brattåkeren, Humlegarden, Rugåkeren,
    Stølar: heimstølar: Grasbakken (I 1690 heitte det at Grasbakken alltid har lege under Ruud) fråselt i 1866 og tilhøyrer Gåsterud; Vermelia (løe) og langstøl på Gaurhovdstølen.
    I 1840 vart garden Ruud delt i to. Den nordre delen vart deretter delt opp og selt. Bruksnr. 1, 2 og 5 utgjer idag eigedomen Søre Ruud.
    Areal 1865: 17 1/2 mål dyrka jord, 59 naturleg eng og 38 mål utslått. Avling: 19 tunner bygg og 17 tunner potet.
    Areal 1995: 45 mål dyrka jord, anna jbr. 20 mål, prod. skog 600 mål, anna utm. 25 mål.
    Våningshus bygt 1965, kårhus 1860, loft, eldhus, smie, driftsbygning med stall og fjøs 1939. Buskap 60 vinterfôra sauer.
   
   

{1007} År: 1759

Knut Holgeson Ruud SireTræet 1717-1802
Foreldre: Holge Sanderson Ruud og Turid Helgesdtr. Hamarsbøen.
Gm Birgit Knutsdtr. Nubgarden Helling 1718-1776
Foreldre: Knut Solveson Helling og Dordei Nubsdtr. Torpo.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Knutson Ruud 1743-
Barn: Ola 1768- m/Kristi Olsdtr. Medhus. I 1769 fekk han barn med Olaug Guttormsdtr., tenestjenta hjå Anders Bjerke på Norderhov: Kirsti 1769- ?(Norderhov KB)
    1771 vart Knut dømt til å betale ei gjeld på 42 rd til Kaptein Johan Gout av Jarlsberg grevskap. 8 rd i sakskostnad kom i tillegg. Knut var skulemeister i 1775. Då hadde han vel lært såpass at han kunne advare ei jente mot 'løsaktighed'.
2. Tolleiv Knutson Ruud Ruud 1744-1805f
3. Margit Knutsdtr. Ruud Gåsterud 04.04. 1747-1805f
4. Sander Knutson Ruud Skrattegard 23.02. 1749-1805
Sjå 1798-hushaldet.
5. Rasmus Knutson Ruud Håheim 03.10. 1751-1832
G 1775 m enkje Sissel Olsdtr. Håheim, gnr. 71/1.
6. Holge Knutson Ruud Hellingbrenna 1753-1828
G 1786 m Haldis Halvorsdtr. Opheimsbråten. Sjå Sveinsrud, gnr. 17/1 og Hellingbrenna, gnr. 20/4.
7. Turid Knutsdtr. Ruud Hellingberget 22.08. 1756-1805f
G 1777 m Jørgen Person Hellingberget, gnr. 20/12a.
8. Tolleiv Knutson Ruud Ruud 27.12. 1758-1805f
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Knutsdtr. Ruud 1778-
Gm ... ... , Romerike. (heitte det ved eit skifte i Ruud 1805 etter farbroren Sander.
2. Knut Knutson Ruud 07.07. 1781-

Knut var soldat og fekk avskjedspass i 1745. Etter lova hadde soldatar prioritet på bygsling av benifisert gods, og han stevna difor presten Hr. Ribe og mågen Solve Knutson Torpo i 1750 for bygsla på Nubgarden. Men ettersom han han allereide åtte og dreiv odelsgarden Ruud, førte ikkje saka fram. Knut hadde Gåsterud nokre år, deretter var han to år i Ruud (odel og åsete) før han flytte til Finnesgarden.
    I 1759 fekk han skøyte på Ruud hjå Helge Gåsterud m.fl. Knut lånte 400 rd i 1764. Han hadde dottera Birgit i 1764 med Birgit Ivarsdtr. Finnesgard i Gol. (Gol V s 396) Etter Kongeleg resolusjon i 1765 vart Knut ilagt 8 dagar på vatn og brød for legemål i ekteskapet.
    Knut skreiv seg Ruud eller Gubberud i 1774. I 1779 var det takst og utpanting i Ruud: arvingane i Rikansrud fekk dom for eit krav på 848 rd. Taksten var 850 rd.
    Knut gifte seg opp att med enkje Birgit Olsdtr. Opheim Træet (Tretterudhaugen) under Sire. I 1786 selde Knut Træet til stesonen Eilev Toreson for 80 rd og kår. (Kår: framfødd 2 geiter, til bruk: ein åker synst og nedst på plassen.
    Knut stevna 1797 Nils K. Ruud for innreiinga i tre stuguhus.

{1008} År: 1785


Svein Olson Skottebøl i Rikansrud kjøpte garden Ruud i 1785 og selde att i 1788 med fortenest på 1 rd. Han selde frå Sveinsrud. Sjå meir om han i Rikansrud.

{1009} År: 1788

Birgit Larsdtr. Løyte Ruud 1771-1826
Foreldre: Lars Syverson Ruud Løyte og Barbro Olsdtr. Medgarden eller Skjervheim.
Gm Nils Knutson Opheim Ruud 20.01. 1765-1849
Foreldre: Knut Halvorson søre Opheim og Gunhild Embriksdtr.Torset.
*Barn
1. Barbro Nilsdtr. Ruud 12.08. 1787-1801f
2. Barbro Nilsdtr. Ruud 24.08. 1788-1801f
3. Gunhild Nilsdtr. Ruud 07.03. 1790-1801f
4. Barbro Nilsdtr. Ruud 04.12. 1791-1801f
5. Lars Nilsson Ruud 26.05. 1793-1840
G 1822 m Kari Olsdtr. Skjervheim. Sjå 1825-hushaldet.
6. Gunhild Nilsdtr. Ruud Huus 24.03. 1796-1873
G 1819 m Knut Levorson Huus Ruud, sjå Huus, gnr. 112/6.
7. Knut Nilsson Ruud 30.12. 1798-1884
G 1832 m Anne Anfinnsdtr. Storøyn 1811-1896. Barn: Anfinn 1833-1905 g 1866 m Barbro Arnesdtr. Turhus; Nils 1836-1920 g 1883 m Ragnhild Østensdtr. Jupedalen; Birgit 1839-.... g 1861 m Endre Tolleivson Glitre til Am.; Lars 1842- til Am.; Birgit 1846- gm Knut Ivarson Flaget til Am. ; Anne 1850- gm Nils Clausen til Am.; Barbro 1855-1948 g 1887 m Ola Person Rønnaughaugen Hanska, Gol.
    Storøyen i Gol fekk hard medfart under flaumen 1861. Heile bruket låg under vatn, og folk møtte røme til
    ein heimstøl. Men Knut ville ikkje reise, han budde i loftet til flaumen gav seg.
    Åker og eng vart såpass skadd at skylda vart nedsett med 16 skilling. Etter flaumen flytte dei på heimstølen i Øynelie i Grønlio.
8. Barbro Nilsdtr. Ruud Sveinsgard 29.11. 1801-1878
G 1826 m Hans Nilsson Sveinsgard Sire.
9. Bjørn Nilsson Ruud 03.03. 1805-1806
10. Bjørn Nilsson Ruud 08.05. 1807-1814
11. Botolv Nilsson Ruud Vestenfor 09.07. 1810-1884
G 1836 m enkje Kristi Sveinsdtr. Rikansrud Hagen, gnr. 8/1.

Nils kjøpte Ruud for 930 rd i 1788. Han selde frå 1788: skogen vest for Hesttjønn, sameigeskog Torpemoen og Sire for 198 rd.
    Nils Knutson tapte ei odelssak i Over-retten i 1798, og måtte skøyte garden frå seg i 1799 for 1400 rd. Etter 3 månadar selde kjøparen garden attende til Nils for 1798 rd og kår.
    Kår: framfødd 3 kyr og 9 småfe, 6 tunner bygg; 3 settung salt; 1/3 av humle som vert dyrka på garden m.m.

{1010} År: 1798

Sander Knutson Ruud Skrattegard 23.02. 1749-1805
Ugift. Foreldre: Knut Holgeson Ruud og Birgit Knutsdtr. Helling.

Sander vann odelssaka mot Nils Knutson Ruud i Over-retten i 1798, og fekk skøyte på garden i 1799 for 1400 rd.
    Etter 3 månadar selde Sander garden attende til Nils for 1798 rd og kår: 1 mål åker øvst på Smiuåkeren som han sjølv ville dyrke (Nils skulle halde ploghest og møk, agner og halm skulle Sander ha), framfødd 1 ku, varmt hus i den vesle stugu på garden. Sander tok på seg ei vekes ljå-slått i fire år med fri kost hjå Nils. (1259) s 373
    Dei siste åra var han dagarbeidar busett på Skrattegard. På skiftet 1805 var netto eige 598 rd.

{1011} År: 1825

Lars Nilsson Ruud 26.05. 1793-1840
Foreldre: Nils Knutson Opheim Ruud og Birgit Larsdtr. Løyte.
Gm Kari Olsdtr. Skjervheim Ruud 25.09. 1800-1893
Foreldre: Ola Nilson Krosshaug Skjervheim og Mari Syversdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Nils Larsson Ruud 19.02. 1823-1910
G 1852 m Ragnhild Persdtr. Huserjordet. Sjå neste hushald.
2. Mari Larsdtr. Ruud Skjerping 16.10. 1824-____
G 1849 m Johan Nilsson Sire/Skjerping.
3. Ola Larsson Ruud 15.08. 1826-1870
Ugift. Barn: Margit 1857- m Sissel Syversdtr. Opheim. (Ola var utan livsarvingar i 1870); Ingebjørg ... m/Ingrid Sveinsdtr. Løken, Hems. (1235) s 157
4. Birgit Larsdtr. Ruud 20.06. 1828-1912
G 1855 m Svein Olson Skjerpinghaugen Medhushaugen.
5. Bjørn Larsson Ruud Brenna 10.03. 1830-1909
G 1864 m Kari Hermannsdtr. Breibrenna. Ingen barn. Sjå Nedre Brenna, gnr. 20/12.
6. Gunhild Larsdtr. Ruud Kolsrud 26.10. 1832-1909
G 1859 m Kitil Solveson Kolsrud. 4 barn. Til Am. Gravlagt i Old West Paint Creek Cemetery in Center Twp, Allamakee County, Iowa.
7. Anne Larsdtr. Ruud Barskrindhaugen 18.09. 1834-1929
G 1866 m Ola Håkonson Torsteinslåtta Barskrindhaugen. Sjå Petterhaugen, gnr. 19/1a.
8. Borghild Larsdtr. Ruud Nilsson 06.06. 1836-
Gm Peder Nilsson Ringebo. Flytte ut, fyrst til eit bruk i Spydeberg i 1871, sidan til Vatterville, Allemakee Co. Iowa.
9. Kari Larsdtr. Ruud Breidekko 09.05. 1840-1884
G 1879 m enkjemann Ola Olson Sørbøen Breidekko.
    Barn: Lars 1878- .... til Am. gm Kari .... busett i Hills, MN; Kari 1879-1881; Mekkel 1882-1977 ug. busett i Oakes, ND; Kari 1884-1885.
*Barnebarn
1. Mari Olsdtr. Ruud Dekko 26.06. 1872-1946
G 1898 m Anders Amundson Dekko Opheimsøyen.
    Foreldre: Ola Nilsson Jøta-Otterdokken, Gol med Kari Larsdtr. Ruud Breidekko.

Lars og Kari gifte seg i 1822. Lars fekk skøyte på garden Ruud i 1825. Han lånte 300 spd hjå Lasse Hauge frå Lærdal i 1835. Avl. 1855.
    Lars var omgangskule-lærar ei tid, og han hadde ymse offentlege verv. Lars var ein av dei få som kunne "Preste-pina" på rams. (Ei bibelhistorisk spørsmåls-samling).
    Lars hjelpte sjuke folk med gamal folketru: han gjekk aleine inn i kyrkja på torsdags-netter og lånte altarduken. Dei rekna at den sjuke ville få helsebot av å sova i altarduken ei torsdagsnatt. Men duken måtte leggjast på plass før solrenning fredag morgon. (Mehlum 1905/12.)
    Netto eige 150 spd. Garden var delt mellom sonen Nils Larsson og Embrik Olson Ruud. Som enkje delte Kari garden i to delar i 1840, den nordre delen selde ho til Embrik Opheim. Sjå bnr. 2.

{1012} År: 1847

Nils Larsson Ruud 19.02. 1823-1910
Foreldre: Lars Nilsson Ruud og Kari Olsdtr. Skjervheim.
Gm Ragnhild Persdtr. Huserjorde Ruud 30.07. 1826-1919
Foreldre: Per Olson Huserjordet og Ingrid Aslesdtr. Helling.
*Barn
1. Lars Nilsson Ruud 06.07. 1852-1942
Ugift. Han arbeidde på garden.
2. Kari Nilsdtr. Ruud Rygg 11.12. 1854-1938
G 1875 m em. Ola Kitilson Rygg i Hol. Barn: Ragnhild 1876-1963 gm Ola O. Vestaforslåtta, Torpo; Anne 1877-1903 - lærar, gm Torstein Larsson Øvrejorde; Sunnev 1880-1964 ug. var heime; Anne 1881- gm Elling Olsen Breili i Brekkebygd i Kr.herad; Kitil 1883-ung; Kitil 1885- ug. var heime; Ingrid 1887- gm Sigurd Syverson nedre Åker; Nils 1890- gm Birgit Olsdtr. Øyn-Heggeset; Hermann 1893- til Am. gm ... .
3. Ingrid Nilsdtr. Ruud Kolsrud 17.01. 1860-1895
Gm Halvor Person Kolsrud.
4. Per Nilsson Ruud 04.01. 1864-1954
G 1896 m Kari Botolvsdtr. Jordet. Sjå neste hushald.
5. Nils Nilsson Ruud 14.12. 1867-
G 1894 m Kari Ivarsdtr. Opheim. Markarbeider.
    Til Am. med Montebello frå Oslo 1894. Til Waukon, Iowa.
*Barnebarn
1. Ragnhild Hermannsdtr. Ruud Opheim 19.04. 1885-
G 1904 m Per O. Karigarden Opheim. Barn: 5, derav Rangdi 1904, Ola 1906, Ingrid 1907. Til Am. i 1909: Solerno, Tripp Co. SD.
    Ragnhild las i avisene i Amerika i 1935 at Per Kolsrud var død. Stor vart gleda 60 år seinare då halvbroren Per Kolsrud vart med Hallinglaget på Amerikatur og fekk møte henne. Det var 'Per Kolsrud' i grannegarden som gjekk bort i 1935.
    Foreldre: Hermann Helgeson Gåsterud (ungkar og handelskar) med Ingrid Nilsdtr. Ruud.

Nils og Ragnhild gifte seg i 1852. Nils brukte både Ruud og Rotebakke (72e) i 1865. Dei bygde stugu som enno står på garden. I 1905 selde dei garden for 4020 kr og kår.