Valdresplassen gnr. 18 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Valdresplassen gnr. 18 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Valdresplassen vart også kalla Ruuds-eie. Namnet Valdres-plassen kjem nok av eit kallenamn på Embrik Nyhus. Han hadde vore i Valdres ei tid før han kom hit.
    Denne plassen er det som var att av Nordre Ruud etter at garden vart selt i smått. Valdresplassen låg nedunder det vestre hjørnet av jordet til Ruud. I dag er eigedomen slege saman med gnr. 1.
    Ragna Haugo selde frå innmarka som 'Bratterud' bnr. 46 til søre Torpo. Skogen heldt ho att.
{1019} År: 1880c
Embrik Hermannson Nyhus Ruud 12.05. 1837-1875
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Margit Olsdtr. Skjerping.
Gm Kari Olsdtr. Skard Ruud 1834-1913
Foreldre: Ola Olson Eikre og Barbro Olsdtr. Skard, Hemsedal.
*Barn
1. Margit Embriksdtr. Rudsjorde 05.03. 1860-
Barn: Barbo ....- . I 1875 budde Margit hjå tanta Anne Olsdtr. i Hemsedal. Etter vedtak i fattigkommisjonen i 1882 skulle ho sendast til heimstavnen i Aurdal. Lars Olson Kjørnes-eie frå N-Aurdal var leigd for å hente jenta. Då han kom, sprang ho til skogs og gøymde seg.
    Mora sa at dei kunne hente til hausten. Frå Ulnes sokn bad dei om at ho vart sendt over saman med ein frå Hallingdal. Slutten vart at Ulnes sokn skulle betale for Margit der ho var.
    Margit vart sett bort på arbeid, og gjorde nytte for seg slik at folk baud under kvarandre i fattigkommisjonen for å få henne hjå seg.
2. Birgit Embriksdtr. Nyhus Øksne 18.06. 1864-1934
G 1892 Strømsø m Karl Simensen Øksne, Lier 1870-1905. Barn: Ågot 1892-1959; Sigurd Engebret 1895-1895; Sigurd Engebret 1895-1908c; Jørgen Herman 1897-1971; Gudbjørn 1901-1902; Guttorm 1903-1904.
    Birgit vart attgift med Kristian Svendsen Baskerud. Barn: Bjarne ....- ; Svend ....- .
    Karl og Birgit hadde Elvestad/Mellom Øksne i Lier i 1900. Birgit og Kristian selde garden og flytta til Drammen i 1916. (epost Sverre Øksne)
3. Barbro Embriksdtr. Nyhus Ruud 29.12. 1866-
Ukjent lagnad.
4. Kari Embriksdtr. Ruud Antonsen 27.01. 1869-
Gm Rudolf Antonsen, Skoger til Berg i Sande. Barn: Arthur 1900- ; (FT 1900)
    Til Drammen på tenest i .... . Rudolf var "hustømmermand for egen regn. og Jordbruger selveier".
5. Hermann Embrikson Opheimshaugen Ruud 02.05. 1873-1877
Embrik budde på Hippe i N-Aurdal i 1864 og dottera Margit (f. 1860) budde hjå ei tante i Hemsedal. Dei budde på Nyhus ei tid, var sidan i Opheimsjordet før dei kom til Ruud kring 1880. Embrik var sylvsmed.
    Det fortelst at Kari vart bore på ein stige frå Valdresplassen på sine gamle dagar. Ho budde hjå sonen Hermann i Rudsjordet dei siste åra.