Rud/Rudsjorde gnr. 18 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rud/Rudsjorde gnr. 18 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Eigedomen Rud eller Rudsjordet er samanslege av bruksnummer 9 og 14. Bnr. 9 vart frådelt i 1900. Garden ligg mellom Ruud bnr. 1 og Søre Helling. Rud vert brukt under Helling bnr. 9.
    Husa på garden er ei påbygd stugu og uthus. Stugu vert leigt ut til turistar.
    Areal: 21 mål dyrka jord og 19 mål anna areal. Vanleg buskap i 1930-åra var 1 hest, 3 kyr og 10 sauer. I dag er det omlag 50 mål dyrka jord.
    Stølar. Heimstølen Ringhovdstølen er tilkjøpt. Stølen har rett for 3 lb. og fiskerett i austre Øknene.
   

{1020} År: 1866

Kitil Kitilson Barskrind Hjallen 17.09. 1840-1926
Gm Ragnhild Olsdtr. Rikansrud. Foreldre: Kitil Sanderson (Løyte frå Hol) og Barbo Arnesdtr. Trageton.

Kitil Barskrind kjøpte eit åkerstykke kalla Rud bnr. 9 i 1866.
    Truleg har han bygd hus på bruket, men av kyrkjebøkene det ser ikkje ut til at han har budd her. Kitil selde til Lars Dølahaugen i 1877.

{1021} År: 1877

Lars Herbrandson Sørbøensmoen Rud 31.08. 1841-1877
Foreldre: Herbrand Herbrandson Bråtalien Sørbøensmoen og Astrid Olsdtr. Haugstad (Gol).
Gm Birgit Halvorsdtr. Huserjorde Dølahaugen Ruud 07.11. 1853-1926
Foreldre: Halvor Solveson Haugo (ungkar) og Margit Persdtr. Huserjorde.
*Barn
1. Astrid Larsdtr. Dølahaugen Grøthe 21.06. 1872-1963
G 1893 m Knut Asleson Grøthe, (Hemsedal) Dølahaugen. Barn: Asle 1894-1960; Lars 1897-1985; Knut 1901-01. Sjå barnebarn.
    Knut var emisær. Dei reiste til Am. våren 1900, men Knut døydde alt fyrste hausten. (Malaria.) Då reiste Astrid og barna heim att til Ål. Ho budde hjå onkelen i Brøtahaugen.
2. Herbrand Larsson Dølahaugen Ruud 06.01. 1874-1946
Ug. I 1900 var han dreng på Nordby i Lier. Herbrand reiste til Am. i 1907. Farmar i Montana.
3. Ola Larsson Dølahaugen Ruud 23.11. 1875-
Gm Karoline ... . Barn: Olaf ....- ; Astrid ....- ; Margit ....- gm ... Smeby (har hytte i Grøndalen i Hemsedal.)
    Ola budde i Oslo og arbeidde på bryggeri.
*Barnebarn
1. Asle Knutson Grøthe 15.04. 1894-1960
G 1930 m Sissel Kitilsdtr. Medhushaugen. Sjå nordre Storedal, gnr. 6/5.
    Foreldre: Knut Asleson Grøte (Hemsedal) og Astrid Larsdtr. Rudsjordet.
2. Lars Knutson Grøthe Brøtahaugen 17.07. 1897-1974
Ugift. Sjå Bråtahaugen, gnr. 22/123.
    Foreldre: Knut Asleson Grøte (Hemsedal) og Astrid Larsdtr. Rudsjordet.
3. Knut Knutson Grøthe 07.01. 1901-1901
Foreldre: Knut Asleson Grøte (Hemsedal) og Astrid Larsdtr. Rudsjordet.

Lars og Birgit gifte seg i 1872.
    Som gutunge var Lars borte hjå andre og gjætte. Men folka på garden var ikkje snille med han. Lars gjekk og småsvalt og prøvde å finne seg mat i skogen. (Ål II s 155)
    Lars kjøpte Ruud i Opheim i 1877, men døydde same året. Lars vart ihelsparka av ein hest.
    Birgit vart attgift 1885 med Ola Olson Sisle (Gol) 1851-1914, sjå neste hushald.

{1022} År: 1885

Birgit Halvorsdtr. Huserjorde Dølahaugen Ruud 07.11. 1853-1926
Foreldre: Halvor Solveson Haugo (ungkar) og Margit Persdtr. Huserjorde.
Gm Ola Olson Sisle Ruud 18.02. 1851-1914
Foreldre: Ola Olson Ellingbråten (Nes) Sisle og Margit Oleivsdtr. Velta, Gol.
*Barn
1. Lars Olson Ruud 04.01. 1882-1956c
Tvilling. Barn: datter .... ....- som vart oppfostra i Oslo hjå Ola Larsson Dølahaugen f. 1875.
    I 1900 gjekk Lars Ruud på underoffiserskule i Kr.ania. Han budde i ei kaserne i Grev Wedels Plads 6.
    Gm Gunda ... . Ingen barn. Lars var politimann i Oslo, på Lillestrøm og deretter på Lillehammer. Gravlagt på Vingrom kring 1956.
2. Per Olson Ruud 04.01. 1882-1882
Tvilling.
3. Margit Olsdtr. Ruud 12.12. 1886-1891
4. Margit Olsdtr. Ruud 28.01. 1889-1891
5. Rangdi Olsdtr. Ruud 18.01. 1891-1971
G 1912 m Embrik Olson Reintonlien Rudsjorde. Sjå neste hushald.
6. Margit Olsdtr. Ruud 12.11. 1893-1903
7. Margit Olsdtr. Ruud 22.02. 1897-1978
Ugift. Barn Olava 1919- sjå barnebarn.
    Ei tid var ho i tenest på Hadeland. Margit kjøpte hus på Torpo. Ho var bakstekjerring og ho vov for Husfliden m.m.
*Barnebarn
1. Olava Ruud Haugo 20.04. 1919-
Gm Ivar Haugo. Sjå eige hushald. Foreldre: Eivind Olson Vestenfor og Margit O. Ruud.

Birgit fekk utlagt Rudsjordet i 1885 som enkje etter Lars Herbrandson. Sjå førre hushald.
    Birgit og Ola gifte seg i 1885. Ola var skomakar og tømmermann. Han vart kalla Sislen.