Barskrind gnr. 19 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Barskrind gnr. 19 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Barskrind vart frådelt Barskrind fyrst på 1600-talet.
    Areal 1865: 33 mål dyrka, 60 mål naturleg eng og 50 mål utslått. Avling: 29 tunner bygg og 24 tunner potet.
    Areal 1995: 190 mål dyrka jord, anna areal 120 mål, produktiv skog 550 mål, anna utmark 500 mål.
    Våningshus (hallingstugu) bygt 1708, påbygt 1931, nytt våningshus 1994, stabbur 1708, låve med stall 1967, påbygd fjøs 1978, reiskapshus/gardsverkstad 1989.
    Garden har langstøl på Hovdestølen og heimstøl på Melset. Besetning: 35 storfe, 50 vinterfôra sauer.
    Stadnamn: Halle og Haugaåkeren, Træet, Øystølen (nedlagd heimstøl), Nordre Gjøta (ei utslåtte) oppe i skogen nær Rudsgjøta.
    Ei soge: Ein kar frå Barskrind var soldat, og vart utkommandert til Holstein kring 1760. Det var politisk uro for Danmark på den tida. Då det varde og rakk utan at kona høyrde noko frå han, gifte ho seg på nytt. Då mannen omsider kom heim att, fekk han høyre at der var komen ny mann på Barskrind. Han gjekk inn i stugu og helsa, men der var ingen som kjende han att. Han bad om å få finkleda sine, og kledde på seg medan paret sat der og undrast. Då kjende kona mannen sin att, og han spurde kven ho ville ha.
    Neste dag reiste han og kona til lensmannen for å ordne opp i formalitetane. Lensmannen hadde visst sagt noko slikt som at "Den siste skal bli den første". Dermed måtte mann nr. 2 pakke sakene sine og reise frå Barskrind. Det har ikkje lykkast å finne ut kven denne mannen var. Det kan og ha vore ein gut på ein annan gard, ein gut som var frå Barskrind.
   

{1033} År: 1753

Eirik Olson Barskrind Rikansrud 1710.-1777s
Foreldre: Ola Rasmusson Barskrind og Kristi Aslesdtr. Juvsjord.
Gm Margit Olsdtr. Villand Rikansrud 1724-1793c
Foreldre: Ola Tolleivson Opsata (Blank-Ola) og Ragnhild Ellingsdtr. Villand, Hol.

Eirik kjøpte Rikansrud i 1743. Ungane, sjå på Rikansrud. Eldste sonen Tolleiv overtok Barskrind kring 1764. I 1753 kjøpte Eirik Barskrind for 325 rd hjå presten.
    Det vart fortalt korleis ho Margit uskipla gifteplanene til sonen Tolleiv. Han vart glad i ei tenest-jente som var frå Sirerudningen, men mora ville ikkje vita av jenta. Margit kommanderte sonen til å spenne for møkasleden, og deretter truga ho jenta opp i den våte sleden. Så kunne Tolleiv køyre jenta til Sirerudningen! (1553)1901
   

{1034} År: 1764c

Tolleiv Eirikson Rikansrud Barskrind 06.09. 1744-1768
Foreldre: Eirik Olson Barskrind Rikansrud og Margit Olsdtr. Villand.
Gm Ambjørg Torsteinsdtr. Skrattegard Barskrind 08.11. 1744-1786
Foreldre: Torstein Sveinson Stave Skrattegard og Margit Aslaksdtr. Hove.
*Barn
1. Kristi Tolleivsdtr. Barskrind Rikansrud 24.03. 1765-1802
Gm Svein Olson Skottebøl Rikansrud, gnr. 15/13.
2. Margit Tolleivsdtr. Barskrind 23.08. 1767-1771s
Ugift. Ho budde på Varaberg. Buet etter Margit var 80 rd.

Tolleiv og Ambjørg gifte seg i 1764. Det vart eit kort samliv. Tolleiv Barskrind vart drepen av tenestguten Lars Helling.
    Tolleiv var på vitjing på Leikvollo i november 1768. Då også Lars kom innom, fekk han beskjed om å køyre eit par beitalass for husbonden, men Lars var drukken og gav seg svært god tid. Så fekk han ny ordre hjå Tolleiv, og dermed tok krangelen til. Om litt sa Tolleiv til Herbrand Leikvoll: "Ta tå'n kniven, han er skjerput" (=ondsinna, farleg). Då fekk Tolleiv eit dødeleg knivstikk og vart liggande over dørstokken. Eilev Tullan frå Vats vart henta for å stemme blod. Men Tolleiv var død.
    Tolleiv fekk slik attest frå sambygdingane sine: han kunne vera litt hastig, men var høfleg mot alle og velta seg aldri inn på nokon med klammeri.
    I 1769 var det skifte etter 'ved morderhand afgangne mand' Tolleiv Eirikson Barskrind. I buet var Barskrind og Varaberg, og 404 rd. Ambjørg fekk utlagt senga si, 1 ku, køyresal med biksel og grime, 1 køyreslede med sele og 1 bordduk. Enkja på Barskrind flytte til Varaberg med døtrene på 2 og 4 år, og gifte seg med Torjus Olson Helling Varaberg. Ambjørg hadde arva åsetet i Varaberg på skiftet etter bestemora Ambjørg Torsdtr. i 1763.
   

{1035} År: 1794

Birgit Eiriksdtr. Rikansrud Barskrind 23.01. 1746-1831
Foreldre: Eirik Olson Barskrind Rikansrud og Margit Olsdtr. Villand (Hol).
Gm Syver Danielson Sørbøen Barskrind 1740-1801
Foreldre: Daniel Syverson Sørbøen og Anne Aslesdtr. Stave.

Syver kjøpte Barskrind i 1794. Barna, sjå Søre Sørbøen.
    I 1801 sette bøndene i Barskrind skogdele med bøndene i Helling og Kolsrud. Det vart beskrivi 13 grensesteinar like inn til Øknene. (1259) s 594
    Netto eige i 1802 var 1437 rd. Syver var gjeldfri, men byfut og sakførar Stabel hadde ei rekning til saka om skogdelene. Sørbøen vart seld til sonen Daniel i 1789 for 600 rd. Kår frå 1795: m.a. 3 tunner godt, stritt bygg, 1 kvartel rug, 1 kvartel salt, 4 mark humle og lende til to settung hampesæd, samt hest og køyrekar for køyring til stølen, kyrkja og andre stader.
    I 1814 var sonen Daniel på Barskrind hjå mora. "Forhenværende eier av Sørbøen". Han hadde odelstakst på Barskrind, men greidde ikkje å løyse garden. I ei kontrakt frå 1837 heitte det: 'Daniel vil forsørge seg selv, og Ola Nilsson Skjervheim skal ikke ha med å oppvarte han på noen måte!" Truleg budde han i ei stugu i nordre Barskrind dei siste åra fram til han døydde i 1845. Sjå om Danielplassen i innleiinga til nordre Barskrind, og sjå Sørbøen.
    Barskrind vart seld til sonen Eirik i 1800 for 600 rd og kår. Ho skifta 1803 i levande live dei 300 rd ho fekk utlagt på skiftet etter Syver.

{1036} År: 1802

Eirik Syverson Sørbøen Barskrind 13.09. 1772-1825
Foreldre: Syver Danielson Sørbøen til Barskrind og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Birgit Knutsdtr. #Gro 1776-1868.
Foreldre: Knut Knutson Grov og Ingebjørg Ivarsdtr. Rotneim Perigarden (Gol V s 461)
*Barn
1. Syver Eirikson Barskrind 29.12. 1799-1800
2. Birgit Eiriksdtr. Barskrind 25.01. 1801-____
3. Syver Eirikson Barskrind 31.10. 1802-1823
4. Knut Eirikson Barskrind 11.11. 1804-1850
Sjå 1827-hushaldet.
5. Ivar Eirikson Barskrind 24.06. 1807-1809
6. Birgit Eiriksdtr. Barskrind Martehaugen 26.02. 1810-1869
Gm Halvor Olson Medhushaugen Fossebakken u/Rotneimsøyn til Martehaugen.
7. Ivar Eirikson Barskrind 27.09. 1812-
Han var ugift i 1856 då han reiste til Bergen stift.
8. Eirik Eirikson Barskrind Dølahaugen 20.06. 1815-1849
G 1846 m Anne Torsdtr. Opheim. Sjå Ørjanshaugen, gnr. 22/54a.
9. Ola Eirikson Barskrind Rudsgjøta 14.12. 1818-1862
G 1858 m enkje Astrid Håkonsdtr. Torsteinslåtta Rudsgjøta.

Eirik og Birgit gifte seg i 1799. Eirik fekk skøyte på garden for 598 rd i 1800.
    Eirik selde garden att i 1804, men skifta meining og kjøpte han attende i 1806 for 1700 spd hjå Asle Knutson. Broren Daniel protesterte mot kjøpet, ettersom Eirik fyrst hadde selt garden til Asle Knutson. Så låg dei i odelssak i mange år Eirik og Daniel. (1536)324b
    Eirik kjøpte 1804 plassen Brenno under Helling for 450 rd. Han heldt att ein åker ved "Mussekieldbryn" og tre mål mark på Breiset då han selde i 1805. Kjøpar: Holge Knutson Sveinsrud. (1536)195b
    Det vart teke avhøyr om ei hending under våronna 1814, truleg i samband med odelssaka. Sonen Syver Eirikson køyrde møk frå hestestallen, og så kom kårkona, dvs. mor hans, drivande med geiteflokken sin som skulle til skogs. Mellom geitene var ein bukk som var glad i å stange. Brått hadde bukken teke rennefart og skrelte til hesten. Medan mora kava med bukken, stod sonesonen Syver Eirikson og skjemta over at bukken ikkje ville buføre. Dette tok ho ille opp. "Du skal nok koma til å buføre sjølv!", sa ho. "Ja, men e får bie til den dagen kjem", svara guten. Dette ordskiftet hadde nok sin bakgrunn i at no var broren Daniel tilkjent odelsretten til Barskrind, men Eirik hadde teke til med våronna i visse over at Daniel ikkje greidde å løyse den høge taksten som var sett på garden.
    Mora gjekk bort til kårstugu si, der også sønene Ola og Daniel budde, og elda dei opp til å kjefte på Eirik for våronna han tok seg til med. Deretter gauv Ola laus på kona til Eirik med heva øks, men Eirik fekk parert med ein trespade. Så kom også broren Ola med eit grev og gjekk laus på Eirik.
    Eirik fekk eit slag i ålbogen, og "vaklede ved dette drebende Hug; men som en Mand af ualmindelig Størrelse, Styrke og Constitution, blev han dog staaende uden at segne. Imidlertid vedbleve dog begge hans umennesklige Brødre, vexelvis at tilføye ham, hver med sit Morderredskab mangfoldige Slag uden at dog Ole oftere vendte den skarpe Kant af Øxen mod ham. Då brørne etterkvart såg at blodet rann, gav dei seg. Då ropte mora borte ved låveggen: "Slapp de han alt no?" "Han ska få meir ei an' gong", svara dei.
    Mora, som hadde kår av halve garden, fortalde at Eirik og kona på si side hadde fare skammeleg fram med henne. Ein ser ikkje meir til denne saka. Truleg vart karane forlikte.
    Eirik døydde på heimvegen etter ein rangel i lag med broren. Broren måtte selja garden.
   

{1037} År: 1804

Asle Knutson Helling Barskrind 1761-1837
Gm Anne Olsdtr. Medhus. Foreldre: truleg Knut Anderson Torset (Hemsedal) og Margit Olsdtr. Helling. (Flaten s 201)

I 1804 kjøpte Asle garden Barskrind for 1750 rd, men han selde att i 1806. Sjå Søre Helling og Hellingbrenna.

{1038} År: 1823

Ola Sveinson Rikansrud 12.12. 1790-1876
G 1817 m Ragnhild Halvorsdtr. Berg. G 1835 m Gunhild Knutsdtr. Medhus. Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Kristi Tolleivsdtr. Rikansrud.

I 1823 kjøpte Ola Barskrind på auksjon for 560 spd. Frå før hadde han pant for 68 spd i garden.
    I 1827 selde han Barskrind vidare til Knut Eirikson v/verge og farbror Tolleiv Syverson. Same dag selde Knut vidare til Kitil Sanderson Løyte for 900 spd. Meir om Ola på Rikansrud.

{1039} År: 1827

Knut Eirikson Barskrind 11.11. 1804-1850
Foreldre: Eirik Syverson Barskrind og Birgit Knutsdtr. Gro (Gol).

Knut var døvstum og umyndig. Ola S. Rikansrud kjøpte garden Barskrind på auksjon. I 1827 selde han Barskrind vidare til Knut Eirikson ved verga farbror Tolleiv Syverson.
    Same dag selde Knut vidare til Kitil Sanderson Løyte for 900 spd og slikt kår: 3 småfe framfødde; 2 1/2 tunne bygg, 4 bismarpund sumarsmør; 6 bismarpund gamalost m.m. Vidare skulle Knut ha bruksrett til slåtte-teigen Hjallen og to slåtter.

{1040} År: 1827.

Kitil Sanderson Løyte Barskrind 1790-1840
Foreldre: Sander Kitilson Løyte og Ragnhild Knutsdtr. Berg, Hol.
Gm Barbro Arnesdtr. Trageton Barskrind 1799-1877
Foreldre: Arne Syverson Trageton og Gunvor Johannesdtr. Verpe, Hol.
*Barn
1. Sander Kitilson Barskrind 25.12. 1821-1897
G 1858 m Sissel Syversdtr. Opheim. Sjå 1860-hushaldet.
2. Arne Kitilson Barskrind 06.03. 1824-1877f
Gm ... ... . Barn: Barbro; Anna. Til Amerika og død før 1877.
3. Eirik Kitilson Barskrind 08.11. 1825-1895
Gm Marta Eiriksdtr. Opheim 1831-1910. Barn: Carrie 1851-1941 gm Nels Anderson (9 barn); Barbro 1853-1937 g 1874 m Ola Olson Sando (7 barn); Albert 1856-1933 farma ved Estherville, g 1888 m Mary Tidemann (14 barn); Bertha Randine 1867- g 1890 m Nils Johnson (9 barn); Emma 1872-1960 gm Lars Johan Hauge (4 barn). (1345)
    Eirik reiste til Am. våren 1845 saman med Ola S. Leikvoll. Dette var vist nok fyrste året med emigrasjon frå Ål/Torpo. Busett i Esterville, Emmit Co. IOWA.
4. Gunvor Kitilsdtr. Barskrind Gunhildgard 10.11. 1828-1918
G 1858 m Håkon Bjørnson Gunhildgard til Ødegarden i Gol.
5. Ragnhild Kitilsdtr. Barskrind 24.04. 1831-1912
Ugift dagarbeiderske i 1865. Ho var arving i 1877.
6. Kitil Kitilson Barskrind 22.09. 1833-1833
7. Kitil Kitilson Barskrind Hjallen 16.11. 1835-1922
G 1864 m Ragnhild Olsdtr. Rikansrud. Sjå Hjallen, gnr. 19/2.
8. Kristi Kitilsdtr. Barskrind Torpe 14.02. 1838-1928
Gm Syver Knutson Torpo Kamberud. Barn: Knut 1864- ; Kitil 1867- ; Albert ....- farmar; + 2 døtre. Til Amerika i 1869: Lansing, Ohio. Sjå nordre Torpo, gnr. 9/1.
9. Kitil Kitilson Barskrind 17.09. 1840-1926?
Til Am.

Barbro og Kitil gifte seg i 1821. Dei kjøpte Barskrind i 1827 for 900 spd og kår.
    Skiftet etter Kitil vart halde i 1843. Då vart garden taksert til 1050 spd. Barbro gifte seg opp att i 1843. Sjå neste hushald.

{1041} År: 1843

Barbro Arnesdtr. Trageton 1799-1877
Foreldre: Arne Syverson Trageton og Gunvor Johannesdtr. Verpe, Hol.
Gm Anders Embrikson Nestegard 1806-1896
Foreldre: Embrik Halvorson Nestegard i Hovet og Jørand Olsdtr. Nerol, Hol.

Barbro gifte seg opp att med Anders Embrikson i 1843. Dei hadde ingen barn. I 1844 fekk Barbro og Anders skøyte på Barskrind. Pris 1100 spd.
    Anders og Barbro selde garden i 1852 til Rasmus Embrikson for 700 spd. Han selde att etter tre år. Sjå neste hushald. Anders og Barbro var kårfolk på garden i 1865. Buet etter Barbro var på 2821 kr.

{1042} År: 1855

Kitil Kitilson Barskrind Hjallen 16.11. 1835-1922
Foreldre: Kitil Sanderson Løyte Barskrind og Barbro Arnesdtr. Trageton.
Gm Ragnhild Olsdtr. Rikansrud Hjallen 17.02. 1840-1927
Foreldre: Ola Sveinson Rikansrud og Gunhild Knutsdtr. Medhus.

Rasmus Embrikson selde Barskrind i 1855 til Kitil Kitilson.
    Kitil delte i frå Hjallen og flytte dit då han selde søre Barskrind til broren Sander kring 1863. Endeleg frådeling fann ikkje stad før i 1876. Sjå meir under Hjallen.

{1043} År: 1860c

Sander Kitilson Barskrind 25.12. 1821-1897
Foreldre: Kitil Sanderson Løyte (Hol) Barskrind og Barbro Arnesdtr. Trageton (Hol).
Gm Sissel Syversdtr. Opheim Barskrind 25.11. 1836-1927
Foreldre: Syver Rasmusson Opheim Rasmusgarden og Gunvor Holgesdtr. Tufto.
*Barn
1. Barbro Sandersdtr. Barskrind Hansen 14.10. 1859-
Gm Assor Hansen og busett i Los Angeles. Barn: Gilbert; Sofie; Henny; Hanne; Arthur; Lovise; Margareth. Til Am. i 1880: Waukon, MN?
2. Gunvor Sandersdtr. Barskrind Underåsen 07.09. 1862-1943
G 1895 m Fritjof Svensson Ødegård i Laxerby i Sverige.
    G 1904 m Ola Hansson Rydningen (Norderhov) til Underåsen. Sjå Underåsen, gnr. 22/44.
3. Syver Sanderson Barskrind 16.06. 1865-1946
G 1897 Bragernes m Gunvor Helgesdtr. Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
4. Kitil Sanderson Barskrind Medhushaugen 10.07. 1868-1955
G 1903 m Anne Persdtr. Rimeslåtta. Sjå Medhushaugen, gnr. 21/13.
5. Ragnhild Sandersdtr. Barskrind 05.06. 1871-1871
6. Sander Sanderson Barskrind Nyhus 06.02. 1873-1963
G 1899 m Margit Hermannsdtr. Nyhus, gnr. 10/1. G 1916 Bragernes m Dordei Johannesdtr. Storedal.
7. Ragnhild Sandersdtr. Barskrind 13.07. 1875-
Gm Halvor Asleson Reiersgard "Garden". Barn: Alfred; Selmer.
    Ho var på tenest i Lier i 1897. Til Am. 1903: Jackson, MN. Sidan til Pittsburg, ND.
8. Margit Sandersdtr. Barskrind Hagen 30.06. 1878-
G 1896 m Tolleiv Sveinson Hagen. Sjå Medhusjordet, gnr. 21/5. Til Am. i 1908.
    Gm Ludvig Larsen. Barn: Lise gm ... (4 barn) Busett Sedgewick, Alberta.
*Barnebarn
1. Ragnhild Olsdtr. Barskrind 10.03. 1887-
G 1911 m Knut Sveinson Hagen. Barn: 4: derav 1 son.
    Knut var farmar og handelskar i Alberta i Canada. Ragnhild kom heim att og døydde hjå halvbroren Ivar Olson Leikvoll i Vivelstaddalen (Lier).
    Foreldre: Ola Torsteinson Sausgardshaugen Leikvoll med Gunvor Sandersdtr. Barskrind.

Sander og Sissel gifte seg i 1858. Sander hadde vore i Amerika ein tur. Han overtok garden då han kom att. Broren Kitil, som hadde drive garden i mellomtida, delte frå Hjallen og flytte dit. Sander fekk skøyte på garden i 1876.