Gjøta gnr. 19 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gjøta gnr. 19 bnr. 1b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Barskrindgjøta var husmannsplass under Barskrind. Den ligg i skogen ova Hjallen. Her var folk frå 1822 og utover til 1858. Som ventande var her ingen rikdom. "Meget ringe kår" var beskrivelsen i 1858. Plassen var fråflytt før 1865. Eit minne ligg i stadnamnet nordre Gjøta som 'skal ha vore husmannsplass'.
    Ein kan ikkje sjå at husmannen fekk rydda seg støl. I dag er det berre nokre steinar i ein hamnehage etter det som kan ha vore tuftene etter Barskrindgjøta.
   

{1054} År: 1822

Knut Embrikson Opheim Barskrindgjøta 06.08. 1786-1858
Foreldre: Embrik Knutson Opheim Embriksgarden og Guri Torkjellsdtr. Hagen.
Gm Birgit Syversdtr. Helling Barskrindgjøta 09.07. 1786-1861
Foreldre: Syver Henrikson Helling og Anne Knutsdtr. Helling.

Knut og Birgit gifte seg i 1822, men fekk ingen barn.
    Knut Embrikson bygsla Gjøta i 1822, plassen hadde vanlege rettar i skog og utmark, pluss rett til å rydde seg heimstøl og langstøl. Leiga var slått av ein dalarsteig kvar sumar. Når Knut ikkje var i stand til å arbeide lenger, var den årlege leiga 1 spd.
    Som husmann måtte Knut Embrikson yte pliktarbeid. Me finn han i husmannslistene frå 1832 til 1839. Han døydde i Barskrindgjøta som "simpel husmand i meget ringe kår".