Helling, søre gnr. 20 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Helling, søre gnr. 20 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Gardsnamnet Helling kjem av hallande lende. Hellinggardane ligg øvst i Opheim og grensar mot Ruud i aust, mot sør til Kolsrud og til vest mot Medhus. Den opphavlege Helling-garden vart tidleg delt i to, Nordre og Søre Helling med 12 laupsbol på kvar. Til sist vart gardane delte opp i 9 bruk. Innmarka låg i sterk teigblanding inntil utskifting fann stad fyrst på 1900-talet.
    Søre Helling skatta som halvgard. Landskyld 12 laupsbol. I skattelista frå 1557 er skattegrunnlaget 4 kalvskinn samt 2 album. 1577-1581 årleg skatt 4 skinn, frelse 1 album, slottelending 2 album. Frå 1588 er slottelendingen borte, og det som før var Helling vart no kalla Rud, som bruk til Helling slottelending 1/2 skill.
    Etter 1771 var det 6 laupsbol på kvar gard (bnr. 1 og bnr. 3).
    Areal 1865: 25 mål dyrka jord, 48 mål naturleg eng og 47 mål utslått. Avling: 28 tunner bygg og 24 tunner potet.
    Areal 1995: 65 mål dyrka jord, anna areal 35 mål, prod. skog 750 mål, anna utm. 200 mål.
    Stølar: langstøl på Breiset og rettar i sameiga for 6 laupsbol. Heimstøl på Rauset.
    Våningshus bygt 1988, kårhus, stabbur 1850, låve 1935, fjøs 1952, bu, reiskapshus 1989, garasje.
    Husmannsplassar: Brennene og Nettupp.
    Nedst i jordet til bnr. ligg tuftene etter Nettupstugu. Stugu her vart flytta til Opheim Embrikstugu der ho enno står. Stugu var etter måten stor, 5 x 5,5 m. Uthustufta er halvveges mura inn i bakken. Under vegbygginga i Opheimsgardane var det smie her, og vegarbeidarane kom hit for å få kvessa borene sine. (Jfr. Husmannsplassar i Torpo, O. Ellingsgard)
    Det er ingen sikker tradisjon om kven som budde her i Nettupp. Men i 1891 budde Nils Hermannson Breibrenna 1844-1922 og kona Kristi Sveinsdtr. Hagen på Helling. Nils var skreddar og inderst på Helling. Han var bror til bonden Ivar Hermannson Breibrenna Helling. Sjå eige hushald under 'Inderstar'.
   
{1085} År: 1772
Henrik Syverson Bøygard Helling 1713-1799
Foreldre: Syver Jonson Søre Bøygard og Sissel Persdtr. Bøygard.
Gm Birgit Tomasdtr. Kvelprud Bøygard 1723-1808
Foreldre: Tomas Person Kvelprud og ... ... .
Henrik og Birgit sine barn står på Bøygard.
    Det var gardsyn på søre Bøygard i 1768. I 1772 makeskifta Henrik garden Bøygard og 165 rd med Knut Larsson Helling og fekk att halve søre Helling. Henrik lånte 360 rd i 1775. Lånet vart avlyst 1787. Då var 315 rd betalt og 45 rd frådømt ved dom. Henrik kjøpte også den halve delen i garden som Rasmus Løken hadde for 800 rd.
    Henrik og Birgit tok seg kår hjå sonen Syver i 1794: vanleg kår og kvar si linskjorte "når behov gjøres".
{1086} År: 1778c
Syver Henrikson Bøygard Helling 16.02. 1751-1817?
Foreldre: Henrik Syverson Bøygard Søre Helling og Birgit Tomasdtr. Kvelprud.
Gm Anne Knutsdtr. Helling 28.11. 1751-1829
Foreldre: Knut Larsson Helling Bøygard og Margit Arnesdtr. ... .
*Barn
1. Henrik Syverson Helling 10.07. 1774-1804s
G 1797 m Dordei Knutsdtr. Søre Helling. Sjå neste hushald.
2. Ivar Syverson Helling Opheimsrudningen 15.12. 1776-1858
G 1829 m Lukris Syversdtr. Eggen Berg, Hol. Ingen barn. Dei hadde kår på Helling, men budde mest på 'en bygslingsplass'.
3. Lars Syverson Helling Stavehaugen 14.03. 1779-1861
G 1808 m Guri Steingrimsdtr. Opheim. 1786-1811. Gm Ågot Olsdtr. Langegardslåtta. Sjå Stavehaugen, gnr. 114/11.
4. Margit Syversdtr. Helling Sveen 29.02. 1784-1872
Barn: Anne Hermundsdtr. 1810-1812, sjå barnebarn.
    Gm Ole Johansen Majer-sveen, Toten. (Hans foreldre: Johan Hansen og Berte Jørgensdtr.) Barn: Berte 1817- ; Anne 1821- g 1844 m Ole Kristiansen LilleÅmot; Johanne 1823-1824; Johan 1825- overtok Majersveen, kjøpte sidan Faarås-stuen i 1870, gm Anne Marie Andersdtr. (1815-1903); Sofie 1828-1831; Anders 1830- til Lundberg i V. Toten, g 1855 m Marie Pedersdtr.
    Margit og Ole har stor etterslekt på Toten.
5. Birgit Syversdtr. Helling Barskrindgjøta 09.07. 1786-1861
Barn: Syver 1817- m/Knut Olson Medhus. Sjå barnebarn.
    G 1822 m Knut Embrikson Opheim Barskrindgjøta, gnr. 19/1b.
6. Knut Syverson Helling 08.03. 1789-____
Død før 1801.
7. Knut Syverson Helling 08.01. 1792-____
Ukjend lagnad.
*Barnebarn
1. Anne Hermundsdtr. Helling 19.12. 1810-1812
Foreldre: Hermund Anderson Gudmundsrud (ungkar) og Margit Syversdtr. Helling.
2. Syver Knutson Helling Sørbøensmoen 12.12. 1817-1886
G 1843 m Birgit Eiriksdtr. Skjerping, gnr. 12/1. Sjå Sørbøensmoen, gnr. 23/10.
    Foreldre: Knut Olson Helling (ungkar) og Birgit Syversdtr. Helling.
I 1778 kjøpte Syver halve Helling for 800 rd. Han lånte 360 rd mot pant i halve Helling.
    I 1793 selde Syver garden til sonen Henrik for 597 rd. (1221) s 427
    Syver hadde vanskar med økonomien, og dette fekk ei dramatisk utvikling. I april 1797 vart han anmeld for tjuveri av eit lass 'fedevarer' som tilhøyrde Ola Perplassen. Då hadde Syver vore på marken på Bragernes, og sidan vart han borte, var truleg reist til Sverige. Heime sat kone og barn i 'ussel forfatning' etter at kreditorane hans hadde vore innom og henta sitt. Sume kreditorar truga med å slå seg til på Helling.
    Forlikskommisjonen opplyste 28. august 1798 at Syver var borte. Det vart halde skifte etter 'den bortrømte Syver Henriksen' i 1797-98. Det var krav på 1075 rd. Etter 8 skiftesamlingar vart lausøyret og halve garden seld på auksjon, og Halvor Hagen fekk tilslaget for 908 rd. Buet var 161 rd i underskot. Og familien var i knipe.
    Kva skjedde vidare? På 1980-talet kom det eit brev frå Danmark til Norsk Slektshistorisk Forening som kan kaste lys over lagnaden til Syver. Ein slektsforskar lurte på kven "Syver Henrikson Oppen" i Randers var. Syver og venen soldat Jon Knutson Strand hadde slege seg ned i Randers i Danmark. Men her er problem, årstala samsvarar ikkje heilt. Syver var tilstades i Ål så seint som våren 1797.
    Brevet frå Danmark opplyser at: I St. Mortens kirke i Randers i 1785 vart Syver Henrikson vigd til Anne Pedersdtr. 1754-1827. Dei budde i bødkergården i Storegade og Syver arbeidde som brønnmann. I 1795 var han brønnmester. I 1801 var han vertshushaldar i Ladegårdsgade. Syver og Anne fekk barna: Zire Oppen 1786-1833 gm blikkenslager Johan Daniel Franck; Henrik Oppen 1792- skulelærar kring Ebeltoft; Mette Marie 1795- gm Knut Jonson Strand i Randers. Alle tre hadde mange barn og stor etterslekt i Danmark. (976)
    På skiftet etter Anne i 1829 var lausøyret 11 spd.
{1087} År: 1793
Henrik Syverson Helling 10.07. 1774-1804s
Foreldre: Syver Henrikson Helling og Anne Knutsdtr. Nordre Helling.
Gm Dordei Knutsdtr. Helling 01.06. 1777-1840
Foreldre: Knut Solveson Helling og Birgit Ivarsdtr. Rotneim (Gol).
*Barn
1. Birgit Henriksdtr. Helling Uthus 1799-1856
Gm Eivind Eivindson Eilevmoen Uthus, Hol. Barn: Eivind 1833-1890c til øvre Uthus i Hol, ug.; Barbro 1835-1835; Barbro 1837- g 1867 m Nils Person Kvisla i Tinn, busett i Vestfjorddalen i Tinn; Dordei 1839- g 1861 m Andreas Johanson, Sverige, busett i Am.; Haldis 1842- g 1875 m Edvard Olaussen, Sem, busett i Drammen; Henrik 1845-1939 gm Anne Sandersdtr. Røo, Hol.
2. Syver Henrikson Helling 28.07. 1801-1882
G 1825 m Anne Håkonsdtr. Sire. Sjå neste hushald.
3. Knut Henrikson Helling 13.02. 1803-1881
Knut døydde som ugift fattiglem.
Henrik fekk skøyte på garden i 1793 for 597 rd. Han lånte 499 rd i 1794 v/kurator Nils Knutson Ruud.
    Henrik og Dordei gifte seg i 1797.
    I 1800 selde dei frå nordre delen (6 lb.) av Søre Helling for 1198 rd og kår til bestemora Birgit Tomasdtr. Det vart sett sju delesteinar frå Kolsrud-utgarden og til Barskrind-leet. Henrik held att halve plassen Brenna, halve stølen "Rougsæteren" og halve Søre Bræ-sæteren.
    Netto eige i 1804 var 408 rd. Dordei gifte seg opp att i 1804. Sjå neste hushald.
{1088} År: 1804
Dordei Knutsdtr. Helling 01.06. 1777-1840
Foreldre: Knut Solveson Helling og Birgit Ivarsdtr. Rotneim (Gol).
Gm Ola Olson Torpeslåtta? Helling 08.09. 1771-1838
Foreldre: Ola Torsteinson Svarteberg Torpeslåtta og Guri Olsdtr. Berg Thon.
*Barn
1. Henrik Olson Helling Tretterud 13.10. 1805-1871
G 1836 m Margit Håkonsdtr. Ruud. Sjå Tretterud, gnr. 7/7.
2. Ola Olson Helling Kolsrud 18.08. 1811-1888
G 1839 m Birgit Torkjellsdtr. Opheim. Sjå søre Kolsrud, gnr. 14/1.
3. Ivar Olson Helling ÅsegardRudningen 25.05. 1814-1894
G 1846 m Ingeborg Olsdtr. Nilserudningen. G 1867 m Ingeborg Olsdtr. Rudningen, gnr. 22/46.
4. Guri Olsdtr. Helling Brenna 03.01. 1817-1850
G 1843 m Knut Solveson Kolsrud. Sjå Øvre Brenna, gnr. 20/6. Truleg til Amerika.
Dordei gifte seg opp att 1804 med Ola Olson Torpo Helling.
    På skiftet etter Dordei i 1840 var buet på 2 spd. Kua hadde ho måtta selja siste året, og småfeet hadde krepert. Gangkleda hennar var berre "pjalter som ble gitt til betlere". Skifteforvaltaren skreiv ei lang orsaking for å fri seg frå ansvaret ved at melding om dødsfall ikkje skjedde på vanleg måte, og at skifteretten dermed fekk kjennskap til buet fyrst lang tid etter jordfestinga.
{1089} År: 1832
Syver Henrikson Helling 28.07. 1801-1882
Foreldre: Henrik Syverson Helling og Dordei Knutsdtr. Nordre Helling.
Gm Anne Håkonsdtr. Opheimsjorde Helling 23.03. 1798-1877
Foreldre: Håkon Olson Opheimsjorde Sire og Turid Olsdtr. Medhus.
*Barn
1. Henrik Syverson Helling 08.05. 1835-1924
G 1852 m Guri Syversdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
Anne og Syver gifte seg i 1825. Dei hadde ein son og to dødfødde barn.
{1090} År: 1854
Henrik Syverson Helling 08.05. 1835-1924
Foreldre: Syver Henrikson Helling og Anne Håkonsdtr. Sire.
Gm Guri Syversdtr. Opheim Helling 03.03. 1832-1912
Foreldre: Syver Rasmusson Opheim Rasmusgarden og Gunvor Holgesdtr. Tufto.
*Barn
1. Syver Henrikson Helling 02.09. 1853-1908
G 1890 m enkje Margit Olsdtr. Sire. Ingen livsarvingar. Sjå også nordre Helling, gnr. 20/5.
2. Anne Henriksdtr. Helling 02.07. 1855-1944
Ugift. Anne var heime og stelte dyra på garden i 1900.
3. Syver Henrikson Helling 12.01. 1858-____
Truleg død liten.
4. Gunvor Henriksdtr. Helling Opheim 30.03. 1859-1924
G 1878 m Lars Halvorson Søre Opheim 1842-1879. Barn: Lars 1879-1965, sjå 1917-hushaldet.
    G 1888 m Hermann Holgeson Gåsterud, gnr. 16/1. 1847-1918. Barn: Helge 1890-1918, sjå 1914-hushaldet.
5. Turid Henriksdtr. Helling Haugo 23.11. 1861-
G 1882 m Ola Oleivson Haugo. Barn: Anne 1882- .Til Amerika?
6. Margit Henriksdtr. Helling Medhus 13.02. 1864-1926
G 1891 m Ola Embrikson Barskrind Nedre Medhus, gnr. 21/1.
7. Syver Henrikson Helling 22.05. 1867-1876
8. Dordei Henriksdtr. Helling 13.11. 1869-1876
9. Margit Henriksdtr. Helling 03.05. 1875-1892
Henrik og Guri gifte seg i 1852.
    I 1852 kjøpte Henrik stølen Veslestølen hjå Syver T. Opheim for 150 spd. Henrik overførte garden til dottersonen Lars Opheim i 1901.