Helling, søre gnr. 20 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Helling, søre gnr. 20 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Dette er den vestre delen av Søre Helling. Frå denne garden var 'Vesle-Helling' frådelt ei tid fyrst på 1900-talet, men inga skylddeling vart halden. No er garden samla att for det meste.
    Frå gamletunet på bnr. 3 (som låg 50 m. vestanfor tunet på bnr. 26) står berre uthuset att, bygt under krigen.
    Husa elles er frå bnr. 26/27: ei gamal stugu og gamal låve. Loftet er frå 1700-talet. Eit anna loft vart selt, og står no på eigedomen til Aalrust. Fjøset vart bygt i 1935.
    Under jorddyrking i gutu oppe på jordet fann Ivar Helling kol og slagg etter jarnvinne.
    Areal 1865: 21 mål dyrka, 58 mål naturleg eng, 47 mål utslått. Avling: 24 tunner bygg og 21 tunner potet.
    Areal 1995: 60 mål dyrka jord, 15 mål anna areal, produktiv skog 211 mål, anna utmark 18 mål.
    Hus på tidlegare bnr. 3: Hallingstugu flytta 1939, hytte, sauehus/garasje 1960.
    Stølar: langstøl på Breiset, heimstøl er på Rauset. (Kalla 'Rougseteren' i 1800.)
   
{1094} År: 1771
Rasmus Olson Løken Helling 1729-1776
Foreldre: Ola Ellingson Løken d.e. og Sigrid Johannesdtr. Skrindo.
Gm Eli Botolvsdtr. Espegard Helling 1734-1810.
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Ola Rasmusson Helling Tveito 03.08. 1760-1835
G 1783 m Birgit Olsdtr. Skjervheim. Sjå Tveitehagen, gnr. 55/12 og nordre Haug.
2. Botolv Rasmusson Helling 24.05. 1763-1846
G 1789 m Barbro Olsdtr. ... . Barn: Oleiv død liten. Barn med Margit Nilsdtr.: Botolv 1793- budde på Oure på Ringerike saman med mora i 1801.
    G 1793 m Ragne Knutsdtr. Søre Kolsrud, Flå 1772- . Barn: Barbro 1793-1870 til Am. g 1824 m Hallgrim Danielson Islandsrud/Marsteinbråten, Nes (5 barn); Knut 1795- ; Gunhild 1798-1862 g 1826 m Tollef Tollefsen Buøen Haugan (.. barn), til Am. som enkje: Green Co. Wisc.; Rasmus 1801-1801; Eli 1802-1803; Eli 1803-1805; Rasmus 1814- gm Kristi Olsdtr. Strandbråten Hilde. (1744)
    Botolv kom til Flå før 1789. Han budde på ymse stader inn til han rydda seg ein plass under Grøsland. Plassen fekk namnet Botolvshuset.
3. Embrik Rasmusson Helling 08.05. 1766-
Ugift dagarbeidar på Haug i 1801. I 1811 budde han på "Mejersel" (?) i Hemsedal.
4. Johannes Rasmusson Helling 26.02. 1769-1776f
5. Johannes Rasmusson Helling 22.12. 1771-1780
På skiftet etter Johannes 1780 var det 19 rd å dele på mora og 3 sysken.
6. Sigrid Rasmusdtr. Helling 22.12. 1771-1776f
7. Rasmus Rasmusson Helling 07.04. 1776-1776
Knut Larsson Helling selde halve garden (6 lb.) til Rasmus i 1771 for 800 rd. Det vart rettssak om denne handelen. Men Rasmus og Eli var på Helling alt i 1763. Sonen Botolv er født på Helling. Enkja stadfesta 1778 at Rasmus hadde seld garden til Syver Henrikson Helling.
    Eli kjøpte halve nordre Haug i Leveld (6 lb.) for 540 rd hjå Knut Knutson Haug.
{1095} År: 1778
Syver Henrikson søre Helling, gnr. 20/1 hadde også søre Søre Helling. Sonen Henrik Syverson selde garden til Johannes Guttormson.
{1096} År: 1790c
Henrik Syverson Helling 10.07. 1774-1804s
G 1797 m Dordei Knutsdtr. Helling. Sjå den andre Hellinggarden.
Foreldre: Syver Henrikson Helling og Anne Knutsdtr. Helling.
I 1798 selde Henrik frå nordre delen (6 lb.) av Søre Helling for 1198 rd og kår til bestemora Birgit Tomasdtr. Det vart sett sju delesteinar frå Kolsrud-utgarden og til Barskrind-leet.
    Henrik held att halve plassen Brenna, halve stølen "Rougsæteren", halve søre Bræ-sæteren.
{1097} År: 1800
Johannes Guttormson Holo Råen 1727-
Gm Barbro Olsdtr. Sundrelien. Sjå Råen, gnr. 120/9.
Foreldre: Guttorm Nilsson Svillegard Holo og 2.g. Haldis Eivindsdtr. Logsengard.
I 1800 kjøpte Johannes nordre del av søre Helling for 1198 rd og kår til Birgit Tomasdtr.
    Halve plassen Brenna skulle fylgje med bruket når Asle Knutson gjekk bort. Handelen omfatta m.a.: 'Halsnøe-åkeren', Bjørke-åkeren, Stugu-åkeren, 'Store Schigsmoe-åkeren', Træe, Flat-åkeren, Badstugu-åkeren, halve stølane Rougsæteren og Bre-sæteren.
    Husa var den gamle øvre stugu, sauestall, ei gamal skjykje og 'halvparten hjelp til bygging i ein låve.' (1259) s 441
    Johannes Guttormson makeskifta 1802 ein gardepart i nordre del av søre Helling 6 lb. med Ola Embrikson Helling og fekk att Tjyruhjelldalen og 850 rd.
{1098} År: 1802
Ola Embrikson Hagaplassen Sire 21.10. 1759-1817
Foreldre: Embrik Torson Helling d.y. Smedplassen og Gunhild Sindresdtr. Sundrehagen.
G 1789 m Kari Olsdtr. Medgard. Sjå Tjyruhjelldalen, gnr. 4/48.
    Ola makeskifta Tjyruhjelldalen og 850 rd med Johannes Guttormson i 1802 og fekk att ein gardepart i nordre del av Søre Helling 6 lb. (1259) s 773b
{1099} År: 1804
Eirik Syverson Sørbøen Barskrind 13.09. 1772-1825
G 1799 m Birgit Knutsdtr. Grov, Gol.
Foreldre: Syver Danielson Sørbøen til Barskrind og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud.
Eirik kjøpte Søre Helling for 1290 rd i 1804. Same år kjøpte han også plassen Brenno under Helling for 450 rd.
    Brenno selde han i 1805. Han held att ein åker ved "Mussekieldbryn" og 3 mål mark på Breiset. Garden selde han i 1807. (1536)195b Meir om Eirik på Barskrind, gnr. 19/1.
{1100} År: 1807
Asle Knutson Helling Barskrind 1761-1837
Foreldre: truleg Knut Anderson Torset (Hemsedal) og Margit Olsdtr. Helling. (Flaten s 201)
Gm Anne Olsdtr. Medhus Hellingbrenna 10.12. 1769-1858
Foreldre: Ola Hermannson Medhus og Ragnhild Knutsdtr. Jordheim.
Asle var fyrst husmann på Hellingbrenna, der ungane står oppførte. Så kjøpte han Barskrind for 1750 rd i 1804 og selde att i 1806.
    Så kjøpte han nordre delen av søre Helling for 1400 rd og kår. Plassen Brenna var unnateken handelen. Men eit mål åker av Brenna ved "Musekield-broen" var med. (1536)438
    Då Anne var død i 1858 vart det skrive: "Ved dette dødsfall opphører bygselretten til Brenna og den tilfaller søre Helling."
{1101} År: 1834
Hermann Asleson Hellingbrenna Helling 05.06. 1803-1861
Foreldre: Asle Knutson Helling Hellingbrenna og Anne Olsdtr. Medhus.
Gm Birgit Torsteinsdtr. Medgarden Helling 28.02. 1802-1884
Foreldre: Torstein Olson Medgard og Kari Knutsdtr. Medgard i Liagardane.
Hermann og Birgit gifte seg i 1831. Barn, sjå søre Helling, gnr. 20/3.
    I 1852 kjøpte han Halfarbekk-slåtta i Dråpalie og rett til 100 lauvkjerv hjå Syver Torkjellson Opheim. Pris 100 spd. (1550)247b
{1102} År: 1862
Herbrand Olson Skar Helling 20.12. 1813-1890
Foreldre: Ola Knutson Skar og Kari Knutsdtr. ... (sjå Hemsedal s. 190)
Gm Rangdi Persdtr. Huserjorde Helling 03.03. 1822-1874
Foreldre: Per Olson Karigarden Opheim Huserjorde og Ingrid Aslesdtr. Helling.
Herbrand og Rangdi gifte seg i 1849. Herbrand kjøpte garden for 1680 spd i 1862.
   
{1103} År: 1876
Ivar Hermannson Breibrenna Helling 29.07. 1844-1922
Foreldre: Hermann Olson Sveinsgard Breibrenna og Birgit Ivarsdtr. Berget.
Gm Ingrid Rasmusdtr. Huserjordet Helling 05.12. 1845-1910
Foreldre: Rasmus Nubson Medhus (ungkar) og Rangdi Persdtr. Karigarden Opheim.
*Barn
1. Hermann Ivarson Helling Brenna 25.03. 1869-1953
G 1894 m Birgit Knutsdtr. Juven. Sjå neste hushald og nedre Brenna.
2. Herbrand Ivarson Helling 06.04. 1873-1873
3. Birgit Ivarsdtr. Helling Hjallen 29.06. 1874-1923
G 1901 m Kitil Kitilson Hjallen, gnr. 19/2.
4. Herbrand Ivarson Helling 09.10. 1877-1958
G 1914 m Marte Helgesdtr. Sletto. Sjå 1937-hushaldet.
5. Rangdi Ivarsdtr. Helling 23.05. 1880-1890
6. Anne Ivarsdtr. Helling 11.02. 1884-1971
G 1904 m Lars Olson Opheim Søre Helling, sjå 1914-hushaldet og Bjørøyen, gnr. 1/1.
*Barnebarn
1. Hermann Person Helling 1894-____
Foreldre: Per Nilsson Ruud f. 1864 m Birgit Ivarsdtr. Helling f.1874 (begges 1. lm. ) Levde i 1900.
Ivar og Ingrid gifte seg i 1869. Ivar kjøpte Helling i 1876 for 950 spd. I hans tid vart Vesle Helling, ein del av garden, frådelt utan skylddelingsforretning.