Helling, nordre gnr. 20 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Helling, nordre gnr. 20 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Helling i dag er bruksnr. 5 og bnr. 13. Etter jordebøkene frå 1577 og framover skatta Nordre Helling årleg av 4 skinn, og betalte 1 album i frelse. (Frå ein annan skatt.)
    Opphavleg landskyld 12 laupsbol, etter delinga i 1798 6 laupsbol.
    Areal 1865: dyrka jord 16 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 32 mål. Avling: 20 1/2 tunne bygg og 16 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 100 mål, produktiv skog 250 mål, anna utmark 150 mål. Leigd jord 30 mål. Besetning: 12 mjølkekyr, 10 ungdyr.
    Våningshus, kårhus, loft, driftsbygning.
    Frådelte bruk og husmannsplassar: Nordre Helling bnr. 9 (frådelt 1798), Hellingteigen bnr. 15 (1891), Helling bnr. 16 (i 1893 til bnr. 9), Øvre Brenna bnr. 6 (1838); Nedre Brenna bnr. 12; Slettebakken bnr. 17.
    Stølar. Heimstøl på Veslestølen. Opphavleg langstøl var truleg Jødnbustølen i Volelien. (Til bnr. 9 i 1798.) Frå 1905 har garden hatt langstøl på Listølen, gnr. 22/101 på Opheimstølane.
   
   

{1122} År: 1756

Knut Solveson Helling Rotneim 1742-1812
Foreldre: Solve Knutson Torpo Helling og Kari Halvorsdtr. Opheim.
Gm Birgit Ivarsdtr. Rotneim Helling 1745-1792s
Foreldre: Ivar Person Perigarden Rotneim og Guri Syversdtr. ... (Sjå Gol V s 57 og 89)
*Barn
1. Marte Knutsdtr. Helling Rotneim 08.05. 1766-
G 1783 m Ottar Olson Ottergarden Rotneim (8 barn). (Sjå Gol V s 90)
2. Solve Knutson Helling Hallbjørhus 21.02. 1768-1819
G 1793 m Guri Olsdtr. Opheimsjorde. Sjå år 1790 og Helling bnr. 9.
3. Guri Knutsdtr. Helling Svarteberg 09.08. 1771-1841
G 1791 m Knut Håkonson søre Svarteberg, gnr. 53/1. Gm e.m. Rasmus Steingrimson Rasmusgarden Opheim, gnr. 22/5.
4. Birgit Knutsdtr. Helling Tolleivsrud 15.01. 1775-
Gm Eirik Syverson lottebrukar u/Sørbøen????
    G 1793 m Herbrand Bjørnson Tolleivsrud i Flå.
5. Dordei Knutsdtr. Helling 01.06. 1777-1840
G 1797 m Henrik Syverson Helling. G 1804 m Ola Olson Torpo Helling, gnr. 20/1.

Knut og Birgit gifte seg i 1764.
    Knut vart umyndiggjort i 1770. Mora og kona Birgit skreiv då at han "var hengiven til drikk og omflakking i bygden og at han undertiden ikke er rett ved sine fulde sanser". Det heitte vidare at garden og buet vart forsømt slik at dei ottast å måtte gå frå hus og gard. (Men når ein ser skiftet etter Birgit 22 år seinare, så er det ingen påtrengande økonomisk krise.)
    Birgit vart verge i buet. I 1773 var ho såleis på tinget med far sin for å krevje restoppgjeret på ein hestehandel.
    Birgit og Knut sleit på kvarandre i ekteskapet. Slik vart det beskrivi: "Det var kommen Uforligelighed mellem hende og hendes Mand, i den Grad at hun har negtet ham nødvendige Kleder og Føde, og, Lunken, for deres felles Vels Befordring, hemmelig udbragt og avsadt Ting av Huuset, med meere, som alt giør hendes Mand Knud Solvesens Paastand, om hendes Revselse, heel beføjet."
    Knut flytta over i ei annan stugu i same tunet, og Birgit innleidde eit forhold til Helge Rasmusson. På vintertinget 1776 var det "tukthussak" mot Birgit. Presten Nimb klaga henne for "for løsaktig omgang med Helge" gjennom fleire år. Det skjedde både i mannens "Nærvær og fravær". Vidare hadde ho "sultet sin Mand og latt han mangle Klede". Og ho var skulda for å ha sendt av kornet på garden ned til Rotneim.
    Birgit sa at ho hadde bedt Helge om å gå av omsyn til ryktet sitt. Då hadde han nekta, slege henne og overnatta mot hennar vilje. Helge på si side fortalde at Birgit hadde bedt han om ikkje å gifte seg før Knut var død.
    Eit vitne hadde fylgt Knut Solveson til Helling ei natt i 1772. Dei kom med faklar og banka på døra. Birgit kom ut med eit barn på armen og nekta for at det var folk hjå henne. Men då Knut vilde inn i koven, vart det halde i mot døra på innsida."Kom fram, Helge, eg ser at du er her," sa Knut. Då kom Helge fram på golvet.
    Etter tiltalen spurde Nimb om Knut ville ta si hustru til nåde og be for henne. Men Knut ville ha henne refsa etter fortenest. Og slik vart det. "Thi kiendes for Ret, at Bergit Jversdotter Helling, i Følge Tugthuus Anordningen, av 2de: Decembris 1741, dens 3 Capituls 5te: Art, til Rettelse og Forbedring i hendes u=ordentlige Liv, bør indlemmes i Christianie Stiffts Tugthuus.' (1374) s 54
    Kring 1779 flytte Birgit og Knut til Martegarden på Rotneim. Knut fekk løyve til å drive kro på Rotneim. I 1802 vart Martegarden skøytt til dotter og svigerson.
    I 1784 fekk Birgit Ivarsdtr. skøyte på Helling hjå Eilev Olson for 350 rd.
    På skiftet etter Birgit 1792 var buet på 1090 rd og gardane var Perigarden Rotneim (12 lb., takst : 520 rd). Sonen Solve hadde fått skøyte på Helling i 1790. Knut overgav alt mot 30 rd og kår av Helling og Rotneim v/svigersonen Ottar Olson. Kår på Rotneim: framfødd 1 1/2 ku, og 5 småkrytyr, 2 tunner korn, 1 1/3 settung rug, 1 settung salt, 1 settung hampesæd. Varmt hus på garden og hest til og frå kyrkje samt 2 merker humle.
    Då sonen Solve selde Helling i 1798 fekk Knut kår også der, dvs. annakvart år skulle han vera på Helling. Blant dei årlege kårytingane var også eit skjorte-emne.

{1123} År: 1782

Eilev Olson Skjerping Nyhus 02.06. 1750-1810
G 1781 m enkje Dordei Solvesdtr. Nubgarden Qvam. Foreldre: Ola Olson Øyen Storedal Skjerping og Margit Eilevsdtr. Rotneim/Eilevmoen.

Eilev kjøpte Nordre Helling hjå (komande) svigermor for 430 rd i 1777. Handelen vart fullført i 1782.
    Svogeren Knut Solveson protesterte mot dette kjøpet, og tok atterhald om å løyse inn halve garden etter takst. Knut hevda å ha muntleg avtale med mora om kjøp til 350 rd, og at den nye kjøpesummen berre var proforma.

{1124} År: 1785

Knut Solveson Nubgarden Sire 29.09. 1750-1821
Gm Randi Torjusdtr. ... . G 1802 m enkje Kari T. Dusegard Odden. Foreldre: Solve Knutson Helling og Kari Halvorsdtr. Søre Opheim.

Knut Solveson d.y. fekk skøyte frå syskena sine og enkja etter broren Knut Solveson d.e., Birgit Ivarsdtr. kring 1785.
    Knut selde Helling før 1790 og kom til Byggjargarden Sire, gnr. 4/31 og så til Vestaforslåtta, gnr. 8/5.

{1125} År: 1790

Solve Knutson Helling Hallbjørhus 21.02. 1768-1819
Foreldre: Knut Solveson nordre Helling og Birgit Ivarsdtr. Rotneim.
Gm Guri Olsdtr. Opheimsjorde Helling 16.06. 1776-1834
Foreldre: Ola Syverson Barskrind Opheimsjorde og Ingeborg Olsdtr. Nordre Opheim.
*Barn
1. Birgit Solvesdtr. Helling 29.11. 1795-
2. Ingeborg Solvesdtr. Helling Kringla 01.10. 1797-1861
G 1828 m Ola Person Øygarden Kringla, gnr. 10/14.
3. Knut Solveson Helling 27.06. 1800-____
4. Knut Solveson Helling 03.10. 1802-1839
Reiste til Hemsedal 1815 saman med foreldra og broren Ola og systera Kristi i 1815. Knut døydde som bygselmann på Trøymseige i Hemsedal.
5. Birgit Solvesdtr. Helling 03.02. 1805-1834f
Birgit fekk barn med kontorist Henrik Pleym, Ringerike: Ulrik Kristianson (?) fødd 1827-1850. Dreng på Krusedokken i Gol. Ulrik reiste til Amerika, men døydde same året. (1180) s 482
6. Guri Solvesdtr. Helling 22.06. 1807-
7. Kristi Solvesdtr. Helling 22.04. 1810-____
Kristi reiste til Hemsedal saman med foreldra og broren Ola og Knut i 1815.
8. Ola Solveson Helling Skjerpingmoen 21.03. 1813-
Han reiste til Hemsedal 1815 saman med foreldra og broren Knut og systera Kristi i 1815. Konfirmert i Hemsedal i 1835. 'Maatelige kundskaber'.
    NB. Ein Ola Solveson Skjerpingmoen vart kalla "Hemsedølen" i 1836. Sidan ser ein ikkje meir til han.
9. Ivar Solveson Helling 21.03. 1816-1865
Død som inderst og fattiglem på ein plass under Grøndalen i Hemsedal.

Solve og Guri gifte seg i 1793. I 1798 delte Solve garden i to, og selde den eine delen. Sjå meir under Nordre Helling bnr. 9. Dei overtok Hallbjørhus i Hemsedal i 1815. Ein ser ikkje meir til familien i Hemsedalsboka.
   

{1126} År: 1798

Ola Arneson Bøygard Helling 31.03. 1752-1808
Foreldre: Arne Person ... Bøygard og Guri Olsdtr. Nordre Lå.
Gm Anne Torkjellsdtr. Kolbjørnsgard Helling 21.03. 1756-1819
Foreldre: Torkjell Nilsson Kolbjørnsgard og Birgit Nilsdtr. Krosshaug.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Helling Opheim 02.02. 1794-1870
G 1810 m Torkjell Halvorson Opheim Garden. G 1820 m Johan Nilsson Nubgarden Opheim Helling. Sjå neste hushald.

Nordre Helling vart delt i 1798. Ola og Anne kjøpte 1798 halve nordre Helling (6 lb. løpenummer 62 a) hjå Solve Knutson Helling for 1050 rd og kår.
   

{1127} År: 1811

Guri Olsdtr. Helling Opheim 02.02. 1794-1870
Foreldre: Ola Arneson Bøygard (Hagen) Helling og Anne Torkjellsdtr. Kolbjørnsgard.
Gm Torkjell Halvorson Opheim 01.05. 1785-1819
Foreldre: Halvor Knutson Opheim Garden og Birgit Torkjellsdtr. Rime.

Torkjell Halvorson gifte seg med Guri Olsdtr. i 1810. I 1811 kjøpte Torkjell Helling (6 lb.) hjå svigermora. Prisen var 1000 rd og kår. (1537)47
    Dei hadde også Garden Opheim. Barn, sjå Garden, gnr. 22/1.
    Guri gifte seg opp att i 1820. Sjå 1830-hushaldet.

{1128} År: 1830c

Guri Olsdtr. Helling Opheim 02.02. 1794-1870
Foreldre: Ola Arneson Bøygard (Hagen) Helling og Anne Torkjellsdtr. Kolbjørnsgard.
Gm Johan Nilsson Nubgarden Opheim 06.08. 1797-1870
Foreldre: Nils Hansson Nubgard og Guri Olsdtr. Barskrind.

Guri gifte seg opp att i 1820 med Johan Nilsson.
    Barn, sjå Garden Opheim. Sjå førre hushald.

{1129} År: 1854

Torkjell Johannesson Opheim Helling 13.02. 1822-1879
Foreldre: Johan Nilsson Nubgarden Opheim Helling og Guri Olsdtr. Helling.
Gm Ågot Olsdtr. Grov Helling 07.05. 1831-1871
Foreldre: Ola Mikkelson Haugstad og Kari Magnusdtr. Vestre Grov. (Gol V 455)
*Barn
1. Johan Torkjellson Helling 01.04. 1851-
Til Am. 1865.
2. Ola Torkjellson Helling 01.02. 1853-
Gm Julia ... . Til Am. 1865.
3. Guri Torkjellsdtr. Helling 28.12. 1855-
Til Am. 1865.
4. Kari Torkjellsdtr. Helling 25.02. 1858-
Til Am. 1865.
5. Turid Torkjellsdtr. Helling 31.03. 1860-
Til Am. 1865.
6. Guri Torkjellsdtr. Helling 18.04. 1862-
Til Am. 1865.
7. Nils Torkjellson Helling 07.02. 1864-
Til Am. 1865.
   
    Barn i USA: Nels 1870-1954 farmar i Riverdale, Lake Hanska MN, g 1898 m Ragna Marie Tøndevold (6 barn) ; ... (1795)

Torkjell og Ågot gifte seg i 1850. Dei overtok garden i 1854.
    Torkjell og Ågot reiste til Am. februar 1865 med "Olav" frå Bergen til Quebec. I 1870 budde dei i Linden tp. Brown Co. MN. I 1871 i Watonwan Co. MN. Dei fekk vistnok to barn til i Amerika.
    Far til Torkjell dreiv garden fram til 1870-åra.

{1130} År: 1872

Nils Johannesson Opheim Helling 21.01. 1839-1890
Foreldre: Johan Nilsson Nubgarden Opheim Garden Helling og Guri Olsdtr. Helling.
Gm Margit Olsdtr. Sire Helling 07.08. 1841-1931
Foreldre: Ola Hermannson nedre Sire og Dordei Halvorsdtr. Bråten.
*Barn
1. Guri Nilsdtr. Helling Opheim 16.11. 1871-1940
G 1893 m Rasmus Rasmusson Rasmusgarden Opheim, gnr. 22/79.
2. Johan Nilsson Helling Hagen 16.11. 1871-1951
G 1895 m Amalia S. Hagen. G 1921 m Anne S. Opheimsjorde. Sjå neste hushald og nordre Helling.
3. Ola Nilsson Helling 02.02. 1874-1875
4. Ola Nilsson Helling 15.02. 1876-1906
Ola var handelskar. Han vart rana og drepen i 1906. Ein kveld hadde Ola sete i eit drikkelag og spelt kort. Neste morgon la han i veg over fjellet til Vestlandet på fehandel. Dit kom han aldri, han vart han borte i Buhovd-traktene. Folk reiste på leiting, men Ola var ikkje å finne.
    Våren 1906 vart liket funne i Hemsedal i bekken frå Flævatn. (Registrert dødsdato: 31/5-1906.) Drapet vart ikkje oppklara, men ein person som var mistenkt drog til Amerika. Ryktene fortel at denne personen tilstod drapet då han låg på sitt siste.
5. Dordei Nilsdtr. Helling Sire 05.03. 1878-1965
G 1902 Uranienborg m Ola Olson Sataøyen Opheimsjordet Sire. Sjå Nedre Sire, gnr. 4/28.
6. Anne Nilsdtr. Helling 21.10. 1879-1889
7. Turid Nilsdtr. Helling Kolbjørnsgard 30.08. 1881-1976
G 1911 m Torkjell Olson Kolbjørnsgard, gnr. 27/1.

Nils og Margit gifte seg i 1871. Nils fekk skiftesskøyte på garden i 1872 for 1900 spd. Margit gifte seg opp att. Sjå neste hushald.

{1131} År: 1892

Margit Olsdtr. Sire Helling 07.08. 1841-1931
Foreldre: Ola Hermannson nedre Sire og Dordei Halvorsdtr. Bråten.
Gm Syver Henrikson Helling 02.09. 1853-1908
Foreldre: Henrik Syverson Søre Helling og Guri Syversdtr. Opheim.

Margit gifte seg opp att i 1890 med Syver Henrikson Helling. Dei hadde ingen barn.
    Margit selde frå halve garden, Helling bnr. 16 i 1893 til eigaren av bnr. 9. Sjå også førre hushald. Dei sat med garden til 1902.