Helling, nordre gnr. 20 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Helling, nordre gnr. 20 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Helling er samansett av bnr. 9 og 16 (frå 1897). Tunet er truleg på opphavleg stad.
    Areal 1865: dyrka jord 20 mål, naturleg eng 18 mål, utslått 32 mål. Avling 25 1/2 tunne bygg og 16 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 110 mål, anna areal 50 mål, produktiv skog 300 mål, anna utmark 250 mål.
    Til eigedomen høyrer 12/32 av 5000 mål utmark. Leigd jord 50 mål. Besetning: 15 mjølkekyr, 20 ungdyr.
    Våningshus bygt 1980, kårhus 1885, påbygt 1965, restaurert 1982, loft frå om lag 1700, driftsbygning 1965, påbygd 1974 og 1982.
    Stølar. Heimstøl er Rauset.Jønnbustølen i Volelia er langstøl.
   

{1143} År: 1798

Solve Knutson Helling Hallbjørhus 21.02. 1768-1819
G 1793 m Guri Olsdtr. Opheimsjorde. Foreldre: Knut Solveson nordre Helling og Birgit Ivarsdtr. Rotneim (Gol).

Sjå på Nordre Helling. I 1815 makeskifta Solve garden Helling mot nordre Hallbjørhus i Hemsedal og flytte dit med huslyden.

{1144} År: 1815

Knut Halvorson Opheim 15.09. 1782-1830
G 1801 m Marte Hansdtr. Nubgarden. Gm Birgit Arnesdtr. ... Hovda. Foreldre: Halvor Knutson Opheim Garden og Birgit Torkjellsdtr. Rime.

Knut held makeskifte med Solve Knutson Helling i 1815. Helling var taksert til 3333 rbd. Knut fekk garden Helling, og Solve fekk 2 1/2 lb. i Halbjørhus (Hemsedal) og 666 rbd i mellomlag. (1537)47b
    Knut vart attgift 1826 med enkja Birgit Arnesdtr. Hovda i Hemsedal.

{1145} År: 1829

Hans Knutson Opheim Helling 08.11. 1808-1895
Foreldre: Knut Halvorson søre Opheim og Marte Hansdtr. Nubgarden.
Gm Ambjørg Knutsdtr. Oleivsbråten 1808c-1883
Foreldre: Knut Arneson Oleivsbråten og ... ... . (Ikkje funnen på Oleivsbråten)
*Barn
1. Marte Hansdtr. Helling 21.04. 1832-1832
2. Knut Hansson Helling 28.08. 1833-1895
G 1857 m Mari Kristiansdtr. Rukke, Nes 1838-1895. Barn: Ambjørg 1858- gm Gudman Anderson; Turid død liten; Turid død liten; Nora død liten; Nora død liten; Hans Jørgen 1862- gm ... ... ; Turine ....- gm Reinhardt Ellertson; Alfred ....- ; Oscar ....- ; Emma 1875- gm Ole E. Halvorson; Lena ....- gm W. Schaleben; Louis ....- ; Nora 1885- gm Ted Jacobson.
    Knut utvandra 1846. Knut og Mari reiste på same båt og vart gifte 11 år seinare. Dei kom i same grav, han levde 33 timar lengre enn Mari.
    Knut og Mari var blant pionerane i Brown Co. Det vart bygd kyrkje på farmen deira. Her var det indianar-opprør i 1862. (1433) nr 184.
3. Marte Hansdtr. Helling Winge 05.10. 1836-1876
Til Am. i 1846. Gm Albert Winge.
4. Knut Hansson Helling 22.09. 1839-
Gm Gunhild / Josefine ... (av norsk opphav). Barn: Henry Carl 1869-1877 ; George Ellsworth ....-1877; John 1874-1874; John Adolf 1876- .
    Til Am. i 1846. Budde i Linden, Brown Co. MN i 1875. (J. Marler)
    Ein av dei fyrste norske ved Town of Linden Brown Co, MN skreiv Ulvestad. Knut var sersjant i borgarkrigen. Seinare medlem av House of Representatives MN 1875 og av Senatet 1878.
5. Lars Hansson Helling 27.02. 1842-1878
Til Amerika. Lars budde hjå mora i 1875. Han døydde tre år seinare om ektemann. Truleg var han gift med ei Margaret, enkja som budde saman med mora til Lars i 1880. Barn: Andreas og Marte, 8 og 2 år i 1875. (J. Marler.)
6. Birgit Hansdtr. Helling 30.09. 1844-
Til Am. i 1846.
   
    Barn i USA: Birgit/Betsy 1851-1878 født i Wisconsin, gm Hans Larsson; truleg også Barbra og Beatry.

Hans var døypt Hans Jørgen. Hans og Ambjørg gifte seg i Gol i 1831. Dei reiste til Amerika i 1846 og farma i Linden, Brown Co. MN. Ambjørg var enkje i 1883.

{1146} År: 1846

Torkjell Johannesson Opheim Helling 13.02. 1822-1879
Foreldre: Johan Nilsson Nubgarden Opheim Helling og Guri Olsdtr. Helling.
Gm Ågot Olsdtr. Grov Helling 07.05. 1831-1871
Foreldre: Ola Mikkelson Haugstad og Kari Magnusdtr. Vestre Grov. (Gol V 455)

Barn, sjå Helling bnr. 5.
    Torkjell og Ågot reiste til Am. februar 1865 med "Olav" frå Bergen til Quebec. (7 barn)
    I 1870 budde dei i Linden tp. Brown Co. Minn. I 1871 i Watonwan Co. MN. Dei fekk vist nok to barn til i Amerika.

{1147} År: 1878

Sevat Tomasson Bukkehaugen Helling 12.02. 1845-1916
Foreldre: Tomas Larsson Bakken Bukkehaugen og Guri Sevatsdtr. Bukkehaugen.
Gm Birgit Oleivsdtr. Bråten Helling 18.08. 1849-1928
Foreldre: Oleiv Halvorson Bråten og Sissel Eiriksdtr. Sando.
*Barn
1. Tomas Sevatson Helling 10.06. 1876-1876
2. Tomas Sevatson Helling 29.06. 1877-1953
Sjå neste hushald.
3. Sissel Sevatsdtr. Helling Vestenfor 19.11. 1879-1957
G 1904 m Herman Asleson Vestenfor, gnr. 8/13.
4. Guri Sevatsdtr. Helling 03.07. 1882-1955
Ug. Sjå 1955-hushaldet.
5. Birgit Sevatsdtr. Helling 06.07. 1884-1886
6. Halvor Sevatson Helling 23.02. 1887-1961
Ug. Han var tenestgut på garden.
7. Birgit Sevatsdtr. Helling 17.10. 1889-1982

Sevat og Birgit gifte seg 1876. Sevat var handelskar, handla med fe, kjøt og sild. Han sysselsette fleire kvinner til vasking av tarmar etc.
    I 1897 kjøpte han inntil Helling bnr. 16, dvs. halve parten av bnr. 5 for 4000 kr. Dermed vart garden på 12 lb. Sevat kjøpte stølane Rauset og Volelia.