Brenna, nedre gnr. 20 bnr. 12
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Brenna, nedre gnr. 20 bnr. 12-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Brenna ligg litt opp for Helling. Her var husmannsplass fram til 1877 då Brenna vart frådelt som eige bruk. Bruket vart også kalla Brennerudningen.
    Innmarka var på om lag 20 mål dyrka i 1960. Ein slåttevoll 6 mål er dyrka av Helge Olson. Husa er stugu bygd kring 1880 og uthus frå 1937. Det er ei gamal smie på garden.
    Herbrand Ivarson Helling fortalde ei gamal soge om eit lite barn i Nedre Brenna som vart teken av ulv ein gong.
    Vanleg buskap på 1960-talet var 3 kyr og 2 ungfe. Buskap i dag to hestar og to sauer.
{1152} År: 1814c
Ola Olson Hellingbrenna 27.01. 1782-1852
Foreldre: Ola Toreson Hellingberget Brenna og Ingeborg Persdtr. Hellingberget.
Gm Fribjørg Holgesdtr. Leikvollane Hellingbrenna 02.09. 1781-1858
Foreldre: Helge Eirikson Lien Leikvollane og Margit Olsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Holge Olson Hellingbrenna 12.08. 1814-1893
G 1843 m Mari Ørjansdtr. Gjøto. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Hellingbrenna 05.10. 1820-
3. Ingeborg Olsdtr. HellingBrenna Åsegardsrudningen 04.08. 1823-1899
Barn: sonen Ola 1849- . Sjå under barnebarn. Ingeborg fekk eit dødfødt barn hausten 1862. Ho prøvde å løyne svangerskapet, og då tida kom, gøymde ho fosteret på stølen Melset der ho var i arbeid. Løyndomen til Ingeborg vart oppdaga. Folka på garden hadde lagt merke til eitt og hitt undervegs. Dokteren kunne stadfeste at barnet var dødfødt, men Ingeborg fekk 14 dagar på vatn og brød.
    G 1867 m enkjemann Ivar Olson Ruud Opheimsrudningen (Åsegard), gnr. 22/46.
4. Margit Olsdtr. Hellingbrenna 25.05. 1827-____
*Barnebarn
1. Ola Hansson Rydningen Underåsen 13.04. 1849-1927
G 1904 m Gunvor Sandersdtr. Barskrind Underåsen, gnr. 22/44.
    Foreldre: Hans Kristianson og Ingeborg Olsdtr. Hellingbrenna.
    Ola vart fødd i Norderhov og konfirmert på Torpo.
Ola og Fribjørg gifte seg i 1814. Sonen Holge fekk bygselsbrev på Brenna i 1843, men 'faderen kan beholde plassen sålenge han betalar avgift'.
   
{1153} År: 1843
Holge Olson Hellingbrenna 12.08. 1814-1893
Foreldre: Ola Olson Hellingbrenna og Fribjørg Holgesdtr. Leikvollane.
Gm Mari Ørjansdtr. Kjellargardgjøta Hellingbrenna 03.01. 1815-1869
Foreldre: Ørjans Sevatson Bergaplass Toplass og Turid Embriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Turid Helgesdtr. Hellingbrenna Medhusjordet 01.04. 1843-1928
G 1875 m Ola Nubson Medhus Medhusjordet, gnr. 21/5. Til Am. i 1886.
2. Ola Helgeson Hellingbrenna 02.02. 1848-1934
G 1877 m Kari Nilsdtr. TrillhusBerget. Barn: Henry 1877-1963 overtok farmen; Mari 1879-1891; Nels 1883-1885; Nils 1887- ; Oscar 1888- i Vancouver, Wash.; Albert 1896- i Long Beach, Cal.; Anna ... gm Andrew Mahlum, Portland, Oregon (minst 2 barn).
    Ola og Kari utvandra til Am. i 1869, gifte seg i Rochester, MN og tok seg land ved Grand Forks. Området vart sidan kalla Brenna Township. Broren Ørjans kom etter, og vart ein av grannane. Også faren fann vegen til Am. og døydde der.
3. Fribjørg Helgesdtr. Hellingbrenna Nesseth 1850c-
Truleg gm Ole Olson Nesseth, Bardu, Tromsø. Dei budde i Grand Forks.
4. Ørjans Helgeson Hellingbrenna 12.06. 1851-1924
G 1879 m Guri Eiriksdtr. Opheimsjorde 1854-1922. Barn: Mari 1874-1951 gm Henry C. Hallick ; Henry ; Ola 1881-1960; Ørjans 1883-1968 gm ... (3 barn); Oscar 1885-1954; Amanda sjukepleierske, gm Chester Foreman; Eddie ; Freeman 1891-1975 g 1922 m Nina Julson; Lena 1892-1977 gm Henry Bertheussen ("Bert Huson") ....-1939. (1345) 521
    Ørjans og Guri reiste til Am.: Rochester, MN. Brenna (!)Township, Grand Forks.
5. Embrik Holgeson Hellingbrenna 08.02. 1855-1949
Gm Anne Sjursdtr. 'Syverson'/evt. Martinusdtr. Vik 1855-1913. Barn: Ida Marie 1883-1995 g 1915 m Severt Svennes (8 barn); Henry Martin 1884-1932 ug.; Karl Oskar 1886-1959 g 1922 m Lillian Clark (4 barn); Julia Kristine 1888- gm Martin Quern (6 barn); Timan Olai Brenna 1889- g 1914 m Clara Tollefsdatter Hensrud (3 døtre); Selma Berthine 1891- ; Ida Marie 1896- . (J. Marler 30.6.92, epost frå Don Lippert)
    Til Am. i 1873: Rochester, MN. Gravlagt i Nelson Co. ND i 1949.
6. Ingeborg Holgesdtr. Hellingbrenna Albertson 12.02. 1858-1927
=Emma. Gm Hans Albertson/Ingebretson Dalsøren, Luster 1852-1944. Barn: Ida 1880-1973 gm Bert A. Fields; Henry Christopher 1881-1882; Carl Henry 1882-1914 ug. snikkar; Adolph Oscar 1884- g 1904 m Elizabeth Westkin (5 barn); Hansina Emelia (Lena/Zena) 1885-1920 g 1905 m John Carl Rossow (1 son); Minnie Alvina 1887-1968 g 1906 m Christian Running (3 døtre); Johanna Bergine 1889-1982 g 1915 m Erick Conrad Peterson (3 barn); Clara Ovidia 1891- 1891?; Rudolph 1893-1916 ug; Clara Louise 1895-1898; Edward Alfred 1897- ; Edward Alfred 1899-1899.
    Hans var skreddar. Ingeborg skreiv seg' Emma Albertson' i USA. Busett i Grand Forks i ND frå 1885.
    Sjå: Ættebok for Luster, Dale sokn II s 435.
Holge og Mari gifte seg i 1843. Dei bygsla Brenna og 'Tjærehjellsletten' på livstid i 1843.
    Leiga var: slått av ein dalarsteig i Volelien i 6. veka, slått av Slettebakken, skurd av 2 mål åker, eller 3 spd 2 ort i pengar.
    Holge og familien reiste til Am. i 1873: Rochester. Holge er gravlagt på Evanger Cemetery, Grand Forks, ND. (J. Marler)
{1154} År: 1877
Bjørn Larsson Ruud Brenna 10.03. 1830-1909
Foreldre: Lars Nilsson Ruud og Kari Olsdtr. Skjervheim.
Gm Kari Hermannsdtr. Breibrenna Brenna 18.02. 1840-1900
Foreldre: Hermann Olson Sveinsgard Breibrenna og Birgit Ivarsdtr. Berget.
Bjørn og Kari gifte seg i 1864. Dei hadde ingen barn. Dei budde i Ruud, i Nedre Juven i Gol 1865, var inderstar i Tretterud 1875, og kjøpte nedre Brenna i Opheim i 1877 for 900 kr.
    Bjørn var timremann og sjølveigar.