Hellingberget gnr. 20 bnr. 12
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hellingberget gnr. 20 bnr. 12a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hellingberget var husmannsplass under Helling. Den fyrste kjende bygselbrevet er frå 1761.
    I dag er Hellingberget truleg ein del av Brennudn eller Nedre Brenna. Her er i allefall eit berg. Plassen kan vera avbilda i bakgrunnen på eit gamalt foto av Rud.
    Plassen vart kalla 'Pettersberg' etter smeden Petter. Smeden sette så fint eit namn på husmannsplassen sin til barnedåpen i 1748.
   
   

{1160} År: 1761

Per Jørgenson Moen Hellingberget 1720c-1789
Foreldre: Jørgen ?Sørbøensmoen? og ... .
Gm Birgit Persdtr. Opheim Hellingberget 1725c-
Foreldre: Per Rasmusson Vesledalstugu Opheim og Ingeborg Solvesdtr. Helling.
*Barn
1. Per Person Hellingberget 1742-1752
Per døydde liten.
2. Ingeborg Persdtr. Hellingberget HellingBrenna 12.07. 1744-1813
Gm Ola Toreson Medhushagen, husmann i Øvre Brenna, gnr. 20/6.
3. Guri Persdtr. Hellingberget 19.05. 1746-1821
Guri var straffa for 3 legermål, men truleg var det ingen av barna som vaks opp. I 1801 var Guri 'losjerande ugift dagarbeiderske'.
4. Jørgen Person Pettersberg Hellingberget 18.08. 1748-____
G 1777 m Turid Knutsdtr. Ruud. Sjå år 1777.
5. Ola Person Hellingberget 21.02. 1751-1755
Ola døydde liten.
6. Guri Persdtr. Hellingberget 09.09. 1753-1755
Guri døydde liten.
7. Per Person Hellingberget Perplassen 09.03. 1757-
Gm ... ... . G 1788 m Birgit Halvorsdtr. Sando. Gm Sissel Oleivsdtr. Torpemoen. Sjå Perplassen, gnr. 12/19.

Petter (stundom kalla Per) var 'inderst/husmann' på ein husmannsplass under Helling i 1762. Han bygsla husmannsplassen Hellingberget i 1761. (Opplyst i 1790.)
    Petter var soldat og smed. Hellingberget vart stundom kalla Pettersberg, truleg eit av Petter sine påfunn.
    Petter hadde gjeld hjå Knut Torjusson Strand i 1773. I naudsåret 1774 fekk han utdelt såkorn. (632)
    Kona Birgit Persdtr. var truleg bøtelagt for legemål i 1734 med Halvor Oleivson Opheim.
    Då Petter var død i 1789, fekk buet godtgjort 26 rd frå bonden Syver Henrikson for dei utbetringane som Petter hadde utført på Hellingberget. Han hadde brote åker for 22 rd og rydda engeland for 4 rd. Det var 19 rd å dele på enkje og barn. Birgit levde i 1790.
    Guttorm Olson og kona sat på ein annan del av Brennene jamsides med Petter. Me kjenner ikkje innhaldet i noko av desse bygslingsbreva.

{1161} År: 1765c

Guttorm Olson Torpo Hellingberget 1732-1808
Foreldre: Ola Taraldson Kyrkjedelen Håheim og Randi Guttormsdtr. Helling.
Gm Sissel Halvorsdtr. Opheimsjorde Hellingberget 1733-1790c
Foreldre: Halvor Knutson Sire Opheimsjorde og enkje Ambjørg Gjestdtr. Sørbøen Opheimsjorde.
*Barn
1. Randi Guttormsdtr. Hellingberget 15.12. 1765-
Ikkje konfirmert, truleg død før 1800.
2. Ambjørg Guttormsdtr. Hellingberget 31.07. 1768-
Ikkje konfirmert, truleg død før 1800.
3. Ola Guttormson Hellingberget Olsdokken 01.12. 1771-1835
Gm Kari Olsdtr. ... . Sjå Taraldplassen, gnr. 109/1d.
4. Halvor Guttormson Hellingberget 1777-1785
Halvor døydde som sjuåring og vart gravlagt på Eiker. På veg til doktor?

Guttorm og Sissel gifte seg i 1765. Guttorm var soldat. Denne familien flytte mykje.
    Dei budde på Helling, i Opheimsjorde og på Bjella før dei kom til plassen Olsdokken under Ulshagen omlag 1790. På denne tida gifte Guttorm seg opp att. Sjå meir om Guttorm i Taraldplassen.

{1162} År: 1777c

Jørgen Person Pettersberg Hellingberget 18.08. 1748-____
Foreldre: Per Jørgenson Hellingberget og Birgit Persdtr. Opheim.
Gm Turid Knutsdtr. Ruud Hellingberget 22.08. 1756-1805f
Foreldre: Knut Holgeson Ruud og Birgit Knutsdtr. Helling.
*Barn
1. Birgit Jørgensdtr. Hellingberget Medhushaugen 14.03. 1777-1841
G 1807 m Knut Nilson Medhushaugen. Sjå Nilsehagen, gnr. 21/2.
2. Per Jørgenson Hellingberget 1781-1787
3. Margit Jørgensdtr. Hellingberget 1784-
Truleg død liten.

Jørgen var soldat. Turid og Jørgen gifte seg i 1777. Han fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    Jørgen og huslyden var hjå foreldra hans på Hellingberget den siste åra før 1790. Deretter har Hellingberget venteleg vorte omlagt under Brenna eller kanskje nedlagt. Turid og Jørgen er ikkje å finne i FT 1801.