Hellingteigen gnr. 20 bnr. 15
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hellingteigen gnr. 20 bnr. 15-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hellingteigen vart frådelt bnr. 5 i 1892 og kjøpt av Ola Olson Sollien.
    I bygdetale har Hellingteigen også vorte kalla 'Sollien' i nyare tid. Tilkjøpte eigedomar er Veslebrenn bnr. 18, Nybrenn bnr. 19 og Hellingjordet bnr. 22.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål, produktiv skog 180 mål, anna utmark 260 mål. Garden har del i Hevjansåsen fellesbeite. Stugu bygd 1963, kårhus 1921, låve og fjøs 1918, hønsehus 1968, loft frå omkr. 1840, flytta hit i 1910, verkstad 1983 og reidskapshus 1984.
    Bruket har støl på Helsingset (22/28). Vanleg buskap på garden kring 1960 var 1 hest, 6 kyr, 2-3 ungdyr og 7 småfe. I dag har garden 3 utleigehytter og 2500 verpehøner.
   

{1163} År: 1892

Ola Olson Sollien Hellingteigen 03.02. 1850-1933
Foreldre: Ola Olson Bæra Sollien og Birgit Halvorsdtr. Baggesteg.
Gm Guri Syversdtr. GurigutMoen Sollien 28.08. 1850-1918
Foreldre: Syver Syverson Skjervheim Gurigutmoen og Margit Arnfinnsdtr. Roen.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Sollien 10.11. 1877-1960
Ugift. Birgit budde i kårstugu i Hellingteigen. Birgit var borte hjå andre på arbeid, og ho vov for Husfliden.
2. Margit Olsdtr. Sollien 29.04. 1879-1957
Ugift. "Store-Margit" var kokke på Gamleheimen i Ål.
3. Sissel Olsdtr. Sollien Kirkedelen 22.09. 1880-1970
G 1906 m enkjemann Eirik Nilsson Kirkedelen. Sjå eige hushald.
4. Guri Olsdtr. Sollien Skrindo Sletten 18.05. 1882-1928
G 1905 m Håkon Olson Skrindo Sletten. Sjå Glomsletten, gnr. 54/6.
5. Margit Olsdtr. Sollien Jorde 16.07. 1884-1960
G 1911 m Torgeir Botolvson BotolvsJorde. Sjå nedre Tormodsgard, gnr. 30/6.
6. Kari Olsdtr. Sollien Eilevstølen 26.12. 1886-1928
G 1920 m Knut Tomasson Randedokken Eilevstølen. Sjå Eilevstølen, gnr. 105/7.
7. Ola Olson Sollien 03.11. 1888-1973
G 1915 m Kari Olsdtr. Øygard. Sjå neste hushald.

Ola og Guri gifte seg i 1876. Dei fyrste åra budde dei mellombels i Sirerudningen og seinare i Moldbakken.
    Ola var timremann og snikkar. I 1900 var Ola 'kirkebygger'. Dei bygde opp bruket frå botnen av.