Bakken gnr. 20 bnr. 17
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bakken gnr. 20 bnr. 17-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bakken eller Slettebakken var opphavleg husmannsplass under Helling. Frå 1898 var brukaren sjølveigar. Her er to gamle stugutufter med kjellar øvst på jordet og nytt bustadhus nede ved vegen.
    Den gamle stugu står no som hytte på Golsfjellet. Stølen på Helsingset vart fråselt.
    Areal 1995: 17 mål dyrka jord som vert lånt bort, produktiv skog 50 mål. Våningshus bygt 1955 er bortleigd.
   

{1167} År: 1870c

Ola Henrikson Tretterud Bakken 20.06. 1834-1881
Foreldre: Henrik Olson Helling Tretterud og Margit Håkonsdtr. Ruud.
Gm Birgit Olsdtr. Langero Bakken 06.06. 1835-1921
Foreldre: Ola Torsteinson Medgarden Langero og Rangdi Solvesdtr. Myro.
*Barn
1. Henrik Olson Bakken 23.06. 1867-1935
G 1902 m Ingebjørg Torkjellsdtr. Hakkebakken. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Bakken 09.06. 1869-1919
G 1898 m Margit Hansdtr. Grov, Gol 1873-1943. Sjå Liaberget, gnr. 7/9.
3. Margit Olsdtr. Bakken 18.08. 1874-____
Truleg død før 1900.
4. Margit Olsdtr. Bakken 23.08. 1876-1877
5. Margit Olsdtr. Bakken 29.05. 1878-
Margit reiste til Haugerud i Lier i 1899. Ho var budeie hjå Bernt Jahren i Lier i 1900. Uviss lagnad.

Ola og Birgit gifte seg i 1862. Dei var husmenn i Slettebakken før 1874, men ein ser dei ikkje i folketeljinga i 1875. Sonen deira fekk kjøpt plassen i 1898.

{1168} År: 1898

Henrik Olson SletteBakken 23.06. 1867-1935
Foreldre: Ola Henrikson Slettebakken og Birgit Olsdtr. Langero.
Gm Ingeborg Torkjellsdtr. Bakken Slettebakken 26.03. 1871-1931
Foreldre: Torkjell Knutson Hakkebakken og Ingrid Torkjellsdtr. Opheim.
*Barn
1. Ola Henrikson SletteBakken 05.04. 1902-1924
Ug. Arbeidar.

Henrik kjøpte Slettebakken for 620 kr i 1898. Henrik og Ingebjørg gifte seg i 1902.
    Henrik var lokpussar kring 1897, sidan snikkar og småbrukar.