Medhus gnr. 21 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Medhus gnr. 21 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Namnet Medhus tyder den midtre garden. Medhus-eigna ligg mellom Helling i aust og Opheim i vest. I 1527 var gardsnamnet skrive Mijdhusum.
    Frå gamalt vart matrikkelgarden Medhus skattlagd som fullgard med ei landskyld på 24 laupsbol. Sist på 1600-talet vart garden delt i to halvgardar kvar på 6 laupsbol, og så NupeMedhus på 12 laupsbol.
    Den delen av garden som etter kvart fekk bnr. 1, Nedre Medhus, har 6 laupsbol og var kalla "Jørondgut-Medhus" frå gamalt. Dette namnet er kome or bruk. Forklaringa på dette namnet finn me i 1766-hushaldet. Jørand var ei dotter på Medhus. Ho flytte heim att som enkje, og sonen hennar ('Jørondguten') hadde garden lenge.
    Medhus-gardane låg i sterk teigblanding til fyrst på 1900-talet. Det gamle tunet var øvst på eigedomen, like oppunder NupeMedhus. Gamlestugu står som hytte ved Øknevatnet.
    Husmannsplass: Medhusjordet.
    Areal 1865: dyrka jord 25 mål; naturleg eng 11 mål; utslått 40 mål. Avling: 37 tunner bygg og 32 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 130 mål, anna jbr. 50 mål, prod. skog 400 mål, anna utm. 50 mål.
    Våningshus bygt 1967, låve 1910, nytt fjøs 1983, loft, reiskapshus 1960. Nytt kårhus vart bygd i 1995.
    Buskap: 15 mjølkekyr, 15 ungdyr.
    Stølar: langstøl med slåttevoll på Buhovd, om lag 14 km frå garden. Heimstøl er Kjeldeset der det også er slåttevoll. Embrik Olson har dyrka det meste på stølane.
   

{1181} År: 1766

Ola Olson Stave Medhus 1713c-1790s
Foreldre: Ola Gjermundson Stave Sehl Tistilsgard og Jørand Olsdtr. Mehus.
Gm Birgit Knutsdtr. SundreLien Medhus 1725-1801
Foreldre: Knut Olson nedre Sundre og Margrete Kristiansdtr. Sundre.
*Barn i andre ekteskap
1. Sigrid Olsdtr. Medhus 30.01. 1752-
Gm Frants Fredriksen. Utflytt til "landet v/Tønsberg".
    FT 1801 Sem: murarsvein Frans Fransen 45 år gm Siri Olsdtr 46 år. Barn: Ola Kristian 11 år. (Sigrid er fødd i SundreLien.)
2. Margit Olsdtr. Medhus 01.09. 1754-
G 1790 m Pål Nymoen ved Blåfargeverket, utflutt til Haugfoss.
3. Turid Olsdtr. Medhus Opheimsjorde 14.11. 1756-1835
Gm Håkon Olson Opheim Utluteigen Sire. Sjå Utluteigen, gnr. 22/5d.
4. Birgit Olsdtr. Medhus 1757-1757
5. Kari Olsdtr. Medhus Åsegarden 09.09. 1759-1844
Gm Embrik Olson Opheim Åsegarden, gnr. 22/45. G 1794 m Ola Olson Tveito Åsegarden.
6. Knut Olson Medhus 1762-1832
G 1788 m Guri Olsdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
7. Jørand Olsdtr. Medhus SørbøensMoen 27.01. 1765-1830
G 1791 m Arne Olson Opheim SørbøensMoen. Sjå Gurigutmoen, gnr. 23/2.
8. Ola Olson Medhus Smøtta 12.06. 1768-1833
G 1809 m Ingeborg Steingrimsdtr. Lie frå Gol. Barn: Guri 1810-1810, Guri 1811-ung; Ola 1819-ung; Nils 1822-1904 farmar i Worth Co, Iowa, g 1854 m Beret Halvorsen (6 barn).
    I 1819 budde dei i Smøtta (Skogheim) ved Robru.

Ola Olson bar kallenamnet Jørand-guten etter mor si. Far hans fekk ein son med Jørand (Jørand-guten) og ein med Guri Eilevsdtr. (Guri-guten). Etter Ola vart garden kalla Jørandgut-Medhus. Ola budde i SundreLien i 1752. Sjå fyrste ekteskapet med Sigrid Eiriksdtr. Lien der. Han var skreddar.
    Ola skreiv seg Stave eller Mehus i 1764 då han retta odelssøksmål m.a. mot Ivar Dokk som verge for barna etter Botolv E. Opheim. Ola fekk medhald, og kunne løyse garden mot 340 rd innan siste faredag 1766. Morfar og morbror hadde brukt Medhus i over 60 år. Dei saksøkte hadde kjøpt skyldpartar i garden i 1744. (1288) s 10+36.
    Ola Medhus lånte 140 rd i 1767 hjå broren Ola Hovdegard mot pant i Medhus.
    På skiftet etter Ola 30. juni 1790 var det 159 rd å dele.

{1182} År: 1790

Knut Olson Medhus 1762-1832
Foreldre: Ola Olson Medhus og Birgit Knutsdtr. SundreLien.
Gm Guri Olsdtr. Opheim Medhus 02.07. 1768-1844
Foreldre: Ola Torsteinson Vesledal Opheim og Guri Olsdtr. nordre Opheim.
*Barn
1. Birgit Knutsdtr. Medhus Krusedokken 08.03. 1789-1861
G 1825 m Håkon Håkonson Arnegard. Barn: Håkon 1828-1828. Til Krusedokken i Gol.
2. Ola Knutson Medhus 14.11. 1790-1878
G 1825 m Sissel Sandersdtr. Ovavoll. Sjå neste hushald.
3. Guri Knutsdtr. Medhus 02.09. 1792-
Død før 1801.
4. Guri Knutsdtr. Medhus 1794-
Død før 1801.
5. Ola Knutson Medhus Skjerping 04.10. 1795-1863
G 1835 m Anne Eiriksdtr. Opheimsjorde. Ingen barn. Sjå Skjerping, gnr. 12/6 og Nedre Nyhus, gnr. 10/8.
6. Guri Knutsdtr. Medhus Rust 1798-1837
G 1827 med Tor Tolleivson Rust, Gol. Barn: Tolleiv 1829-1910 g 1863 m Olaug Sevatsdtr. Treverket; Ragne 1832-1832; Guri 1832-1832; Guri 1833-1833; Ragne 1835-1900 g 1863 m Ola Olson Tronsgard Golberghaugen, farma i Richland Co. ND.
    Dei selde Rust i 1829-1832 og flakka omkring, men heldt att ei stugu på garden. I 1833 var dei på Eiker.
7. Knut Knutson Medhus Haugo 19.01. 1800-1861
G 1842 m enkje Margit Oleivsdtr. Haugo. Sjå nedre Dølahaugen, gnr. 22/11.
8. Anne Knutsdtr. Medhus 31.10. 1802-
Truleg død liten. Ikkje konfirmert.
9. Anne Knutsdtr. Medhus 15.09. 1805-
Truleg død liten. Ikkje konfirmert.
10. Anne Knutsdtr. Medhus Strand 03.05. 1807-1895
G 1831 m Knut Olson Strand. Sjå Fetagarden, gnr. 123/53.
11. Torstein Knutson Medhus Skjerping 05.02. 1809-1897
G 1845 m Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet). Sjå Skjerping, gnr. 12/6.
12. Gunhild Knutsdtr. Medhus Rikansrud 11.05. 1812-1899
G 1835 m Ola Sveinson Rikansrud, gnr. 15/13.

Guri og Knut gifte seg i 1788. Dei overtok garden etter Ola Olson Medhus ved skøyte av 1790.
    I 1822 vart garden seld til sonen Ola for 700 spd og kår: 3 kyr 9 småfe framfødt; 6 tunner bygg 4 settung rug, m.m. Til kåret høyrde også Kjeringåkeren, Raunemålsteigen og Trytetjennsletta og halve humlehagen. Årleg verdi 40 spd.

{1183} År: 1822

Ola Knutson Medhus 14.11. 1790-1878
Foreldre: Knut Olson Medhus og Guri Olsdtr. Opheim.
Gm Sissel Sandersdtr. Ovavoll Medhus 25.07. 1802-1876
Foreldre: Sander Halvorson Ovavoll og Rønnaug Johannesdtr. (Hol IV s 494)
*Barn
1. Knut Olson Medhus 06.05. 1826-1911
G 1855 m Margit Syversdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
2. Guri Olsdtr. Medhus Sire 20.12. 1828-1914
G 1850 m Anders Knutson øvre Tomasgarden Sire, gnr. 4/6.
3. Rønnaug Olsdtr. Medhus 26.02. 1831-1833
Rønnaug døydde av koppar.
4. Rønnaug Olsdtr. Medhus Håheim 05.11. 1833-1894
G 1856 m Ola Olson øvre Håheim, gnr. 72/1.
5. Sander Olson Medhus 24.08. 1835-1839
Kopper.
6. Ola Olson Medhus 22.06. 1838-1839
Kopper.
7. Sissel Olsdtr. Medhus Gurigard 08.08. 1840-____
G 1861 m Solve Levorson Gurigard, gnr. 63/3. Til Am. 1883.
8. Birgit Olsdtr. Medhus 10.02. 1844-1861
9. Sander Olson Medhus 20.02. 1846-1887
G 1872 m Kari Knutsdtr. Lofthus. Barn: Knut 1872- "Knut Sanders"; Ola ....- i Day Co. SD, gm ... ... (6 døtre); Celia ....- gm Ben Skorheim, (2 barn), busett Kimberley, BC; Nellie død ung; Clara død ung.
    Til Am. 1874. Busett i Canton, Lincoln Co. Dakota. (Sjå slektsheftet "Pioneren" av sonen Knut Sanders.) Sjå Hallingen h 73 s 57.
10. Ola Olson Medhus 06.07. 1847-
Til Am. i 1873. (1345) Arving i 1878.

Ola og Sissel gifte seg i 1825.

{1184} År: 1860

Knut Olson Medhus 06.05. 1826-1911
Foreldre: Ola Knutson nedre Medhus og Sissel Sandersdtr. Ovavoll (Hol).
Gm Margit Syversdtr. Opheim Medhus 24.09. 1828-1918
Foreldre: Syver Rasmusson Opheim Rasmusgarden og Gunvor Holgesdtr. Tufto.
*Barn
1. Ola Knutson Medhus 11.05. 1856-1858
2. Sissel Knutsdtr. Medhus Stamparslåtta 27.01. 1858-1936
Ugift. Sissel var i Stamparslåtta ved Gullhagen i 1908. (1345)
3. Sissel Knutsdtr. Medhus 11.10. 1860-1936
Ugift tenestjente.
4. Gunvor Knutsdtr. Medhus 02.06. 1862-1942
Ug. Sjukleg.
5. Ola Knutson Medhus 10.12. 1863-1898
6. Syver Knutson Medhus 05.12. 1866-1895
Syver hadde gått på amtsskula på Nes, og vart rekna for å vera svært flink. Han døydde tidleg. (1345)
7. Guri Knutsdtr. Medhus 22.07. 1869-____
Guri arbeidde i Skarsgardshagen. Ho arva i 1908.
8. Birgit Knutsdtr. Medhus 05.06. 1873-____
Død før 1908.

Knut og Margit gifte seg i 1855. Knut var lekpredikant og reiste rundt på religiøse møte i bygda. Det gjekk ut med dei økonomisk, og i 1908 vart båe umyndig-gjorde. (1345)
   

{1185} År: 1889

Ola Knutson Medhus 10.12. 1863-1898
Foreldre: Knut Olson nedre Medhus og Margit Syversdtr. Rasmusgarden Opheim.

Ola Knutson var ugift. Han kjøpte garden for 4800 kr i 1889. Ola Knutson døydde ung, og foreldra sat att med garden. Knut flytta gamlestugu ned på ein haug vest for noverande gardstun, og budde der.