Medhus gnr. 21 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Medhus gnr. 21 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
NupeMedhus med sine 12 laupsbol er den største delen av matrikkelgarden Medhus. I 1875 vart garden kalla 'Medhus mellomste'. Namnet NupeMedhus kjem av mannsnamnet Nub som har vore mykje i bruk på garden.
    Husmannsplassar og frådelte bruk: Medhushagen; Medhusjordet.
    Areal 1865: dyrka jord 45 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 104 mål. Avling: 63 tunner bygg og 56 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 90 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 300 mål, anna utmark 500 mål. Leigejord 10 mål.
    Med bnr. 3 er samanføyd bnr. 11, 14, 25 og 40. Buskap: 9 mjølkekyr, 12 ungdyr
    Våningshus bygt 1954, kårhus 1917, driftsbygning 1920, ombygd 1992, loft frå 1700-talet, reidskapshus 1971.
    Stølar: dei gamle stølane er fråselde. Veslestølen tilhøyrer no Olav L. Bråten. Stølen Kjeldeset, sjå under Medhusjordet. Støl i Fåresletto.
   
{1193} År: 1759
Nub Mikkelson Medhus 1730-1777s
Barn m/Gunhild Hansdtr. "Livløse": Hans 1758- .
Foreldre: Mikkel Knutson Medhus og Guri Nubsdtr. Torpo.
Gm Guri Knutsdtr. ... Medhus 1700.-
Foreldre: Knut ... ... .
*Barn
1. Mikkel Nubson Medhus 13.02. 1763-1826
Gm Ragnhild Olsdtr. Barskrind. Sjå neste hushald.
2. Guri Nubsdtr. Medhus 26.01. 1766-1766
3. Guri Nubsdtr. Medhus 10.12. 1769-
Truleg død liten.
Nub fekk 1760 skøyte på garden hjå syskena sine for 148 rd.
    På skiftet etter Nub 26. juni 1777 vart 500 rd (garden) delt mellom enkja i Rikansrud (truleg ein pant), enkja og sonen Mikkel. Guri fekk slikt kår i 1783: 3 tunner korn, 1 tunne matkorn, 2 settung rug, 4 merker humle, salt, 2 settung hampefrø; framfødd 2 kyr og 6 småfe; varmt hus; hesteskyss og heiderleg jordferd.
{1194} År: 1783
Mikkel Nubson Medhus 13.02. 1763-1826
Foreldre: Nub Mikkelson Medhus og Guri Knutsdtr. ... .
Gm Ragnhild Olsdtr. Barskrind Medhus 18.11. 1764-1842
Foreldre: Ola Rasmusson Barskrind og Sissel Embriksdtr. Ellingsgard.
*Barn
1. Guri Mikkelsdtr. Medhus Opheim 03.04. 1785-
Gm Knut Embrikson Embriksgarden Opheim, gnr. 22/10, sidan til Rue i Hol.
2. Sissel Mikkelsdtr. Medhus 25.12. 1786-
Død før 1801.
3. Nub Mikkelson Medhus 19.10. 1788-1865
G 1813 m Guri Rasmusdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
4. Ola Mikkelson Medhus Opheim 14.11. 1790-1838s
G 1814 m Anne Botolvsdtr. Embriksgarden Opheim. G 1824 m Mari Andersdtr. Vøllo, Hemsedal.
    Sjå Embrikstugu Opheim, gnr. 22/17.
5. Knut Mikkelson Medhus Sogla 05.10. 1794-1876
Gm Ågot Eivindsdtr. Juvsjord. Sjå Sogla, gnr. 22/7.
6. Embrik Mikkelson Medhus Medhusjordet 19.06. 1796-1855
G 1828 m Margit Olsdtr. Tistilsgard. Sjå Medhusjordet, gnr. 21/5.
7. Sissel Mikkelsdtr. Medhus Sando 17.06. 1798-1877
G 1819 m Eirik Olson nedre Sando, gnr. 32/8. G 1842 m enkjemann Eirik Olson Gullhagen øvre Sando.
8. Ola Mikkelson Medhus Håheim 19.08. 1804-
G 1829 m enkje Ågot Persdtr. Håheim, gnr. 71/1.
    Gm Ragnhild Skagen. (1105)? Ågot Skagen = Ågot Persdtr. enkje etter Sevat Sevatson Thon Noss Håheim som kalla seg Sevat Skagen.
    Dei reiste til Nes 1846. Dei selde Benterud i Nes til Torstein T. Snogsrud og reiste til Am.: Green Co. Wisconsin i 1849.
MIkkel og Ragnhild selde Medhus til sonen Nub i 1808. Pris 1200 rd og kår .
{1195} År: 1808
Nub Mikkelson Medhus 19.10. 1788-1865
Foreldre: Mikkel Nubson Medhus og Ragnhild Olsdtr. Barskrind.
Gm Guri Rasmusdtr. Opheim Medhus 01.11. 1795-1875
Foreldre: Rasmus Steingrimson Opheim (Rasmusgarden) og Margit Syversdtr. Barskrind.
*Barn
1. Mikkel Nubson Medhus 01.02. 1815-
G 1868 m Anne Olsdtr. Medhus. Sjå neste hushald.
2. Rasmus Nubson Medhus 24.05. 1819-
Rasmus var handelskar. Ei tid var han gardsgut hjå kjøpmann Bruun i Drammen. Seinare dreiv han fehandel på Vestlandet.
    Barn m/Rangdi Persdtr. Huserjordet: Ingrid 1845-1912 gm Ivar Herb. Helling.
    I 1865 var Rasmus i Lofoten. Til Am. i 1869: Lansing, Ohio.
3. Ola Nubson Medhus 28.12. 1821-1843
Det var to 'Ola Nubson', berre ein var arving i 1875.
4. Nub Nubson Medhus 30.10. 1824-1884
G 1859 m Birgit Persdtr. Helling. Sjå seinare hushald.
5. Steingrim Nubson Medhus 28.09. 1827-1884
Gm Guri Olsdtr. Golberg, Gol 1832-1862. Barn: Guri 1855-1887 g 1873 m Gjermund Larsson Alseth, Tinn (7 barn); Nub 1857-1922 g 1885 m Birgit Hallgrimsdtr. Skjervheim (8 barn); Ola gm Martha Skjervem.
    Gm Ingeborg Flom. Barn: Ingeborg gm Erland Johnson Rusten; Julia gm ... Goldberg; Ragnhild 1869-1882; Eric 1871-1872; Eric 1871- gm Olivia Fingerson; Olena gm ... Rodgers; Margaret ug. (1345)
    Til Am.: farmar i Salem, MN.
6. Ola Nubson Medhus Medhusjordet 06.04. 1833-1911
G 1875 m Turi Helgesdtr. Brenna. Sjå Medhusjordet, gnr. 21/5.
Nub og Guri gifte seg i 1813. Nub selde frå halve Medhushagen i 1820, og bygsla deretter bort plassen (?) i 1837.
{1196} År: 1865
Mikkel Nubson Medhus 01.02. 1815-
Foreldre: Nub Mikkelson Medhus og Guri Rasmusdtr. Opheim.
Gm Anne Olsdtr. Medhus Medhus 16.04. 1847-
Foreldre: Ola Olson Garnås Lien Medhus og Gunvor Helgesdtr. Tufto Rasmusgarden.
*Barn
1. Guri Mikkelsdtr. Medhus 22.12. 1868-
Til Am. i 1885.
2. Gunvor Mikkelsdtr. Medhus Ellifson 26.08. 1870-1958
G 1892 m Eilev Eilevson Haugerud 1869-1940. Ho skreiv seg 'Julie Michelson' før ho gifte seg. Til Am. i 1885. (J. Marler)
3. Nub Mikkelson Medhus Mickelson 17.01. 1874-1947
Til Am. i 1885. G 1898 m Anna Eilevsdtr. Haugerud 1873-1952. Barn: Adelia Belora 1900- ; Melwin Elwood 1904-1981 truleg gm Agnes ... ; Norman Alfred 1907- .
    Nub skreiv seg 'Nels Mickelson' i USA. Gravlagt ved Wallingford Lutheran church, Iowa. (J. Marler)
4. Ragnhild Mikkelsdtr. Medhus 23.12. 1877-
Til Am. i 1885.
5. Kristi Mikkelsdtr. Medhus 26.08. 1882-
Til Am. i 1885.
Mikkel og Anne gifte seg i 1868. Mikkel byrja som velstandsmann. Han dreiv og selde litt varer frå garden, ville heller drive handel. Men så tapte han pengar og måtte selja garden. Så kjøpte han søre Rotneim i Gol.
    I 1885 reiste han til Amerika med kone og 5 barn. Der borte vart han blind. Ein dag fall han ned i ein brunn og drukna. (Mehlum 1903/11)
{1197} År: 1880c
Nub Nubson Medhus 30.10. 1824-1884
Foreldre: Nub Mikkelson Medhus og Guri Rasmusdtr. Opheim.
Gm Birgit Persdtr. Huserjorde Medhus 30.11. 1833-1914
Foreldre: Per Olson Opheim Huserjorde og Ingrid Aslesdtr. Helling.
*Barn
1. Guri Nubsdtr. Medhus Sire 15.10. 1859-1945
G 1876 m Torjus Sanderson Tufte Tomasgarden Sire, gnr. 4/9.
Birgit og Nub gifte seg i 1859. Dei var på Nedre Rotneim om lag 1867 til 1879. Då vart den garden teken på odel, og dei flytte attende til Torpo til dottera Guri.