Medhusjordet gnr. 21 bnr. 5
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Medhusjordet gnr. 21 bnr. 5-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Medhusjordet var husmannsplass under Medhus fram til 1875. Av husa står berre låve og fjøs att. Stugu står innebygd i ei hytte på heimstølen til Medhus bnr. 1. Stugutomta er nyleg oppdyrka.
    Innmarka til Medhusjorde vart frådelt som bruksnummer 10 i 1900. Den ligg no til Nedre Medhus bnr. 1.
   
{1204} År: 1760c
Ola Embrikson Opheim Medhusjordet 1703-1764
Ug. Foreldre: Embrik Olson Opheim Embriksgarden og Liv Botolvsdtr. Espegard.
Kari Embriksdtr. Opheim Medhusjordet 1705.-1763
Ug. Foreldre: Embrik Olson Opheim Embriksgarden og Liv Botolvsdtr. Espegard.
Det var skifte etter dei ugifte syskena Kari og Ola på Medhus 25. juni 1764. Eiga var 180 rd som vart delt på syskena.
    Privat skifte i 1778: av 18 laupsbol hadde arvingen Vigger Eivindson hand om 9. Dei siste 9 kom til deling, alle arvingane skreiv frå seg krav i garden. (1206) s 169
{1205} År: 1775c
Ola Olson ... Medhus 1723-1801
Foreldre: Ola ... husmann på Medhus og ... .
Gm Margit Hermannsdtr. Medhus Medhus 1737-1827
Foreldre: Hermann Olson Øvre Medhus og Ingeborg Halvorsdtr. ... .
Ola var husmannsson og fødd på Medhus, men me kjenner ikkje foreldra hans. Han var soldat i 1748.
{1206} År: 1826
Embrik Mikkelson Medhus Medhusjordet 19.06. 1796-1855
Foreldre: Mikkel Nubson Medhus og Ragnhild Olsdtr. ... .
Gm Margit Olsdtr. Tistilsgard Medhusjordet 21.01. 1787-1864
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Haldis Eiriksdtr. Rikansrud.
*Barn
1. Mikkel Embrikson Medhusjordet 20.02. 1830-1917
Ugift arbeidar. Han budde i Medhusjordet i 1865. Mikkel gjekk på vekes-arbeid på Barskrind i 1900.
Embrik og Margit gifte seg i 1828. I 1826 bygsla Embrik og "mulig tilkommende hustru" plassen Medhusjordet på livstid. Bygselpengar var sett til 60 spd, årleg avgift 24 sk. Embrik fekk løyve til å rydde seg ny vår- og haust-støl på Nyeslåtta. Den opphavlege stølen, Kjeldeset, skulle bonden ha sjølv, dvs. Nub Mikkelson som var bror til Embrik. Vart det rydda ny støl? (1537)50b
    Embrik døydde av forstoppelse i 1855.
{1207} År: 1875
Syver Olson Medhus 31.12. 1844-1923
G 1866 m Margit Sevatsdtr. Vesledalstugu Opheim.
Foreldre: Ola Olson Garnås Lien Øvre Medhus og Gunvor Helgesdtr. Tufto Rasmusgarden.
I 1875 vart Medhusjordet frådelt og selt til Syver Olson Øvre Medhus for 900 spd. (Det står meir om Syver der.)
    I sidebygningen på garden budde familien til Torkjell Olson Løyte som inderstar ei tid frå 1875.
    Syver selde garden til Ola Nubson kring 1880.
{1208} År: 1880c
Ola Nubson Medhus Medhusjordet 06.04. 1833-1911
Foreldre: Nub Mikkelson Medhus og Guri Rasmusdtr. Opheim.
Gm Turid Helgesdtr. Hellingbrenna Medhusjordet 01.04. 1843-1928
Foreldre: Helge Olson Hellingbrenna og Mari Ørjansdtr. Toplass KjellargardGjøta.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Medhus 08.03. 1876-1888
2. Mari Olsdtr. Medhus Opsahl 24.03. 1878-
G 1899 m John Opsahl. Barn: Clara Theresa 1900- ;
    Til Am. i 1886. I 1938 budde Mari i Florida.
3. Ragnhild Olsdtr. Medhus Berg 29.11. 1879-1938
"Rose". Gm Hans C. Berg. (4 barn) Til Am. i 1886: farma i Grand Forks, ND.
4. Nub Olson Medhus 23.12. 1881-1934
Til Am.
5. Helge Olson Medhus 19.08. 1884-1961
Til Am. i 1886. "Henry Medhus".
Ola og Turid gifte seg i 1875. Dei reiste til Am. i 1886. Ola er gravlagt på Evanger Cemetery, Grand Forks, ND. Etternamnet er skrive på mange vis: Methus, Medhus, Mehus, og amerikanisert Matthews. (J. Marler)
   
{1209} År: 1900
Tolleiv Sveinson Hagen Medhusjordet 21.02. 1868-
Foreldre: Svein Tolleivson OpheimsHagen og Helge Olsdtr. Opheimsjorde.
Gm Margit Sandersdtr. Barskrind Hagen 30.06. 1878-
Foreldre: Sander Kitilson Barskrind og Sissel Syversdtr. Opheim.
*Barn
1. Svein Tolleivson Hagen 21.12. 1896-
Til Am. i 1908.
2. Sander Tolleivson Hagen 30.05. 1898-
3. Tolleiv Tolleivson Hagen 24.06. 1900-
4. Helga Tolleivsdtr. Hagen 24.10. 1901-
5. Sissel Tolleivsdtr. Hagen 28.04. 1904-
Sissel vaks opp hjå tanta Margit Olsdtr. Hagen Nyhus. Etter nokre år i USA, flytta tanta og mannen til Drammen. Sissel var hjå bestemora Sissel Syversdtr. nokre år før ho flytta attende til mora i USA.
6. Amalia Tolleivsdtr. Hagen 29.04. 1907-
Innmarka på Medhusjordet vart seld på auksjon 1900 til Lars Knutson Opheim. Han selde att same året til Tolleiv Sveinson Amaliehagen (g 1896 m Margit Sandersdtr. Barskrind).
    Tolleiv og Margit budde på Barskrind i 1897, og i Hagen att etter 1903. Dei selde 1903 til Johan Nilsson Helling for 2000 kr. og reiste til Amerika i 1908.
    Johan Nilsson selde til eigaren av Nedre Medhus i 1928.