Medhushaugen gnr. 21 bnr. 13
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Medhushaugen gnr. 21 bnr. 13-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Medhushagen var husmannsplass/underbruk under Medhus fram til 1906. Bruket var også kalla Martehaugen, det namnet kom av Marte som levde som enkje på bruket frå 1844 til 1881. Namnet vart etterkvart Medhushaugen.
    I dag er Medhushaugen underbruk til Amaliehagen.
    I 1865 hadde dei 4 storfe og 5 sauer og 4 geiter på Medhushaugen.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål, anna areal 35 mål. Hallingstugu rest. 1937, driftsbygning rest. 1930, eldhus, bu.
   

{1222} År: 1750c

Endre Samuelson Samelsplassen Medhushagen 1686-1756
Gm Margit Knutsdtr. ... . Barn: Samuel 1724- ; Knut; Ola; Reiar; Barbo; Tore; Tore. Foreldre: Samuel Knutson Hustad (Hemsedal) Samelsplassen og Birgit Knutsdtr. Ellingsgard Ro, Gol.

Endre var fyrst husmann under austre Golberg, han kom til Torpo ca 1750. Endre var stevnevitne på tinget i 1749.

{1223} År: 1757c

Tore Olson Hagen Medhushaugen 1700.-1767s
Foreldre: Ola ... ... og ... .
Gm Jørand Knutsdtr. Torset Medhushaugen 1700.-1767s
Foreldre: Knut ... Torset (?) Hemsedal og ... ... . Bror: Nils Knutson Torset Ulsaker.
*Barn
1. Ola Toreson Medhushaugen Hellingbrenna 1744-1824
Gm Ingeborg Persdtr. Hellingberget/Brenna, gnr. 20/6.
2. Knut Toreson Medhushaugen Embre? 1748-
Dette kan vera den Knut Toreson Opheim som bygsla halve Embre i Hemsedal i 1777 hjå presten i Nes. Han overtok bygsla etter Jakop Jonson. (1203) s 283b
3. Birgit Toresdtr. Medhushaugen 1753-
Arva i 1767. Ukjent lagnad.

Tore og Jørand kom til Medhushaugen omlag 1757.
    På skiftet etter Tore og Jørand i 1767 var det 110 rd å dele etter at lausøyret var selt på offentleg auksjon. Det vart då 44 rd på kvar son og 22 rd til dottera. Det heitte då at både Tore og Jørand nyleg var avlidne.

{1224} År: 1837

Ola Oleivson Bråten Medhushagen 10.11. 1793-1873
Foreldre: Oleiv Halvorson OpheimBråten og Guri Ivarsdtr. Haugstad (Gol).
Gm Guri Steingrimsdtr. Opheim Medhushagen 13.09. 1789-1863
Foreldre: Steingrim Rasmusson Opheim Rasmusgarden og Kari Halvorsdtr. SundreMoen.
*Barn
1. Oleiv Olson Medhushagen 14.03. 1822-
Oleiv var i tenest i Kr.ania kring 1855.
2. Kari Olsdtr. Medhushagen 01.04. 1823-1824
3. Steingrim Olson Medhushagen 03.12. 1824-1824
4. Guri Olsdtr. Medhushagen Sveinsjordet 04.11. 1831-
Ugift. Barn: Guri 1854- , Kari 1856- med Eirik Tolleivson Medhushaugen. Sjå barnebarn.
    Guri budde 1865 hjå far sin (enkjemann i Opheimsjorde) med barna. I 1869 - 1875 var ho og barna i Sveinsjordet.
*Barnebarn
1. Guri Eiriksdtr. Medhushagen Brenna 11.02. 1854-1922
G 1879 m Ørjans Holgeson Brenna. Barn: Mari 1874-1951 gm Henry C. Hallick; Henry ; Ola 1881-1960; Ørjans 1883-1968 gm ... (3 barn); Oscar 1885-1954; Amanda sjukepleierske, gm Chester Foreman; Eddie ; Freeman 1891-1975 g 1922 m Nina Julson; Lena 1892-1977 gm Henry Bertheussen ("Bert Huson") ....-1939. (1345) 521 (J. Marler)
    Guri og Ørjans reiste til Amerika med "Angelo" 9. mai 1879: Brenna township (som vart kalla etter dei), Grand Forks, ND.
    Foreldre: Eirik Tolleivson Medhushagen (ungkar) og Guri Olsdtr. Medhushagen.
2. Kari Eiriksdtr. Medhushagen Sveinsjordet 15.02. 1856-
G 1872 m Ola Ivarson Rudningen (Opheim/Åsegard-rudningen, gnr. 22/46) Barn: Ola 1873- .
    Til Am. 1879: Sheldon, Iowa.
    Foreldre: Eirik Tolleivson Medhushagen (ungkar) og Guri Olsdtr. Medhushagen.

Ola og Guri gifte seg i 1821. Dei budde ymse plassar i Torpo i åra fram til 1837.
    Då fekk Ola og Guri bygsle Medhushagen på livstid. I bygsla var også: tre slåtter; ein rudning i heimehagane; rettar til beite og skogsvirke; løyve til dyrking inntil Medhushagen. Årleg avgift: 1 1/2 spd eller arbeid som tilsvara denne summen. Etter deira tid skulle plassen falle attende til garden utan vederlag. (1544)175
    Denne bygslingsavtala vart omgjort. I 1842 bygsla dei plassen Opheimsjorde på mykje hardare vilkår.
    Ola braut foten under vegarbeid ved Rotneim våren 1865.

{1225} År: 1842

Tolleiv Eirikson Ruud Medhushaugen 1785-1844
Foreldre: Eirik Olson Ruud og Ingeborg Håkonsdtr. Svarteberg.
Gm Marte Halvorsdtr. Sehl Medhushaugen 1793-1881
Foreldre: Halvor Person søre Sehl og Dordei Olsdtr. Veslegarden. (Ikkje frå Ål.)
*Barn
1. Ingeborg Tolleivsdtr. Medhushaugen Grønskar 02.06. 1816-1894
G 1847 Ål m Ola Halvorson Tambursplass frå Nes. (son til Halvor Olson. ) Barn: Halvor 1846-ung; Tolleiv 1848- til Lysaker og så til Rjukan, g 1876 m Jørand Tolleivsdtr. Brenno (6 barn), g 1920 m Margit Roe; Margit 1852-1930 gm Johan August Bjørnstad, Lier (5 barn); Marte 1854- til Amerika, gm Syver Person Heiene , Valdres; Guri 1858-1957 gm Ola Olson Larsgard (Hol) (3 barn). (1345) 501
    Ingeborg og Ola flytta til bruket Grønskar i Nes saman med sonen Halvor.
2. Dordei Tolleivsdtr. Medhushaugen 27.01. 1821-1885
Dordei fekk eit barn med Ola Hermundson Kaslegard Brattegardslåtta: sjå barnebarn.
    Truleg er dette Dordei Tolleivsdtr. som budde i Drammen i 1865 som ugift inderst hjå ei enkje.
3. Eirik Tolleivson Medhushaugen 04.02. 1826-1884
G 1855 m Helge Sveinsdtr. Gunhildgard. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Tolleiv Olson Martehaugen Nyhus 15.06. 1847-1940
G 1864 m enkje Anne Eiriksdtr. Opheimsjorde Nyhus, gnr. 10/8. (Død 1896.)
    G 1897 m Ragnhild Torsteinsdtr. SataBakken. G 1909 m enkje Birgit Nilsdtr. Skomakarjordet Gjerden.
    Sjå Skjervheimhagen og Tollefsrud.
    Foreldre: Ola Hermundson Kaslegard Brattegardslåtta (ungkar) og Dordei Tolleivsdtr. Martehaugen.

Tolleiv og Marte kom til Medhushaugen kring 1842. Tolleiv omkom vinteren 1845. Han fraus nok i hel etter ein rangel, dei fann han borte i skogen sunnanfor Medhushaugen med ein brennevinspott. (1016)

{1226} År: 1853c

Halvor Olson Opheimsjorde Fossebakken 29.01. 1808-1898
Foreldre: Ola Nilsson Medhushagen Rudningen=Opheimsjorde og Birgit Embriksdtr. Opheim.
Gm Birgit Eiriksdtr. Barskrind Martehaugen 26.02. 1810-1869
Foreldre: Eirik Syverson Barskrind og Birgit Knutsdtr. Grov (Gol).
*Barn
1. Eirik Halvorson Medhushaugen 30.08. 1841-1871
Ugift skreddar på Gol.
2. Birgit Halvorsdtr. Medhushaugen Fossebakken 04.01. 1850-1927
G 1874 m Knut Mekkelson Rustberggard Fossebakken, Gol 1853-1948. Barn: Birgit 1875-1962 til Am. i 1906, gm Theodor Helgeson (4 barn); Ingebjørg 1876- g 1900 m Nils Borgersen Lunde, Eiker (3 barn); Mekkel 1878-1966 overtok Fossebakken, gm Anne E. Bergsletten, Etnedal (2 barn); Eirik 1880-1880; Eirik 1881-1963 ug.; Mari 1884-1950 gm Andreas Syverson, Ål (4 barn); Halvor 1886-1914 ug. køyrekar ved Frydenlund bryggeri; Per 1889-1974 til Am.; Kari 1892-1988 ug. var heime; Birgit 1894-1928 g 1917 m Ola T. Skansen.
    Birgit og Knut hadde Fossebakken i Gol frå 1880 til 1931. Sjå Gol V s 134

Halvor og Birgit gifte seg i 1841. Dei kan ha budd på ein plass kalla Søre Martehaugen ei kort tid. Dei flytte til Fossebakken i Gol. Dottera overtok Fossebakken. Sjå Gol V s 133

{1227} År: 1860

Eirik Tolleivson Medhushaugen 04.02. 1826-1884
Foreldre: Tolleiv Eirikson Ruud Holterudningen Tveito Medhushaugen og Marte Halvorsdtr. Sehl.
Gm Helge Sveinsdtr. Gunhildgard Medhushaugen 11.01. 1822-1910
Foreldre: Svein Ivarson Gunhildgard og Margit Halvorsdtr. Sehl.
*Barn
1. Marte Eiriksdtr. Medhushaugen Dekko 02.01. 1857-1888
G 1884 m Ola Amundson Dekko, gnr. 32/24.
2. Tolleiv Eirikson Medhushaugen 22.04. 1860-1943
Ug. Til Am. i 1888 eller 1882: Pioner-farmar i Brenna township. Han budde i lag med Ed Brenna.
    Han skreiv seg "Tollef Erikson". (1428)
3. Margit Eiriksdtr. Medhushaugen Paulson 25.06. 1863-1956
G 1889 m Tom Paulson 1854-1922. Barn: Elmer 1891-1918; Henning 1896-1979 ug. farmar, veteransoldat i 1. verdskrigen; Oscar 1900-1987; Alfred 1898-1969 g 1954 m Ethel Berglund (ingen barn); Ella 1892-1966 ug.; Mabel 1894-1980 gm Edwin Mitchell/Medchill; Ida 1905-1985 gm Kenneth Streeter.
    Margit reiste til Am. i 1886. Dei farma ved East Grand Forks, MN. Frå 1892 hadde dei farm i Northland Township. (1345) (Grand Forks Herald v/J. Marler)

Eirik og Helge Sveinsdtr. gifte seg i 1855. Dei var i Opheimsjorde fram til 1859 om lag. Eirik hadde to barn med Guri Olsdtr. Opheimsjorde: Guri 1854- , Kari 1856- . (Sjå barnebarn år 1837.)
    Eirik vart stundom kalla Marte-Eirik. (Jfr. Namnet på bruket.) Helge emigrerte til Amerika og er gravlagt saman med barna Tolleiv og Margit. (J. Marler)
   

{1228} År: 1890

Svein Olson Tretterudhaugen SkjerpingHaugen 08.08. 1821-1896
G 1855 m Birgit Larsdtr. Ruud. Foreldre: Ola Tomasson Skjerping (Tjyruhjalldalen) Tretterudhaugen og Ingeborg Sveinsdtr. Opheimsjorde.

Svein og Birgit budde i Medhushaugen frå 1890 om lag. Han var korgmakar. I 1900 var Birgit enkje og budde aleine. Sjå meir om dei på SkjerpingHaugen, gnr. 12/14.