Opheim Garden gnr. 22 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Opheim Garden gnr. 22 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Garden var hovudbølet på Søre Opheim. Av dei opphavlege 12 laupsbol har Garden og Sørpå Garden 6 lb. kvar.
    Husa er langstugu frå 1885; gamal stugu frå 1700-talet; loft 1887; stallar med trev 1898; fjøset er frå 1910, ombygd på 1980-talet til sauefjøs. Våningshus bygd kring 1985.
    Stølar. Heimstøl på Helsingset og langstøl på Hovdestølen. Det var slåttevollar på båe stølane, no vert berre Helsingset onna.
    Frådelte bruk og plassar: Sørpå Garden (frådelt i 1801), Dølahaugen øvre og nedre, Haugo (Gråbeinhaugo) og Øyen.
    Areal 1865: dyrka jord 27 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 64 mål. Avling: 38 tunner bygg og 36 tunner potet.
    Areal 2004: dyrka jord 110 mål; overflate dyrka 40 mål, leigd jord 20 mål. Omlag 1984 vart drifta lagt om til sauehald.
{1251} År: 1801
Torkjell Halvorson Opheim 01.05. 1785-1819
Foreldre: Halvor Knutson Opheim Garden og Birgit Torkjellsdtr. Rime.
Gm Guri Olsdtr. Helling Opheim 02.02. 1794-1870
Foreldre: Ola Arneson Bøygard (Hagen) Helling og Anne Torkjellsdtr. Kolbjørnsgard.
*Barn
1. Anne Torkjellsdtr. Opheim Opheimsjordet 08.02. 1811-1877
G 1847 m Nils Olson Opheimsjordet.
2. Halvor Torkjellson Opheim 10.12. 1812-1873
G 1835 m Anne Rasmusdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
3. Birgit Torkjellsdtr. Opheim Kolsrud 29.03. 1815-1854
G 1839 m Ola Olson Helling Kolsrud, gnr. 14/1.
4. Birgit Torkjellsdtr. Opheim Bråten 23.05. 1817-
G 1845 m Nils Hansson Nubgarden Nubgards-eie=Bråten. Til Am. i 1857.
5. Margit Torkjellsdtr. Opheim Storedal 14.11. 1819-1884
G 1841 m Eirik Sveinson Rikansrud Storedal.
Torkjell og Guri gifte seg i 1810. Torkjell kjøpte halve garden Opheim i 1801 for 798 rd. Kjøpesummen skulle stå i garden til ein av foreldra gjekk bort.
    I 1811 kjøpte han 6 laupsbol i Helling hjå svigermora. Pris 1000 rd og kår. (1537)47
    På skiftet etter Torkjell i 1820 måtte enkja selja 8 kyr for å dekke forfalne skattar. Under tvil tok Guri Olsdtr. på seg å drive garden i 11 år fram til sonen Halvor vart 18 år. Men neste friar var ikkje langt unna. Sjå neste hushald.
{1252} År: 1820
Guri Olsdtr. Helling Opheim 02.02. 1794-1870
Foreldre: Ola Arneson Bøygard (Hagen) Helling og Anne Torkjellsdtr. Kolbjørnsgard.
Gm Johan Nilsson Nubgarden Opheim 06.08. 1797-1870
Foreldre: Nils Hansson Nubgard og Guri Olsdtr. Barskrind.
*Barn i andre ekteskap
1. Torkjell Johannesson Opheim Helling 13.02. 1822-1879
G 1850 Ågot Olsdtr. Vestre Grov, Gol. Sjå nordre Helling, gnr. 20/5. (Gol V s 455)
    Dei reiste til Am. februar 1865 med "Olav" frå Bergen til Quebec. (7 barn) I 1870 budde dei i Linden tp. Brown Co. MN. I 1871 i Watonwan Co. MN. Dei fekk vist nok to barn til i Amerika.
2. Ola Johannesson Opheim 02.09. 1824-1911
Ugift.
3. Guri Johannesdtr. Opheim 24.06. 1827-1828
4. Nils Johannesson Opheim 15.05. 1829-1829
5. Guri Johannesdtr. Opheim Rotneim 19.01. 1831-1916
G 1854 m Ola Embrikson Rotneim 1826-1884. Barn: Embrik 1854-1908 til Skoger, gm Maren ... (5 barn); Johan 1855- til Am.; Botolv 1857-1943; Barbro 1860- ug. til Torstadbråten i Lier (5 barn); Guri 1862-1862; Guri 1863- til Am. gm .. Johnson; Anne 1866- g 1895 m Ola Olson ( .. barn); Ola 1869-1870; Ola 1871-1872.
    Guri og Ola hadde Rasmusgarden under Skaga i Gol. Sjå Gol V s 195
6. Kari Johannesdtr. Opheim 08.03. 1834-1834
7. Nils Johannesson Opheim Helling 21.01. 1839-1890
G 1871 m Margit Olsdtr. Nistugu Sire. Til Nordre Helling, gnr. 20/5.
Guri gifte seg opp att med Johan i 1820.
    Garden vart seld til sonen frå hennar fyrste ekteskap i 1835. Deretter flytta Guri og Johan til Helling. Johan kjøpte halve Kolsrud i 1838 for 450 spd.
{1253} År: 1835
Halvor Torkjellson Opheim 10.12. 1812-1873
Foreldre: Torkjell Halvorson Garden Opheim og Guri Olsdtr. Nordre Helling.
Gm Anne Rasmusdtr. Opheim 02.02. 1815-1893
Foreldre: Rasmus Steingrimson Opheim Rasmusgarden og Margit Syversdtr. Barskrind.
*Barn
1. Margit Halvorsdtr. Opheim Opsata 18.12. 1837-1912
Gm Lars Tolleivson Opsata, gnr. 34/3.
2. Guri Halvorsdtr. Opheim Sveinsgard 04.08. 1840-1880
G 1863 m Nils Hansson Sveinsgard, gnr. 4/32.
3. Torkjell Halvorson Opheim 27.06. 1843-1907
G 1874 m Amalie Johannesdtr. Skjerping. Sjå 1874-hushaldet.
4. Birgit Halvorsdtr. Opheim Løken 13.01. 1846-1932
Gm lærar Lars Sveinson Løken, Hemsedal 1844-1902. Barn: Swen 1875-1930; Halvor 1876-1880; Oline 1877-1880; Henning 1879-1965; Halvor 1881-1958; Orin 1882-1966; Theodore 1884-1966; Olena 1886-1974; Hanna 1889-1962; Laura 1889-1920.
    Dei farma i Cottonwood Co., MN. (1345) Orin og Theodore budde i Springfield, Brown, MN då dei gjekk bort.
5. Rasmus Halvorson Opheim 16.08. 1848-
Rasmus var skulelærar i Flå 1870-1880. Ug. i 1875. I 1893 var han lærar, busett i Skien.
6. Lars Halvorson Opheim 04.09. 1851-1913
Gm Linn frå .../Sogn. (1032) Barn: 17 ... .
    Til Am. i 1870: Monroe, ... . Han farma ved sida av systera Birgit.
7. Anne Halvorsdtr. Opheim Kvammen 17.06. 1855-1934
Gm Ola Tolleivson Kvammen, gnr. 29/1.
8. Ola Halvorson Opheim 24.01. 1857-
Gm Helene ... ..., Aremark 1860- . Barn: Anna 1894- ; Halvor 1897- ; Olaf 1899- ; ...
    Ola verva seg til 'Jægerkompagniet'. Sidan vart han lærar, og var busett i Fredrikstad 1893. I 1900 budde han på Hvaler.
9. Ola Halvorson Opheim 18.09. 1860-
Gm Margrete ... , Sandar 1868- . Barn: Sigurd 1896- ; Arthur 1898- ; ...
    Ola var lærar, busett i Sandefjord i 1893. 1900: Trudvang i Sandar.
Halvor og Anne gifte seg i 1835. Han fekk skøyte på Opheim i 1835 for 198 spd. (1544)474b
    Halvor kjøpte 1838 åkeren Vesle-åkeren (4 mål) og eit engestykke for 250 spd. Seljar var Nub M. Medhus.
    Buskapen i 1873 var 7 kyr, 3 kviger, 1 gjeldokse, 8 sauer, 3 grisar.
{1254} År: 1874
Torkjell Halvorson Opheim 27.06. 1843-1907
Foreldre: Halvor Torkjellson Garden Opheim og Anne Rasmusdtr. Opheim.
Gm Amalia Johansdtr. Skjerping Opheim 14.04. 1850-1904
Foreldre: Johan Nilsson Sveinsgarden Skjerping og Mari Larsdtr. Ruud.
*Barn
1. Anne Torkjellsdtr. Opheim 20.02. 1876-1877
2. Halvor Torkjellson Opheim 20.02. 1876-1876
3. Anne Torkjellsdtr. Opheim 25.02. 1878-1961
G 1900 m Halvor Nilsson Sveinsgard Opheim. Sjå neste hushald.
Torkjell og Amalia gifte seg i 1874. Torkjell fekk skøyte på garden same år for 1400 spd og kår.